30. juni 2015

Dei ti beste bøkene hittil i år

Halve året 2015 har gått - og tema denne veka for Top Ten Tuesday hos The Broke and the Bookish er

Top Ten Books I've Read So Far In 2015

Etter å ha sett gjennom mi eiga leseliste - og etter ein bitteliten tenkepause - har eg plukka ut desse ti:
  1.  Edvard Hoem - Mors og fars historie 
  2.  Ken Follett - Katedralen (Stormenes tid 2)
  3.  Jens Bjørneboe - Stillheten (Bestialitetens historie 3)
  4.  Edvard Hoem - Slåttekar i himmelen
  5.  Britt Karin Larsen - Slik treet faller (Finnskogserien 6)
  6.  Ken Follett - Sverdet og korset (Stormenes tid 1)
  7.  Arne Dahl - Etterskjelv (A-gruppen-serien 9)
  8.  Pierre Lemaitre - Alex 
  9.  Robert Galbraith - Silkeormen (Cormoran Strike-serien 2)
  10.  Joakim Zander - Svømmeren 
Som lista syner er eg glad i dei gode forteljingane. Historiske romanar, dramatikk og spenning gir meg dei beste leseopplevingane.

28. juni 2015

Bokomtale: Slik treet faller av Britt Karin Larsen

Cappelen Damm 2014
492 sider

Kjelde: Lånt privat

Britt Karin Larsen held framleis koken. Bok nummer seks i Finnskog-serien har tittelen Slik treet faller - og eg er stadig like fascinert av finnskogkulturen, av folka i dette miljøet og av forfattaren sin unike måte å formidla det heile på.

Dei såkalla skogfinnane stammar frå finske emigrantar som slo seg ned i granskogane på Finnskogen på 15- og 1600-talet. Den særprega finnskogkulturen - med sin eigen byggeskikk, sin eigen jordbruksmetode og sitt eige språk - finst ikkje lenger. Då er det fint at museum og andre kulturbærarar - som forfattaren Britt Karin Larsen - formidlar kulturen og historia til oss.
Handlinga i Finnskog-bøkene til Britt Karin Larsen er lagt til området mellom Hedmark i Noreg og Värmland i Sverige på midten av 1800-talet og framover. I denne sjette boka er me komne til omlag 1910-20-talet.

Me møter igjen folka på Valkola og Mostamägg, Grønnåsen og Lauvåsen. Etter kvart har dei opprinnelege personane, Lina og Taneli, fått mange etterkommarar. Enkelte held framleis til i Finnskogen, men nauda har gjort at mange har flytta til hovudstaden, - og somme har reist heilt til Amerika. Persongalleriet er veldig stort, men Larsen held liksom ei stø hand over dei alle, - så det er lett for lesaren å halda fokus og engasjement. Både natur og menneske vert skildra med varme og kjærleik.

Som så mange andre er eg betatt av språket i bøkene. Kvar einaste side inneheld ein setning eller ein formulering som er ein fryd og ein glede å lesa. Larsen har ein heilt eigen forteljarstil. Nesten kvart korte kapittel vert innleia med eit ettertenksamt, filosofisk og "universellt" overblikk i ein spørjande og undrande tone - før det igjen vert fokusert ned på individnivå. Dette forteljargrepet er effektfullt og stemningsskapande:
"Noen synes synd på mennesker som dør uten å ha sett annet landskap enn skogens, men hva hjelper det å ha sett hele verden den dagen en likevel skal dø?"
Det nest siste kapittelet vert innleia på denne måten:
"Klokskap og tålmodighet kan få mennesker til å vente, eller mangel på mot. Å vente kan være en stor kunst eller et stort feilgrep, svaret fås bare etterpå, om det noen gang fås." 
Eg som er så glad i bøker og bibliotek likte også godt denne innleiinga:
"Biblioteket er skogens søster, det finnes en ro der, man føler seg beskyttet, hyllene med bøker er som trestammer man går inn bak, i ly for andre blikk, og var det kanskje ikke trær de var, både hyllene og bøkene i dem, en gang for lenge siden?"
Slik treet faller bør lesast sakte, slik at ein verkeleg får med seg alle fine detaljar. Samstundes er boka spennande og underhaldande. Forteljinga er full av små og store dramatiske hendingar; sorger og gleder, slit og strev, liv og død. Den allvitande forteljarstemma er lun og intens - utan å vera sentimental. Dei finfine natur- og landskapsskildringane må òg nemnast.

