Viser innlegg med etiketten favorittforfattarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten favorittforfattarar. Vis alle innlegg

6. mars 2021

Favorittforfattarar: Å

Det har gått nesten eitt år sidan forrige avsnitt av Favorittforfattarar. Men betre seint enn aldri heiter det - så her kjem siste del - og ein liten oppsummering.

Åsa Larsson
Svensk krimforfattar og jurist f. 1966.

Debuterte med Solstorm i 2003 og har etter det skrive ytterlegare 4 kriminalromanar med handling frå Kiruna-distriktet. Hovudperson i serien er Rebecka Martinson, som i likskap med forfattaren, er jurist.

Larsson skriv gode skildringar av både natur, kultur og menneskesinn, så gode at ho har fått tildelt heile tre prisar for dei fem bøkene sine. 

Den forrige boka kom ut i 2012, på norsk i 2013, så eg tippar at det er mange lesarar som ventar på at det skal komma eit framhald av serien. 




Foto: Kagge.no
Åsne Seierstad
Norsk forfattar og journalist f. 1970.

Veldig dyktig sakprosaforfattar som etter kvart har fått mange lesarar. 

Mest kjent for Bokhandleren i Kabul, som fekk mykje merksemd på godt og vondt. Vart tildelt Brageprisen for beste sakprosa for To søstre.

Den av bøkene hennar som har gjort mest inntrykk på meg er likevel En av oss, der ho gjer greie for det som hende før, under og etter terroraksjonane den 22. juli 2011.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Då har eg gått gjennom favorittforfattararane mine på alfabetisk vis og det er på tide med ein oppsummering og ein slags evaluering. Det var bloggen Boktanker som inspirerte meg til å setja meg i gang med dette "prosjektet" som har vore artig, men nokså veldig langvarig. Eg starta opp med bokstaven A i august 2016 med ambisjonar om ein presentasjon i månaden. Den tidsplanen heldt ikkje, men eg kom meg då i mål til slutt.

Fem av bokstavane var vanskelege; eg fann ikkje passande forfattarar på verken Q, X, W, Z og Æ. For bokstavane N, O, U, V, Y og Ø fann eg berre èin. Dermed vart det tilsaman 42 forfattarar som fekk ein liten presentasjon. 17 av dei er kvinner og 26 er menn. Den eine forfattaren (Lars Kepler) er pseudonym for ei kvinne og ein mann.

19 av dei er norske, 9 er svenske, 7 er britiske, 3 amerikanske, 1 fransk, 1 islandsk, 1 dansk-norsk.
32 av dei er nolevande, 10 er døde.

Sidan eg hadde sett ei "grense" på førehand om at eg skulle plukka ut ein og to pr. bokstav vart det ein heil del bra forfattarar som ikkje vart nemnde, men dei utplukka er likevel representative for leseinteressa mi.

14. mars 2020

Favorittforfattarar: Y og Ø

Nest siste avsnitt i spalta favorittforfattarar - og litt hurlumhei med alfabetiseringa. Ein del av dei siste bokstavane i alfabetet er sjeldne i samband med (forfattar)førenamn, så dermed vert det her éin forfattar på Y og éin forfattar på Ø.

Yrsa Sigurðardóttir
Foto: Kagge.no

Islandsk krimforfattar f. 1963.

Det er som regel ei heilt eiga stemning i islandsk litteratur - og i islandsk krim. Den mest kjende og produktive islandske krimforfattaren fram til no har vore Arnaldur Indriðason, men det spørs om ikkje Yrsa er i ferd med å bli like kjend og populær. Begge brukar det islandske landskapet som kulissar og stemningsskapar i bøkene sine - men medan Arnaldur ofte har eit melankolsk og nostalgisk skjær i bøkene sine, har Yrsa eit meir aktuelt blikk - og gjerne ein makaber vri.

Yrsa debuterte som barnebokforfattar i 1998 og som krimforfattar i 2005. Nyleg kom den femte boka i serien om Huldar og Freyja ut. Den har tittelen Dukken og skal lesast ved høve.


Foto: Lydbokforlaget.no

Øystein Wiik

Norsk krimforfattar f. 1956.

