29. mai 2022

Norsk krim 2022 del 1

Då har eg lest tre av årets norske utgjevingar innan krimsjangeren. Alle tre er bra bøker - "heilt grei krim" - men ingen av dei vart innertiar for meg. Dette har sjølvsagt samanheng med dei forventningane eg hadde på førehand. Eg meiner at både Dahl, Aust og Brekke har levert betre tidlegare.


Lazarus av Kjell Ola Dahl
Aschehoug 2022
Speletid 9:09
Lånt lydbok BookBites

Handlinga er lagt til 2. verdenskrig og utgangspunkt for historia er det same som i Kureren - det norske eksilmiljøet i Stockholm. Lazarus er ein velskriven agent-thriller og historisk spenningsroman. Det er tydeleg at forfattaren har gjort grundig research og at han er oppriktig interessert i tematikken og i denne historiske perioden. Han skildrar korleis folk i eksil og i motstandsrørsla levde i uvisse - at dei knapt kunne stola på nokon.

Ein norsk flyktning får i oppdrag å finna ut av ei sak der ein kurer på veg til Noreg med illegale aviser og dokument til Heimefronten vart drept. Er det ein utru tenar som har avslørt noko til fienden? Eller er det nokon i Heimefronten som har gjennomført ei likvidering? Kva er i tilfelle årsaka til det?

Boka byr på ytre og indre dramatikk, levande tidsbilete og gode miljøskildringar. Språket er stødig og virkar å vera "tidsriktig". Boka er interessant og stemningsfull, men forteljarstilen er så langsam at det er lett å mista taket i handlingstrådane.
Terningkast 4+.

Rødt kort av Kurt Aust
Aschehoug 2022
536 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ei bok eg verkeleg såg fram til. Eg tykkjer nemleg at Kurt Aust er ein framifrå forfattar av både historisk krim og notidskrim. Som i Dødt løp har forfattaren henta inspirasjon frå sportsverda. Men medan Dødt løp handla om sykkelsport, handlar Rødt kort om fotball. Ein treng ikkje vera fotballekspert for å skjønna/lika boka, men er ein fotballinteressert er boka ekstra interessant og underhaldande.

Hovudperson og den mest sentrale forteljarstemma tilhøyrer den norske fotballproffen Zac Utheim. Han har tidlegare spelt for fleire klubbar i Europa og har hatt ei heilt grei karriere. Men landslagsspelar er han ikkje, av litt spesielle årsaker som kjem fram etter kvart. 
At Utheim melder overgang frå italiensk Serie A og storklubben Roma til britisk Championship (nest øverste divisjon) og den vesle (fiktive) fotballklubben Exeter United vert sett på som oppsiktsvekkande. Men Utheim har sine grunnar til å skifta beite; han skal ikkje berre spela fotball i Exeter, han har også eit anna oppdrag. I tillegg har han ein heilt personleg grunn.

Exeter United slit økonomisk etter pandemien, som mange andre småklubbar i Europa. Vidare slit dei med utru medarbeidarar, kravstore supporterar, kritiske journalistar og dårlege sportslege resultat. Det foregår både sportsvasking og kampfiksing, utpressing og drap. For å "redda" klubben er det enkelte som er villige til å gå over lik. 

Eg likte boka, men ho er dessverre tidvis noko langsam og prega av gjentakingar. Ei oppstramming kunne ha heva leseopplevinga. No landa eg på terningkast 4+.


Formørkelsen og dens lys av Jørgen Brekke
Gyldendal 2022
290 sider
Lånt ebok BookBites

Poetisk tittel på denne boka tykkjer du kanskje? Ikkje så rart - tittelen er henta frå ei diktsamling av Stein Mehren; Corona - Formørkelsen og dens lys. Corona altså - eller korona som er meir normal skrivemåte - og vesentleg for handlinga i boka. Både koronapandemien, sidan handlinga er lagt til mars 2020, og dessutan at korona betyr "kransen" rundt sola som er synleg ved solformørkelsar. Ein av dei sentrale karakterane i boka er ein kunstnar som har formørkelse og lys som gjentakande motiv. 

True Crime-forfattar Helene Paus - som me vart kjende med i Nå er natten alt - er hovudperson. Ei kvinne påstår å ha opplevd ein brutal overfallsvaldtekt for mange år sidan. No er ho dødssjuk - og ho henvender seg til Helene fordi ho har bevis som peikar mot ein namngjeven person; ein verdenskjent filmregissør og biletkunstnar. Ein kollega av Helene jobbar med ei uoppklart forsvinningssak der same mann/namn har dukka opp. Som om ikkje det var nok kan han koblast til nokre overgreps- og drapssaker i USA. 
Dei mange spora kan tyda på at vedkommande er gjerningspersonen - men er det ikkje for opplagt? Kan det vera nokon andre som står bak? Nokon som rettar søkelys på denne mannen for å flytta fokus? Og: Korleis få kontakt med mannen som har busett seg på ei øy langt ute i havgapet - medan pandemi og nedstenging gradvis lammar samfunnet?

