30. august 2023

Dikt og slikt: Utdrag frå samlinga "Kvit, norsk mann" av Brynjulf Jung Tjønn

Korleis er det å bu i Noreg og sjå "unorsk" ut? 
Kva skal til for å bli norsk nok
I kva grad vert utanlandskadopterte utsette for rasisme?

Diktsamlinga Kvit, norsk mann handlar om identitet og røtter, om rasisme, framandgjering og utanforskap. Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980 i Seoul, oppvaksen i Feios i Vik kommune) er adoptert og har nok kjent og tenkt mykje på slike problemstillingar og utfordringar. 

I samlinga finn me eit gripande og sterkt dikt som handar om Arve Beheim Karlsen.
I april 1999 vart Arve jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som ropte "drep denne negeren". Eit par dagar etter vart den indiskfødde 17-åringen funne drukna i Sogndalselva. 

Tjønn har uttalt til Sogn Avis at dødsfallet til Arve endra livet hans og at det har prega skrivinga hans:
"Før Arve døde var Sogn ein fredeleg og harmonisk plass for meg. Men brått skjønte eg at her er det ikkje trygt for slike som meg. Og eg trur mange adopterte kan ha følt på det same, men vore veldig åleine om det."

- - - - - - - - - - - - - - - - - -  


1
eg er den brune guten som spring
over brua
eg er den brune guten som spring
under brua
eg er den brune guten som spring
ut i elva
eg er den brune guten som seinare
blir funne i vatnet.

dei ropte
drep denne negeren

men det var ikkje meg
eg er ikkje brun, eg er gul

2
eg opnar dei smale auga mine
og les om
arve berheim karlsen
han er eitt år yngre enn meg
adoptert frå india

gutane som jaga han
var like gamle som oss
drep den negeren
ropte del

3
og eg spring saman med arve
beheim karlsen
eg ser på han og han ser på meg
vi snur oss og ser dei kome etter
drep denne negeren
ropar dei
og vi spring over brua
og halvegs så stansar arve opp
han vurderer
fram og tilbake
så skjønar eg at han vil
springe under brua
og eg følgjer etter
ned til elva
som er sterk og djup
steinane er glatte og harde
og arve og eg går ut i vatnet
det kalde, mørke vatnet
som renn ut i sognefjorden
verdas djupaste og lengste fjord
tenk at vi skulle hamne her
drep denne negeren
ropar dei
og vi ser på kvarandre
den eine brun
den andre gul
tenk at vi er hamne her
i denne djupe, lange fjorden
der det veks epler og bringebær på
rekke og rad
langs fjordskråningane
der fjell etter fjell strekker seg
oppover
mot snøtoppane
der ferjer sklir som kvite kvalar
mellom små bygder

no høyrer vi steg på brua
drep denne negeren
ropar dei
og vi ser på kvarandre
vi held kvarandre i hendene
vi dukkar under
i vatnet er vi brør
to adoptivbarn held pusten

eg er den einaste som reiser meg

- - - - - - - - -

26. august 2023

Bokomtale: Mordene på Fleat House av Lucinda Riley

Cappelen Damm 2022
Speletid 13:39
Lydbok Storytel

Forfattaren Lucinda Riley - dronninga av underhaldningsromanar - har selt 13 millionar bøker på verdensbasis og ufattelege nær 2 millionar bøker her i landet. Det er den populære serien De syv søstre som står for mesteparten av desse høge salstala.
Forfattaren døydde i 2021 og den avsluttande åttande boka i serien vart skriven ferdig av sonen hennar, Harry Whittaker. 

I tillegg til den nesten ferdige sisteboka etterlot Riley seg eit fullført upublisert manus - ein kriminalroman. Boka skal ha blitt skriven i 2006 og har altså blitt liggjande i skrivebordskuffen (eller noko liknande) - og det hadde ikkje gjort noko om ho hadde blitt liggjande der, for å sei det slik. Men det er jo forståeleg at arvingar og forlag gjerne vil tena enno meir pengar på ein eksisterande suksess.

Underhaldningsromar og -seriar av typen feelgood passar ikkje for meg, så Mordene på Fleat House er den fyrste boka eg har lese av denne forfattaren. Den fyrste og truleg også den siste.
Eg vil tru at boka passar for folk som likar kosekrim/ "damekrim" og dei andre bøkene til Riley, men eg trur òg at for "normale" krimlesarar er dette for tregt, for langdrygt og for uinteressant. Det vart det i alle fall for meg.

