Viser innlegg med etiketten biosirkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biosirkel. Vis alle innlegg

19. juni 2019

Biolesesirkel: Familien Kim og familien Northug

I juni er Family tema i Moshonistas biolesesirkel. Eg har lest éin biografi denne månaden som er klart innafor kategori og ein annan som med litt velvilje er innafor. Begge er henta i Storytel og begge er glimrande opplest.
Elles kan ikkje bøkene samanliknast - og hovudpersonane - Kim Jong-Un og Petter Northug - har absolutt ingenting felles, det eg veit. Eg vart ikkje spesielt imponert over nokon av biografiane og har gitt dei terningkast 3. Eg skal grunngi dette nærare nedanfor.

Kim Jong-Un av Sun Heidi Sæbø

Cappelen Damm 2018
Speletid: 11:46
Lydbok Storytel


Det handlar om Nord-Korea og tre generasjonar med diktatorar; Kim Il-Sung, Kim Jong-Il og Kim Jong-Un. Det handlar om heilt spesielle samfunnsstrukturar, om ein allmektig familie som har levd i ekstrem luksus og om ein befolkning som har blitt svelta, tyrannisert, undertrykt og kontrollert i fleire tiår. Og som likevel elskar sin "store leder". Det er vanskeleg å forstå med våre demokratiske auge. Dei strenge sanksjonane som det internasjonale samfunnet har innført har hatt liten effekt; Nord-Korea har stadig store eksportinntekter. Dette er noko av det som blir problematisert i denne boka.

Landet er ekstremt lukka og forfattaren har brukt kjelder som nordkoreanske avhopparar og sørkoreansk etterretning. I tillegg har ho hatt tilgang til store mengder anna informasjon - og eg har ei kjensle av at ho ikkje har gjort nok ut av det materialet ho har hatt til rådvelde. Boka er altfor lang fordi forfattaren ikkje har klart å systematisera innhaldet på ein lesarvenleg måte. Her burde forlag og redaktør teke meir ansvar.

Historia om familiedynastiet Kim er både tragisk, komisk, bisarr og utruleg - og er slik sett eit eineståande gunnlag for ein familiebiografi. Men dessverre: Biografien om Kim Jong-Un og Kim-familien vart veldig rotete.

På pluss-sida: Tidlegare NRK-nyheitsanker Christian Borch som les lydboka på ein stødig og tydeleg måte.


Northug - Min historie av Petter Northug og Jonas Forsang

Pilar 2018
Speletid: 4:34
Lydbok Storytel

Han er ikkje så gamle karen, Petter Northug (fødd 1986), men det finst alt fleire biografiar om han. Dette er sjølvbiografien hans, fortalt av han sjølv og ført i pennen av journalisten og forleggaren Jonas Forsang.

Historia til Petter Northug er ein typisk journalistbiografi. Litt oppramsande, litt gjentakande og litt overfladisk. Men heller ikkje direkte uinteressant, for Northug har vore eit friskt pust i langrennsmiljøet og i sladrepressa i mange år. Petter har gitt oss (dvs. TV-publikum) god underhaldning med utrulege idrettsprestasjonar og friske uttalelsar som "Barneskirenn!" og "Kæm e kongen?" Familien har alltid betydd mykje for han, og det vert det gitt fleire eksempel på i boka.

Petter Northug var ein talentfull, særs seriøs og målbevisst idrettsutøvar, men eg har alltid tykt at han har vore litt "enkel". Det vert egentleg stadfesta av han sjølv i denne boka, for han påstår faktisk at han vart helbreda av Snåsamannen framfor ski-VM i Oslo i 2011. Oppegåande folk skjønnar jo at det ikkje var denne Joralf som gjorde han frisk. Her snakkar me om placeboeffekt og psykologi.

Om det elles kjem fram noko nytt i denne boka? Nei, det meste er kjent gjennom media frå tidlegare; både "fiendskapet" med svenskane, den berømte fyllekøyringa i 2014, det nemnde besøket hos Snåsamannen og affæren med Aylar Lie. Sistnemnde har i ettertid saksøkt forlaget for brot på "privatlivets fred". Ho tapte saka, men har anka.

På pluss-sida: At boka er så kort og at ho er godt opplest - på trønderdialekt - av Paul Ottar Haga.

16. februar 2019

Biolesesirkel: Anders Heger om Thorbjørn Egner

Cappelen Damm 2012
Speletid: 14:18
Lydbok Storytel


Då eg vaks opp i oldtida på 1960-talet hadde me ikkje fjernsyn (!) så eg høyrde ofte på Barnetimen for de minste på radioen. På den tida kunne ein høyra Alf Prøysen som sang om sparegrisen sin og Anne Cath. Vestly som fortalde om Ole Aleksander Filibom-bom-bom. Samt Thorbjørn Egner og den koselege stemma hans - som det skal handla om her. Då eg gjekk i småskulen var det Egner sine lesebøker som var i bruk. Me las om Ola-Ola Heia og om familien Grønn i Humlegata.

Eg las om Karius og Baktus og om hendingar i Kardemommebyen og Hakkebakkeskogen til ungane mine då dei var små. No for tida kosar eg meg når eg les i dei same bøkene - for barnebarnet mitt. Barnebøkene til Thorbjørn Egner lever: Stadig nye generasjonar får glede av den barnekulturen han skapte - og den vert stadig vidareutvikla.

Thorbjørn Egner (1912-1990) sine bøker er blitt oversette til fleire språk og selde i store opplag. Av prisar han vart tildelt kan nemnast St. Olavs Orden, Oslo bys kulturpris, Peer Gynt-prisen, Bokkunstprisen og Spellemannprisen. Biografen Anders Heger (f. 1956) er forfattar, spaltist, samfunnsdebattant og tidlegare forlagsdirektør. Han mottok Brageprisen for biografien om Agnar Mykle i 1999.

I Anders Heger sin biografi om Thorbjørn Egner får me vita mykje om forfattaren, gjendiktaren, reklamemannen, biletkunstnaren, dramatikaren, visesangaren, komponisten, radiostemma og familiemannen. Han var ein multikunstnar og eit arbeidsjern som foretok ei forholdsvis stor klassereise; frå Kampen til Ekely. Heger held fram Egner si rolle som nasjonsbyggar og dreg parallellane til Einar Gerhardsen. "Alle skal med" er eit slagord me kjenner frå arbeidarrørsla - og det er ein filosofi som er gjeldande både i Hakkebakkeskogen og i Kardemomme By. Kardemommeloven "Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill – og for øvrig kan man gjøre som man vil" kan sjåast på som enkel og naiv, men det handlar djupast sett om toleranse og samhald, om å ta omsyn til andre og å ha respekt for kvarandre. På den andre sida: Enkelte tekstar av Egner har gått ut på dato. "Visa om vesle Hoa" er, sett meg dagens auge; upassande, rasistisk og politisk ukorrekt.

Egner var ein perfeksjonist og det som me i dag kallar ein kontrollfreak. Han hadde eit mildt vesen, eit blidt smil og ei roleg framferd - men samstundes eit sterkt kontrollbehov og behov for detaljstyring.