Her har me eit energisk multitalent av det sjeldne slaget. Når Øystein Wiik ikkje er oppteken med foredrag-, skodespelar- eller sangaroppdrag, syslar han med skriving. Han har funne sin eigen "nisje" innan kriminallitteraturen med sin elleville, actionfylte og eventyrprega serie om Tom Hartmann.

Wiik debuterte som kriminalforfatter i 2012 med romanen Dødelig applaus, ei bok med handling frå operamiljøet og som vart Riverton-nominert. I ettertid har det komme seks bøker til i denne serien, samt ei bok i ein ny serie med ny "helt".

Wiik er ein god skodespelar og dermed ein strålande opplesar av sine eigne bøker. Han byr på seg sjølv og gir lyttaren fantastisk underhaldande lese-/lytteopplevingar.

16. april 2019

Favorittforfattarar: U og V

Då var det på tide å halda fram med den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarane mine. Når det gjeld U og V var det ikkje så mange å velja i - men eg har plukka ut to dyktige kvinnelege forfattarar - ei for kvar bokstav.


Foto: Aschehoug.no

Unni Lindell

Norsk forfattar og journalist f. 1957.

Svært produktiv og populær og mest kjent som kriminalforfattar. Lindell er dama bak krimheltane Cato Isaksen og Marian Dahle - og det sjarmerande vesle spøkelset Nifse Nella. Samt ein heil del andre interessante folk og dyr (som katten Knut). Barnesitatbøkene hennar er også svært populære.

Unni Lindell fekk Rivertonprisen i 1999 for Drømmefangeren og fekk prisen på nytt no i år for Dronen. 

Eg tykkjer krimromanane til Lindell er fascinerande lesing. Ho tek ofte utgangspunkt i vanlege menneske med vanlege liv som opplever noko ekstraordinært - og får det gjerne til å bli skikkeleg skummelt.

Foto: Aschehoug.no

Vera Henriksen

Norsk forfattar 1927 - 2016.

Produktiv og populær var også Vera Henriksen.
Forfattarskapet hennar har betydd mykje for meg personleg. Då eg var ung las eg mange av dei historiske romanane hennar, noko som førte til at eg vart skikkeleg interessert i den sjangeren. Då eg gjenlas Sigrid-trilogien og Bent Jonsson-serien for eit par-tre år sidan var det på nytt store leseopplevingar for meg.

Henriksen sine forteljingar er fengslande fyrst og fremst fordi dei er så historisk korrekte, men også fordi ho var så dyktig i formidlinga av det tidlause, det mellommenneskelege og det allmenngyldige.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Omsider nærmar eg meg slutten av den alfabetiske gjennomgangen - og det har sanneleg teke si tid. Slik er det når ein ikkje har ein tidsfrist å forhalda seg til. Bokstaven W hoppar eg over. Eg er klar over at det finst forfattarar på den bokstaven også, men ingen av dei passar inn for meg her i denne spalta. Og det finst vel knapt forfattarar (eller andre) med namn som byrjar på bokstavane X, Z og Æ, så dei kjem eg også til å droppa.
I neste avsnitt - det nest siste - kjem ein presentasjon av ein forfattar på Y og ein på Ø. I det siste innlegget kjem to forfattarar på Å samt ein oppsummering av dette "prosjektet".

27. september 2018

Favorittforfattarar: T

Oppdaga plutseleg at det er lenge sidan eg har oppdatert favorittforfattarspalta mi..
På T har eg plukka ut to av dei beste forfattarane me har her i landet.

Tore Renberg

Norsk forfattar og musikar f. 1972.

Mest kjent for Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim som inngår i serien om Jarle Klepp.

Det vert kanskje feil å sei at ein fall pladask for ein type som denne Jarle - men faktum er at eg gjorde det. Det vil sei; eg fall for Tore Renberg sine karakterar, skrivestilen hans og måten han formidlar kjensler på. Eg har faktisk både ledd høgt og fått klump i halsen av bøkene til Renberg - og det er få bøker/forfattarar som får meg til å føla så mykje.

I tillegg til Jarle Klepp-serien må nemnast bøkene om Teksas-gjengen og den nydelege Du er så lys. Den (førebels) siste Jarle-boka Dette er mine gamle dager er også ein svært god roman.
Eit lite lydboktips: Tore Renberg er ikkje berre ein strålande forfattar, han er også ein fantastisk opplesar av sine eigne bøker.