Egentleg er eg stor fan av britisk krim og har lese mengder med slike bøker opp gjennom åra. Det er vidare tydeleg at det har nok også Riley sjølv gjort, for det er mykje her som har likskapar med - og element frå - klassisk britisk krim. Men her er det mange fleire element eg forbind med feelgood-sjangeren. Her er klisjèar, melodrama, snobberi og føleri. Her er alfor mange folk som oppfører seg merkeleg, gjer uforståelege val, handlar underleg og uttalar seg kunstig og løgnaktig. Hovudpersonen Jazz er forsåvidt sympatisk, men også ho er ganske "eindimensjonal".

Handlinga er lagt til ein engelsk privat internatskule i eit miljø som er gjenkjennbart frå ulike krimseriar. Ein elev ved skulen vert funnen død. Den tragiske hendinga har tilsynelatande ei naturleg forklaring, men ei nærare undersøking tyder på at dødsårsaka er noko anna. Dermed kjem vår heltinne, den unge (og vakre, sjølvsagt) etterforskaren Jazz Hunter, på bana. Ho har eit vanskeleg samlivsbrot bak seg og har vore ute av arbeidslivet ei tid. Etterforskinga rundt dødsfallet på Fleat House vert såleis ein slags ny start for henne. Så tek ein person sjølvmord i det same miljøet, kan det ha ein samanheng? (Vel - det er ein kriminalroman, sjølvsagt er det ein samanheng). I andre handlingstrådar får lesaren innblikk i andre hemmelegheiter, mystiske hendingar, uklare forbindelsar og merkelege forsvinningar. Og så skjer det eit nytt mord. Og alt heng saman med alt. Sjølvsagt.

Livet er for kort til å lesa middelmådig krim, og eg tykkjer det er vanskeleg å anbefala denne boka. Det vart aldri skikkeleg spennande og eg vart aldri skikkeleg engasjert. Eg hadde neppe fullført boka om eg hadde lese ho sjølv, men sidan eg valde lydbok vart boka likevel fullført og utlest, rettare sagt ferdighøyrt. Anne Ryg si behagelege stemme bidro til fullføringa.

Mordene på Fleat House er ikkje direkte dårleg, og eg skjønnar at plottet er brukbart og at forfattaren var ein bra forteljar. Men alt utanomsnakket kjedar og irriterer meg. Historia om hovudpersonen sin far og sjukdommen hans er t.d. for utbroderande og har lite med det øvrige innhaldet å gjera. Det same gjeld Jazz sitt problematiske forhold til eks'en. Ei strammare redigering ville gjort boka fleire hakk betre. 

VG sin anmeldar gir boka terningkast 5 og Dagbladet 4, noko som for meg er ganske uforståeleg. Dersom ho var skriven av ein ukjent debutant ville eg (kanskje) ikkje vore så streng og gitt eit svakt terningkast 4. Men når det handlar om ein verdenskjent og populær forfattar som har selt i bøtter og spann vert ein sjølvsagt meir kritisk. Etter mitt syn er dette ein høgst ordinær krim og konklusjonen min er ein blank 3'ar. 

16. august 2023

Dikt og slikt: Dagane

Odd Nordstoga (f.1972) er ein allsidig og folkeleg artist som lagar vakre melodiar og fine tekstar. Han slo gjennom med albumet 'Luring' i 2004. Her finn me m.a. Kveldssong for deg og meg (tekst Ragnar Hovland) - ein sang som den gongen vart ein kjempehit for folk i alle aldrar. 

Teksten nedanfor er henta frå albumet 'Heim te mor' som kom ut i 2006. Dagane er ein knallfin sang og samstundes er det eit vakkert og lågmælt kjærleiksdikt.

Dagane

Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv,
og kvar dag den var av sølv.
For du gylte kvar ein augneblink med hugen fri,
og blenda var eg med på reisa di

Dagar som sand ut av hendene renn.
Om du tvilar, ja, så kjenn.
Den eine som den andre ut i vinden fer,
og tida som me har den reiser der.