Alle kjenner Klatremus, Morten Skogmus, Bamsefar og Brumlemann. Alle har eit forhold til Kasper, Jesper og Jonathan, politimester Bastian og Tante Sofie. Kvar henta Egner ideane sine frå? Korleis fekk han tid til alt når han skulle ta hand om alt sjølv? Anders Heger sin biografi gir svar på dette - og meir til. Forfattaren har hatt tilgang til dokumentasjon og dessutan hatt familien sitt arkiv til rådvelde i samband med skrivinga. Heger skriv egentleg bra, men som så ofte elles når det gjeld biografiar; det er for oppramsande og vert for omfattande. Biografien om Thorbjørn Egner er interessant - men ikkje interessant nok.

Dersom du klikkar deg inn i Moshonista sin blogg kan du lesa om andre forfattarbiografiar.

25. juni 2018

Biolesesirkel: Asbjørn Bakke om Erik Bye


Aschehoug forlag 2017
524 sider
Lånt ebok eBokBib

Tema for junirunden av Moshonista sin biolesesirkel er "Med ordet i sin makt" - og eg valde å lesa Asbjørn Bakke sin kritikarroste biografi om Erik Bye (1926-2004). Journalisten, visesangaren, programledaren, forfatteren, reportaren og samfunnsrefsaren lot etter seg ei mengd flotte tekstar som i dag er kjende og kjære for mange. Tenk berre på Anna Lovinda, Blå salme, Vårherres klinkekule og Vår beste dag.

Boka har fått knallgode anmeldelsar og eg forventa såleis ei god leseoppleving. Eg ser at det egentleg er ein velskriven, balansert og gjennomarbeida biografi og at deler av innhaldet er interessant. Men - forventningane mine vart ikkje innfridde. Etter mi meining er boka for omfattande - sjølv for ein mann av Erik Bye sitt format. Somme vil meina at boka er grundig og ordentleg, - eg meiner ho er omstendeleg, kjedeleg og aaaltfor detaljert.

Min barndoms laurdagskveldar rundt 1970 var prega av familiehygge og Lørdagskveld med Erik Bye og Krutrøyk. Eit av våre store "felles TV-høgdepunkt" var den gongen Ken Curtis, sjølvaste Festus, var gjest hos Erik Bye. Dette fann stad då Noreg var samla i eitt rike framfor TV-skjermen; me berre hadde ein TV-kanal. Erik Bye sitt laurdagsprogram var hyggeleg - og han var god når han snakka med folk, både store og små, kjende og ukjende. Men eg hugsar at eg ikkje likte når Erik Bye sjølv greip mikrofonen og skulle syngja: Eg oppfatta han som brautande og dominerande. I ettertid ser eg at Bye tok "stor plass" fordi han hadde karisma og i tillegg var svær reint fysisk.

Eg fullførte (denne oppskrytte) boka på eit vis, men eg las store deler av ho "på skrå". Asbjørn Bakke sin biografi om Erik Bye anbefalast dersom du er/var svært glad i Erik Bye. Dersom du er som meg, dvs. litt lunken: styr unna.

Andre biografiar om menneske med orda i si makt kan du finna lenker til på Moshonista sin blogg.

I august skal me lesa om polfararar og andre villmarksfararar i biosirkelen. Eg kryssar fingrane for at boka eg har plukka meg ut til den runden er meir lesbar enn denne. 

15. april 2018

Biografisirkel: Edvard Munch - liv og kunst

Biografisirkelen går sin gang - og sidan eg har delteke kvar einaste gong dei siste åra føler eg meg nærast forplikta til å delta - uansett kategori. Biografilesing er ofte nyttig og lærerikt og fleire gonger i løpet av biosirkeldeltakinga er augene mine blitt opna for nye tema, personar og forfattarar.
Men denne gongen var det like før eg skulka unna - for Anita har nemleg valgt ein kategori som eg ikkje er så veeeldig interessert i: Biletkunstnarar.

Eg tykkjer som oftast at såkalla kunst er rart og/eller stygt og giddar t.d. aldri å gå på kunstutstillingar. Men eg har har såklart høyrt om Edvard Munch (og sett både Skrik og Vampyr og Madonna) og (flaks for meg) fann eg ei 70 siders illustrert bok om Munch skriven av ein museums-pedagog. Marit Lande har skrive fleire kunstbøker for barn og ein skulle då tru at dette er på eit passande nivå for ein heller skeptisk-negativ biolesar. Boka/guiden/kortbiografien Munch - Liv og kunst kom ut på (det no oppløyste) Aventura forlag i 1995 og eg las eboka på nb.no.

Edvard Munch (1863 - 1944) sitt liv og kunst er blitt grundig skildra i mange bøker, t.d. i Atle Næss sin kritikarroste 600 siders biografi og Karl Ove Knausgård si bejubla bok Så mye lengsel på så liten flate.

Sidan Munch vart ein så stor, kjent og viktig kunstnar, finst det mengder av kjeldemateriale - og eg var nysgjerrig på korleis alt dette kunne samanfattast på berre 70 sider. Lande byrjar med barndom og oppvekst: Edvard Munch var mykje sjuk då han var barn. Faren var strengt religiøs, mora og systera døydde unge. Desse barndomsminna skapte eit sterkt behov for å uttrykka seg gjennom bilete, fortel Lande. Ein finn visstnok mange eksempel på korleis han brukte sjukdom, sorg og liding i arbeida sine.

Som alle veit fekk Munch stor suksess med kunsten sin og han hadde ein lang karriere. Men var han lykkeleg? Neppe. Han hadde eit grunnleggjande pessimistisk livssyn og etter kvart vart livet hans prega av alkoholproblem, angst, paranoia, uro, mykje jobb, hektisk reiseverksemd og kjærleikssorg. Han vart aldri ferdig med det turbulente forholdet til Mathilde (Tulla) Larsen - det forholdet enda med at han skaut seg sjølv i handa.

Avslutningsvis vert det fortalt at Edvard Munch døydde fredeleg på Ekely i 1944 og at han testamenterte alle arbeida sine til Oslo kommune.

Eg tykkjer Marit Lande har fått tak i essensen i livet og kunsten til Edvard Munch og at ho får formidla det på ein grei måte. Boka inneheld (heldigvis) lite kunstteori, men det vert stadig vist til korleis kunstnaren sine sinnsstemningar spelte inn på arbeida hans; om korleis teknikk og motiv speglar kunstnaren sitt sjeleliv.

Munch - liv og kunst er kort, grei og gjennomillustrert - men eg vart ikkje særleg engasjert og fekk heller ikkje noko lyst til å lesa meir om Munch.

16. februar 2018

Biolesesirkel: Bernt Rougthvedt om Abelone Kristensen

Tema for årets fyrste runde i Moshonistas biografisirkel er Uoppdragne piker. Eg valde meg Bernt Rougthvedt si bok om den legendariske Abelone Kristensen; Saken mot Abelone.

Abelone Konstance Kristensen (1858 - 1920) var "kjendis" i Kristiania for vel hundre år sidan. Ho eigde eit etablissement i Karl XIIs gate på Vaterland der kjøp og sal av både det eine og det andre gjekk føre seg. Vaterland var eit belasta og overbefolka slumområde på den tida og både gauking (produksjon og sal av brennevin), bondefangeri, prostitusjon og anna kriminalitet florerte. Då Abelone sin ektemann Lauritz vart drept av ein kunde i 1893 førte det til stor oppstandelse og mykje oppstyr - og det vart i ettertid av hendinga dikta opp ulike legender og myter rundt Madam Kristensen.