Torkil Damhaug

Norsk forfattar og lege f. 1958.

Damhaug skriv psykiatri- og psykologi-krim av høg kvalitet. Han skildrar skakkøyrde personar og destruktive familieforhold på ein overbevisande måte. Han skriv intenst og med innsikt og innleving - og er då også blitt tildelt Rivertonprisen to gonger, for Ildmannen i 2011 og En femte årstid i 2016.

I Damhaug sine bøker ligg spenninga på eit anna plan enn det reint etterforskingsmessige. Spenninga dreiar seg meir om korleis og kvifor - om kva som rører seg inne i hovudet på forbrytar, offer og pårørande.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre forfattarar på T som eg set pris på er Tom Egeland, Tom Kristensen, Trude Teige og Tor Edvin Dahl. Dokumentarforfattar Torbjørn Færøvik må også nemnast - og salige Thorbjørn Egner.
La meg også leggja til unike Tove Jansson.

Kven er din favoritt på T?

12. juni 2018

Favorittforfattarar: S

To totalt ulike forfattarar - men eg set pris på begge.

Stieg Larsson

Svensk journalist og forfattar 1954 - 2004.

Stieg Larsson fekk aldri oppleva sin eigen suksess. Dessverre. Den fyrste boka i Millennium-triologien Menn som hater kvinner kom ikkje ut før i 2005, og då var forfattaren død. Seinare utkom Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes og med desse bøkene vart svensk (og nordisk) kriminallitteratur løfta til nye høgder. Millennium-trilogien har alt, rett og slett. For meg er desse tre bøkene soleklare terningkast 6.

Millennium-suksessen har ei trist bakside sidan arverett og arvestrid har vore så i fokus i tida etter at Larsson døydde. Konflikten mellom far og bror på den eine sida og sambuar på den andre sida har vore djup og bitter i mange år. Larsson skreiv aldri noko testamente og rettane til litteraturen hans vart tilkjent faren og broren. Sambuaren Eva Gabrielsson, som hevdar at ho hadde fleire av idéane til Larsson sine bøker - fekk ingenting.


Sigrid Undset

Norsk forfattar 1882 - 1949.

Denne dama er nobelprisvinnar i litteratur, er vel kjend og treng ingen grundig presentasjon. Enkelte er kanskje overraska over at eg som er krimelskar har Undset som favoritt - men denne forfattaren kan eg berre ikkje hoppa over med tanke på favorittforfattarar.

No er det lenge sidan eg las bøkene om Kristin Lavransdatter og Olav Audunssøn. Det har vel faktisk gått over 30 år (!) og det er kan hende på tide å lesa dei på nytt - med meir erfarne auge. Så sjølv om gjenlesing ikkje alltid er vellukka, har eg så smått byrja å planlegga eit "prosjekt" som gjeld gjenlesing av Sigrid Undset. Eg kjem til å prioritera Olav Audunssøn-bøkene - det var dei som engasjerte/berørte meg mest den gongen. (Bøkene finst som lydbøker - til pocketpris)

- - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fleire forfattarar etter alfabetet

11. april 2018

Favorittforfattarar: R

For bokstaven R vil eg gjerne slå eit slag for biografiar og biografar. Dei eg har plukka ut her er begge svært dyktige når det gjeld å fortelja interessante historiar om meir eller mindre interessante menneske. Den fyrste har vore ein stor favoritt sidan tidleg ungdomstid, den andre vart eg merksam på for tre år sidan i samband med biografiutfordringa på Moshonista sin blogg.


Richard Herrmann

Norsk forfattar og journalist 1919 - 2010.

Richard Herrmann var NRK sin London-korrespondent i årevis. Då leverte han mengder av interessante, lærerike og underhaldande innslag til radiolyttarane. Fleire av desse radioforteljingane/kåseria danna grunnlag for bøker, mellom dei Mine gleders by og Da ballen ble rund, der han tek for seg England, britar og britisk kultur.