Lov meg å vera hjå meg all din dag.
Ja, det lova me i lag.
Så gav eg deg ein ring, ja det var lettvint gjort.
Så luska og den dagen stille bort
Så langt
Så langt
Så langt som vinden greier å jaga bylgjene blå;
der skal eg fylgje deg, min venn.
Der skal me finne dei igjen.

Og ute luskar styggen og skiljer deg frå meg.
Og visste me, så hadde me
nok kome oss i veg.
Og eg ha’ bore deg på armen
gjenom skog og over fjell.

Og du ha’ halde meg i handa
gjennom juv og myrke gjel.
Og eg ha’ strekt meg etter deg
og du ha’ strekt deg etter meg
Så langt
Så langt
Så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå;

der skal eg fylgje deg, min venn.
Der skal me finne dei igjen

Odd Nordstoga si heimeside. Her kan ein finna fleire tekstar, samt nyhende, biografi og kontaktinformasjon.
Podkast: Brenner deler dikt - Diktet har betydd mykje for Sissel Gran. 
Rockipedia om Odd Nordstoga

 

12. august 2023

Å lesa - les - las - har lese

Ingen stor sak dette, og det betyr absolutt ingenting for andre. På bloggen er eg min eigen redaktør og kan egentleg skriva det eg vil. Men altså:

Eg innrømmer det. Eg har gjennom fleire år her på bloggen brukt feil verbbøying av å lesa. Det gjekk for alvor opp for meg då eg såg denne teikninga på nettsida nynorsksenteret.no.

Eg hugsar det godt; eg spurde meg sjølv då eg skreiv ein av dei fyrste blogginnlegga: Heiter det har lest eller har lese? (I det som no vel heiter 'perfektum'?) Av ein eller annan grunn bestemte eg meg for å bruka har lest. Og eg har som prinsipp å vera kosekvent når eg skriv - og sjølv om eg angra så har eg halde fram med har lest

Samstundes er eg veldig oppteken av språk, nynorsk og rettskriving.

Så dette har skurra. 

Det har skurra meir og meir faktisk - og no har eg bestemt meg for å ombestemma meg. 

Verbet lese/lesa har svak bøying på bokmål og sterk bøying på nynorsk:

Å lese - leser - leste - har lest

Å lesa - les - las - har lese

Det heiter har lest på bokmål og har lese på nynorsk

Egentleg ynskjer eg å skriva korrekt og konservativt nynorsk (me, ikkje vi og a-endingar i infinitiv osv.) - for det ligg nærast dialekten min. Når eg har lese ut ei bok seier eg at eg har lese boka - ikkje lest boka.

Konklusjon:

Frå no av skal eg skriva 

eg har lese
du har lese
han/ho har lese
de har lese
me har lese
dei har lese

men eg kjem ikkje til å retta på gamle blogginnlegg. Dei får stå slik som dei står. 

Til sist eit sitat frå nynorsksenteret som nesten vart som ei "trøyst" for meg:

Nynorsken har ein større rikdom av former enn bokmålet, og me blir lett påverka av bokmålet, sidan det er så synleg i samfunnet. Men det er ingen grunn til å la seg skremma. Ein og annan bøyingsfeil er ikkje det som avgjer om du skriv god eller dårleg nynorsk, det er setningsbygnaden.

5. august 2023

Norsk krim 2023 del 1

Eg er som vanleg bakpå når det gjeld bokomtalar. Å laga samleomtalar er (eit forsøk på) å gjera det smart og effektivt. 


Hitra av Samuel Bjørk
Bonnier norsk forlag 2023
504 sider
Lånt ebok BookBites 

- Samuel Bjørk er krimforfatter-pseudonymet til Frode Sander Øien.
 - I bok nummer 6 i serien om Mia Krüger og Holger Munch er handlinga lagt til - nettopp; Hitra. Difor litt meir bygdekrim-preg enn dei foregåande bøkene. 
 - Mia har trekt seg attende til øya etter å ha sagt opp etterforskarstillinga si. Ein dag får ho besøk av ei lita jente som ber henne finna leikekameraten som forsvann for ei tid tilbake.
- Så skjer eit brutalt drap på Hitra - og Munch entrar scena. Det litt skakke etterforskarparet er i gang igjen. Dei to kommuniserer og samarbeider på ein særeigen måte. 
- Langsam skrivestil, intrikat plott og eit truverdig og rikt persongalleri. Ei leseverdig (men kanskje litt for lang) bok.
 - Terningkast 5-.