I august kjem den sjuande og avsluttande romanen i serien. Den har tittelen Kaldere mot natten og handlinga er der lagt til tida rundt 2. verdenskrig. Den gledar eg meg til å lesa, for eg er svært begeistra for serien. Alle bøkene anbefalast varmt - til absolutt alle. Dei er lærerike, , ekte, gripande - ja, rett og slett kjempegode leseopplevingar. Det er ein fordel å lesa dei i rett rekkefølge, dvs. å starta med Det vokser et tre i Mostamägg.

Eg koblar denne bokomtalen som eit Smakebit på søndag-innlegg. Du finn mange ulike smakebitar og boktips på bloggen Flukten fra virkeligheten.

19. juni 2015

Biolesesirkel: Thor Heyerdahl - Mannen og havet av Ragnar Kvam

Gyldendal 2005
456 sider


Dersom det finst ein person som fortener ein biografi i heile tre bind, må det vera Thor Heyerdahl. Verdens mest kjende nordmann gjennom tidene. Eventyrar, etnograf, arkeolog, antropolog, miljøforkjempar, forfattar - og vitenskapsmann.

Eg har lest fyrste bind av Ragnar Kvam jr. sin biografi; Mannen og havet i samband med Moshonistas biografilesesirkel. Temaet denne gongen er "vitenskap" - og sidan eg likte så godt både Den tredje mann (Om Hjalmar Johansen) og Straffen (Om Knud Bull) av same forfattar, fann eg ut at eg like godt kunne halda meg til same biograf.

Men eg sleit litt med Kvam og Heyerdahl, skuffande nok. Kanskje var innhaldet og hovudpersonen for kjent på førehand? Kanskje har forfattaren gått litt vel grundig og detaljert til verks? Kanskje var det meg?

Vel - sjølv om det altså gjekk litt tregt og seigt (eg er fire dagar "for sein"); dette er så absolutt ein bra biografi. Boka er velskriven, illustrert med bilete, teikningar og kart, oversiktleg komponert og med gode skildringar av folk, stader og hendingar. Og det er den berømte, dristige og dramatiske Kon Tiki-ekspedisjonen som både startar og avsluttar boka.

Heime i barndomsheimen min hadde me Thor Heyerdahl si bok om Påskeøya-ekspedisjonen; Aku-Aku, Påskeøyas hemmelighet. Då eg var ein jentunge bladde og las eg i den boka mange, mange gonger - så eg har på ein måte vore fascinert av Heyerdahl i lang tid. Desse kjempedigre gamle statuane på Påskeøya var mystiske og spennande. Eg er også så gammal at eg hugsar godt Ra-ferdene og Tigris-ekspedisjonen.

Å lesa om barndommen og oppveksten til Thor Heyerdahl var interessant. Han vart fødd i Larvik i 1914 der han vaks opp i ein (beste)borgerleg heim. Som barn var han overbeskytta, bortskjemt og engsteleg, - ein einsam og skuleflink lesehest. Han var ganske sikkert prega av motsetnadene og kulden mellom foreldra sine. Mora og faren levde i eit merkeleg og kjenslekaldt ekteskap og sto for heilt forskjellige livssyn. Faren Thor senior var religiøs og lærte sonen fadervår - medan mora Alison var ateist og lærte han Darwins evolusjonslære. Det vert fortalt at Thor junior alt som smågut laga fantasifulle teikningar av sydhavsøyar og bestemte seg for å bli "oppdagelsesreisende" når han vart stor.

Etter fullført artium starta Thor opp med zoologi-, biologi- og geografistudiar ved Universitetet i Oslo. Thor fann seg ikkje heilt til rette på universitetet. Han mislikte å bli sett i bås, - han tenkte meir heilskapleg og ønskte at dei ulike faga kunne samarbeida meir. Men - han møter her fleire personar som skal bli viktige for han, mellom dei Norges fyrste kvinnelege professor Kristine Bonnevie (som du lesa meir om hos Groskro's verden). Ho inspirerte unge Heyerdahl til den fyrste reisa/ekspedisjonen til Polynesia. Han møter også studenten Liv Coucheron Torp - og fyrste gong dei møter kvarandre spør Thor henne om ho vil bli med han til ein plass utanfor sivilisasjonen. Ho svarar ja med ein gong. Dei gifter seg julafta 1936 og dagen etter dreg dei ut på ei lang reise.

