31. juli 2019

Oppsummering juli 2019

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Jo Nesbø - Kniv - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Tor Åge Bringsverd - Gobi: Djengis Khan - Norsk roman - Lyd Storytel

Lest i juli:
Tor Åge Bringsverd - Gobi: Djevelens skinn og ben - Norsk roman - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Judasskuddet - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Tommi Kinnunen - Lyset bak øynene - Finsk roman - Lånt papirbok privat
Belida Bauer - Bristepunktet - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Else Kåss Furuset - Else går til psykolog - Biografi/dokumentar - Lyd Storytel
C.J. Tudor - Krittmannen - Britisk krim - Lyd Storytel
Leïla Slimani - Vuggesang - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Malin Persson Giolito - Utover enhver rimelig tvil - Svensk krim - Lyd Storytel
Cilla og Rolf Börjlind - Springflo - Svensk krim - Kjøpt papirbok (OTS)


Med sommarferie deler av månaden låg alt til rette for mykje lesing, men det vart likevel ikkje så mange bøker som forrige månad. Eg har halde fram med Gobi-serien, der bok nummer tre var noko meir utilgjengeleg enn dei to foregåande. Elles har eg hatt varierte leseopplevingar i juli: Krittmannen og Vuggesang som begge har fått mykje merksemd, men som eg oppfattar som noko overhypa og oppskrytte. Strålande krim som (nesten) alltid frå Jo Nesbø og Belinda Bauer. Ei ny hjerteskjerande og velkomponert historie frå finske Kinnunen. Og interessant, alvorleg, komisk og kleint frå Else Kåss Furuset sine møte med psykologen.

Ingen ebøker denne månaden heller, sidan eBokBib ikkje fungerer for tida.

5 papir, 4 lyd
5 lånt, 4 abonnement
5 krim, 3 romanar, 1 biografi
5 norske, 2 britiske, 1 finsk, 1 fransk-marokkansk
5 menn, 4 kvinner
"Nye" forfattarar: Furuset, Tudor, Slimani

24. juli 2019

Norsk krim 2019 del 1

Som i fjor; eg omtalar årets norske krimbøker i samleinnlegg - tre bøker i kvart innlegg. Tida vil vise kor langt eg kjem og kor mange eg les.

Eg har altså fullført mine fyrste tre av årets kriminalromanar; dei nye bøkene til publikumsfavorittane Jo Nesbø, Tom Egeland og Jørgen Jæger. Eg byrjar med den mest etterlengta, den mest omfangsrike - og den desidert beste - av dei tre:

Kniv av Jo Nesbø

Aschehoug 2019
519 sider
Lånt papirbok privat


Det vert nok ein gong stadfesta: Ingen andre norske krimforfattarar kan måla seg med Nesbø. Absolutt ingen. All merksemda forfattaren får og all marknadsføringa bøkene hans får kan virka masete, men det er ingen tvil om at merksemda er fortent.

Den tolvte boka i Harry Hole-serien er (som forventa) spennande og velskriven og inneheld (som alltid) uventa hendingar og overraskande løysingar. Sjølve plottet minner om dei tidlegaste bøkene i serien.

Det mest sentrale mordvåpenet i Kniv er ikkje så utspekulert grusomt som i t.d. Panserhjerte og Tørst. Det handlar, som tittelen seier, om kniv. Om kor nær ein drapsmann må vera offeret sitt når han vel å bruka eit slikt våpen.

Skrivestil, handling, innleving, intensitet og skildringar - alt dette er heilt topp - slik berre Jo Nesbø kan det. 519 sider kan virka mykje, men for denne historia er det egentleg passe. Eg "snuste" undervegs i lesinga på terningkast 6, men eg tykkjer faktisk at Nesbø har vore (hakket) betre før. Eg konkluderer med eit sterkt terningkast 5.



Falken av Tom Egeland

Capitana 2019
479 sider
Lånt papirbok privat


Egeland er også ein dyktig og produktiv forfattar. Denne gongen har han forlate Bjørn Beltø og vendt tilbake til TV-journalisten Kristin Bye og universet me hugsar frå Trollspeilet og Ulvenatten.

Boka er fiffig oppbygd; ein slags minutt-for-minutt kapring- og gisselsituasjon (litt sånn Speed), med korte avsnitt og stadig skiftande synsvinklar. Lesaren veit heile tida litt meir enn dei som er involverte i dramaet gjer.

Falken er bra underhaldande, men er litt for lang, tidvis litt for langsam og inneheld litt for mange klisjéar. Og tvisten på slutten kunne vore morosam, men er litt for dum.  Terningkast 4.