Bernt Roughtvedt har i arbeidet med denne boka gravd i gamle arkiv og dokument for å prøva å gjera greie for sanninga. Abelone skal ha vore ei staseleg kvinne og var sikkert ein karismatisk person og ein fascinerande skikkelse som gjorde inntrykk på folk (menn) som møtte henne.

Ein kan finna mykje saftig og pirrande stoff i samband med Abelone og hennar aktivitetar, - men det er klart; det er mykje tragisk óg. Medan ein les tenkjer ein på alle dei vanskelege sosiale problema som fanst i visse deler av hovudstaden. Det var stor klasseskilnad på den tida - noko som viser att i dei rettssakene som Abelone vart involvert i: Mannen som drap Lauritz Kristensen vart frikjend. Medan Abelone ei tid seinare vart dømd for "rufferi og horehushold" - og måtte sona for det.

Dessverre er boka Saken mot Abelone skuffande svak, etter mi meining. Oppramsingar av namn og saker og mykje sitat gjer innhaldet mindre interessant og engasjerande enn det kunne ha blitt. Det er også lite biografisk materiale. Det skuldast delvis at Abelone ynskte å halda bakgrunnen sin og privatlivet sitt skjult, noko som har ei logisk forklaring; mor hennar var prostituert og Abelone vart fødd på Tukthuset. Ho vaks opp i ein fosterfamilie og byrja sjølv med sal av sex i ung alder. Seinare etablerte ho både butikkar og serveringsstader samstundes som ho opererte som bordellmamma og "rufferske" (kvinneleg hallik). Mykje tyder på at ho prostituerte seg i fleire tiår. Det er sannsynleg at ho i løpet av denne tida må ha gjennomgått abortar, pådratt seg kjønnssjukdommar og opplevd valdsepisodar.

Eg tykkjer forfattaren har gjort for lite ut av det kjeldematerialet han har hatt til rådvelde. Han skal imidlertid ha ros for at han har ei balansert framstilling av Abelone. På den eine sida var ho ei kynisk forretningskvinne som utnytta andre vanskelegstilte kvinner. På den andre sida vart ho urettferdig og urettmessig behandla av omverda.

Lydboka vart tilgjengeleg på Storytel for kort tid sidan og har ei speletid på kun 5 og ein halv time. Opplesar Cathrin Gram les heilt greit, men litt seint.

15. desember 2017

Biolesesirkel: Stein Østbø om Ronni Le Tekrø

Då kategorien "hårete" vart lansert som kategori i Moshonista sin biolesesirkel, var min fyrste tanke å lesa/skriva om ein av desse gamle, hårete og skjeggete polarfararane. Eg har nemleg hatt stor glede av å lesa om polarhistorie i samband med biosirkelen. No fann eg imidlertid ingen polarbio'ar som kunne høva og eg måtte tenkja nytt - og hamna såleis innan eit anna tema som eg tykkjer er interessant; musikk.

Nærare bestemt puddelrock - eller hair metal, beslekta med både powerpopglam-metal, heavy metal og glamrock. Puddelrocken var særleg populær på 1980-talet, då moten for både menn og kvinner var masse, høgt, krøllete og gjerne tupert hår. Me som var unge den gongen kan hugsa tilbake til den tida der ein jamnleg/ofte tok permanent og gjerne brukte opp ein heil boks hårspray når ein skulle på fest.. I dag ser slike hårsveisar heilt idiotisk/harry ut, men den gongen var det skikkeleg stilig!

Puddelrock er melodiøs rock, ofte med fengande refreng og røffe gitarriff. Dei smaklause videoane ein laga på den tida er heldisvis utdaterte på alle måtar, men er ein del av "rockekulturen" og tidsbiletet. Eg elskar denne musikken og blir nostalgisk og i godt humør når eg høyrer på 80-tals hits frå band som er typiske innan sjangeren: Bon Jovi, Def Leppard, Whitesnake, Cinderella, Dokken, Skid Row og Mötley Crüe - samt svenske Europe og norske Stage Dolls og TNT.

Og - no nærmar eg meg poenget her; i samband med biorunden har eg lest om TNT sin frontfigur og gitarist Ronnie Le Tekrø. Eg fann boka på Storytel og ho er ikkje spesielt ny; ho vart skriven i 2007 og kom ut på lyd i 2016. Forfattaren Stein Østbø er mest kjend som musikkanmeldar i VG. Han har også skrive ei bok om Bruce Springsteen og ei om Elias Akselsen.


Hekta. Ronni Le Tekrø - Et liv i rock
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:03

Opplesar Bjørn Eivind Aasland
Lydbok Storytel

Rolf Ågrim Tekrø heiter han egentleg, og dette er historia om vegen frå guterommet til internasjonalt kjende konsertscener. Det er også historia om TNT, Noreg sitt største tungrockband gjennom tidene. Og det er ei stadfesting av at mytene om sex, drugs & rock'n'roll har ein del sanning i seg. Eg tykkjer bakgrunnsstoffet er fascinerande og at Ronni Le Tekrø er ein sympatisk kar og ein fantastisk gitarist, men denne boka er ikkje særleg god.

Østbø hoppar att og fram i tid og vil gjerne fortelja alt på ein gong. Eg tykkjer det er usystematisk og forvirrande at det verken vert fortalt kronologisk eller tematisk. Boka inneheld gjentakingar og oppramsingar, noko som gjer lesinga/lyttinga treg og kjedeleg. Dessutan er det lite nytt. Både konfliktane med Tony Harnell, samarbeidet med Terje Rypdal og Tekrø sin eigen hasjbruk - alt dette er kjent frå tidlegare. At han har fem barn med tre ulike kvinner visste eg ikkje frå før, men det er ærleg talt heller ikkje så interessant.

Å lesa om barndommen og oppveksten hans er derimot litt interessant. Ronni var eit barn som gjerne vart hekta på ting, og då han fekk gitar som 12-åring sat han inne og øvde, øvde og øvde. Han var "fødd med eit rockeimage" og hadde eit stort talent - og berre 14 år gammal starta han eige band. Han vart oppdaga av Morten "Diesel" Dahl og Dag Ingebriktsen i samband med eit nytt rockeprosjekt i 1982 - og resten er historie, som det heiter.

Dersom du vil lesa om TNT og Ronni Le Tekrø - bruk heller Google og Youtube - då finn du det meste, både gammalt og nyare stoff. Du finn t.d. bilete som tyder på at Ronni er like langhåra den dag i dag. Og i motsetnad til dei fleste andre mannfolk på 50+, kler han å vera såpass hårete. I alle fall; denne boka kan du glatt hoppa over.  Terningkast 2.

Hårete ja! Coveret på det mest kjende TNT-albumet; Tell no tales frå 1987.
Plata fekk Spellemannprisen og inneheld m.a. superhiten 10000 Lovers (in one).
Frå venstre: Morten "Diesel" Dahl, Tony Harnell, Ronnie Le Tekrø og Morty "Black" Skaget.