Han var også ein dyktig formidlar av britisk historie, noko han særleg synte gjennom dei tre bøkene om dronningane Elizabeth I, Maria Stuart og Victoria og deira samtid.
Har du meir sans for det kriminelle og morbide enn for det politiske og konstitusjonelle, kan eg anbefala Herrmann sine historiar om berømte britiske mordsaker. Desse true crime-historiane er samla i lydbøkene Brudene i badekaret, Død mann fra skyene, Seks skudd ved stengetid og Med kniv om natten.


Ragnar Kvam jr.

Norsk forfattar og journalist f. 1942.

Far til denne forfattaren (som også var forfattar) hadde same namn, og dermed har "junior" blitt hengande ved Ragnar Kvam. Det var då eg las biografien om Hjalmar Johansen, Den tredje mann, at eg oppdaga kor dyktig Kvam er til å formidla stemningar og skildringar av både menneske, hendingar og miljø. Boka gav meirsmak og i løpet av eit par biosirkelrundar las eg så om Knud Bull og om Dei fire store Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton.

Ragnar Kvam har også skrive eit omfattande biografiverk om verdens mest berømte nordmann, Thor Heyerdal. Eg har lest den fyrste, og sjølv om eg altså likar Kvam sin skrivestil, føler eg at eg no veit nok om Thor Heyerdahl - så det er uvisst om eg kjem til å lesa dei to gjenståande bøkene.

Det må óg nemnast at Ragnar Kvam har utgitt fleire bøker om sine eigne opplevingar i samband med reiser og jordomseglingar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

På R finst det ein heil del forfattarar innan mange ulike sjangrar. Eg kan t.d. nemna Roald Dahl, Ruth Rendell, Robert Ludlum, Roy Jacobsen, Rolf Jacobsen, Roar Sørensen og Rune Timberlid.

27. februar 2018

Favorittforfattarar: P

Så var eg kommen fram til bokstaven P og omsider ser eg ein ende på alfabetgjennomgangen min.

Pierre Lemaitre

Fransk forfattar f. 1956.

Vart kjend her i landet då Alex - bok nummer to i Camille Verhoeven-serien - kom ut på norsk i 2015. Dei to andre bøkene i trilogien - Irene og Camille - vart utgitt i 2016 og 2017. Ein super trilogi etter mi meining - hardkokt og underhaldande - og som absolutt bør lesast i rett kronologisk rekkefølge;
1. Irene - 2. Alex - 3. Camille.

Lemaitre har undervist i litteratur og skrive fleire skodespel og romanar. Han har vunne CWA International Golden Dagger tre gonger; for Alex og Irene og for Vi ses der oppe. For den sistnemnde boka vart han også tildelt den prestisjetunge Goncourtprisen. Vi ses der oppe er ein fascinerande, fornøyeleg og gripande roman som handlar om krig og fred, hat og hevn og kjærleik og venskap.

Denne vinteren er Pierre Lemaitre aktuell med krimthrilleren Brudekjolen. Den skal lesast ved høve.


Phyllis Dorothy James

Britisk krimforfattar 1920 - 2014.

Betre kjent som P.D. James og som dama bak romanane om politietterforskaren Adam Dalgliesh. Bøkene hennar danna grunnlag for den populære TV-serien som for nokre år sidan vart vist som påskekrim på NRK.

P.D. James vart adla i 1991 og fekk tittelen baronesse James av Holland Park. Ho var óg medlem av Overhuset ei tid. Ho gav ut 20 bøker og hausta fleire prisar og utmerkingar.

Den siste romanen hennar Døden kommer til Pemberley kom ut så seint som i 2013. Det er eit "kriminelt framhald" av Jane Austen sin klassikar Stolthet og fordom. Ikkje spesielt vellukka spør du meg, men så har eg ikkje heilt sans for Austen heller.

Men Adam Dalgliesh og Cordelia Grey - sistnemnde ein annan krimhelt skapt av P.D. James - dei likar eg.

I bøkene til P.D. James finn ein både spennande intrigar, finurlege plott og gode miljøskildringar. Dalgliesh-serien er politikrim i kombinasjon med klassisk britisk whodunnit. Alle bøkene er frittståande og ein treng ikkje lesa dei i rekkefølge.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fleire favorittforfattarar etter alfabetet

30. januar 2018

Favorittforfattarar: N og O

Bokstavane N og O har lite å by på av favorittar for meg, så difor vert det berre ein frå kvar.


