8. november 2016

Bokomtale: Brent jord 1944-1945 av Asbjørn Jaklin

Gyldendal 2016
422 sider

Kjelde: eBokBib

Då eg var heilt ung las eg romanen Fimbulvinteren av Sigbjørn Hølmebakk - og det var ei bok som gjorde djupt inntrykk på meg den gongen. Boka vart filmatisert i 1969 og fekk då tittelen 'Brent jord'.
Brent jord er også tittelen på Asbjørn Jaklin si nye bok som handlar om tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms i 1944-45. Undertittel: Heltene. Ofrene. De skyldige.

Den tyske okkupasjonsmakta brukte den brente jords taktikk då dei trakk seg attende frå desse områda. Denne militære taktikken handlar om å øydeleggja absolutt alt som kan brukast av fienden medan ein sjølv trekk seg ut. Hausten 1944 var det rimeleg klart at andre verdenskrig gjekk mot ei avslutning - og dei sovjetiske styrkane starta ein stor motoffensiv i nord. Tyskarane valde då å utføra tvangsevakuering av alle innbyggjarar samt å sletta absolutt alt av bygningar og infrastruktur aust for Lyngenlinjen. Ordren om nedbrenning og evakuering kom direkte frå Adolf Hitler sjølv. "Medlidenhet med befolkningen er ikke på sin plass", heitte det i ordren.

Det er sterkt - veldig sterkt! - å lesa om den omfattande, systematiske og brutale raseringa av Finnmark og Nord-Troms. Alt - heile livsverk - skulle brennast, bombast og raderast vekk. Dyr skulle slaktast og befolkningen fjernast. Bustader, uthus, havner, sjukehus, sjukeheimar, lagerbygningar, kraftverk, båtar, fiskebruk, kraftverk og telefonlinjer. At folk i ettertid har slite med hendingane, både psykisk, praktisk og økonomisk, er også eit tema i boka.

Då tvangsevakueringsordren kom, valde mange å ikkje etterkomma dette. I staden pakka dei det dei klarte å få med seg og flykta til fjells der dei busette seg i huler, gammer og andre mellombelse og kummerlege "hus". Fleire av dei som flykta vart regelrett jakta på av dei tyske soldatane, og mange sette også livet til. For dei som vart evakuerte var det heller ikkje så enkelt; det var kaos og rot med omsyn til reiserute og flyktningmottak lenger sør i landet. Mange mista kontakten med sine nære og kjære.

Som undertittelen på boka fortel; Jaklin fokuserer på både ofra, heltane og dei skuldige. Han fortel om dei som flykta og dei som drog. Om kampen for å skaffa mat i kroppen og tak over hovudet for seg og sine. Om bekymringar og kvardagsliv, om oppfinnsomheit og heltemot. Om svik, overgrep og krigsforbrytelsar. Om små og store som måtte halda ut umenneskelege påkjenningar. Om eksil-regjeringa i London som mislukkast i å få til ein alliert landgang i nord. Og kanskje mest sjokkerande; om den ansvarlege tyske offiseren som vart frifunnen i krigsforbryterdomstolen i Nürnberg.

Brenninga og evakueringa av Finnmark og Nord-Troms er eit kapittel i krigshistoria som ikkje har fått så stor plass i historiebøkene, og av den grunn er denne boka viktig. Temaet er dystert og ytterst dramatisk, men forfattaren fortel nøkternt og utan for mange utbroderingar om lagnadene til personar, familiar og samfunn. Dei delene av boka som handlar om enkeltepisodar og enkeltpersonar er verkeleg bra. Når det gjeld forsøket på å gjera greie for dei lange linjene; for bakgrunn, politikk og militære strategiar - der er ikkje alt like vellukka. Eg oppfattar dei sekvensane som usamanhengande og uoversiktlege.

Brent jord 1944-1945 er likevel ei god bok som fortener mange lesarar. Asbjørn Jaklin har hatt tilgang til eit unikt og rikhaldig kjeldemateriale som han har systematisert og dramatisert på ein levande og medrivande måte. Boka inneheld også mange interessante bilete og statistikkar.

Andre bloggmeiningar:
Solgunn sitt, Min bok- og maleblogg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar