31. august 2016

Kort om: Den niende graven av Stefan Ahnhem

Lydbokforlaget 2016
Speletid 18:30
Lytteeksemplar

Det er sjeldan eg tenkjer "endeleg ferdig!" når eg har lest ut ei svensk krimbok - men det gjer eg denne gongen. Den niende graven er omfangsrik, intrikat og tidvis grøssande spennande - men aaaltfor lang. Papirutgåva er på 637 sider, lydbokversjonen over 18 timar - og eg klarar ikkje å halda interessa, engasjementet og konsentrasjonen oppe heile vegen.

Her får ein rett nok mykje spenning og overraskande vendingar - og eg pleier ofte å lika slike rå og blodige krimbøker - men då må sjølve handverket vera bra nok. Det vil sei at plott, språk, komposisjon, karakterar og skildringar må vera interessante og leseverdige. I denne boka datt eg av lasset gong på gong - og det gjorde at leseopplevinga ikkje vart så veldig god. Trådane vart for mange, karakterane irriterande, perspektiva uklåre og handlinga springande. Ei strammare redigering og utkutting av enkelte handlingstrådar ville ha gjort boka betre.

Boka inneheld kjende krimroman-grep som korte kapittel, raske sceneskift og cliffhangers - men enkelte av desse kapittelavslutningane kjem irriterande brått på og endar i lause lufta. Forfattaren har også pøst på med allslags krim-/thriller- og grøssarelement - og enkelte scener minner meg om splatterfilmar; så fulle av blod, gørr og innvollar og diverse andre makabre skildringar - at det (nesten) ikkje er ekkelt - heller komisk.

Handlinga går føre seg i Sverige og Danmark og ein får følgja to ulike etterforskargrupper som freistar å ta hand om nokre svært kompliserte saker. I fleire tilfelle handlar det om bortføring, innesperring, ekstremt brutal vald og oppsiktsvekkjande drapsmetodar. Hovudrolleinnehavarane, svenske Fabian Risk og danske Dunja Hovgaard, opererer begge sjølvstendig og "oppå" den offisielle etterforskinga. Både Fabian og Dunja sitt etterforskarliv er (typisk nok) prega av manglande forståing frå udugelege leiarar medan privatlivet (også typisk nok) er prega av tidsklemma og manglande forståing frå partner.

Eg meiner at Den niende graven er ein kompleks kriminalroman som kunne ha vore god, men for meg vart leseopplevinga middelmådig fordi det var så mange ting som trakk ned heilskapsinntrykket. Den lange epilogen som vert brukt til å nøsta opp i dei mange trådane er forsåvidt grei - men i tillegg vert lesaren heilt på tampen presentert for enno ein tråd som i mine auge er fullstendig malplassert. Truleg handlar det om å skapa ei linje til Offer uten ansikt, Ahnhem si føregåande bok. Det er muleg at leseopplevinga ville vore annleis dersom eg hadde lest den fyrst - sjølv om handlinga i den boka visstnok går føre seg etter alt det som skjer i Den niende graven. Vel - uansett; pr. no fristar det slett ikkje å lesa den fyrste boka.

24. august 2016

Favorittforfattarar: A

Eg startar opp ein ny fast spalte på denne bloggen, inspirert av Hedda og bloggen hennar Boktanker. Hedda har forlengst gått alfabetisk gjennom favorittforfattarane sine og er i gang med favorittbøkene. Eg har lenge sysla med tanken om å gå gjennom mine eigne favorittar på tilsvarande måte - og med dette er eg i gang. Me har alle våre eigne preferansar og mine favorittar er nok heilt andre enn dei Hedda har.
I dag startar eg opp med to favorittforfattarar på bokstaven A - og så vil tida/skrivelysta vise kor ofte denne spalten blir oppdatert - ein gong i månaden kanskje? Eg tek utgangspunkt i førenamna på forfattarane, men reknar med at dette kanskje må endrast på undervegs for å få det til å "gå opp" og passa inn i heilskapen. Eg kjem til å plukka ut eit par forfattarar pr. bokstav og i tillegg kort nemna andre forfattarar som eg set pris på. Somme bokstavar kjem til å bli vanskelege, andre kjem til å bli enkle: Eg ser alt at bokstaven B kjem til å bli meir utfordrande enn A'en. Dersom andre bokbloggarar har lyst til å henga seg på ein alfabetisk favorittgjennomgang, er det fritt fram for det.