Foto: Dramatiker.no

Nils Nordberg

Norsk forfattar, oversetjar, kriminallitteraturekspert og radioteaterinstruktør f. 1942.

Det Nils Nordberg ikkje veit om kriminallitteratur er ikkje verdt å vita. Gjennom bøker og radioprogram har han synt entusiastisk interesse, enorme kunnskapar og kloke refleksjonar rundt dette med krim. Sjølv om han no er pensjonist er han stadig aktiv med bokprosjekt.

Nordberg har redigert og skrive forord til fleire antologiar, t.d. De nye krimheltene og Mørkets gjerninger. Saman med Klaus Hagerup skreiv han Siste akt, ein kriminalroman med handling frå teatermiljø.

Stemma til Nils Nordberg er djup og gjenkjenneleg - sjølv tenkjer eg automatisk "radioteater" når eg høyrer stemma hans i reklameinnslag, som kommentator, i radiointervju eller i lydbøker.




Foto: Samlaget.no

Olav H. Hauge

Norsk lyrikar og omsetjar 1908 - 1994.

Ein av våre kjæraste og mest særmerkte lyrikarar. Dikta hans vert ofte siterte og framførde i ulike samanhengar. Hauge var ein diktar som fekk sagt mykje med få ord, noko han syner i det diktet som vart kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene:

Det er den draumen


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.


To andre fine Hauge-dikt som betyr mykje for mange er "Din veg" og "Under bergfallet".

- - - - - - - - - - -

27. november 2017

Favorittforfattarar: M

Eg var aldri i tvil om kven eg skulle presentera som favorittforfattarar på bokstaven M. Det måtte berre bli to damer denne gongen - to kvinner frå kvar sin generasjon - to dyktige forfattarar innan kriminallitteratur. Den fyrste har betydd svært mykje for meg og leseinteressa mi.

Foto: Aftonbladet.se

Maj Sjöwall

Svensk krimforfattar og oversetjar f. 1935.

Dette er sjølvaste Deckardrottningen med stor D. Saman med ektemannen Per Wahlöö skreiv ho dei ti bøkene om politietterforskaren Martin Beck. Bøkene kom ut i tidsrommet 1965 - 1975 og har alle undertittel "roman om en forbrytelse". Dette er politiromanar som inneheld ganske så skarp samfunnskritikk: Dei handlar ofte om korleis kriminaliteten endrar seg i takt med samfunnsendringar og dessutan om korleis samfunnet skapar taparar - og dermed grunnlag for kriminelle handlingar.

Då bøkene kom ut var dei banebrytande; ein kan sei at serien er grunnpillaren for den svenske krimsuksessen me har sett i ettertid. Bøkene er politiske, realistiske og velskrivne - og er blitt klassikarar. Me hadde vel neppe fått begrepet Nordic Noir utan forfattarpartet Sjöwall & Wahlöö. Bokserien har handling frå ei tid utan DNA-spor, internett, datamaskiner og mobiltelefonar. Likevel vil eg påstå at bøkene framleis er aktuelle: Skildringa av kampen mellom det gode og det onde er tidlaus.

Karakterane Martin Beck og Gunvald Larsson er velkjende for dei fleste av oss gjennom fleire filmar og TV-seriar.

Per Wahlöö døydde i 1975. Etter det vart det ikkje fleire kriminalromanar frå Maj Sjöwall, men ho har halde seg innan bransjen: Ho har m.a. oversatt Anne Holt sine bøker til svensk.



Mo Hayder

Britisk forfattar f. 1962.

Denne dama skriv råare - og betre - enn dei fleste. Den fyrste boka eg las av henne, Fuglemannen, har verdens eklaste plott - det er eg ganske sikker på. Korleis er det muleg å finna på noko så sjukt!? Og kvifor - kvifor! - vart eg så fascinert av det?

Jo; fordi Mo Hayder skriv så godt. Ho er ekstremt dyktig på spenningsoppbygging og overraskande vendingar og skildrar gjerne tabubelagte tema. Karakterane hennar er truverdige og framstår som ekte, med både sterke og svake sider.