15. oktober 2017

Biolesesirkel: Born to run av Bruce Springsteen

Tema for oktoberrunden av biografisirkelen er mett. Eg likar godt å delta i denne utfordringa, og sjekka difor både Storytel og bibliotekhyller for biografiar om kokkar og "spiseforstyrra" folk - eller andre som kunne assosierast med ordet mett. Eg fann ingenting. Bortsett frå biografien om Ingrid Espelid Hovig og Ingeborg Senneset si bok Anorektisk som begge kunne vore aktuelle, men dei hadde eg inga interesse av.
Kva skulle eg gjera? Eg var i gang med Bruce Springsteen sin sjølvbiografi, - kunne den passa? Kan den seiast å vera skriven av ein mann "mett på suksess"? Vel - ingenting tyder på at Springsteen har nådd noko metningspunkt. I ein alder av 68 held han stadig koken. Men ein kan sei at han er såpass mett at han har funne plass og tid til å skriva si eiga historie om sitt eige liv. Han skreiv jo også i si tid ein låt med tittelen 'Hungry Hart'... Med desse (tynne) grunngjevingane fann eg ut at Born to run kan kvalifiserast og kategoriserast som litt mett.


Cappelen Damm 2016
Lydbok Storytel
Opplesar: Håvard Bakke

Born to run er, som så mange andre sjølvbiografiar, svært omfangsrik; papirboka er på 526 sider. Den norske versjonen på Storytel er tredelt; bok 1 har speletid 7t 50 min., andre del er på 6:21 og tredje og siste bok varer i 5t 20 min. Eg trur det er smart å dela opp lyttinga slik at ein ikkje blir "overmett" ;-)
Håvard Bakke si stemme passar svært godt til boka, men på Storytel kan du også finna boka på originalspråket lest av forfattaren sjølv. Hadde eg vore god nok i engelsk hadde eg naturlegvis valgt det alternativet.

Springsteen har brukt lang tid på boka, heile sju år. Det har ført til at boka er gjennomarbeida og grundig, men i tillegg; unødvendig detaljert.

At Bruce Springsteen kan skriva, veit me frå før. Han har skrive låtar og gode sangtekstar som 'Born to run',  'The River', 'Born in the U.S.A.', 'My Hometown', 'I'm on fire', 'Human Touch', 'Streets of Philadelphia', 'Radio Nowhere' - for å ta nokre av dei mest kjende.

Forfattaren Springsteen er dyktig; sjølvbiografien er både velskriven, ryddig og interessant - og han er overraskande open og personleg. På same måte som han gir alt på konsertane sine, gir han alt i denne boka.

Eg ser det som vanskeleg/umuleg å gi noko handlingsreferat; det kan fort bli altfor oppramsande sidan boka er så innhaldsrik. Når det gjeld karrieren hans viser eg til Wikipedia-artikkelen (som truleg er blitt ekstra lang grunna opplysningar som stammar frå denne sjølvbiografien).

Musikken går som ein raud tråd gjennom livet til The Boss og i denne boka. Ein kan lesa om korleis 'Born in the U.S.A.' vart ein av tidenes mest misforståtte sangar og om korleis systera sitt liv vart til sangen 'The River'. Springsteen fortel om kva og kven som har inspirert han og behovet han har hatt for å endra/fornya det musikalske uttrykket sitt. Store musikalske opplevingar saman med The E Street band og som soloartist vert skildra med glød og engasjement. Fleire av låtane hans gjenspeglar røttene og oppveksten i Freehold, New Jersey. I stikkordform handla barndommen om: enkle kår, irsk og italiensk herkomst, arbeidarklassemiljø, katolsk oppdragelse og ein heim der det vart dansa og spelt musikk - men der det også ofte var dårleg stemning.

Familien har likevel betydd svært mykje for Springsteen gjennom heile livet. Det same har vener og kompisar - og i biosirkelsamanheng er det interessant å lesa om venskapet med Steven van Zandt og Patti Smith. Og så er det alle damene! Etter det ein forstår var det mange forhold, kjærestar og one night stands. Med Bruce Springsteen sin karisma og popularitet var det ikkje vanskeleg å skaffa seg kvinneleg selskap, men han trakk seg vekk når det byrja å bli alvor og snakk om varige forhold. Han var nok heller ikkje klar for ekteskapet då han gifta seg fyrste gong i 1984. Den einaste skandalen han har forårsaka/gjennomlevd var då det vart kjent at han hadde eit forhold til bandmedlem og noverande kone Patti Scialfa medan han var gift med si fyrste kone. Omsider fann han ekte kjærleik - og ro: No har Springsteen og Scialfa vore gifte i 26 år og dei har tre vaksne barn.

Bruce Springsteen såg fleire av venene sine på 1960- og 70-talet gå til grunne av narkotikamisbruk og hadde ein far som oppførte seg skremmande når han drakk alkohol. Han valde difor å vera - om ikkje heilt edru - så i alle fall måtehalden. I boka er han open om sine tunge stunder og fortel at han har gått til samtaleterapi i årevis. Det skal fansen vera glad for. Utan hjelp hadde nok ikkje denne mannen blitt noko superstjerne.

Eg tykte som nemnd over at biografien er interessant, men at det tidvis blir litt for pompøst og svulstig, i tillegg til at det er vel deltaljert - og dermed langtekkeleg. Frå før hadde eg eit inntrykk av at Bruce Springsteen er ein usedvanleg sympatisk person og artist - og dette inntrykket er blitt forsterka gjennom lesinga av denne boka.
Eg set stor pris på det Springsteen syner av integritet, vitalitet og musikalitet. Eg har aldri vore nokon blodfan, men eg har likt musikken hans og har t.d. LP-plata 'The River' frå 1980 liggjande ein plass..

Karrieren hans har vore langvarig og suksessrik og det finst uendeleg med konsertopptak og videoklipp på Youtube. Eg har plukka ut eit klipp som syner kor fin type Springsteen er. Dette er frå ein konsert i London i 2013 der mora og den yngste systera hans får vera med på scenen:


18. juni 2017

Biolesesirkel: Ingrid Brekke om Angela Merkel

Kagge 2016
223 sider
Kjelde: eBokBib

"Vi lever" er tema for junirunden av Moshonistas biolesesirkel. Det handlar altså om nolevande personar - og eg valde meg ein biografi om Angela Merkel. Til politikarbiografi å vera er ikkje boka så tørr og uinteressant som ein gjerne skulle tru, men ho er ikkje sååå engasjerande heller. Angela Merkel - Et europeisk drama er eit norsk blikk på den tyske forbundskansleren, den tyske etterkrigspolitikken, den tyske gjenforeninga og den tyske utanrikspolitikken.

Forfattaren Ingrid Brekke er journalist i Aftenposten og var avisa sin korrespondent i Berlin ein periode. Ho har difor god kjennskap til tysk samfunnsliv og politikk og har med denne boka gitt eit reflektert, grundig og "passe personleg" portrett av Angela Merkel. Brekke har støtta seg til folk rundt hovudpersonen, på tidlegare biografiar og ymse muntlege og
skriftlege kjelder. Boka er lettlest og utan lange utgreiingar; ein typisk journalist-biografi - utan å vera tabloid.

Eg visste egentleg ingenting om Merkel på førehand, så for meg var det meste av innhaldet i boka nytt stoff. Eg var ikkje ein gong klar over at ho hadde austtysk bakgrunn, så eg tykte det mest interessante var å lesa om Merkel si barne- og ungdomstid i gamle DDR. Brekke fortel at Merkel var skuleflink, ordentleg og beskjeden av natur. Ho fortel vidare om studieåra og karrieren som vitenskapskvinne og fysikar. Den politiske oppvakninga hennar skjedde ikkje før muren fall i 1989, då Merkel var 35 år gammal. Elles vert det fortalt om familiebakgrunn, ekteskap og politikarkarriere - men det kan like godt lesast i denne omfattande Wikipedia-artikkelen.

