Artig tema i
Top Ten Tuesday i dag:
"Top Ten Hyped Books I've Never Read".
Det skal innrømmast. Eg les faktisk mange slike bøker. Altså; bøker som forlaga pøser mengder av marknadsføringskroner på og som difor får (ufatteleg) mykje (ufortent) merksemd - og som i sin tur vert bestseljarar. Eg les både Nesbø, Horst og Kepler - samt Samartin, Dan Brown og Gillian Flynn. Ja, eg har faktisk vore borti Mytting og Moyes òg (med tanke på fjorårets mest overhypa og oppskrytte bøker
Svøm med dem som drukner og
Et helt halvt år).
Det er mange andre bøker som er "overhyped" og som eg ikkje har lest og/eller aldri kjem til å lesa.
Her er eit utval:
- E. L. James - Fifty Shades of Grey (Nei takk)
- Paolo Coelho - Alkymisten (Absolutt ikkje "my cup of tea")
- Stephenie Meyer - The Twilight Saga (Eg er for gammal til slikt)
- Helen Fielding - Bridget Jones' dagbok (Eg har sett filmen. Det er nok)
- Jojo Moyes - Den ene pluss en (Eg har lest Et helt halvt år. Det er nok)
- Vanessa Diffenbaugh - Blomstenes hemmelige språk (Æsj nei, virkar klissete)
- Sophie Kinsella - Shopaholic-bøkene (Kunne ikkje falt meg inn)
- Karl Ove Knausgård - Min kamp 1 - 6 (For navlebeskuande og for overveldande)
- Siri Pettersen - Odinsbarn. (Eg las to sider på biblioteket ein gong. Passar berre ikkje for meg)
- J.R.R. Tolkien - Ringenes herre. (Tru meg, eg har prøvd. Omlag 50 sider - og ga opp)