Judasskuddet av Jørgen Jæger

Capitana 2019
394 sider
Lånt papirbok privat


Eg las denne rett etter Kniv - og det var muligens "feil". Samanlikninga var ikkje til å unngå - og kvalitetsskilnaden vart veldig tydeleg. Sjølv om Jæger skriv godt og har ei god historie, vart dette for enkelt, rett og slett. Forfattaren sitt engasjement virkar ekte, men intensiteten manglar.

Den ellevte boka i Ole Vik-serien handlar om narkotikabrotsverk. Fleire unge menneske har tilsynelatande døydd av overdose - men mykje tyder på at dei er drept. Cecilie Hopen og Ole Vik plundrar ein del før dei finn løysinga, og dei vert også på ulikt vis personleg involverte.

Boka er lettlest og fortlest, men leseopplevinga mi vart ganske middels. Eg kan ikkje gå høgare enn Terningkast 3.

22. juli 2019

Tjueandre juli

etter 22. juli

etter at vi blei sprengt i filler
etter at fredagen fall ut av hendene på oss
etter at vi måtte lære oss norsk på ny
etter at sorga strekte seg heilt opp til håret
etter at dagane tok til å regne ned over oss

orda overlever ein 9mm glock
kjærleiken er kraftigare enn ei 500 kilos bombe
å halde hender er mektigare enn ladegrepet
eit lite kyss er viktigare enn 1500 sider med hat
eit vi er så mykje meir enn eit eg

det kjem eit nytt 22. juli, det må jo det
ferja skal frakte fleire bankande hjarte over
telta skal bli slått opp på grønt gras
morgonsola skal kysse øya vaken
hei, hei, på tide å stå opp og endre verda

 - Frode Grytten

5. juli 2019

Sommarlesing 2019 del 1: Svensk krim

Eg er - som vanleg - på etterskot når det gjeld bokomtalar. Her kjem nok ein samleomtale - og det handlar om ny svensk kvalitetskrim.

Francesca av Lina Bengtsdotter

Gyldendal 2019
378 sider
Lånt papirbok biblioteket


Dette er svensk bygdekrim med mystikk, hemmelegheiter og mørke. Francesca er frittståande framhald av Annabelle, ei bok eg las i fjor, som gjorde inntrykk på meg og som ga meirsmak. Hovudpersonen er også denne gongen politikvinna Charlie Lager, og på nytt er ho tilbake i barndommens trakter. Ikkje som politi, men for å hjelpa ei venninne som er blitt åleine. Charlie nyttar høvet til å grava i ei gammal forsvinningssak, noko som for ei tid held ho vekke frå den destruktive livsstilen ho vanlegvis fører.

Handlinga går føre seg på to tidsplan. Parallellt med at Charlie etterforskar saka i notid får me gradvis vita meir om kva som egentleg hende den gongen for mange år sidan, med Francesca. Var det drap eller sjølvdrap? Kvifor vart ho aldri funne? Kven veit? Kva skjedde? Kvifor har ikkje Charlie høyra noko om saka før no? Kvifor er det så vanskeleg å få folk til å opna seg?
Her er stemning og spenning frå fyrste til siste side. Både historia om Francesca og  Charlie si tilnærming til saka er fengande lesing. Terningkast 5.


Vinterild av Anders de la Motte

Lydbokforlaget 2019
Speletid 12:59
Lånt lydbk biblioteket


Nummer tre av De la Motte sin årstidskvartett. Serien er ukronologisk og har ulike hovudpersonar.

Me held oss til den svenske landsbygda. Som hos Bengtsdotter over er det lagt stor vekt på skildringar og stemningar. Og - det er også her hendingar i fortida som kastar skugge over notida.

Vinterild er ein god psykologisk thriller, men er litt for omstendeleg etter min smak. Det blir litt mykje uhygge liksom - og det er ikkje grenser for kor mange som har halde ting skjult for andre og kvarandre. Men spenninga er stigande og byggjer seg opp til ei dramatisk og overraskande avslutning. Terningkast 4+.



Nede for telling av Martin Holmén

Pelikanen 2019
342 sider
Lånt ebok eBokBib


Så over til noko heilt anna. Glimrande miljøskildringar og skarpe karakteristikkar fekk me i Clinch - og det får me også i denne oppfølgjaren. Handlinga er lagt til Stockholm i 1935, og Harry Kvist er nettopp sluppen ut av fengselet. Tilværet er slett ikkje enkelt, verken for Kvisten eller for hans næraste. Det er hardkokt, mørkt og dystert; verkeleg Stockholm noir.

Holmén skriv veldig godt og har skapt noko nytt innan krimsjangeren med forteljingane om Kvisten. Han har sin heilt eigen stil og hovudpersonen Harry Kvist liknar ikkje på nokon andre krimheltar (eller antiheltar) eg har lest om tidlegare. Eg ser fram til neste og avsluttande bok i trilogien. Terningkast 5.