Viser innlegg med etiketten Hanne Kristin Rohde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hanne Kristin Rohde. Vis alle innlegg

16. mai 2015

Samleinnlegg: Vårlesing del 3

Det har blitt sparsamt med blogginnlegg i det siste. Eg les jamnt og trutt, men skriv lite. Det har litt med skrivetørke å gjera, men skuldast fyrst og fremst at det no om våren er kjekkare å driva med andre aktivitetar enn å sitja framfor ein PC-skjerm.
For oversikten sin del - og for på ein måte å fullføra leseopplevingane mine: Her er ein ny samlepost med kjappkjappe omtalar.

Venuspassasjen av Merete Junker
Gyldendal 2014
336 sider


Junker har gitt NRK-journalist Mette Minde ein pause og gitt hovudrolla i denne boka til etterforskar Morten Vollan. Det var fornuftig. Vollan er ein meir interessant person - ikkje minst fordi me får møta han som unggut i enkelte avsnitt som omhandlar fortida.

Ein mann forsvinn sporlaust i 1968 og vert erklært død året etter. Men så vert han funnen, død, i det same området - i 2007 - men der har han vore i berre tre år. Kvar har mannen vore i alle desse åra? Kvifor har han halde seg i skul - i nærleiken av familien sin - men ikkje gitt seg til kjenne? Kven har drept han?
Tilfeldigvis er det oldebarnet til mannen som finn liket - og spora fører både saka, guten og Vollan til Danmark - og ei oppklaring.
Boka gir gode tidsbilete og har eit truverdig persongalleri.
Etter ein litt treg start vart dette ei lettlest og grei krimbok. Terningkast 4.


Bare et barn av Hanne Kristin Rohde
Kagge forlag 2015
351 sider


Forfattaren tek tak i eit viktig og vondt tema; nemleg alle asylbarna som forsvinn utan spor og utan at nokon saknar dei. Handlinga i boka startar med at to mindreårige utanlandske gutar vert funne døde - men på pressekonferansen om saka skjer det to andre drap: Ein politiadvokat og ein journalist vert skotne - så og seie "på direkten".
Men trass i eit aktuelt tema og ein dramatisk start på boka; dette vart ikkje særleg spennande. Hovudpersonen Wilma blir eg heller ikkje heilt klok på.
Altfor mange sider i boka vert brukte på møter, samtalar, vandring i korridorar, krangling, diskusjonar, heisturar, nytt møte, ny krangling, ny korridorvandring osv. osv. Det er sikkert ekte og autentisk - men høyrer ikkje heime i ein kriminalroman. Terningkast 3+.


Øyesten av Jakob Melander
Aschehoug 2014
377 sider


Eit positivt møte med ein for meg ukjend krimforfattar. Dette er dansk krim, ikkje på sitt beste, men ganske nær. Eg fall ganske så pladask for protagonisten, etterforskar Lars Winkler. Han er akkurat passe rufsete - med sine private og profesjonelle vanskar/utfordringar.
Om ei drapssak, ei valdtektssak og om korleis ei rystande parallellhistorie frå fortida spelar inn. Andre tema som vert omhandla er trafficking og prostitusjon.
Persongalleriet er interessant og passe stort. Språket er flytande og friskt.
Boka har høgt tempo og er uhyre lettlest og spennande, men sjølve løysinga kan oppfattast som noko forutsigbar.
Tittelen "øyesten" har ei meir bisarr og konkret tyding enn ein kanskje skulle tru. Terningkast 4+.


Lik av Tana French
Cappelen Damm 2009
575 sider


Den engelske tittelen er Likeness - likskap - så boka handlar ikkje om lik i tydinga "døde personar". Det vil sei; historia startar med eit likfunn:
Ei ung kvinne som vert funnen knivdrept viser seg å vera dobbeltgjengaren til etterforskaren Cassie Maddox. På drapsofferet vert det funne eit ID-kort på Lexie Madison, - eit namn som Cassie sjølv har brukt tidlegare då ho jobba undercover. Etterforskarane må forhalda seg til to ulike problemstillingar: Kven drap denne kvinna - og kvifor? Og kven var ho - egentleg?
Cassie Maddox tek offeret sin plass i det miljøet ho levde i - og kjem etter kvart under huda på både "Lexie" og dei fire personane ho budde saman med. Samstundes jobbar sjefane og kollegaene hennar med å nøsta opp i det tidlegare livet til drapsofferet - før ho tok identiteten til Lexie Madison.
Boka er langsam og omstendeleg - her får lesaren følgja oppklaringa av ei heilt spesiell sak steg for steg, samtale for samtale, omtrent frå time til time.
Eg likar måten French skriv på, - ho har både psykologisk innsikt og intelligent humor. Lik er ei god og velskriven bok og ei historie med nerve - men ho er så innmari langdrøy. Det trekker ned helskapsinntrykket - og eg landar på terningkast 4.