For meg er det motsetningane mellom det fråstøytande og det tiltrekkande som gjer Mo Hayder til ein favorittforfattar. Det er klart at ho utfordrar lesaren når ho skriv på den måten ho gjer - og bøkene hennar passar slett ikkje for alle lesarar. Er du av den sensible og nærtakande typen som gjerne får mareritt av skrekk og gru; styr unna Mo Hayder!

Eg har lest alle bøkene i Jack Caffery-/Walking Man-serien og ser fram til å lesa Ulven som no endeleg er blitt tilgjengeleg på norsk.

Elles må nemnast den frittståande spenningsromanen Tokyo som er ei fabelaktig bok: Ekstremt spennande, usedvanleg interessant og uhyggeleg grotesk. Heilt topp, med andre ord.

Redigert 2022:
Mo Hayder døydde i august 2021 etter kort tids sjukdom.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre M'ar verdt å nemna er dei svenske krimforfattarane Mons Kallentoft og Markus Luttemann og dei norske krimforfattarane Monika Yndestad, Merete Junker og Marit Reiersgård.
Enkelte vil kanskje halda fram serieromanforfattarane May Grete Lerum og Margit Sandemo. Andre forfattarar som har mange tilhengarar/lesarar er Maria Parr, Margaret Skjelbred og Maja Lunde.
Kven er din favoritt på M?

9. november 2017

Favorittforfattarar: L

Foto: Cappelen Damm

Lars Kepler

Svensk forfattarpar, pseudonym for Alexandra Coelho Ahndoril (f.1966) og Alexander Ahndoril (f. 1967)

Kvar for seg hadde ekteparet Ahndoril skrive fleire romanar og teaterstykke før dei slo seg saman og ga ut Hypnotisøren, ein særdeles mørk, brutal og adrenalinspennande krimthriller. Den fyrste boka om Joona Linna var omdiskutert, men like fullt ein enorm suksess. Paret har skrive ytterlegare fem bøker i serien samt ein frittståande thriller som Lars Kepler.

Eg har hatt store leseopplevingar med alle bøkene i Joona Linna-serien; Hypnotisøren, Paganinikontrakten, Ildvitnet, Sandmannen, Stalker og Kaninjegeren, - så Lars Kepler er ein (dvs. to) av mine desiderte favorittar.

På nettsida si fortel forfattarane om bakgrunnen til namnet Lars Kepler. Lars er ein hyllest til Stieg Larsson og Kepler kjem frå den tyske vitenskapsmannen Johannes Kepler.


Foto: Gyldendal

Levi Henriksen

Norsk forfattar f. 1964.

Romandebuterte i 2004 med Snø vil falle over snø som har falt. Den boka fekk gode kritikkar, mange lesarar og vart tildelt bokhandlerprisen. Her vert me introdusert for den fiktive bygda Skogli for fyrste gong. På forfattaren si nettside er det høve til å bla i boka.

Ein finn visse særtrekk i Henriksen sine bøker; den sorgmuntre melankolien, den lune humoren, dei spesielle karakterane og den slentrande stilen. Eg tykkjer denne stilen er både sjarmerande og befriande. Henriksen er god på å få fram kontrastar; han skildrar det finurlege og det naive, det tragiske og det latterlege. Julenovellene til Levi Henriksen er spesielt leseverdige, tykkjer eg.

Henriksen er aktuell denne hausten med den biografiske romanen Her hos de levende. Her viser han ei mørkare side av seg sjølv enn det han har synt før.

Levi Henriksen er også kjend som musikar og låtskrivar. Bandet hans Babylon Badlands er kalla opp etter ein av Henriksen sine romanar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre forfattarar på bokstaven L som eg likar er Liza Marklund, Leif GW Persson, Lars Mæhle og Lene Kaaberbøl.

Favorittforfattarar etter alfabetet

12. oktober 2017

Favorittforfattarar: K

Det går seint med den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarar; no er eg komen fram til bokstaven K. Den fyrste favoritten her var eg aldri i tvil om, men eg måtte tenkja meg om før eg valde nummer to. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å skriva om Karin Fossum, men eg er blitt litt trøytt og lei av Konrad Sejer så eg valde henne vekk.