Angela Merkel har hatt ei ekstraordinær "reise" - frå prestedotter i ein diktaturstat til ein av verdas mektigaste leiarar i eit velfungerande demokrati. At det skulle bli nettopp CDU (Christlich Demokratische Union - kristendemokratane) som vart hennar parti kan synast underleg, men Brekke gjer greie for årsakene til det. Det vert fortalt om den bratte vegen til topps, om maktkamp innan partiet og koalisjonen og om det som kvinnelege toppolitikarar ofte vert utsett for: Kritikk for utsjånad, frisyre og klestil. Men det vert også hevda at den einaste leiaren i EU som Vladimir Putin verkeleg har respekt for er - nettopp; Angela Merkel.

Merkel er utan tvil ei dyktig og mektig dame, men på TV-skjermen virkar ho gjerne litt stiv og reservert - og eg finn ikkje noko karismatisk ved henne. Ho skal imidlertid vera ualminneleg hyggeleg og omgjengeleg "på ordentleg". For sitt arbeid for demokrati, menneskerettar, miljøvern og europeisk samarbeid har Merkel motteke fleire prisar. Ho har i det politiske arbeidet vist seg som rasjonell, faktaorientert og løysingsorientert, noko som sikkert heng saman med hennar naturvitenskaplege bakgrunn. Det skal òg nemnast at ho er kontroversiell - og i samband med den pågåande flyktningekrisa er det mange som har lagt ho for hat.

Ingrid Brekke har gitt biografien om Angela Merkel eit personleg preg; ho legg ikkje skjul på sine eigne tankar, vurderingar og meiningar. Eg meiner det er positivt, for dermed blir ikkje boka så kjedeleg/sakleg som ho elles kunne ha blitt. For meg vart det ei OK+ leseoppleving.

Andre bloggmeiningar: Rose-Marie - som er svært begeistra for boka.

16. april 2017

Biolesesirkel: Et kvart liv av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2013
Kjelde: Lydfil og ebok Storytel


I 2009 gav forfattaren Hans Olav Lahlum ut ein gigantisk biografi om den legendariske Arbeiderpartisekretæren Haakon Lie. Lie var sentral i arbeidarrørsla i fleire tiår, han vart 103 år gammal og boka om han vart på over 800 sider.

Boka om Håvard Vederhus er på 143 sider. Vederhus var nemleg på feil stad til feil tid; han var ein av dei 77 som mista livet i terrroråtaka den 22. juli 2011: Eit stort politisk talent som berre vart 21 år gammal - skoten og drepen av Anders Behring Breivik ved pumpehuset på Utøya.

Det er noko uendeleg trist med ein biografi om eit så altfor kort liv, - noko tittelen "Et kvart liv" også syner. Lahlum skreiv boka vinteren 2012-13 etter førespurnad frå familien til Håvard Vederhus. Boka er tilegna alle som mista livet på Utøya og er samstundes ein hyllest til Vederhus sitt engasjement for eit demokratisk og inkluderande samfunn. Boka er delt i fire: Den fyrste delen handlar om barndomstida, del to om ungdomstid og politisk og personleg forming, den tredje delen er om 22. juli og den fjerde og siste om den vanskelege vegen vidare for folk som sto han nær.

Lahlum fortel at Håvard Vederhus vaks opp som det midterste barnet i søskenflokken på tre - og at han på mange måtar også var midtpunktet i familien. Frå tidleg alder kravde han - og fekk - mykje merksemd. Han var uroleg og eigenrådig og hadde eit uvanleg høgt aktivitetsnivå. Han vaks opp og vart ein energisk og målbevisst ungdom og ein sentral skikkelse i mange ulike miljø. I motsetnad til mange andre AUF'arar vart ikkje Håvard Vederhus "fødd inn i Arbeiderpartiet." Men fordi han hadde eit grunnleggjande sosialdemokratisk syn på samfunnet melde han seg tidleg inn i AUF. Han var ikkje utprega skuleflink, men arbeidde målretta og fekk eit godt vitnemål frå Oslo Katedralskole.

Store deler av boka er i ein oppramsande stil og er nok helst for spesielt interesserte, dvs. menneske som står familien og partiet nært. Det som gir størst inntrykk er å lesa om avslutninga av Håvard sitt liv i den forferdelege massakren 22. juli. Eg har lest mykje om saka før, men nok ein gong får eg frysningar på ryggen og ei sterk kjensle av sorg og maktesløyse. "Vi gjemmer oss og lever" vart den siste Facebook-oppdateringa Håvard skreiv då han saman med mange andre prøvde å gøyma seg for massemordaren. Nokre minuttar seinare var AUF-leiaren i Oslo død.

Håvard Vederhus var utan tvil ein karismatisk, kunnskapsrik og engasjert ungdomspolitikar - og han ville heilt sikkert nådd langt. Han vert også skildra som ein omsorgsfull person og ein trufast ven. Det synte han heilt til det siste. Størst er saknet og sorga hos far, mor, storebror og veslesyster.
"Det å miste et barn er alltid en tragedie. For mange foreldre vil nok likevel nettopp alderen rundt 20 være den aller verste alderen å miste et barn i. Man har da fulgt et barn hele veien opp gjennom oppveksten, for så å miste det på spranget ut i voksen alder - før barnet får egen famile og før det rekker å realisere sine mål i livet."
Ei fullsett Grefsen kirke følgde Håvard Vederhus til den siste kvilestaden 4. august 2011. Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen heldt minnetale og mellom dei frammøtte elles var noverande statsminister Erna Solberg.

Et kvart liv er mitt bidrag til aprilutgåva av Moshonistas biografilesesirkel.

15. juni 2016

Biolesesirkel: Kampene - Et portrett av Kim Friele

Tema for Moshonista sin biografisirkel i juni er I rettferdighetens navn, dvs. at me i denne runden skal lesa biografiar om/av folk som har kjempa for rettferd, likskap og likestilling. Kort sagt: Personar som har kjempa for det gode. Eg har lese Ola Henmo sin biografi om den kjende samfunnsdebattanten og homoaktivisten Kim Friele.


Cappelen Damm 2015
159 sider
Kjelde: Lånt ebok, eBokBib


Du er eit av mine store førebilete, og ei kvinne som har gjort Norge til eit klokare og rausare land, sa kronprinsesse Mette-Marit til Kim Friele då dei to og biografen Henmo samtala på Gol bibliotek tidlegare denne månaden. Det er ikkje vanskeleg å vera enig med kronprinsessa i det.

Arrangementet på Gol var sett i stand i samband med at Litteraturtoget 2016 hadde utanforskap som tema. (Ein kan meina mangt og mykje om det kongelege litteraturtoget, men eg tykkjer at litteratur er av dei meir fornuftige tinga ei kronprinsesse kan engasjere seg i..)

Så mykje nytt byr ikkje biografien/portrettet til Henmo på. Friele ga ut sin eigen sjølvbiografi alt i 1990, så ein kan sei at det meste er kjent frå før. Det er likevel ganske interessant - og ofte morosamt - å lesa om hovudpersonen sine kampar og historia om homorørsla.

