Det er tid for årskavalkadar, også på bokbloggfronten. Eg kosar meg når eg les andre bokbloggarar sine oppsummeringar av årets leseopplevingar. Ikkje minst er det underhaldande å sjå kor ulik leseinteressa og lesesmaken er! Eitt og anna boktips kan ein også plukka opp.
Utpå nyåret kjem eg nok til å laga eit meir sakleg oppsummeringsinnlegg når det gjeld bøker og lesing i 2015, - og kanskje nokre ord om leseplanar for 2016. Men her og no - i årets siste bloggpost - kjem ein uhøgtideleg gjennomgang av
høgdepunkt frå leseåret 2015 - på alfabetisk vis.
----------------------
A for
Indriðason,
Arnaldur, - islandsk krimforfattar f. 1961. Eg las '
Hjemstavn' og '
Reykjaviknetter' i år, - to stemningsfulle kriminalromanar, typisk Arnaldur.
B for
Bjørneboe,
Jens, - norsk forfattar (1920 - 76) og
Bestialitetens historie, hovudverket til denne forfattaren. Eg fekk med meg avslutninga av trilogien, '
Stillheten', i 2015.
C for
Lundekvam,
Claus, - tidlegare fotballspelar f. 1973. Sjølvbiografien hans '
En kamp til' er ei brutalt ærleg og sjølvutleverande bok.
D for
Dahl, Arne, - psoudonym for Jan Arnald, svensk forfattar, kritikar og litteraturvitar f. 1963. Dette året har eg lest dei to siste i serien om A-gruppen: '
Etterskjelv'og '
Himmeløyet', samt epilogen '
Elva'.
E for
Hoem,
Edvard, - norsk forfattar f. 1949. 2015 har vore eit stort Hoem-år for meg. Har høyrt forfattaren sjølv lesa både '
Jordmor på jorda', '
Heimlandet. Barndom', '
Mors og fars historie', '
Slåttekar i himmelen' og den nyaste '
Bror din på prærien' dette året. Finfine bøker og store lytteopplevingar! Sistnemnde vart for meg den
i særklasse beste
norske boka utgitt i år.
F for
Follett,
Ken, - britisk forfattar f. 1949. Ein av mine gamle favorittar som eg har gjenoppdaga i 2015. Eg las mursteinane '
Stormenes tid - Katedralen' og '
Sverdet og korset' i 2015 og 'I all evighet' blir med meg over i 2016. Mørk middelalder, mystikk, dramatikk og erotikk.
G for
Gutten til Gustav, - tittel på Leif
GW Persson sin svært gode og djupt personlege
sjølvbiografi.
H for
hunden Hulda. - Sankt Bernhardstispa til advokat Svend Foyn er ein viktig bikarakter i bokserien til Jan Mehlum. Eg las tre av Mehlum sine kriminalromanar i 2015; '
Straffen', '
Din eneste venn' og '
Et hardt slag'.
I for
Instagram, - sosialt nettverk og fotodelingsteneste. Sigmund Falch har laga verdens fyrste Instagrambok; '
Falcheblikk'.
J for
Johannes, - årets verste og mest seigliva antagonist. Eirik Husby Sæthers '
Lobotomisten' og 'Heksedoktoren' er velskrivne og blodige.
K for
Kroken og
Kolden, forfattarpar frå Lom som skriv om "stuttreiste mord". '
Død manns kiste' er tittelen på årets bok frå duoen.
L for
Lydbok, innlest litterært verk. Gode stemmer og gode bøker gjer venting, reising og husarbeid meiningsfullt.
M for
Mankell,
Henning, - svensk forfattar (1948 - 2015). For fyrste gong vart det skrive ein
nekrolog på denne bokbloggen.
N for
Nansen,
Fritjof, - norsk polfarar og oppdagar (1861 - 1930).
Nansen er ein av dei som Ragnar Kvam fortel om i '
De fire store'.
O for for
Dahl,
Kjell Ola, - norsk forfattar f. 1958. Eg las romanane '
Lindeman & Sachs' og '
Lindemans Tivoli' samt kriminalromanen '
Kureren' i 2015. Sistnemnde vart årets Bragepris-vinnar i
open klasse, som i år var krim.
P for
Lemaitre, Pierre, - fransk forfattar f. 1956. Slo gjennom med spenningsromanen '
Alex' i år.
Q for
Avdeling Q. Jussi Adler-Olsen gav i år ut '
Den grenseløse', bok nummer seks i serien om Carl, Assad og Rose i avdeling
Q.
R for
Randen,
Rolf, - lensmann, hovudperson og gjennomgangsfigur i
Rune Timberlid sine krimbøker. Årets
Randen-bok
Satans mor har handling frå Luster.
S for
Salander, Lisbeth, - ein av hovudpersonane i
Stieg Larssons Millenniumstrilogi, som i år var gjenskapt av David Lagercrantz i '
Det som ikke dreper oss'.
T for
Terningkast, - vert gjerne definert som
eit uttrykk for konklusjon av kritikk. Denne bloggen kjem til å halda fram med
Terningkast i 2016.
U for
Den ubehagelige sannheten, - tittel på deb
utboka til William Landay. Kan anbefala både
denne og boka han slo gjennom med; '
Til Jacobs forsvar'. Krim for vidarekomne.
V for
VIP-rommet, tittel på bok av Jens Lapidus. Eg har fått med meg både avslutninga av '
Stockholm noir'-trilogien og starten av den nye serien med
denne.
W for
Wiik, Øystein, - norsk operasangar, skodespelar, Stjernekamp-deltakar og krimforfattar f. 1956. Avsnitt nummer fem i serien om Tom Hartmann har tittelen '
Rekviem'. Stor underhaldning!
X for
Goksøyr, Marte Wexelsen, - norsk samfunnsdebattant, skodespelar og forfattar f. 1982. Boka hennar '
Jeg vil leve' er interessant.
Y for
Stenius,
Yrsa, - finlandssvensk forfattar, journalist og biograf f. 1945. Eg las '
Tills vingen brister', ein biografi om Jussi Bjørling, i år. Bra bok.
Z for
Zander,
Joakim, -
svensk krimforfattar f. 1975. '
Svømmeren' er ei spennande ny bok frå denne forfattaren.
Æ er den 27. bokstaven i alfabetet.
Ø for
Øen,
Morten, - norsk forfattar og fotograf f. 1969. Ein person med same namn er hovudperson i ei av dei særaste bøkene eg har lest i år: '
Tellemarck'.
Å for
Helvete åpent, - tittel på
årets bok frå Gard Sveen. Ei ganske leseverdig bok, men med ein (for meg) d
årleg avslutning.
------------------------------
.. Dette var eit lite utval av det eg las i 2015. Resten finn du
her.
Ynskjer alle eit godt nytt leseår i 2016!