Arne Dahl
Foto: arnedahl.net

Eg byrjar med "svensken med det norske namnet". Arne Dahl er pseudonym for Jan Arnald - og for mine eventuelt faste lesarar burde han vera velkjend, for eg har brukt ein del energi og mange blogginnlegg på å framsnakka denne eminente forfattaren. Her kjem ei ny påminning om at Arne Dahl er mellom Skandinavias mest dyktige innan krimsjangeren - noko som ikkje seier så lite, for det finst mange dyktige norske, svenske og danske kriminal- og spenningsforfattar.

Jan Lennart Arnald (f. 1963) er forfattar, kritikar og litteraturvitar og Arne Dahl er krimforfattar-namnet hans. For dei fleste er han mest kjend for serien om A-gruppen; "Rikskriminalens specialenhet för våldsbrott av internationell art" (10 bøker og ein epilog). Dette er ein serie eg anbefalar alle krimelskarar - på det varmaste. Intrikate plott, elegant språkføring, intelligent humor, samfunnsaktuelle tema og truverdige karakterar er stikkord for desse bøkene.

Kronologien er vesentleg for leseopplevinga, den kan du finna i dette innlegget. Har du lyst til å lesa meir om Arne Dahl og forfattarskapet hans kan du klikka deg inn på denne nettsida.

Eg har eit sterkt ynskje om at OpCop-serien skal bli oversatt og utgitt på norsk, men det ser ut til at me som er Arne Dahl-fans må venta lenge på det. Men - ifølge sikre kjelder skal den aller nyaste og kritikerroste boka hans, Utmarker, komma på norsk i forholdsvis nær framtid. Det gledar eg meg til!


Foto: http://hubpages.com/

Agatha Christie

Agatha Mary Clarissa Miller Christie Mallowan, britisk kriminalforfattar (1890 - 1976).

Det er sjeldan eg les bøker av Agatha Christie no for tida, men altså; ingen over, ingen ved sidan. Rett som det er ser ein at kvinnelege krimforfattarar vert marknadsført som "krimdronningar", men ingen fortener den tittelen så mykje som det dame Agatha gjer.

Kva Agatha Christie har betydd for fleire generasjonar krimforfattarar og krimlesarar er ikkje målbart, men ein kan kort oppsummera med at ho skreiv eit hundretals kriminalromanar, noveller og skodespel, er blitt oversatt til omlag 150 språk og at bøkene hennar er blitt selde i ufattelege to milliardar eksemplarar.

Den enorme populariteten kan forklarast med utspekulerte plott, elegante framføringar, overraskande avslutningar, knusktørr humor og framifrå erkebritiske miljøskildringar. Samt i karakterane Miss Marple og Hercule Poirot som me alle er glade i og kjenner så godt frå utallige bøker, filmar og TV-seriar. Dersom eg skal plukka ut mine favorittbøker, må eg nemna 'Mord på Orientekspressen', 'Ti små negerbarn' (som i seinare tid har fått den meir politisk korrekte tittelen 'Og dermed var det ingen'), 'Doktoren mister en pasient' og 'Mord etter alfabetet'.

- - - - - - - - - -

På kvar sin måte er Arne Dahl og Agatha Christie representative for leseinteressa og boksmaken min sidan eg i årevis har hatt ei grunnleggjande interesse for både svensk seriekrim og britisk klassisk krim. Dahl står for den moderne, mørke, samfunnsaktuelle kriminallitteraturen - den som gjerne blir kalla nordic noir. Christie sine bøker er underhaldande og spennande puslespelkrim. I ei tid der kriminallitteraturen "fløymer over" av blod, gørr og bestialitetar, kan det vera kjekt å berre kunna lena seg tilbake og nyta eit skikkeleg Agatha Christie-mysterium.