666 av Tom Egeland
Bonnier norsk forlag 2023
509 sider
Lånt papirbok privat

 - Bok nummer 11 i Bjørn Beltø-serien - og eg vart atter ein gong sjarmert av denne antihelten. Desse bøkene har tonnevis med sjarm og kilovis med ironi, noko eg likar godt.
 - Som vanleg handlar det om kodar, mystikk og gamle dokument. Om Bjørn Beltø som leitar og leitar og om skumle typar som leitar og jaktar på Beltø. 
 - Rett og slett ei svært spennande og underhaldande eventyrbok.
 - Prikken over i-en (eller det som hevar boka frå ein 4'ar til ein 5'ar) er det omfattande etterordet/oppslagsverket på slutten av sjølve boka. Som alltid er det forbausande mykje av det som vert fortalt historisk og vitenskapeleg korrekt.
- Terningkast 5-.


Etterpå er vi alle kloke av Jan Mehlum
Gyldendal 2023
346 sider
Lånt ebok BookBites

 - Advokat Svend Foyn er ein gammal favoritt, og Mehlum skuffa ikkje no heller, men han har vore både betre og skarpare ved tidlegare høve. 
 - Eg likar den ironisk-melankolske skrivestilen, ein stil Mehlum har til felles med t.d. Gunnar Staalesen og Haakan Nesser.
 - Bok nummer 21(!) i serien. Det er verkeleg imponerande!
 - Hulda og Salvesen er borte, men jaguaren og Mørk er framleis i live. 
 - Aktuell tematikk: Justismord. Samanlikninga med Baneheia-dømte Viggo Kristiansen si sak er til ettertanke.
 - Terningkast 4+.


Den som hengir seg til djevelen av Lars Helle

Liv forlag 2023
484 sider
Lånt ebok BookBites

 - Det er mange år sidan eg har lest noko av denne forfattaren, og det var òg ein heilt annan krimserie. 
 - Hovudperson og protagonist er krimforfattaren Kurt Stille og dette er bok nummer 3 i serien. Det gjekk greit å lesa denne utan å ha lest dei to foregåande. 
 - Handlar om tidlegare tiders og dagens form for heksejakt. Samanlikninga er litt søkt. 
 - Bra bok, men burde vore strammare redigert. Det vart mange overforklaringar og gjentakingar. Dessutan er uhyggestemninga noko påklistra.
 - Terningkast 4.


Passasjeren av Sven Petter Næss
Aschehoug 2023
267 sider
Lånt ebok BookBites

 - 4. bok i serien om Harinder Singh, som no jobbar i ei anna avdeling enn tidlegare.
 - Denne gongen etterforskar Singh ei sak der ein taxisjåfør er blitt drept. Alt tyder på at den siste passasjeren i taxien er den skuldige. Men kven er vedkommande?
 - Solid og tilsynelatande truverdig etterforskarkrim.
 - Motivet for drapet er å finna i ei ulykke i fortida. Også dette framstår som truverdig.
 - Etter ein noko treg start vart det ei grei leseoppleving: Lettlest, oversiktleg og logisk oppbygging. 
 - Terningkast 4.



2. august 2023

Dikt og slikt: August

Etter ein (uplanlagt) sommarpause er det på tide å starta opp igjen med Dikt og slikt, og eg har i samband med det funne eit høvande dikt: Eg likar august og eg likar Rolf Jacobsen sine dikt.


August


Efter julis silke
kommer august med fløyel
og brennende lys.
De blussende kinnenes måned
da brystene er tunge
og brune av sol. Modningens tid.
Keiserens måned. Ikke vent.
Elsk
i august. September
kommer snart med sine rynker
og sin tørre munn.
Se – svalene skyter med piler.
Huj-huj, hør latteren. Plutselig
er det din tur.
 
- Frå samlinga Nattåpent (1985)

Jacobsen var nominert til Nordisk råds litteraturpris fire gonger, også for denne samlinga som kom ut 52 år etter debuten hans.
'Nattåpent' var den fyrste diktsamlinga som gjekk heilt til topps på bestseljarlista, noko som kun er blitt gjenteke av Trygve Skaug (med samlinga 'Følg med nå') i 2019.


Rolf Jacobsens venner
SNL om Rolf Jacobsen