Karen-Christine Wilhelmsen vart fødd i Bergen i 1935. Førenamnet vart etter kvart forkorta til Kim og etternamnet gifta ho seg til i 1959. Ekteskapet vart kortvarig, for Kim "fann seg sjølv" etter ei tid. Takka vere tolerante foreldre og ein trygg oppvekst hadde ho også det motet som skulle til for å stå fram offentleg som homofil i ei tid då dette var tabu.

I dag er vel dei fleste av den oppfatning at kjærleik er kjærleik, same kva legning den enkelte har. Men slik har det slett ikkje alltid vore. Heilt fram til 1972 var homofile handlingar mellom menn forbode. (Kvinner/lesbiske var ikkje nemnde eingong i straffelova § 213. Ein kunne ikkje tenkja seg at det gjekk an å ha sex utan at ein mann var med i biletet..) Fram til 1978 var homofili definert som ein psykiatrisk diagnose. I 1981 vart homofile lovbeskytta mot diskriminering - og i 1993 fekk dei rett til partnerskap. Kim Friele bidrog aktivt i alt dette arbeidet sidan ho hadde ei sentral rolle i Det norske forbundet av 1948 og seinare i Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring. Kim Friele er med rette blitt hylla og dekorert for innsatsen sin, men ho har også trakka på nokre tær opp gjennom åra. Det legg ikkje Henmo skjul på i denne boka. Friele brukar "stor plass" og kan nok oppfattast som skarp og stri.

Det er framleis vanskeleg for mange å komma ut or skapet. Difor er det flott at det finst menneske som Kim Friele, som har kjempa og stått på barrikadane på vegne av alle homofile og lesbiske - i ein kvinnealder. Kim Friele og hennar partner og store kjærleik Wenche Lowsow fyller år på same dato. Nyleg (27. mai) vart Kim 81 år og Wenche 90. No er Wenche sterkt redusert av sjukdom, men dei har halde saman i nær 40 år, i gode og onde dagar.

Om få dagar opnar Oslo Pride 2016. Festivalen kjem sikkert til å bli prega av den grusomme hendinga i Orlando for nokre dagar sidan. Ekstremt homohat og homofrykt eksisterer i enkelte fundamentalistiske miljø. Me er komne langt når det gjeld likestilling og likeverd i landet vårt, men homofili er framleis ulovleg i 75 land. Homokampen er framleis aktuell.

15. februar 2016

Biolesesirkel: Marco - ildsjel og forbilde av Erik Fossen

Årets fyrste biografilesesirkel hos Moshonista har sport som tema. Sidan eg er sportsidiot/-interessert skulle ein då tru at det finst rikeleg med stoff/bøker å ta av. Men det er ikkje det altså..
Eg vil gjerne lesa om folk, inkludert idrettsutøvarar, som faktisk har ei historie og noko viktig å fortelja. Å lesa solskinnshistoriar om supervellukka idrettsheltar er uinteressant for meg - og dei verkeleg gode biografiane om dei fargerike fotballpersonlegdomane Myggen, Zlatan og Lundekvam har eg lest tidlegare. Så kva - og kven - skulle eg velja?

Svaret kom ein dag då eg sjekka utvalet på eBokBib, der biletet av ein smilande Marco Elsafadi liksom lyste mot meg. På mange måtar er dette også ei solskinnshistorie, men med sin bakgrunn som flyktning og si erfaring som ungdomsarbeidar er likevel Elsafadi ein mann som det kan vera verdt å bli "kjend med".

Basketballsporten er eg egentleg ikkje så veldig interessert i, men Elsafadi har altså vore basketballspelar på toppnivå i fleire ulike klubbar i mange år og dessutan vore fast på landslaget. I 2006 vart han tildelt prisen som Årets forbilde under Idretts-gallaen - for sitt engasjement på og utanfor basketballbana.

Marco Elsafadi la opp toppidrettskarriera si kort tid før deltakinga i NRK-programmet Mesternes mester i 2014. Han hadde då ei tid vore "litt kjendis", men vart fyrst kjend for det breie publikum via denne serien. Den joviale og gjennomtrente Marco vann like godt heile greia - og vart enno meir populær enn før.
I dag jobbar Elsafadi som foredragshaldar og med ulike TV-prosjekt.

Familien Elsafadi er palestinarar. Vesle Marco kom til verda i flyktningleiren Beddawi utanfor Tripoli i Libanon i 1976, som yngst av fire søsken. Foreldra til Marco valde tidleg å flykta til Europa. Marco var baby då familien kom til det som då heitte Vest-Berlin. Tilværet i ein bydel med ghettopreg og vanskar med integrering gjorde at ferda etter nokre år gjekk vidare; til Noreg og småbyen Kragerø.
Det kan nemnast at Beddawi-leiren eksisterer framleis – og at Marco har slektningar frå Syria og andre ulike palestinske område som bur der - enno.

Marco fortel at å vera flyktningbarn ikkje alltid var enkelt, men oppveksten hans var fylt av aktivitetar og prega av nære familerelasjonar. Sjølv om faren var streng - og faktisk også tydde til fysiske avstraffelsar innimellom - var Marco og søskena hans aldri i tvil om at kjærleiken og omsorga også var til stades.
Familien Elsafadi kom hit til landet i 1987 - og på den tida var det nok på mange måtar enklare å få innpass enn i dag. I tillegg var dei så heldige at dei vart busette på ein forholdsvis liten plass. Folk i nabolaget var nysgjerrige, hyggelege og inkluderande. Foreldra synte arbeidsvilje og -evne og fekk jobbar. Borna fekk nye vener og leikekameratar og lærte språket fort. Heile familien vart raskt integrerte i det norske samfunnet, men samstundes tok dei vare på kulturen dei kom frå. Marco fortel at han møtte lite rasisme og framandfrykt i oppveksten.

Det var storebrødrene til Marco som introduserte basketballidretten - og Marco synte tidleg stor treningsiver og eit stort talent for sporten. Han vaks seg stor og sterk og vart raskt god - og det takla han dårleg. Han kjefta gjerne på medspelarane og øydela noko av spelegleda i laget. Dei vaksne måtte ta affære: Trenaren og faren tok for seg den talentfulle spelaren for å læra han verdien av lagspel; at samspel, lagmoral og kollektive prestasjonar er viktigast. Som vaksen set han pris på at han vart sett på plass på denne måten.

Desse verdiane tok han også med seg vidare i det som skulle bli eit langvarig og omfattande prosjekt; førebyggjande ungdomsarbeid. I engasjementet for vanskelegstilte barn og unge fann Marco eit meiningsfullt arbeid - som kunne kombinerast med eiga idrettskarriere. Han var med og stifta organisasjonen New Page i 2002, der det vart jobba med barn og unge med rusproblem, fritidsproblem, familieproblem og valdsproblem. Organisasjonen vaks seg stor og var i fleire år ein viktig støttespelar for barnevernet i fleire større byar. Stikkord for verksemda til New Page var t.d. nærleik, sjølvtillit, bevisstgjering, deltaking, samspel, dialog og meistring. Fokuset var på positivitet og mulegheiter. Det er ikkje tvil om at Marco og medarbeidarane hans - gjennom sitt alternative og tverrfaglege arbeid - berga mange unge som var i ferd med å "skli ut". Organisasjonen er no lagt ned; dei siste åra har kommunane brukt anbudsordninga når det gjeld barneverntenester - og New Page kunne ikkje konkurrera med andre og "billegare" aktørar på denne marknaden.

