Viser innlegg med etiketten Kroken & Kolden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kroken & Kolden. Vis alle innlegg

5. august 2019

Sommarlesing del 2: Mikroomtalar og oppsamlingsheat

Superkorte overfladiske omtalar er vel betre enn ingen omtalar? Fleire av bøkene nedanfor er forlengst utlest og enkelte av dei; alt tildels gløymde. Google bøkene om du vil lesa meir om dei.


Kald angst av Mads Peder Nordbo
(Gyldendal 2019)
Dansk krim, handling frå Grønland. Framhald av Jenta uten hud. Uvant miljø og interessante protagonistar. Terningkast 4.

Heksens tid av Arni Thórarinsson
(Cappelen Damm 2010)
Ny forfattar for meg. Islandsk krim med mørke stemningar og langsam stil. Irriterande opplesar forringa leseopplevinga. Terningkast 3-.

Frosten og døden av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden
(Samlaget 2018)
Bok nummer fire i bygdekrimserien med handling frå Lom. Lettlest og enkel, men ikkje banal. Fine miljøskildringar, litt dårleg tempo. Terningkast 3+.

Jeg er nummer 13 av Øistein Borge
(Font 2018)
Den tredje (og hittil beste) i Bogart Bull-serien. Groteske og avanserte drapsmetodar. Bra driv og spennande avslutning. Terningkast 4+.



Ikke et lik for mye av Jørgen Jæger
(Juritzen 2018)
Ei samling noveller av ujamn kvalitet, dei fleste med overraskande avslutningar. Ole Vik er med i fleire av forteljingane. Terningkast 4.

Intrigo av Håkan Nesser
(Gyldendal 2018)
Fem svært gode/velskrivne/underfundige noveller/kortromanar, kun ei av dei (tittel: 'Tom'), er nyskriven. Gledeleg gjenlesing med 'Rein' og den geniale 'Kjære Agnes', samt ytterlegare to historiar. Terningkast 5.

Utover enhver rimelig tvil av Malin Persson Giolito
(Cappelen Damm 2018)
Ingen snarvegar her; historia om eit muleg justismord er både truverdig og grundig utført. Litt for omstendeleg, noko som går ut over spenninga. Terningkast 4+.

Springflo av Cilla & Rolf Börjlind 
(Gyldendal 2011)
Fyrste bok i serie, omsider tatt fram frå hylla. Brukbar spenning, mange handlingstrådar, fleire originale karakterar. Lite truverdig, men likevel lovande. Terningkast 4.

30. mai 2019

Oppsummering mai 19

Påbyrja i april, fullført i mai:
Robert Dugoni - Min søsters grav - Amerikansk krim - Lånt ebok eBokBib
Håkan Nesser - Intrigo - Svensk krimnovellesamling - Kjøpt lydfil

Lest i mai:
Fred Vargas - Den rasende horden - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Yrsa Sigurdardottir - Galgen - Islandsk krim - Lånt papirbok privat
Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden - Frosten og døden - Norsk krim - eBokBib
Anders de la Motte - Vinterild - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Tore Skeie - Hvitekrist - Norsk historisk dokumentar/bio - Lånt lydbok biblioteket
Fred Vargas - Eremittedderkoppen - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Petter Northug og Jonas Forsang - Northug. Min historie - Biografi - Lyd Storytel
Lina Bengtsdotter - Francesca - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket



3 papir, 3 lyd, 2 ebøker
7 lånt, 1 kjøpt
6 krim, 1 krimnovellesamling, 1 historisk dokumentar
2 norske, 2 svenske, 2 franske, 1 islandsk, 1 amerikansk
4 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Dugoni, Skeie

Eg les vanlegvis fleire bøker av mannlege forfattarar enn av kvinnelege. Denne månaden er det for ein gong skuld motsett: Ei bok av Yrsa, to av Vargas (som trass i namnet er ei dame) og ei av forfattarparet Kroken & Kolden (som er to damer). Ut frå terningkasta ser det ut som at eg ikkje likte Frosten og døden noko særleg, men eg gjorde egentleg det. Poenget er at eg las Kroken/Kolden parallellt med de la Motte og Vargas - og kvalitetsskilnaden vart såleis ekstra tydeleg. Terningkasta avspeglar denne skilnaden.