Av andre personlege favorittar på bokstaven A kan nemnast
  - den kanadiske nobelprisvinnaren og "novelledronninga" Alice Munro
  - den islandske kriminalforfattaren Arnaldur Indridason
  - den danske forfattarduoen A.J. Kazinski 
  - ordkunstnaren, poeten og kriminalforfattaren André Bjerke

Eg oppdaga - medan eg tenkte gjennom kva og kven eg skulle skriva om i dette innlegget - at det finst uendeleg mange kjende forfattarar på A.
Kven er dine favorittar?
Arto Paasilinna eller Anna Gavalda? Agnes Ravatn eller Anne Karin Elstad?
Eller har du kanskje meir sans for spenning og Alistair MacLean - eller Anne Holt?
Barndommens forteljingar frå Astrid Lindgren og Alf Prøysen?
Klassikarane Amalie Skram og Alexander Kielland?
Eller kanskje Aksel Sandemose og Agnar Mykle?

15. august 2016

Biografilesesirkel: Min bestemor elsket Synnøve Finden av Tor Edvin Dahl

Kagge forlag 2010
165 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Det er biografilesesirkeltid hos Moshonista igjen - og kategori denne gongen er "Festlige fruer og friske frøkner", utvald av Hedda. Eg fann tilfeldigvis boka som Tor Edvin Dahl skreiv om si eiga bestemor og "bonusbestemora" Synnøve Finden på biblioteket. Dette er ei småfornøyeleg og småinteressant historie om to heilt spesielle damer.

Alle har vel høyrt om verksemda og varemerket Synnøve Finden og sett bilete av den blonde friske jenta på gulosten. Den verkelege Synnøve Finden som starta selskapet såg ikkje akkurat slik ut. Dahl fortel at ho var grovbygd, lite pen, morsk og streng - men også snill. Fotoet på omslaget syner forfattaren som liten gut saman med bestemora Pernille - ho som var sambuaren til Synnøve Finden. Pernille og Synnøve fekk eit langvarig forrretningssamarbeid og delte i tillegg bord og seng - men om det var praktiske omsyn til dette eller "noko anna" - det er Dahl usikker på. Dei to var også sterkt religiøse.

Synnøve Finden vart fødd i 1882 og vaks opp i den veglause grenda Finden ved Finnafjorden i Vik kommune i Sogn og Fjordane - "ein stad der ingen kunne tru at nokon kunne bu". Ho var tredje yngst i ein syskenflokk på ti. 17 år gammal forlot Synnøve barndomsheimen for å gå på meieriskule i Stavanger - og ho var attende i Finden berre nokre få gonger i løpet av livet. Det er få kjelder som kan fortelja om det tidlege vaksenlivet til Synnøve, men det verkar som ho var rastlaus og rotlaus; ho var einsleg, flytta fleire gonger og arbeidde mange stader. Frå alle arbeidsplassane fekk ho gode attestar som ein arbeidssam og samvitsfull arbeidstakar.

I 1924 vart ho så kjend med enkja Pernille Holmen. Dei to kvinnene fann kvarandre på fleire plan og hadde mange av dei same draumane. Synnøve flytta inn til Pernille og dottera hennar, Evy. To år seinare starta dei Synnøve Finden Osteproduksjon. Verkesemda vaks, produksjonen vart ein suksess og produkta selde godt. Det er ganske utruleg kva desse to fekk til i ei tid der det ikkje fantest støtteordningar til bedriftsetablerarar.
Verksemda var også eit misjonsprosjekt. Store deler av overskotet vart brukt til å støtte misjonsarbeid i utlandet og pinserørsla si evangelisering rundt om i Noreg. Dei tilsette var stort sett landsens kristne jenter. Under krigen vart tilhøva annleis då fabrikken sleit med å få tak i tilstrekkeleg med råstoff. Då krigen var over blomstra produksjonen opp igjen - men berre til ein viss grad. Etter kvart vart det tydeleg at produksjonsmetodane var gammaldagse, samt at arbeidstilhøva internt i verksemda og i forhold til kundar vart problematiske.