Handlinga går føre seg på fleire tidsplan og lesaren får vita kva som har hendt, sakte og gradvis. Boka er på berre 290 sider, men virkar lenger. Det er nemleg lenge ganske saktegåande - før det dreg seg til mot slutten. Eg likte boka ganske godt, men tykkjer nok at film- og kunstreferansane tek for stor plass. Eg er heller ikkje så begeistra for (over)forklaringane me får heilt til sist. 
Terningkast 4.

25. mai 2022

Vårlesing: Nordisk krim

På tide med eit nytt samleinnlegg og ei ny rundreise i krimverda, også denne gong i form av korte omtalar/vurderingar.
Eitt norsk, eitt dansk, to svenske og to finske innslag.


Ulven av Samuel Bjørk
Cappelen Damm 2021
477 sider
Lånt papirbok biblioteket

 - Femte bok i Munch/Krüger-serien, men "bok null" i serien i og med at handlinga går føre seg før Det henger en engel alene i skogen.
 - Samandrag av handlinga: To unge gutar vert funne drepne på eit jorde utanfor Oslo. Mellom dei ligg ein daud rev. Åtte år tidlegare vart to gutar funne drepne på tilsvarande måte utanfor Uddevalla i Sverige. Saka frå den gongen vart ikkje oppklart - og alle ser at det må finnast ein samanheng.
 - Saka er så og seia utan spor og nyutnemnde leiar av spesialeininga Holger Munch treng hjelp. Hjelpa finn han på Politihøgskulen der studenten Mia Krüger går.
 - Ikkje så veldig realistisk at ein så ung politihøgskulestudent bidreg til dei grader i ei pågåande drapssak, men Mia Krüger er ein kul karakter med interessante eigenskapar og med ein spesiell bakgrunn.
 - Litt treg start, meir engasjerande etter kvart. Svært spennande avslutning. Kunne med fordel vore strammare redigert.
 - Ulven var nominert til Rivertonprisen for 2021 - og denne er etter mi meining betre enn vinnaren.
 - Terningkast 5-.


Kveleren av Kim Faber og Janni Pedersen
Aschehoug 2022
Speletid 10:08
Lånt lydbok BookBites

 - Bok nummer 3 i Martin Juncker-serien, ein serie som vert betre og betre for kvar bok.
 - Handlingssamandrag: Martin Juncker og kollegaen Signe Kristiansen jobbar med kvar si brutale drapssak. Det viser seg at sakene heng saman, på ein overraskande måte. Etter kvart ser etterforskarane at det truleg er snakk om seriedrap, men spora er få og vage.
 - Samstundes har både Martin og Signe utfordringar privat, noko som gir handlinga ekstra nerve og spenning.
 - Varierande tempo, stigande spenning, mørk humor.
 - Godt plott, godt språk, godt oppbygd, gode personskildringar. 
 - Avslutninga vert noko forutsigbar. Det er (over)tydeleg at det vert lagt opp til denne type klimaks.
 - Terningkast 5-.


En helt vanlig familie av Mattias Edvardsson
Gyldendal 2018
446 sider
Lånt papirbok privat

 - Fiffig spenningsroman frå ein (for meg) ny forfattar.
 - Handlinga er lagt til Lund der me møter den vanlege familien som består av far Adam som er prest, mor Ulrika som er jurist og deira dotter Stella på 19. Ein dag får foreldra beskjed om at Stella er anklaga for mord og sett i varetekt. Dei er overtydde om at det er ei misforståing. Men kva har verkeleg hendt?
 - Lesaren får historia frå tre ulike perspektiv og forteljarstemmer; fyrst far, deretter dotter og til sist mor. Gjennom tilbakeblikk får lesaren gradvis eit tydelegare bilete av familien og det som har hendt.
 - Karakterane framstår som menneskelege og ganske truverdige/vanlege. 
 - Elegant komponert og veldig bra reint språkleg. 
 - Meir psykologisk thriller enn krim og meir interessant enn spennande. 
 - Terningkast 4.