Ragnar Kvam jr. brukar mykje plass i boka til den fyrste sydhavsekspedisjonen - fordi dette var så viktig for det seinare livet og virket hans. Den fyrste ekspedisjonen gjekk til øya Fatuhiva i Stillehavet i perioden 1937-38. Dei to nygifte har som mål med reisa å leva heilt i pakt med naturen - men heilt slik skal det ikkje gå. Dei finn seg ikkje til rette i paradiset; det viser seg å vera vanskeleg å leva som naturmenneske. Dei er ikkje førebudde på møtet med troperegn, sjukdom og fiendtleg innstilte "innfødde" - og returnerer til gamlelandet etter eitt år.

Verandalesing

Det som slår meg når eg les om Thor Heyerdahl er kor sta han var, kor egoistisk han var, kor nysgjerrig han var og kor naiv han var. Kvam får godt fram både desse og andre eigenskapar i boka. Forfattaren stiller m.a. spørsmål om Heyerdahl sine fordommar. Han var på den eine sida open og forekommande til andre kulturar, men i personlege brev frå tida for Fatuhiva-opphaldet viser han fram ei nesten rasistisk side.

Under opphaldet på Fatuhiva oppdaga Heyerdahl mykje som kunne tyda på at dei polynesiske øyane var blitt befolka frå aust (altså frå Amerika) og ikkje frå vest (frå Asia). Han fann både kulturelle, biologiske, lingvistiske, etnologiske og metereologiske teikn på dette. Gjennom seinare ekspedisjonar freista Heyerdahl som kjent å finna prov på dette. Heyerdahl hadde mesteparten av vitenskapen mot seg i teoriane sine - men han gjekk sin eigen veg. I boka vert det fortalt om dei mange praktiske og økonomiske utfordringane Heyerdahl og støttespelarane hans måtte gjennom før KonTiki-ekspedisjonen faktisk vart noko av. Men ferda vart, som me alle veit, vellukka - og Thor Heyerdahl vart med det verdenskjend.

I biografien vert det også fortalt om Heyerdahl sin innsats under krigen, om familien og ekteskapet - men fyrst og fremst handlar det om mannen som "tenkte store tankar"; som la ut på nye tokt, nye reiser og nye utgravingar heile livet - med minimal støtte frå etablerte fag-/forskingsmiljø. Mykje tyder i dag på at han tok feil i ein del av teoriane sine - men han hadde også rett i ein del.

Om eg kjem til å lesa dei to siste binda i biografitrilogien? Kanskje. Seinare ein gong. Eg er ikkje såå interessert i Thor Heyerdahl heller - og eg veit jo "korleis det går". Som sagt innleiingsvis er dette nokså omstendeleg lesing, så eg trur eg satsar på å berre bla litt i dei to andre bøkene.
Terningkast? Eg blir ikkje heilt enig med meg sjølv denne gongen og vaklar mellom ein sterk trear og ein svak firar. Ei midt på treet-leseoppleving, med andre ord.

Har du lyst til å lesa om eit variert utval vitenskapar, vitenskapsmenn og -kvinner?
Klikk deg inn i biografisirkelen!

16. juni 2015

Topp ti - Leseliste for sommaren


For meg passar det best å lesa etter innfallsmetoden, så eg har ikkje noko detaljert leseliste for sommaren. Men eg har jo ein del bøker liggjande på vent, i både papir-, ebok- og lydbokformat.

  1. Britt Karin Larsen - Før treet faller. Bok nummer 6 i den fantastisk fine serien om skogfinnane står i hylla og ventar.
  2. Kurt Aust - Dødt løp er alt lasta ned via eBokBib og skal lesast med det fyrste. Ser fram til Tour de France-krim!
  3. Ann Cleeves - Hvite netter. Denne Shetland-krimmen ligg og ventar på meg på hytta
  4. Ken Follett - I all evighet er ei bok eg grugledar meg til. Eg veit boka er god, men ho er på 1100 sider.
  5. Elena Ferrante - Mi briljante venninne. Kom ubedt i postkassen (noko eg mislikar sterkt; dei bøkene blir vekkprioriterte av meg) - men eg lurer; kva i alle dagar er så spesielt med denne boka?
  6. Roar Ræstad - Sovende hunder. Kriminalroman med ei parallellhistorie frå krigens dagar. Slike bøker pleier eg å lika.
  7. Christoffer Carlsson - Den usynlige mannen fra Salem. Svensk prisbelønt krim. Truleg midt i blinken for meg.
  8. Edmund de Waal - Haren med øyne av rav. Skal vera utruleg god. Det gjer meg spent og skeptisk.
  9. Gert Nygårdshaug - Himmelblomsttreet. Har stått på vent lenge. Det er på tide å henta fram att ein av favorittane mine.
  10. Kjell Ola Dahl - Lindemanns tivoli. Frittståande oppfølgjar til 'Lindemann og Sachs', som eg nettopp har lest - og likt.