Arbeidsfordelinga var i alle år slik at Synnøve dreiv med sjølve produksjonen og produktutvikling medan Pernille bestemte over alt det andre. Då Synnøve døydde i 1957 testamenterte ho heile formuen til Pernille og etterkommarane hennar. Familien hadde eigarskapet til verksemda fram til 1987. Pernille Holmen og Synnøve Finden var nokså autoritære og hadde streng kontroll over verksemda, dei tilsette og familien. Slik forfattaren/barnebarnet framstiller det, var Pernille ekstremt kontrollerande.

Forfattaren fortel nøkternt - og samstundes nært - om korleis det var å veksa opp i ein heim der fokuset var religion og misjon, hardt arbeid, strenge reglar og indre motsetningar. Det som fantest av konflikter og motsetnader vart, så lenge Synnøve og Pernille bestemte, slått hardt ned på og/eller ikkje snakka om. Eg vil tru at ein slik oppvekst kunne vera ganske krevjande, spesielt med tanke på korleis Pernille behandla dottera og svigersonen, dvs. Tor Edvin Dahl sine foreldre. Dahl har truleg bearbeida det han opplevde ved at han har brukt mykje av miljøet rundt fabrikken og pinserørsla i fleire av romanane sine.
Min bestemor elsket Synnøve Finden inneheld personlege skildringar av to fargerike og bestemte damer og er ei heilt grei leseoppleving.

11. august 2016

Sommarlesing del 3: Lyd

Svin av Carl-Johan Vallgren
Lydbokforlaget 2016
Speletid 08:13, lytteeksemplar


Eit nytt møte med vrangsida av den svenske hovudstaden. Dei tre gamle venene Danny Katz, Eva Westin og Jorma Hedlund vert alle, kvar frå sin kant, involvert i ei stygg sak som handlar om trafficking, prostitusjon, narkotikamisbruk og økonomisk kriminalitet. Danny er den intelligente og eks-narkomane antihelten me kjenner att frå Skyggegutten, Eva er statsadvokat med store private utfordringar og Jorma er den ekskriminelle som "berre" skal delta i eit siste kupp - som går aldeles galt.

Vallgren byr på nokså drøye skildringar frå både narkotika- og valdspornomiljøet. Desse skildringane er kanskje unødig brutale, men eg trur faktisk at tilstandane er enno verre i det verkelege - og kan av den grunn forsvarast. Slutten på boka kan tolkast på to måtar: Anten er dette ein cliffhanger som kan tyda på at det kjem enno ei Danny Katz-bok eller så er det ein open slutt der lesaren kan tenkja vidare på korleis det går med hovudpersonen. Begge deler er faktisk heilt greitt.
Boka er velskriven og velkomponert, men eg vart ikkje fullt så engasjert i denne boka som i den fyrste. Christoffer Staib les godt og har ei stemme som passar til innhaldet og forteljarstemmene i boka. Eg har vakla mellom ein 4'ar og ein 5'ar når det gjeld karaktergjeving, men landa til slutt på eit sterkt terningkast 4.


Mørke dager av Belinda Bauer
Cappelen Damm 2016
Speletid 10:25, Storytel


Britisk landsbykrim med ein original og moderne vri. Me møter den naive landsbykonstabelen og den betrevitande etterforskaren frå storbyen; ein klassisk konflikt i kriminalromanar og -seriar - men her er tilhøva meir innfløkte og meir overraskande enn "vanleg".

Ei eldre funksjonshemma dame vert funnen drept og ingen ser ut til å ha noko motiv. Etterforskarane er i konstante konfliktsituasjonar, misforståingar oppstår og viktige spor forsvinn. Og så skjer det enno eit mord på ein forsvarslaus eldre person..
Mørke dager er ei grei krimbok med stigande spenning og ei historie som er enkel å følgja. Blurben på framsida lovar ein sjokkerande slutt, og det kan eg sei meg delvis enig i. Men forfattaren legg ut mange spor undervegs, så for oss som likar puslespelkrim er dette midt i blinken.