Hvil i fred av Sofie Sarenbrant
Cappelen Damm 2021
Speletid 8:56
Lånt lydbok BookBites

 - Fyrste bok i Emma Sköld-serien. Bøkene i serien har komme ut ukronologisk på norsk. Kvifor det? Fordi denne fyrste er såpass svak?
 - Forfattaren er ny for meg, og fyrsteinntrykket mitt av forfattar og hovudperson er sådär.
 - Ein etterforskar sitt privatliv og familierelasjonar er ofte interessant i ei kriminalforteljing, men her er det for mykje av det.
 - Dessutan mislikar eg overforklaringar og gjentakingar, som det òg finst ein god del av.
 - Boka er lettlest, fortlest og fortgløymt.
 - Opplesar Anne Ryg les for seint etter min smak. Godt tempoet kan justerast inne i BookBites-appen.
 - Konklusjon: Ei middelmådig leseoppleving til terningkast 3-


Jenta under isen av Max Seeck
Aschehoug 2021
Speletid 13:49
Lånt lydbok BookBites

 - Andre bok om Jessica Niemi, etter den (lenge) lovande Heksejakt.
 - Eg saknar verkeleg forteljarstemma til sjefen, estaren Erne Mikson, som me møtte i fyrste bok. Det er tydeleg at også Jessica og kollegaene hennar også saknar han. Den nye leiaren er heller usympatisk og kynisk.
 - Handlar litt for mykje om Jessica sine private forhold og traumatiske fortid, sjølv om eg ser at dette er ein ekstra spenningsfaktor. 
 - Handling elles rundt tematikken influensarar, media og teknologi.
 - Fleire overraskingar undervegs, stigande spenning, fantasifullt plott.
 - Betre avslutning enn forrige bok.
 - Godt opplest av Duc Mai The.
 - Terningkast 4+.


Mannen som døde av Antti Tuomainen
Cappelen Damm 2019
Speletid 7:46
Lyd Storytel

 - Enno ein ny forfattar - og her vart eg sanneleg overraska.
 - Trass i at hovudpersonen er dødssjuk er dette ei underhaldande bok eg har humra godt av. 
- Mørk humor, artige forviklingar, fargerike karakterar, absurde hendingar og overraskande vendingar. Samt litt alvor, til ettertanke.
 - Kan samanliknast med bøker som 'Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant' (Jonas Jonasson) og 'Den elskelige giftblandersken' (Arto Paasiliina).
 - Ingen tradisjonell krim altså, meir ein krimfarse eller thrillerkomedie.
 - Til tider litt tregt og langsamt, men humoren, skråblikka og ironien er til stades heile vegen.
 - Trond Teigen si stemme passar godt til handling og forteljarstemme.
 - Terningkast 4+.

13. mai 2022

Serieomtale: Oxen av Jens Henrik Jensen (1 - 4)

Eg trudde, av ein eller annan grunn, (kanskje eg har drøymt det?) at Lupus var siste og avsluttande del i serien om Oxen. Vel - der tok eg feil. I fjor kom bok 5, Gladiator, ut på dansk - og no kan ein sjå på danske nettsider at det nyleg har komme ei 6. bok, med tittelen Noctis. 

Her kjem uansett eit samleinnlegg om dei fire fyrste bøkene i serien. Kronologien er slik: 

  1. Hengte hunder
  2. Mørke menn
  3. Frosne flammer
  4. Lupus
Eg er nøgd med at me som er fans av Oxen kan sjå fram til fleire eventyr frå den kanten. Dette er ein svært underhaldande og interessant krimserie. Til tider barsk og dyster, og dessutan med ironiske skråblikk på samfunnsinstitusjonar.

Dei tre fyrste bøkene heng nokså tett saman, så dei bør absolutt lesast i rekkefølge. I Lupus er tematikken og omgjevnadene annleis og ein kan dermed starta rett på den om ein ikkje har lest dei tre fyrste. Men som alltid i seriar; det er ein fordel å lesa kronologisk for å bli kjent med hovudpersonar og utvikling. 

Hovudperson er altså Oxen. Niels Oxen. Krigsveteran med PTSD-diagnose. Tidlegare medlem av Jægerkorpset og Danmarks høgast dekorerte soldat. Han er i 40-åra, er skilt og har ein son. 
I dei fire bøkene møter me utruleg mange andre karakterar. Desse to er dei mest sentrale:
Margrethe Franck, tilsett ved Politiets Efterretningstjeneste, PET. Ambisiøs, dyktig, uortodoks. Amputert fot etter ei dramatisk hending då ho var fersk politibetjent. I 30-åra, punkete utsjånad. 
Axel Mossman, PET-sjef og dermed Margrethe Franck sin sjef og Niels Oxen sin oppdragsgjevar. Han er skarp, smart, i 60-års-alderen og med britiske anar. Høgt respektert, men har også fiendar. 