Kva skal du lesa denne sommaren?

12. juni 2015

Sommarlesing: Krim. Eit samleinnlegg

Eg har sett sommarlesing som overskrift, men her på mine trakter har veret vore lite sommarleg til no. Sidan dette (veret) er noko som ein absolutt ikkje kan gjera noko med, gjer eg det beste ut av det: Krøllar meg saman i sofaen med ei bok.
Krim er så mangt. Eg tykkjer det er fascinerande at sjangeren er så mangfaldig - og det er ein av grunnane til at eg les masse krim. Her er korte omtalar av nokre svært forskjellige krimbøker eg har lest i det siste.


Den som reddes kan av Sophie Hannah
Cappelen Damm 2011
431 sider


Ei innfløkt, interessant og høgst uvanleg historie. Skrivestil og miljø minner om bøkene til Tana French. 'Den som reddes kan' er velskriven og elegant, men litt vanskeleg å komma inn i sidan dette er bok nummer tre i ein politikrimserie. Karakterane på etterforskarsida har sine fortider og historiar seg imellom - og akkurat det fann eg litt krevjande å finna ut av.
Forfattaren strør ut ei mengd trådar, spor og villspor. Fyrste halvdel av boka er saktegåande og litt forvirrande, medan andre del er meir actionfylt, nervepirrande og thrilleraktig.
Handlar om skakkøyrde ekteskap, dei heller mørke sidene ved morsrolla, falske identitetar og det som vert kalla familietragediar.
Boka gav meirsmak og anbefalast, men det er nok ein fordel å lesa 'For du stjal min lille venn' og 'Skyggenes time' før denne.
Terningkast 4.


Det perfekte mord av Peter James
Schibsted 2012
142 sider


Ei tynn bok og ei tynn historie, bokstaveleg talt. Lettlest, fortlest og fortgløymt.
Likevel; det er noko her - noko bissart, noko Roald Dahl'sk, som gjorde at eg fekk lyst til å lesa meir av denne forfattaren.
Handlar om eit middelaldrande barnlaust ektepar som ein gong elska kvarandre. Etter kvart har dette endra seg; dei er blitt så lei av kvarandre at dei kvar på si side har funne seg andre partnerar - og begge har planlagt å myrda den andre ektefellen.
Det store spørsmålet blir då; kven myrdar kven - fyrst? Og kva blir konsekvensane for den attlevande?
Handlinga er tragikomisk, hovudpersonane og etterforskarane er stereotype og løysinga finurleg - om enn noko forutsigbar.
Terningkast 3.



Rød sone av Asbjørn Jaklin
Vigmostad & Bjørke 2014
344 sider


Velskriven og velkomponert med verkelege hendingar som bakteppe. Boka vart nominert til Rivertonprisen i fjor - og er skremmande aktuell, no som me atter ein gong kjenner litt på gufset frå den kalde krigen.
Sentralt i handlinga er den kjende og mystiske flyulukka i Mehamn i 1982. Hovudpersonen, journalisten Alex Winther, med ei fortid i forsvaret, vert sett på saka om ein britisk tidlegare jagarpilot som vert funnen død under uklare omstendigheiter. Det viser seg at denne personen var ein av seks pilotar som deltok i den skvadronen som var mistenkte for å stå bak ulukka med Widerøe-flyet den gongen. Når det så skjer eit mordforsøk på ein journalistkollega, skjønnar Winther at einkvan vil gjera alt for å halda fortida hemmeleg. Boka er tidvis ganske spennande, og tidvis litt kjedeleg - det gjeld spesielt alt som vedkjem sjølve hovudpersonen. Det trøblete forholdet til kjæresten og angsten han slit med er så liksomdramatisk, tykkjer eg. Terningkast 4.