Bauer byr i tillegg på glimrande person- og miljøskildringar; det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg enkeltpersonane og landskapet. Men ein legg òg merke til ein del merkelege oversetjingar og underlege formuleringar, også når ein lyttar til boka. Ho kunne difor hatt godt av ein ekstra runde korrekturlesing.
Opplesar Axel Aubert er god. Terningkast 4.



Snøhvit må dø av Nele Neuhaus
Lydbokforlaget 2016
Speletid 14:47, lytteeksemplar

Som så mange nordmenn assosierer eg tysk krim fyrst og fremst med Aus der Reihe og Derrick, dvs. med noko 70-tals, litt sidrumpa og tregt - og veldig moralsk. Men sjølvsagt har denne nasjonen fostra krimforfattarar - det er berre ikkje så mange som er blitt oversette til norsk.

Snøhvit må dø er bok nummer fire i ein serie. Boka står seg godt på eiga hand, så eg vil ikkje tru at ein har gått glipp av noko vesentleg ved å hoppa over dei tre fyrste. For meg vart det ei leseoppleving med opp- og nedturar.

Boka har eit godt samanskrudd og gjennomtenkt plott og er greit komponert - men er altfor lang og tidvis ganske omstendeleg og kjedeleg. Eg fann det litt problematisk å halda styr på dei mange karakterane og forholdet mellom dei. Slik er det ofte når ein høyrer ei bok. Handlinga går føre seg på ein liten stad ikkje så langt frå storbyen Frankfurt og er ein variant av landsby- /bygdekrim, der det er idyllisk på overflata og der mørke og hemmelege hendingar og gjerningar ulmar under overflata.
Lokalbefolkningen er full av fordommar, karakterane oppfører seg nesten utan unntak egoistisk, umoralsk og uklokt. Også politifolka det vert fortalt om er stort sett idiotar, med unnatak av vår heltinne, Pia.
Boka har eit visst dameromanpreg - som eg ikkje likar. Så skal du ha glede av denne boka bør du ha evne til å oversjå akkurat dette. Du kan heller ikkje vera så veldig nøye på språk og oversetjing. Opplesaren gjer ein grei jobb, men hevar ikkje leseopplevinga, for å se det slik. Terningkast 3.


Marr av Håkan Nesser
Bonnier Audio 2010
Speletid 4:50, Storytel


Ei interessant historie frå ein av mine store favorittar, opplest av forfattaren sjølv - ei fin og nær lytteoppleving. Dette er siste og avsluttande del av Barins triangel, opphaveleg utgitt i 1996. Marr kan godt lesast åleine sidan desse forteljingane berre heng lauseleg saman.

Historia er merkeleg, velskriven, overraskande, underhaldande og skremmande. Eg har følgjande oppfordring til Gyldendal, Nesser sitt forlag i Norge: Oversett Barins triangel og få Rein, Alois og Marr utgitt på norsk! Eg likar den svenske språkdrakta, men har som vanleg ei kjensle av at eg "går glipp av noko" når eg høyrer svensk. Terningkast 4.

6. august 2016

Kort om: Djevelmasken av Tom Egeland

Aschehoug 2016
528 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat


Eg likar godt både Tom Egeland, Bjørn Beltø og kodekrim-sjangeren, så det var med høge forventningar eg starta lesinga av denne boka, - men det startar så treeeegt..!
Eg trur eg brukte fem dagar på dei fyrste femti sidene. Då fyrst kom eg over "kneiken", slik at eg kom meg inn i Beltø-universet igjen. Resten av boka vart grei skuring, særleg dersom ein (som meg) berre skummar gjennom dei filosofisk-mytologisk-teologiske bitane.
Dei 528 sidene kan virka avskrekkande, men med korte avsnitt, kjappe sceneskift, (over)tydelege kapittelinndelingar og mykje "luft" går lesinga relativt fort unna. Når ein fyrst kjem i gang, som sagt.

Djevelmasken er bok nummer seks i serien og handlinga går denne gongen føre seg i den fiktive bygda Juvdal som me hugsar frå tidlegare Egeland-bøker. Det vert fortalt om tre ulike mysterium/drapssaker på tre ulike tidsplan, og dei sakene heng sjølvsagt saman - på finurleg og intrikat vis.