Dei to bøkene av Fred Vargas vart altså høgdepunkt i mai, saman med Håkan Nesser si novelle-/kortromansamling Intrigo, samt Tore Skeie si imponerande forteljing/dokumenar om Olav den heilage og hans samtid - Hvitekrist. Når eg så kan legga til at Vinterild, Galgen og Min søsters grav óg var gode leseopplevingar, vert konklusjonen at mai vart ein svært bra lesemånad. Blogginga har det vore så som så med. Sidan førre månadsoppsummering har eg kun skrive ein omtale, og i tillegg laga to samleomtalar om tilsaman ni bøker. Så - alt i alt vart det ikkje så verst likevel. 

7. april 2015

Bokomtale: Død manns kiste av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden

Samlaget 2015
316 sider

Kjelde: Fått av forlaget

Duoen Kroken & Kolden gav ut den fyrste kriminalromanen sin Evig skal døden vera i 2011 og følgde opp med Døden kjem med bussen i 2013. No er dei attende med tredje bok i serien om lensmann Sylfest Seljestad i Lom; Død manns kiste. Denne tredje boka er mørkare og råare - og betre - enn dei føregåande bøkene.

Ikkje alle norske krimforfattarar kan vera Jo Nesbø - noko eg tykkjer altfor mange norske krimforfattarar prøver (altfor hardt) på. Difor tykkjer eg det er forfriskande med krimforfattarar som finn sin eigen personlege stil og som gir litt blaffen i dei meir hardbarka og bestialske krimlitterære trendane. I likskap med Rune Timberlid sin serie om Rolf Randen, er dette bygdekrim av beste merke; underhaldande og enkel "kvardagskrim" befriande langt vekke frå Harry Hole-universet - og som Ragnhild Kolden så treffande har sagt: "stuttreiste mord".

Det er haust i Lom og ein utspekulert og grusom mordar er på ferde. Lensmann Seljestad og lensmannsbetjent Jørgen Vold får det travelt med eit par vanskelege saker. Ei mystisk forsvinningssak og eit like mystisk likfunn ser fyrst ikkje ut til å ha noko med kvarandre å gjera, men truleg heng desse sakene saman. Lesaren får presentert fleire mistenkelege personar og mange besynderlege og betenkelege hendingar. Persongalleriet er avgrensa, men interessant - og ganske så truverdig. Her finst også verkelege personar, som t.d. soknepresten i Lom, Einar Gelius. Han spelar ei viss (bi)rolle når han oppdagar noko makabert midt under ei gravferd. Dei to lokale etterforskarane er ikkje akkurat dei skarpaste knivane i skuffen. For meg som lesar er det irriterande at dei er så trege - men på den andre sida er det jo tilfredsstillande at ein sjølv ser motiv og skjønnar samanhengar før politiet oppklarar saka.

Kroken og Kolden er etter kvart blitt stødigare både innhaldsmessig og språkleg sett. Denne boka har også eit langt betre driv enn dei fyrste bøkene. Forfattarane skildrar trivielle og kvardagslege hendingar og forhold samstundes som dei ulike trådane i krimgåta vert nøsta opp. Det gjer det heile gjenkjenneleg - og menneskeleg, på ein måte. Du treng ikkje å ha lest dei to føregåande bøkene for å ha glede av Død manns kiste.

1. april 2015

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Harlan Coben - Tilgi meg - Amerikansk krim - Kjøpt pocketbok
Reidar Müller - Det som ble Norge - fakta/populærvitenskap - Lånt ebok
Arnaldur Indridason - Reykjaviknetter - Islandsk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i mars:
Div. forfattarar - Kalde skygger - Svenske krimnoveller - Kjøpt pocketbok
Jo Nesbø - Blod på snø - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Ingar Johnsud - Wienerbrorskapet - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Patricia Cornwell - Portrett av en morder - Krimdokumentar/historisk/biografisk - Papirbok lånt på biblioteket
Torbjørn Grindheim - Kaldere - Norsk krim - Ebok fått av forfattaren
Rune Timberlid - Satans mor - Norsk krim - Leseeksemplar frå Samlaget
Åke Edwardson - Dans med en engel - Svensk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Robert Galbraith - Silkeormen - Britisk krim - Papirbok lånt av mor
Jussi Adler-Olsen - Den grenseløse - Dansk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden - Død manns kiste - Norsk krim - Leseeksemplar frå Samlaget
Nikolaj Frobenius - Så høyt var du elsket - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket (avbraut)