Biografien om Marco Elsafadi er ført i pennen av BT-journalisten Erik Fossen og for dei fleste av oss er dette ei heilt grei og lettlest bok om ein grei og hyggeleg mann.
Men obs! alle lærarar, barneidrettstrenarar, ungdomsklubbleiarar, barneverns-pedagogar, sosialarbeidarar og andre som jobbar med barn og unge: Her finn ein mange gode og viktige synspunkt og idear! Også politikarar med ansvar for prioritering og styring av pengebruk vil kunna ha stor nytte av boka.
Løp og les!

Nedanfor kan du sjå og høyra foredraget til Marco Elsafadi under velFERDkonferansen 2010. Sjølv om innslaget ikkje er så ferskt, kan det vera interessant å høyra at han snakkar om noko av det som er tema i biografien.

19. desember 2015

Biografilesesirkel: Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann

Årets siste biosirkelrunde har tema Damer med hatt. Eg hadde i denne samanhengen planar om å lesa Patti Smith sin sjølvbiografi Just kids, men fekk ikkje tak i boka på biblioteket til rett tid, så den lesinga er utsett til eit seinare høve.

Vel. Eg måtte snu meg rundt og finna ei anna hattedame - og enda med repriselesing av boka Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann. I fjor, då kongelege var tema i biosirkelen, (gjen)las eg Herrmann si bok om dronning Elizabeth I, noko som var svært vellukka. Så medan eg no "burde" ha vore travelt opptatt med rundvask, sølvpuss, stryking, innkjøp, baking og dilling - har eg i staden lege på sofaen og lest om Maria Stuart. Boka er omfattande, så det har teke si tid. Eg kunne ha skumma gjennom enkelte sider og avsnitt sidan eg har lest boka før, for mange år sidan - men eg fall ikkje for den freistinga, heller ikkje då fristen for lesesirkelrunden gjekk ut. Dette er nemleg svært underhaldande og interessant lesing.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Cappelen Damm 1988
499 sider
Kjelde: bokhylla.no

På omslaget kan ein sjå at Maria Stuart har på seg noko som liknar på ein hatt; det er i alle fall eit hovudplagg. Mest sannsynleg var dette høgste mote i royale kretsar den gongen på 1500-talet.

"Mi" dame med hatt er altså Maria Stuart (1542 - 87), dronning Maria I av Skottland, på engelsk ofte kalla Mary, Queen of Scots, som vart dronning seks dagar gammal og som enda sitt liv på skafottet 45 år seinare. Då hadde ho vore dronning Elizabeth I sin fange gjennom storparten av sitt vaksne liv.
På eit tidspunkt - då ho var 16-17 år gammal - var ho dronning i to land; Skottland og Frankrike - og ho kravde også ei tredje krone; den engelske. Det skulle bli fatalt. Ho tapte all makt, alle tre kronene - og sitt eige hovud. Alt dette handla naturlegvis om makt, politikk og religion.

På denne tida hende det ikkje sjeldan at små ungar vart konge eller dronning. Dei kongelege borna, i alle fall dei med arverett, vart brikker i eit storpolitisk spel. Dei vart difor gjerne gifta bort alt i spebarns- eller småbarnsalder. For å skapa alliansar vart det arrangert fornuftsekteskap på tvers av landegrenser - av slike maktpolitiske årsaker. Ein skal også hugsa på at dette var ei tid med sterk religionstrid, reformasjon og motreformasjon. Dronning Elizabeth var, som sin far Henrik VIII, protestant - skotske Maria var katolikk.

Far til Maria var kong James V av Skottland, mora heitte Marie de Guise; ho var franskfødd og adeleg. Richard Herrmann fortel at faren døydde av "melankoli" - han var truleg djupt deprimert etter enno eit nederlag for engelskmennene - og i tillegg fekk han altså "berre" ei dotter - så han sovna inn før Maria var ei veke gammal. Mora vart regent på vegne av den særs unge dronninga - og ho sørga for at dottera vaks opp i Frankrike; i det franske hoffet, saman med den franske tronfølgaren. Desse to borna - den skotske barnedronninga og den franske kronprinsen (dauphinen) - vart gifte med kvarandre - og vart fransk kongepar då dei var tenåringar. Men den stakkars ynkelege kongen (Frans II) døydde ikkje lenge etter giftarmålet. Maria vart enkedronning før ho fylte 18 og deretter forvist i eksil av svigermora. Ho drog tilbake til Skottland - fann seg eit par nye ektefeller og fekk eit barn - og starta, saman med sine støttespelarar, kampen mot den engelske slektningen sin; dronning Elizabeth I.

Maria Stuart hadde nemleg Tudor-blod i årene og såg på seg sjølv som rettmessig arving til den engelske trona. Den katolske kyrkja meinte at Elizabeth var eit resultat av eit utanomekteskapeleg forhold - og at Maria hadde større rett. Slike tankar og meiningar vart det bråk av, for å sei det mildt. Mektige krefter ville Maria til livs og dei to dronningane var fiendar til siste slutt. Dei skreiv likevel overhøflege brev til kvarandre - visstnok på fransk, der dei kalla kvarandre "kjære syster" - men dei møtte aldri kvarandre, ansikt til ansikt. Sjølve maktkampen var det dronning Elizabeth som "vann" i og med at Maria vart sikta for forræderi, sat i fangenskap i nitten år - og til slutt dømt til døden.

Valgspråket til Maria Stuart var "In the End is my Beginning" - og dette stemte utruleg bra for hennar del. For det var etter at Maria var død at Stuart'ane fekk makta i England. Hennar einaste barn, frå hennar andre av tre ekteskap, vart kong James I av England (i tillegg til kong James VI av Skottland) etter at dronning Elizabeth I døydde ugift og barnlaus i 1603. Dette vart starten på den vel hundre år lange Stuart-perioden - ei tid då det engelske samfunnet utvikla seg veldig både kulturelt, industrielt og politisk - men òg ei uroleg tid med blodig borgarkrig.

Richard Herrmann fortel om alt dette - og mykje, mykje meir. Han skildrar Maria Stuart, hennar liv, hennar slekt og tida dei levde i på ein kunnskapsrik, levande og elegant måte.
Ein skulle ønska at det fantest fleire slike formidlarar av tidlegare tiders hendingar; då hadde historiefaget vorte ein favoritt hos mange fleire. Herrmann gjer historia tilgjengeleg for "folk flest". Her er finurlege forklaringar, pussige anekdotar og detaljerte skildringar - og i tillegg har forfattaren overblikk og viser lesaren dei store historiske linjene.

Har du ikkje lest Richard Herrmann sine historiske biografiar? Då har du gått glipp av mykje kunnskap og underhaldning!