Heimlandet. Barndom av Edvard Hoem
Karviland forlag 2006
Speletid 5:55, opplesar Edvard Hoem


Ei bok som kom ut fyrste gong i 1985. Eit nytt møte med familien til Edvard Hoem - som eg verkeleg er blitt godt kjend med dette året. Etter å ha lest om både tippoldemora, oldefaren og foreldra hans tidlegare i år, var det fint å møta barnet Edvard Hoem.
Han var nok eit spesielt barn; kunne lesa flytande som 4-åring, han var veslevaksen og uvanleg skarp - men også veldig einsam, trass i at søskenflokken var stor.
Som vaksen er han svært bevisst på kor spesiell han var.

I boka fortel han om seg sjølv i tredjeperson - og kallar seg sjølv for odelsguten. Alt som liten gut føler han på forventingane om å ta over garden - men var tidleg bestemt på at han ikkje kom til å bli bonde. Han var prega av det religiøse i barndomsheimen og drøymde om å bli prest eller misjonær.
Boka inneheld fine miljøskildringar og gir lesaren gode tidsbilete frå oppveksten på ein liten vestlandsgard på 1950-talet. Det var ei tid med ei omfattande samfunnsutvikling - forfattaren fortel t.d. om storhendinga då dei fekk straum i Karviland.
Å lytta til forfattaren si stemme er liksom prikken over i'en når det gjeld Hoem sine bøker. Akkurat denne lydboka hadde ikkje så god kvalitet - lyden var hul - omtrent som om opplesaren sat i eit digert rom med altfor mykje akustikk.
Eg vart ikkje fullt så gripen av denne forteljinga som av Mors og fars historie og Slåttekar frå himmelen - og eg trur det skuldast rekkefølga eg har lest bøkene på. Terningkast 5-.



Og været skiftet og det ble sommer og så videre av Pedro Carmona-Alvarez
Lydbokforlaget 2012
Speletid 5:48


Ikkje akkurat min tekopp dette, men av og til lyt ein prøva seg på lesing utanfor komfortsona si.
Boka handlar om ein familie før og etter ei tragisk hending - og om å veksa opp i og å ta tak i livet sitt etter ei slik hending. Ein spesiell skrivestil og ei noko uklar forteljarstemme gjorde at leseopplevinga mi vart berre sånn middels. Historia som vert fortalt greip meg heller ikkje noko særleg. Eg kjeda meg og opplevde det heile som irriterande sentimentalt, lite truverdig og kan ikkje forstå at mange tykkjer denne er så fantastisk god.
Opplesar Prange les tydeleg og greit, men litt seint. Terningkast 3-.


Harpesang av Levi Henriksen
Gyldendal 2014
321 sider


Sorgmuntert og ein smule sært, med eit ganske så spesielt persongalleri. Eg likar Levi Henriksen sin skrivestil og humra godt for meg sjølv fleire gonger medan eg las Harpesang.

Dette er ei koseleg bok om musikkprodusenten Jim som får ei heilt overjordisk oppleving når han for fyrste gong får han høyra De Tre Syngende Søsken Thorsen.
Boka har ei handling som slentrar av stad, i ein skrivestil som også er litt slentrande. Hovudpersonen og egpersonen Jim er ein kul fyr.
Forfattaren skildrar miljøet og dei nære (og sære) ting med varme og humor. Eg har brukt lang tid på boka fordi ho er så temposvak. Men eg likte boka ganske godt; ho har ein heilt annan stil enn dei bøkene eg vanlegvis les. Variasjon er bra.
Terningkast 4.

- - - - - - - - - - -

Fleire samleinnlegg:
Vårlesing del 1
Vårlesing del 2
Vinterlesing

30. april 2014

Oppsummering april

Påbyrja i mars, fullført i april:
Anders Roslund og Börge Hellström - To soldater - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Hanne Kristin Rohde - Mørke hjerter - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Påbyrja i mars og avbrutt, fullførast ved eit seinare høve:
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok

Lest i april:
John Grisham - Pelikanrapporten - Amerikansk spenningsroman - Lydbok lånt på biblioteket
Arve Uglum og Øystein Vangsnes - Grautmål - Dokumentar/fakta - Kjøpt papirbok
John Grisham - Megleren - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Jens Bjørneboe - Frihetens øyeblikk (Bestialitetens historie del 1) - Kjøpt lydfil
Monika N. Yndestad - Gapestokk - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Anja og Gro Hammerseng-Edin - Anja + Gro = Mio - Biografi/dokumentar - Ebok lånt på biblioteket
Sigmund Falch - Levande varde i Lom - Humor - Ebok lånt på biblioteket
Camilla Grebe og Åsa Treff - Før du døde - Svensk krim - Papirbok lånt av arbeidskollega
Tom Stalsberg og Fredrik Wandrup - Krimquiz - Quiz/fakta/underhaldning - Ebok lånt på biblioteket
Nevil Shute - En by som Alice - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Rikard Spets - Allahs tårer - Norsk spenningsroman - Papirbok lånt på biblioteket