Noko av det som er mest interessant i bøkene er dynamikken og samarbeidet Franck - Oxen - Mossman. Spesielt dei to fyrstnemnde sidan dei begge, kvar på sin måte, ber på så mykje "bagasje". Mossman har ei meir tilbaketrekt rolle, og det er lenge uklart kva som er agendaen hans og korleis han styrer saker og folk.

Hengte hunder

Aschehoug 2018
443 sider

Niels Oxen er i dårleg forfatning når me møter han fyrste gong; sterkt prega av sosial angst, dårleg samvit og gjentakande mareritt. Han er i ferd med å trekka seg heilt tilbake frå samfunnet og slår leir i Rold skov saman med hunden sin, Mr White.
Ein dag finn Oxen tilfeldigvis ein hengd hund og ein livlaus person. Offeret viser seg å vera ein så mektig mann at etterretningstenesta vert kobla inn i saka. Oxen vert fyrst mistenkt for ugjerninga, men saka utviklar seg og han vert delvis mot sin vilje involvert i etterforskinga. Samarbeidet med Margrethe Franck startar ikkje spesielt bra, men saman og kvar for seg finn dei ut mykje. Men så dukkar det opp fleire døde menn og fleire hengde hundar..
Etter kvart vert persongalleriet ganske omfattande, trådane vert mange og konspirasjonane vidløftige. Etterforskinga peikar mot ein spesiell organisasjon; Danehof; eit mafialiknande nettverk med forgreiningar inn i den øvste makteliten i samfunnet. 

Trass i sidetalet er boka både fortlest, lettlest og underhaldande. Terningkast 4+.

Mørke menn

Aschehoug 2018
580 sider

Handlinga tek til umiddelbart etter fyrste bok og tematikken er den same. Oxen som jaktar - og som blir jakta på. Motstandarane er mektige og ressurssterke og Oxen veit for mykje. Han har teke ny identitet og held seg i skjul, også for Franck og Mossman. Likevel er han ikkje trygg.  

Boka inneheld masse action og dramatikk og Oxen kjem opp i mange farlege situasjonar. Cliffhangeren på slutten er av det uuthaldelege slaget, så sørg for å ha Frosne flammer klar når du er ferdig med Mørke menn!

Boka er svært omfangsrik, men det går i liten grad ut over spenning og framdrift. Terningkast 5-.

Frosne flammer

Aschehoug 2019
570 sider

Ingen - absolutt ingen - veit at Oxen framleis er i live etter den dramatiske avslutninga av Mørke menn. Men han er blitt teken hand om og lappa saman, på reine Jason Bourne-vis.
Etter ei tid må likevel Oxen venda tilbake til livet sitt. Han har blitt beskulda for eit drap han ikkje har begått og vil gjerne reinvaska seg. Dessutan slit han med samvita og den manglande kontakten med sonen Magnus. 
Også Margrethe Franck og Axel Mossman har fått ein annan arbeids- og livssituasjon. Eg røpar vel ikkje for mykje når eg avslører at dei to, saman med Oxen, etter kvart er klare for det endelege oppgjeret med (restane av) Danehof. 

Frosne flammer er innhaldsrik, detaljrik og perspektivrik. Til tider også såpass omstendeleg og langsam at det går ut over spenning, engasjement og intensitet. Terningkast 4+.

Lupus

Aschehoug 2020
523 sider

Som sagt innleiingsvis er det andre omgjevnader i bok 4. Men mønsteret og plottet er bygd på same lest som i dei tre fyrste bøkene; Oxen, Franck og Mossman som kjempar mot onde krefter og hemmelege organisasjonar. 
Organisasjonen denne gongen heiter Lupus og består av ei gruppe mektige menn og kvinner som er ute etter hevn og rettferd. Lupus kan også bety ulv, eit dyr som har ei spesiell rolle i boka.  
Elles kjem ein meir "under huda" på hovudpersonane i denne boka, og ein får meir kjennskap til Franck si fortid og Oxen sine plager. Han strevar spesielt med forholdet til sonen i og med at han har gått glipp av så mykje i oppveksten hans.

Lupus har, i større grad enn dei foregåande bøkene, ei sjølvstendig handling. Skrivestilen er som før grundig og langsam, men det fungerer betre i denne boka enn den forrige. Jensen er nok ein forfattar som, i tillegg til å laga ei spennande og underhaldande historie, har ein meir underliggjande bodskap. Mellom linjene finn ein både mørk humor og besk samfunnskritikk.
Terningkast 5.