Merket for livet av Emelie Schepp
Gyldendal 2015
403 sider


Ei bok med uhygge, aktualitet, spenning og driv. Dette er forfattaren si debutbok som i utgangspunktet vart gitt ut på eige forlag - og som (likevel) vart ein suksess.
Hovudpersonen, statsadvokaten Jana Berzelius er ein uvanleg og interessant person med ein uklar bakgrunn. Saman med ei gruppe politietterforskararar har ho fått ei vanskeleg drapssak på bordet. Det einaste sporet ein kan finna etter at sjefen for Migrationsverket vert funnen myrda er etter eit barn. Og eit barn kan då ikkje stå bak eit drap - eller? Saka tek deretter ei uventa vending - og Jana vert personleg involvert.
Boka er lettlest og med eit originalt plott, men eg irriterte meg litt over alt pjattet; unødig detaljerte skildringar av karakterar og miljø - som ikkje har noko som helst å bety for handlinga. Likevel gir eg boka terningkast 4+ og ser fram til neste bok.



Hjemstavn av Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2012
295 sider


Melankolsk og litt trist og tregt - men som alltid; svært velskrive frå denne islandske forfattaren.
Eit nytt møte med gjennomgangsfiguren Erlendur og behovet hans for å finna svar på gåter frå fortida. Han har heile livet kjent på saknet og skuldkjensla etter at broren forsvann i fjellet ved heimplassen - for over 40 år sidan. Medan han oppheld seg i det nedlagde og forfalne småbruket til familien dukkar det opp ei anna forsvinningssak frå den same tidsperioden. Erlendur startar si eiga etterforsking, nøstar langsamt og møysommeleg opp i den gamle saka - og drøymer samstundes om at trådane i hans eige liv også skal kunna nøstast opp.
Landskapet, veret og naturen er - som vanleg i romanar frå Island - effektfulle og viktige rammer for forteljinga.
Eg meiner dette er ei av dei beste bøkene til Indriðason. Terningkast 5-. 

1. juni 2015

Oppsummering mai

Påbyrja i april, fullført i mai: 
Tana French - Lik - Irsk krim - Papirbok lånt av mor
Arne Dahl - Elva - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Merete Junker - Venuspassasjen - Norsk krim - Lånt ebok

Lest i mai:
Jakob Melander - Øyesten - Dansk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Pierre Lemaitre - Alex - Fransk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Levi Henriksen - Harpesang - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Edvard Hoem - Heimlandet. Barndom - Norsk roman/erindring - Lydbok lånt på biblioteket
Pedro Carmona-Alvarez - Og været skiftet og det ble sommer og så videre - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Hanne Kristin Rohde - Bare et barn - Norsk krim - Lånt ebok
Asbjørn Jaklin - De dødsdømte - Dokumentar, krigshistorisk - Kjøpt lydfil
Gitte Haug - Kvinner i krig - Erindring, krigshistorie - Lånt ebok
H. K. Fauskanger - Skamtegnet - Norsk historisk krim - Lånt ebok
Sophie Hannah - Den som reddes kan - Britisk krim - Papirbok lånt av mor
Vetle Lid Larssen - 1001 natt - Historisk dokumentarroman - Lydbok lånt på biblioteket
Peter James - Det perfekte mord - Britisk krim - Lånt ebok

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Ragnar Kvam jr. - Thor Heyerdal 1. Mannen og havet - Biografi - Papirbok lånt på biblioteket
Kjell Ola Dahl - Lindeman & Sachs - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket



For fyrste gong har eg lest fleire ebøker enn papirbøker i løpet av ein månad. Ebøker og ebokbib er heilt fantastisk genialt. Eit par klikk på mobilen eller nettbrettet - og vips så har ein ei bok i fanget, klar til lesing, heilt gratis. I mai las eg 5 ebøker, 6 lydbøker og berre 4 papirbøker. Heile 15 bøker til saman altså, men tre av bøkene er ekstra korte/tynne (Kvinner i krig 104 sider og Det perfekte mord 143 sider, samt lydboka Heimlandet. Barndom med ei speletid på berre 5:55)
Etter at fem månader av året har gått, ligg eg langt føre "skjema" og målsetjinga om 130 leste bøker i 2015. Hittil har eg lest 69 - så eg kan for så vidt ta ein heil lesefri månad (haha, det kjem sjølvsagt aldri til å skje) og likevel nå målet mitt. Eg  kjem ikkje til å justera måltalet mitt no - fordi eg har nokre "mursteinar" som skal lesast i løpet av sommaren. Så antal bøker lest pr. månad kjem til å gå ned dei neste par-tre månadene.
Trur eg..

Bloggmessig har eg hatt ein svak månad, og eventuelle lesarar av denne bloggen kan ikkje forventa at det vert store endringar framover heller. Eg har skrivetørke og er litt lei av blogginga, men kjem til å halda fram med å skriva blogginnlegg når eg føler for det; dvs at eg kjem til å satsa på samleinnlegg og samleomtalar.