Foto: https://ken-follett.com/

Ken Follett

Britisk forfattar f. 1949

Fødd i Wales og ifølge pålitelege kjelder; no busett i England med kone og hundar. Han er ein verdenskjent og bestseljande publikumsfavoritt.

Follett er ein meister når det gjeld omfangsrike underhaldningsromanar og er denne hausten aktuell med Den evige ilden (A Coloumn of Fire). Her held han fram i det universet som vart skapt med Stormenes tid (The Pillars of the Earth, 1989) og I all evighet (World Without End, 2007)

Slo gjennom med thrilleren Nålen (Eye of the Needle) i 1978. Etter den er det blitt ein heil rekke bøker; fyrst og fremst spenningsromanar og historiske romanar. Trilogien om det 20. hundreåret - som består av tre gigantiske bøker - må óg nemnast: Her får ein både historieundervisning og timevis med god underhaldning.


Foto: Wikipedia

Kim Leine

Dansk-norsk forfattar f. 1961

Utdanna sjukepleiar, fødd i Noreg, bur i Danmark og har budd på Grønland. Han skriv bøkene sine på dansk og set dei sjølv om til norsk.

Eg har ikkje lest så mange bøker av denne forfattaren, men dei få eg har lest har vore fantastiske leseopplevingar. Den vesle sjølvbiografiske romanen Kalak var som eit knyttneveslag rett i magen. Skildringane av dei vanskelege tilhøva på Grønland er rystande. Det same er (dei sjølvopplevde) historiane om overgrep, incest og rusmisbruk.

Vart i 2013 tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for den historiske romanen Profetene i Evighetsfjorden - som er ei lærerik, storslagen og gripande forteljing.
Kim Leine har også gitt ut ei barnebok.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har altså ikkje gitt plass til Knut Hamsun her blant Favorittforfattarane. Ikkje til Karl Ove Knausgård heller. Eg har aldri lest noko som helst av dei to - og det har eg faktisk heller ingen planar om. Karen Blixen derimot, eit anna stort forfattarnamn eg ikkje har lest noko av - ho har vore på leseplanen min ei tid.

Eg nemnde Karin Fossum innleiingsvis, og andre K'ar eg likar er Kerstin Ekman, Karin Alvtegen, Kurt Aust, Knut Faldbakken og Kjell Ola Dahl.

Andre forfattarnamn på K som kan vera verdt å nemna: Dei kritikarroste (og etter mi meining oppskrytte) Ketil Bjørnstad og Kjartan Fløgstad, lyrikarane Karin Boye og Kolbein Falkeid, dameromanforfattarane Kate Morton og Katherine Webb, krimforfattarane Kim Småge, Knut Lindh og Kjetil Try, humor- og satireforfattar Knut Nærum - og Morgan Kane-skapar Kjell Hallbing. 

8. september 2017

Favorittforfattarar: J

For bokstaven I hadde eg ikkje så mange forfattarar å velja i. For bokstaven J er det omvendt. Her er det så mange at eg har problem med å plukka ut berre to. Eg har valgt vekk mange gode forfattarnamn når eg enda opp med desse:

Foto: www.jkrowling.com/

Joanne (J.K.) Rowling

Britisk forfattar f. 1965

Mest kjent som skaparen av Harry Potter og alle dei andre figurane som held til på Galtvort. Ideen til forteljinga om guten som gjekk på trolldomskule skal ho ha fått på ein togtur i 1990 då ho var ei fattig åleinemor. Etter fleire refusjonar kom den fyrste boka Harry Potter og De vises sten ut i 1997 - og som me alle kjenner til; det vart starten på ein eventyrleg suksessrik bokserie. No er Rowling mangemillionær - i pund.

Sjølv om Harry Potter-bøkene tilhøyrer ein sjanger eg i utgangspunktet ikkje kan så mykje om, set eg stor pris på desse. Eg tykkjer dei byr på fantasifulle historiar, unike karakterar, masse spenning og underfundig humor. Det same kan seiast om krimserien som ho skriv under pseudonymet Robert Galbraith; bøkene om Cormoran Strike inneheld rikeleg med spenning, sjarm og fantasi.

