354 sider
Kjelde: eBokBib
Fyrste bok i ny historisk serie frå Ekeberg - som eg fann lite fengande. Tidlegare har eg lest den fyrste boka i den forrige serien, "I sverdets tid", men heller ikkje den fenga meg noko særleg, så det vart med den eine boka.
Krigens læregutt fekk eit overraskande terningkast 6 i Dagbladet (eg lenkar ikkje, og eg har ikkje lest grunngjevinga sidan det er ein betalingsartikkel), og det gjorde meg nysgjerrig sidan eg har stor sans for historiske romanar. Men - eg skjønnar ikkje dette høge terningkastet. Truleg har den anmeldaren aldri lest noko av Vera Henriksen. For samanlikninga er ikkje til å unngå sidan ein her møter den same tidsperioden og fleire av personane som Henriksen har skildra så fint i mange av sine historiske romanar.
I boka møter ein både historiske og fiktive personar og hendingar. Hovudperson er Harald Sigurdson, bror til Olav den heilage og som seinare vart kjent som Harald Hardråde. Livet hans var prega av konfliktar, krig og strid, og i denne boka møter me ungguten Harald som vert oppfostra og oppdratt som krigar og kongsbror. Han deltok i sitt fyrste slag som femtenåring på Stiklestad i 1030, var norsk konge i 20 år og enda livet sitt i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Dette sistnemnde slaget vert av historikarar sett på som slutten på Vikingtida her i landet. Handlinga i denne boka er lagt til omlag 1026-30.
Eg tykkjer det er interessant å lesa om denne epoken (sein vikingtid og tidleg middelalder), om tidene som var urolege og omskiftelege, om (den valdelege) innføringa av den nye religionen kristendommen og om dei samfunnsmessige og menneskelege konsekvensane dette hadde.
Medan Ekeberg her fokuserer på dei macho/action/dramatiske sidene av historia tok Vera Henriksen i sine bøker meir fatt i det tidlause. Ho skreiv også mykje om dette med ansvar og ære, men skildra menneske, miljø og kjensler på ein måte som notidsmenneske kan kjenna seg att i. Enkelte har samanlikna Jan Ove Ekeberg sine historiske romanar med Vera Henriksen og Jan Guillou sine - men det er heilt feil - og frykteleg urettferdig ovanfor Henriksen og Guillou. Ekeberg befinn seg i ein heilt annan - og lågare - divisjon.
Så - i staden for Krigens læregutt vil eg heller rå folk til å lesa nyleg avdøde Vera Henriksen sin "Sigrid-trilogi"; Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen, samt dei enkeltståande romanane Dronningsagaen og Kongespeil. Alle desse bøkene har også handling frå 1000-talet og har det felles at ein får sjå historia meir i kvinneperspektiv. Henriksen skildrar ansvarsbevisste, sterke og stolte kvinner som hadde makt - men der skikkane og familiane si ære sette grenser for kva som kunne gjerast. Ekeberg sine kvinner i denne boka er stereotype og virkar heller hjelpelause og svake. Det gjeld også kongsmora Åsta Gudbrandsdatter, som i andre samanhengar vert framstilt på ein heilt annan måte.

Eg kjem neppe til å lesa neste bok i serien sidan eg ikkje fann heilt ut av det med denne. Men lesinga har inspirert meg til å ta for meg Vera Henriksen sitt forfattarskap på nytt. Eg har lest bøkene i Sigrid-trilogien mange gonger, men det er fleire år sidan sist. Denne gongen går eg for lydbøkene.