Samlaget 2020
367 sider
Lånt papirbok biblioteket
Ein av årets Brageprisnominerte er denne biografien som handlar om spesialagenten og spaniafrivillige Wilhelm Holst (1895 - 1949) og det hemmelege/ukjende livet han levde.
Utgangspunktet for boka er at forfattaren fekk ei henvending frå Holst sitt barnebarn, Ole Kleppe. I ei anna bok av Slapgard, Krigens penn (også nominert til Bragepris), som handla om krigskorrespondenten Lise Lindbæk, var Wilhelm Holst nemnd.
Barnebarnet, som aldri hadde møtt bestefaren, hadde ein del informasjon, både historiar innan familien og via brev og dokument, men hadde stadig spørsmål. For kva skjedde egentleg med bestefaren? Kvifor var ikkje innsatsen hans under to krigar meir kjent? Korleis få klarleggja meir av livet hans? Kunne Slapgard bidra på nokon måte?
Resultatet av samarbeidet er blitt ein interessant biografi om ein heilt spesiell mann som levde eit heilt spesielt liv i ei heilt spesiell tid. Arbeidet med boka førte forfattar Slapgard og "oppdragsgjevar" Kleppe rundt omkring i verda, til etterretningsarkiv i London og Paris, til holocaustarkiva i USA og til eit heller omfattande og langvarig arbeid. Mykje av arkivmaterialet har vore hemmelegstempla og blitt frigjort ganske nyleg.
Me møter ikkje Holst før midt på 1930-talet. Då er han forretningsmann, busett i eit betre strøk av Paris, gift med Anna frå Ådalen og saman har dei tre barn; Einar, Per og vesle Lissen. Kva som så skjer er noko uklart, men i alle fall går forretningane hans konkurs. Anna og barna reiser til Noreg og Ådalen, Holst sjølv søkjer andre og nye utfordringar. I Spania er det krig og uro, og Holst tek på seg eit oppdrag om å frakta ambulansar til slagmarka. Det vert starten på eit omfattande arbeid og engasjement som frivillig i den spanske borgarkrigen. Holst gjer ein omfattande humanitær innsats og samarbeider m.a. med nemnde Lise Lindbæk, Nini Haslund Gleditch og Madge Addy i dette krevjande arbeidet. Sistnemnde var knytta til den britiske etterretningstenesta. Holst må ha vore ein ualminneleg person; arbeidde hardt, var engasjert og språkmektig, knytte til seg nyttige kontaktar - og var både smart og heldig.
Holst og Addy var nok meir enn samarbeidspartnarar, sjølv om dei var gifte på kvar sin kant. På omslagsbiletet kan ein sjå dei to saman, og der ser det ut som dei trivst godt i lag. Truleg var det ei ekteskapleg krise som førte til at Holst ikkje vende nasen heim til Noreg etter at borgarkrigen vart avslutta 1939. Og her kjem det som var mest tragisk i Holst sitt liv: Han fekk aldri sjå att dei to sønene sine; dei vart skotne og drepne av tyske soldatar i april 1940. Einar vart 16 år, Per hadde enno ikkje fylt 15.
Holst reiste til Frankrike der han heldt fram med flyktninghjelp, motstandsarbeid og etterretning gjennom andre verdenskrig. Etter at sønene hans vart drepne vart han enno dristigare og tok på seg fleire farefulle oppdrag. Det er dokumentert at han redda mange hundre, kanskje tusenvis, av menneske frå svolt, fangenskap og død. Etter krigen vart han tildelt fleire franske æresordenar, og etter ei tid også den meir heimlege St. Olavs Orden av 1. klasse. Likevel er han altså ikkje noko særleg kjent. Slapgard gjer mot slutten av boka greie for kva dette kan skuldast.
Boka gir eit ganske utfyllande bilete om livet til Wilhelm Holst, men det er framleis "hol". Forfattaren er heilt open om dette, og ho spekulerer ikkje - men presenterer mulege/trulege forklaringar. Samstundes gir ho rom for refleksjon hos lesaren. I det store biletet er heller ikkje detaljane så viktig.
Eg hadde aldri høyrt om Wilhelm Holst før eg starta på Sigrun Slapgard si bok, men dette vart så absolutt ei god leseoppleving. Biografien Eit hemmeleg liv er lærerik, gripande, spennande og interessant. Det er ei bok som inspirerer til vidare lesing og som kan anbefalast på det varmaste.
Interessant lesing! Det fantes sikkert flere mennesker etter verdenskrigene som gjorde en innsats uten at de ble trukket fram i tida etterpå. Bra at slike historier kommer fram. Sigrun Slapgard skriver godt, så dette var nok en fin bok å lese.
SvarSlettDette var ei interessant bok til ettertanke. Det var nok slett ikkje var alle som fekk den påskjønninga som dei hadde fortent etter krigen. Tenk berre på krigsseglarane.
SlettSlapgard er dyktig - og grundig.