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Anne Holt og Even Holt - Sudden death - Norsk krim - Lånt ebok
William Landay - Til Jacobs forsvar - Amerikansk spenning - Lånt lydbok




Eg har lagt bak meg ein særdeles kriminell månad. I mars las eg 7 papirbøker, 4 lydbøker og 2 ebøker - og alle - med unnatak av steinboka - var krim eller krimrelatert. April månad startar sameleis; med påske og tilhøyrande påskekrim.
Den einaste vanlege romanen eg byrja på vart ikkje fullført. Lytta i omlag to timar, men boka fenga ikkje, dessverre.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Bloggen tek no ferie nokre dagar: Påskefjellet ventar!
GOD PÅSKE!

27. mars 2015

Påskekrimtips!

Palmehelga er her - og påsken nærmar seg. Eg håpar på klisjépåske, liknande den me hadde for to år sidan - med strålande vêr og hyttekos med tilhøyrande kvikklunsj, appelsiner, kakao - og kanskje litt vin? - og sjølvsagt lesing. I samband med påsken er krimlesing ekstra aktuelt - og her kjem mine anbefalingar for denne påsken.

Eit glimt frå klisjépåsken 2013

To av våre mest folkekjære nordiske krimforfattarar er nyleg utkomne med nye bøker i dei populære seriane sine - i "strategisk" passande tid i høve påsken. Ein treng ikkje vera spesielt synsk for å "sjå" at både bok nummer 6 i Avdeling Q-serien, Den grenseløse (Jussi Adler-Olsen) og bok nummer 9 i Fjällbacka-serien, Løvetemmeren (Camilla Läckberg) kjem til å bli lest av svært mange denne påsken. Eg har alt lest Den grenseløse - og anbefalar den gjerne. Läckberg-boka skal også lesast ein gong, men eg er egentleg litt lei av Patrik, Erica og heile Fjällbacka.

Av nye norske krimbøker kjem garantert Blod på snø av Jo Nesbø og Wienerbrorskapet av debutanten Ingar Johnsrud til å bli pakka ned i mange påskesekker i år.
Blod på snø fordi det er ei Nesbø-bok og Wienerbrorskapet fordi boka fekk terningkast 6 i VG. Sjølv tykkjer eg at desse bøkene har fått litt ufortent mykje merksemd. Eg har lest begge og tykkjer dei er greie nok, men vil faktisk heller rå til å ta med nokre andre nye og spennande stemmer: Timberlid, Kroken og Kolden.

Nynorsk krim frå Timberlid, Kroken og Kolden.
For kort tid sidan las eg ei knakande god krimbok; Satans mor av Rune Timberlid - og i skrivande stund er eg ganske så oppslukt av Død manns kiste av Kroken og Kolden. Handlinga i desse to bøkene er lagt til hhv Indre Sogn og Bøverdalen, så her er det altså snakk om skikkeleg bygdekrim. Forfattarane er lite kjende, men eg anbefalar begge desse bøkene. Dette er krimbøker utan altfor innfløkte handlingstrådar og med begrensa persongalleri - og dei egnar seg for både verandalesing og framfor hyttepeisen - eller som kafélektyre.

Elles er Rivertonprisen og nominasjonane til denne ein bra peikepinn på kva som kan vera verdt å lesa. Karin Fossum vart som kjent nyleg tildelt prisen for andre gong for Konrad Sejer-bok nummer 12, Helvetesilden - og det var vel fortent.
Eg anbefalar både den boka og Gunnar Staalesen si riverton-nominerte Varg Veum-bok Ingen er så trygg i fare. Dersom du ikkje har lest fjorårets prisvinnar, Den siste pilegrimen av Gard Sveen, kan den boka vera eit bra påskekrimtips. Eg tykte det var ei sjelden bra bok - lærerik, til ettertanke og dessutan svært spennande. Broren av Olav William Rokseth og Dødspakten av Tom Kristensen kan vera eit bra val dersom du har sans for krimbøker av typen action/spion/thriller. Dersom du heller likar å lesa stemningsfull psykologi/psykiatri-krim kan eg anbefala Sikre tegn på din død av Torkil Damhaug.

