30. august 2023

Dikt og slikt: Utdrag frå samlinga "Kvit, norsk mann" av Brynjulf Jung Tjønn

Korleis er det å bu i Noreg og sjå "unorsk" ut? 
Kva skal til for å bli norsk nok
I kva grad vert utanlandskadopterte utsette for rasisme?

Diktsamlinga Kvit, norsk mann handlar om identitet og røtter, om rasisme, framandgjering og utanforskap. Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980 i Seoul, oppvaksen i Feios i Vik kommune) er adoptert og har nok kjent og tenkt mykje på slike problemstillingar og utfordringar. 

I samlinga finn me eit gripande og sterkt dikt som handar om Arve Beheim Karlsen.
I april 1999 vart Arve jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som ropte "drep denne negeren". Eit par dagar etter vart den indiskfødde 17-åringen funne drukna i Sogndalselva. 

Tjønn har uttalt til Sogn Avis at dødsfallet til Arve endra livet hans og at det har prega skrivinga hans:
"Før Arve døde var Sogn ein fredeleg og harmonisk plass for meg. Men brått skjønte eg at her er det ikkje trygt for slike som meg. Og eg trur mange adopterte kan ha følt på det same, men vore veldig åleine om det."

- - - - - - - - - - - - - - - - - -  


1
eg er den brune guten som spring
over brua
eg er den brune guten som spring
under brua
eg er den brune guten som spring
ut i elva
eg er den brune guten som seinare
blir funne i vatnet.

dei ropte
drep denne negeren

men det var ikkje meg
eg er ikkje brun, eg er gul

2
eg opnar dei smale auga mine
og les om
arve berheim karlsen
han er eitt år yngre enn meg
adoptert frå india

gutane som jaga han
var like gamle som oss
drep den negeren
ropte del

3
og eg spring saman med arve
beheim karlsen
eg ser på han og han ser på meg
vi snur oss og ser dei kome etter
drep denne negeren
ropar dei
og vi spring over brua
og halvegs så stansar arve opp
han vurderer
fram og tilbake
så skjønar eg at han vil
springe under brua
og eg følgjer etter
ned til elva
som er sterk og djup
steinane er glatte og harde
og arve og eg går ut i vatnet
det kalde, mørke vatnet
som renn ut i sognefjorden
verdas djupaste og lengste fjord
tenk at vi skulle hamne her
drep denne negeren
ropar dei
og vi ser på kvarandre
den eine brun
den andre gul
tenk at vi er hamne her
i denne djupe, lange fjorden
der det veks epler og bringebær på
rekke og rad
langs fjordskråningane
der fjell etter fjell strekker seg
oppover
mot snøtoppane
der ferjer sklir som kvite kvalar
mellom små bygder

no høyrer vi steg på brua
drep denne negeren
ropar dei
og vi ser på kvarandre
vi held kvarandre i hendene
vi dukkar under
i vatnet er vi brør
to adoptivbarn held pusten

eg er den einaste som reiser meg

- - - - - - - - -

2 kommentarer:

  1. Denne samlinga var heilt utruleg bra. Las deb fleire gonger. Sterke saker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje lese heile samlinga, men det eg har lese er verkeleg bra. Det er sårt, sterkt, klokt, reflektert. Han har definitivt treft ein nerve hos publikum med boka si.

      Slett