Rowling har mange lesarar elles og; ho har t.d. over 12 millionar følgjarar på Twitter. Her kritiserer ho gjerne og ofte president Donald Trump.


Foto: www.aschehoug.no

Jo Nesbø

Norsk forfattar f. 1960

Denne allsidige karen er velkjend og treng heller ikkje nokon grundig presentasjon. Nesbø er utdanna økonom og er elles kjend som musikar, låtskrivar og vokalist i Di Derre - og er dessutan ei rockestjerne innan kriminallitteratur.

Slo gjennom som krimforfattar med Flaggermusmannen i 1997. Seinare har det blitt ti bøker til om den noko rufsete krimhelten Harry Hole. Den ellevte boka, Tørst, kom ut tidlegare i år - i heile 300.000 eksemplarar i vesle Noreg. Eg har hatt mange svært gode leseopplevingar med Nesbø sine bøker.

Kombinasjonen bestseljarforfattar og finansmann er blitt god butikk: Bøkene hans sel som hakka møkk og varmt kveitebrød og er oversette til utallige språk. Det er også etter kvart meir tydeleg at han skriv for eit internasjonalt publikum. Nesbø har også gjort stor suksess med barnebøkene om Doktor Proktor.


Som sagt innleiingsvis finst det svært mange gode forfattarnamn på bokstaven J. Tenk berre på krimforfattarane John Hart, Jussi Adler-Olsen, Jan Guillou, Jerker Eriksson, Jørgen Brekke og Jan Mehlum. Eller på Jon Michelet, Jens Bjørneboe og J.R.R. Tolkien. Og på lyrikarane Jakob Sande og Jan Erik Vold og "lyrikaren" Jon Hjørnevik. Andre kjende J'ar er Jørn Lier Horst, Jørgen Jæger, Jørgen Gunnerud, Jon Fosse, John Ajvide Lindquist, John Grisham og Jojo Moyes.

Kven er din favoritt-J?

27. juni 2017

Favorittforfattarar: I

Eg sleit litt med I'en. For det fyrste kan eg ikkje finna så mange forfattarar med førenamn på I, og for det andre har eg rett og slett ikkje lest nok av dei få eg faktisk har lest til at eg kan sei dei er favorittar. Det vart til at eg plukka ut desse to:


Ingvar Ambjørnsen

Norsk forfattar f. 1956

Folkekjær og allsidig forfattar med ein stor produksjon bak seg. Ambjørnsen er opphavet til kjende og kjære karakterar som Pelle og Proffen og Elling og Kjell Bjarne. Det vert hevda at han er Noregs mest filmatiserte forfattar.

For min del er det krimforfattaren og krimanmeldaren Ambjørnsen eg har hatt mest erfaring med, men han har skrive bøker i mange sjangrar og stilartar.
Som det skriveglade og samfunnsengasjerte menneske han er, har han sin eigen blogg der han tek opp ulike aktuelle (og ofte kontroversielle) tema.

Ambjørnsen er blitt tildelt mange ulike litterære prisar, m.a. Rivertonprisen, Brageprisen og Bokhandlerprisen.


Inger Hagerup

Norsk lyrikar f. 1905, d. 1985.

Har betydd mykje for norsk barnelitteratur; dikta/versa Mauren, Lille Persille og Så rart kjenner alle til. Elles er ho kanskje mest kjent for motstandsdiktet frå 1941; Aust-Vågøy - det som startar med "De brente våre gårder. De drepte våre menn" og for kjærleiksdiktet To tunger. Og adventsdiktet hennar "Så tenner vi ett lys i kveld.." vert henta fram kvar einaste desembermånad.

Ho skreiv også høyrespel, fleire erindringsbøker og jobba som oversetjar og gjendiktar. Begge sønene hennar, Klaus og Helge, vart forfattarar. I biografien Klaus Hagerup skreiv om mora fortel han at det ikkje var så enkelt for henne å kombinera rollene som kvinne, mor og forfattar.

Forfattarskapet hennar var prega av samfunnsengasjement, men ho skreiv for enkeltmenneske - og på ein måte som enkeltmenneske kan forstå. Det syner ho i diktet Vær utålmodig menneske!

- - - -

Favorittforfattarar etter alfabetet