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Jan Guillou - Mellom rødt og svart - Svensk roman - Ebok lånt på biblioteket
Div. forfattarar - Påskekrim 2014 - Norske krimnoveller - Kjøpt pocket
Harlan Coben - På grunn av et løfte - Amerikansk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Skjermdump: Bokelskere.no

Eg har hatt ein periode med travle dagar og kveldar og har difor ikkje prioritert blogging i det siste. I april skreiv eg berre tre omtalar, men som oversikten over syner har eg fått lest ein heil del, - så eg seier meg nøgd med "innsatsen" denne månaden likevel. Eg avbraut lesinga av Himmelrike og helvete, - ikkje fordi boka var dårleg, men fordi ho ikkje passa meg akkurat no. Den vert sett på vent til seinare.

Høgdepunkt i april: To soldater og Frihetens øyeblikk.

3. april 2014

Bokomtale: Mørke hjerter av Hanne Kristin Rohde

Lydbokforlaget 2014
(Papirutgåve: Kagge)
Speletid: 8 t 23 min
Opplesar: Ingrid Vollan


Eg pleier å vera skeptisk, men nysgjerrig når det gjeld bøker innan kategorien "kjendis skriv krim". Det var utgangspunktet mitt når eg starta lyttinga av Mørke hjerter også. Ingrid Vollan si stemme er forresten svært lik Hanne Kristin Rohde si stemme, så det var nesten som å høyra forfattaren sjølv lesa lydboka.

Wilma Lind er hovudperson i boka og nyutnemnd leiar av Seksjon for volds- og seksualforbrytelser i Oslo politidistrikt. Altså den same stillinga som Rohde sjølv har permisjon frå. Boka er ikkje sjølvbiografisk på nokon måte, men forfattaren har erfaring frå og inngåande kjennskap til korleis politi- og etterforskingsarbeid føregår i det verkelege livet. Det er både positivt og negativt. Positivt fordi hendingane i boka då er "sannferdige" og realistiske. Negativt fordi det vert kjedeleg; rutinemessig etterforsking, møteaktivitetar, budsjettarbeid og byråkrati er reellt nok, men dette skal liksom vera krimlitteratur - og då krev lesaren litt meir. Meir spenning, meir tankeverksemd, meir action.

Wilma er ambisiøs og ønskjer verkeleg å gjera ein innsats for å oppklara alle dei grove valds- og overgrepssakene som avdelinga strevar med. Men i staden må ho bruka tida si på budsjettkutt, håplause sjefar og mannssjåvinistiske kollegaer. Rohde set fokus på at politiet sine avgrensa ressursar påvirkar deira evne til å løysa saker som handlar om trafficking, valdtekter og andre grove valdssaker. Kjempeviktig tema altså, men "innpakka" i ein kriminalroman fungerer det ikkje heilt, tykkjer eg.

Mørke hjerter vart ikkje noko bra leseoppleving for meg. Boka er uspennande, har dårleg framdrift og løysinga av sjølve krimgåta er lite truverdig. Karakterane er, med få unnatak, stereotype og eindimensjonale. Plottet er usamanhengande og usannsynleg. Den absolutt beste delen av boka er prologen. Den er lovande og velskriven og gjer at lesaren vert fanga inn i historia med ein gong, men altså - der stoppar det opp.

Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

31. mars 2014

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Frode Granhus - Malstrømmen - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Torbjørn Færøvik - Buddhas barn - Dokumentar - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i mars:
Johan Theorin - Gravrøys - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Agatha Christie - Poirot løser gåten: Den tilslørte damen - Krimnoveller - Lydbok lånt på biblioteket
Frode Granhus - Djevelanger - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Jørgen Jæger - Ridderkorset - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Karin Fossum - Helvetesilden - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Roy Jacobsen - Vidunderbarn - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Jo Nesbø - Sønnen - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Julie Otsuka - Buddha på loftet - Japansk roman - Lydbok lånt på biblioteket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Anders Roslund og Börge Hellström - To soldater - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Hanne Kristin Rohde - Mørke hjerter - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok



I tillegg har eg lytta til tre lydbok-singlar i mars:
Alice Munro - Bjørnen gikk over fjellet
Merethe Lindstrøm - Kysset
Ingvild H. Rishøi - The life and death of Janis Joplin