Som eg har sagt (utallige gonger) før: Eg er veldig glad i svensk seriekrim - dette er noko eg alltid vender tilbake til. For stadig vekk, og gledeleg nok, finn eg noko nytt og spennande. Ta for eksempel Carl-Johan Vallgren og boka Skyggegutten og Joakim Zander si debutbok Svømmeren. Andre svenskar eg kan anbefala er Den stumme jenta av forfattarparet Hjorth og Rosenfeldt og Stalker av Kepler-forfattarparet, men her er det absolutt ein fordel om du har lest dei tidlegare bøkene i hhv Sebastian Bergmann-serien og Joona Linna-serien. Dersom du heller har lyst til å lesa svenske krimnoveller, anbefalar eg dei spennande antologiane Mord og mysterier og Kalde skygger.

Av andre nyare krimutgjevingar kan anbefalast Robert Galbraith (J.K. Rowling) og bøkene Når gjøken galer og Silkeormen, der ein får møta den slitne antihelten og privatdetektiven Cormoran Strike. Eg likar desse bøkene veldig godt; dette er underhaldande klassiske kriminalforteljiingar, men i ei moderne innpakning, fylt av artige karakterar og som inneheld humor, snert og spenning.
Har du sans for det meir makabre og blodige, anbefalar eg M.J. Arlidge og bøkene hans med dei heller misvisande barnslege titlane Elle melle og Bro bro brille.
Og har du ikkje lest Sannheten om Harry Quebert-saken av Joël Dicker (ei bok som mellom anna er ei krimforteljing men som vanskeleg kan plasserast i "rett" sjanger/kategori) så bør du absolutt få med deg den før eller seinare.

Dersom du brukar biblioteket, kjem du sikkert til å oppdaga at dei aller nyaste krimbøkene er utlånte, men som regel har biblioteka mengder med litt eldre spenningsbøker som du kan låna. Heldigvis er ikkje bøker ferskvare!
Sjølv skal eg lesa frå hylla mi i påsken; eg har ein ganske stor stabel med halvgamle og halvnye bøker som har blitt nedstøva og nedprioriterte ei tid, sjå biletet nedanfor. I tillegg har eg nokre lydbøker og ebøker liggjande på lur - så eg fryktar ikkje at påskeferien skal bli kjedeleg på nokon måte..!
(Eg må dessutan tilstå at eg har blitt påvirka av nye trendar og har skaffa meg Den hemmelige hagen og nye fargeblyantar. Faren er stor for at eg kan bli hekta på desse fargeleggingsgreiene. Men fargelegging kan kombinerast med lydbok, har eg høyrt..)

Ein liten del av ventebøkene

Likar du gammaldags klassisk krim? Agatha Christie, for eksempel - eller Stein Riverton?
Les blogginnlegget frå i fjor og i forfjor: Klassiske påskekrimtips

Fleire andre bokbloggarar har laga sine eigne påskelesetipsinnlegg. For som kjent er smaken som baken og det er blitt meg fortalt at det faktisk finst folk som ikkje les krim i påsken(!!)
Så ta gjerne ein tur innom bloggane til Ingalill, Anita, Hedda, Karete og Linn for alternative/ytterlegare boktips (Har eg gløymt/oversett nokon? Gje beskjed i kommentarfeltet, så skal eg laga lenke til blogginnlegget)

God påske til alle blogglesarar!

6. januar 2015

Planar for 2015 og bøker på vent

Årsskifte betyr blanke ark og nye fargestiftar. Ein ny start med nye mål. Eit heilt ubrukt år ligg framfor oss, og lesehestar, bokormar og bokbloggarar legg planar og set seg lesemål for 2015.

Bøker og lesing er noko eg er avhengig av, omlag som luft og mat, så egentleg treng eg ikkje nokon årsplan for å halda leselysta oppe og leseinteressa ved like. Eg trivst best når eg let lystprinsippet styra lesinga mi - men det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteka "mine" spelar også inn. Målet for leseåret vert difor noko uklart, med ein kombinasjon av det tilfeldige og det planlagde. Eg ønskjer ikkje å ha for ambisiøse og detaljerte lesemål for 2015. Då blir lesinga stress - og det vil eg ikkje at det skal bli.