Professor og arkeolog Bjørn Beltø vert engasjert som historisk konsulent i samband med ei muleg drapssak, sidan saka ser ut til å ha fleire likskapar med to tidlegare mystiske/uoppklarte drap. Beltø driv si eiga etterforsking på sida av den offisielle og skaffar seg på det viset motstridande og fantasifulle drapsteoriar. Han granskar gamle graver, vert forfølgd av ein mystisk skikkelse, får epost frå ein demon, møter "bygdedyret" og vert forelska i ei av dei sentrale vitna i saka. Parallellt får lesaren fleire ulike glimt frå fortida. Alt dette vert sausa saman med okkultisme, jødisk og babylonsk mytologi og diverse andre sære tankar, saker og hendingar. Og alt ser ut til å hengja saman med ei spesiell maske av stor antikvarisk, økonomisk, historisk og religiøs verdi.

Eg tykkjer at Djevelmasken er ei underhaldande, stemningsfull og velskriven historie - ei kriminalgåte med innslag av både politi-, bygde- og mysteriekrim. Men! - eg føler at både Bjørn Beltø og Tom Egeland er byrja å gå litt på tomgang. I tillegg hadde eg nok skrudd forventningane litt for høgt opp på førehand. At starten på boka var såpass treg er også eit moment som trekker ned.
Egeland har med Bjørn Beltø-serien skapt ein spesiell og sjarmerande protagonist. Han har også ein særeigen forteljarstil - noko eg set pris på - men eg ser på denne boka som den svakaste i serien.

1. august 2016

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
C.J. Sansom - Mørk ild - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Belinda Bauer - Mørke dager - Britisk krim - Lydbok Storytel

Lest i juli:
Vera Henriksen - Sølvhammeren - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Vera Henriksen - Jærtegn - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Cecilie Skog - Antarktis - Bio/dokumentar - Lånt papirbok biblioteket
Jon Michelet - Skytteren (En sjøens helt 2) - Norsk roman - eBokBib - avbraut
Hilary Mantel - Falkejakt - Britisk historisk roman - Lånt papirbok biblioteket
Vera Henriksen - Helgenkongen - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Håkan Nesser - Marr - Svensk roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Alice Munro - Alice Munros beste: Noveller i utvalg - eBokBib
Tom Egeland - Djevelmasken - Norsk krim - Lånt papirbok privat



Oppsummert:
  • 0(!) ebøker, 5 lyd, 3 papir
  • 3 lånt, 3 kjøpt, 2 abonnement
  • 1(!) krim, 1 historisk krim, 4 historiske romanar, 1 annan roman, 1 biografisk dokumentar
  • 4 norske, 3 britiske, 1 svensk
  • 2 menn, 6 kvinner 
  • "Ny" forfattar: Skog
Det vart fleire historiske romanar i juli - og slike bøker gir meg ofte gode leseopplevingar. Eg har hygga meg med gjenlesing av Sigrid-trilogien (Vera Henriksen) og storkosa meg med dramatikk og politikk frå 1500-talet (C.J. Sansom og Hilary Mantel). Innimellom har eg så lest nokre Alice Munro-noveller, noko biografisk-polardokumentarisk (Cecilie Skog), noko mørk krim (Belinda Bauer) og noko krigsseglarhistorie (Jon Michelet). Den sistnemnde avbraut eg lesinga av etter eit par kapittel; boka passa meg ikkje akkurat no, og lånetida i eBokBib vart plutseleg ute. I tillegg har eg høyrt Håkan Nesser som opplesar av sin eigen kortroman Marr samt starta på den nyaste Bjørn Beltø-boka.
Konklusjon: Ein finfin lesemånad! - trass i at eg ikkje fekk tid til å lesa alle bøkene eg hadde planar om. Eg har visst vore altfor sosial i ferien ;-)
(Legg merke til at eg ikkje har lest ein einaste "svenskekrim" i juli. Det må gjerast noko med.)