25. november 2014

Snart påske

Omslagsbiletet fann eg på
Kroken & Kolden si Facebookside
Javisst! Berre ein månad til jul, og den varer som kjent til påske!
Og eg har alt funne ei påskekrimbok!

Forfattarduoen Kroken & Kolden fortel nemleg på Facebooksida si at deira bok nummer tre truleg vert klar i løpet av februar neste år. Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden er frå Lom og har gitt ut to kriminalromanar tidlegare; Evig skal døden vera i 2011 og Døden kjem med bussen i 2013. Dette er fin, lettlest, nynorsk "bygdekrim".

Kroken & Kolden viser jamnleg glimt frå skriveprosessen på Facebook. Om den kommande boka kan forfattarane fortelja:
"Da er lik, likkister, kjellarar, drapsvåpen, kyrkjegardar, graver, prestar, åstader og mordarar flikka og mekka på, teksta er stramma inn og vida ut alt etter som redaktøren vil ha det, og i siste avsnitt vart mordaren arrestert, så nå kan Seljestad og Vold og Kroken&Kolden puste ut. Og jammen har vi alt ein god idé til neste bok - men først er det språkvask og korrektur, og så er det jul!"
Boken på vent er fast tema på bloggen Beathes bokhylle.
Der finn ein varierte og gode boktips!

18. juni 2013

Danske forfattarpar på vent

Vert ei bok dobbelt så god om det er to forfattarar?

Tja. Mange skandinaviske forfattarpar har i alle fall hatt stor suksess dei siste åra, ein kan faktisk sjå det som ein trend. Det er sikkert mange fordelar med å samarbeida - to hovud tenkjer vel betre enn eitt? Ein kan i alle fall kasta idéar fram og tilbake til kvarandre, utfylla kvarandre og ha ein diskusjonspartnar gjennom heile skriveprosessen.

Svenskane har lang tradisjon med krim skrivne av forfattarpar; tenk berre på Maj Sjöwall og Per Wahlöö og serien om Martin Beck. Nyare svenske forfattarteam innan krim er Lars Kepler, Roslund & Hellström, Grebe & Treff, Eriksson & Sundquist og Hjorth & Rosenfeldt. Eg vil rå alle kriminteresserte i å sjekka ut desse para og bøkene deira.

Akkurat no har eg tre krimbøker frå danske forfattarpar liggjande på vent:

Ensomme hjerter av Lotte og Søren Hammer
Lotte og Søren Hammer er søsken og er utdanna hhv sjukepleiar og førskulelærar. Bok nummer tre i serien som handlar om førstebetjent Konrad Simonsen og staben hans ved drapsavsnittet på Politigården i København, har eg lånt på biblioteket. Dei to føregåande bøkene i serien har titlane Udyr og Demonen som gråt. Bøkene er sjølvstendige og treng ikkje nødvendigvis lesast kronologisk - men som alltid er det ein fordel å byrja på den fyrste boka i ein serie. Greie, spennande og lettleste bøker.

Nattergalens død av Lene Kaaberbøl og Agnete Friis 
Tidlegare har eg lese Gutten i kofferten og Et stille umerkelig drap, og her er tredje bok i serien om Nina Borg. Denne serien er også spennande å følgja med på.

Den siste gode mann av A. J. Katzinski 
Dette vert eit nytt bekjentskap, eg har aldri lese noko av desse forfattarane før. A. J. Katzinski er pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich. Dei innleia samarbeid for å laga ein film, men så vart det bok i staden. Det har også blitt ei bok nummer to frå A. J. Katzinski; Søvnen og Døden.




Boken på vent er boktema hos Beathe og bloggen beathesbokhylle.
Klikk deg inn her og du finn mange fine ventebøker og gode boktips!




PS.

Eg klarar ikkje å komma på så mange norske krimbøker skrivne av forfattarpar: Søskenparet Anne og Even Holt skreiv boka Flimmer saman, og to av bøkene i Hanne Wilhelmsen-serien skreiv Anne Holt saman med Berit Reiss-Andersen.
Nils Nordberg og Klaus Hagerup samarbeidde om krimromanen Siste akt.
Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden skriv nynorsk krim: Evig skal døden vera og Døden kjem med bussen.
Er det nokon som veit om fleire?