15. oktober 2015

Biografilesesirkel: De fire store av Ragnar Kvam

Gyldendal 2007 (1. utgåve 2000)
235 sider
Lånt på biblioteket

Ny runde i biolesesirkelen. Tema eventyrarar. Enno ei bok av Ragnar Kvam, den fjerde i år.
Eg har verkeleg fått sans for biografen Kvam etter å ha lest om Hjalmar Johansen, Knud Bull og Thor Heyerdahl. Spesielt likte eg å lesa om Den tredje mann - så denne gongen har eg atter retta fokus mot dei arktiske og antarktiske strøk og dei barskaste av dei barske, nemleg dei gamle polarfararane.

De fire store med undertittel "og hvordan de ledet sine menn" handlar om polarpionerane Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton, om deira personlegdomar og leiaregenskapar, og om deira sigrar og nederlag. Desse fire sette seg verkeleg store mål i livet. Dei hadde ambisjonar, eventyrlyst, mot og pågangsmot. Men var dei gode leiarar?
Ikkje så veldig, etter det ein kan lesa i denne boka. Dei hadde nok meir fokus på breddegrader, rekordar, heder og ære enn på mannskapet dei hadde med seg på ekspedisjonane sine.

Dette er ingen biografi i tradisjonell forstand, men meir ei samling biografiske og dokumentariske forteljingar.

Roald Amundsen, 1872 - 1928, norsk nasjonalhelt, polarfarar og oppdagar. Fann Nordvestpassasjen i 1903 og leia den fyrste ekspedisjonen som nådde Sydpolen i 1911. Amundsen hadde studert og lært av inuitane sitt levesett og nådde måla sine takka vere god og detaljert planlegging, riktig proviant og utstyr, bruk av hundar og ski - og ikkje minst; dyktig mannskap. Leiaregenskapane hans kan likevel i høgste grad diskuterast, jf det som hende med Hjalmar Johansen. Amundsen kravde absolutt lojalitet frå mennene sine. All opposisjon eller snev av kritikk vart sett på som illojalitet.

Fridtjof Nansen, 1861 - 1930, norsk nasjonalhelt, fredsprisvinnar, diplomat, polfarar og oppdagar. Gjekk på ski over Grønland i 1888 og leia Fram-ekspedisjonen 1893 - 96. Nansen var ein god planleggar, ein taktikar og hadde store visjonar - men Kvam set spørsmålstegn ved leiarskapet hans då han på Nordpol-ekspedisjonen berre tok med seg før nemnde Johansen og etterlot resten av mannskapet i polisen, fleire hundre kilometer frå land. Kvam nemner fleire hendingar som gjer at "glorien" over både Nansen og Amundsen bleiknar noko.

Robert F. Scott, 1868 - 1912, britisk polarforskar, var mannen som i ettertid er blitt kjend som den som tapte kappløpet til Sydpolen mot Roald Amundsen. I tillegg til kulde og dårleg ver, var det dårleg planlegging, dårleg organisering og dårleg leiarskap som gjorde at den siste ekspedisjonen hans fekk så tragisk utgang. Mannskapa i dei britiske polarekspedisjonane hadde tradisjon for å trekke sledane sjølve og ikkje overlata denne jobben til hundar. Dei avviste metodane og livsstilen til polarfolk og inuitar; "De betraktet seg som siviliserte mennesker, og det ville være under deres verdighet om de i tillegg til slit og savn også skulle leve som villmenn", fortel Kvam i boka. For Scott og mannskapet hans vart denne haldninga fatal.

Ernest Shackleton, 1874 - 1922, irsk polarforskar, deltakar i Robert Scotts fyrste ekspedisjon i Antarktis i 1901, men etter konflikt med Scott og dårleg helse vart han send heim. Seinare var han leiar for fleire ekspedisjonar i Antarktis. Kvam fortel at Shackleton var dristig og full av pågangsmot - og heller dårleg på planlegging. Men han hadde jamnt godt humør og handsama mannskapa sine rettferdig, respektfullt og med omsorg - samstundes som han var the Boss og tok ansvar. Trass i vanskar og nederlag ga han aldri opp. Etter at Roald Amundsen hadde "erobra" Sydpolen, vart det neste store målet i Antarktis å kryssa kontinentet. Dette var bakgrunnen for Shackletons Endurance-ekspedisjon. Sjølv om målet ikkje vart nådd, er historia om forliset og den påfølgjande vanvittige redningsaksjonen i Sørishavet heilt utruleg å lesa om.
Øvst til venstre Amundsen, til høgre Nansen
Nedst til venstre Shackleton, til høgre Scott

De fire store handlar om fire ulike og unike personar som reiste på ekstremt tøffe turar under heilt ekstreme tilhøve. Eg tykkjer det har vore interessant lesing på mange måtar - og det er klart; eg er vel sær som er så fascinert av polarhistorie. Men i denne boka handlar det også mykje om det psykologiske og det mellommenneskelege - og dette er forfattaren spesielt god på å skildra. Det er også gjort eit godt og grundig arbeid når det gjeld kjelder og research. Ragnar Kvam fortel om polarpionerane og om kjende og ukjende ekspedisjonar med innsikt og innleving.

Ingen av dei fire vart særleg gamle: Scott var 44 år då han omkom på returen frå Sydpolen. Shackleton var 47 då han døydde av hjerteinfarkt under eit opphald på Sør-Georgia. Amundsen vart 55, han omkom i samband med ein redningsaksjon i Barentshavet. Nansen vart politikar og diplomat etter at han la polarlivet bak seg og vart 68 år.
I tillegg til dei fire hovudpersonane, får ein kjennskap til andre interessante skikkelsar som hadde ei viktig rolle i polarhistoria; Scotts unge altmuligmann Henry "Birdie" Bowers - trufast til døden, Shackletons høgre hand Frank Wild, Nansens nestleiar og Fram-skipper Otto Sverdrup - og Hjalmar Johansen. For å nemna nokre få.

Eg skulle ønska at boka hadde hatt meir bilete og fleire kart, men har googla og lest litt på ulike nettsider, særleg frammuseum.no, jamescairdsociety.com og scottslastexpedition.org. Det finst også mykje materiale, filmar og bilete på Youtube.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Apropos eventyrarar:

Forfattaren har sjølv kjent på eventyrlyst og reisetrang - og har god kjennskap til dette med å vera i ukjende område og landskap, å kjenna på det usikre og å vera på reise over lang tid. Han kjenner til kor viktig det er å vera godt utrusta, også mentalt.
Etter å ha jobba som politisk reporter i Dagbladet på 1970- og 80-talet, selde han alt han eigde, kjøpte båt og la ut på havet. Eit alternativt lesestoff for denne biorunden kunne difor ha vore hans eigne reiseskildringar frå jordomseglingane. Også ektefellen hans, NRK-journalist Sissel Wold, må karakteriserast som litt av ein eventyrar. Ho har m.a. vore i ganske hardt ver som Midtausten-korrespondent. Ho traff Ragnar Kvam i sitt eige radioprogram: han inviterte henne med på segltur til Sør-Kina-havet etter programmet - og ho slo til på tilbodet. Undervegs på reisa vart dei eit par.
Reine eventyret, det også!

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Har du lyst til å lesa om fleire eventyrlege eventyrarar; ta ein tur innom Moshonista-bloggen!
Eg er så glad for at fleire av mine medbiolesarar no har "oppdaga" Ragnar Kvam (Anita), Hjalmar Johansen (Gro), Ernest Shackleton (Ingalill) og Thor Heyerdahl (Anita igjen).

18. august 2015

Biolesesirkel: Gutten til Gustav av Leif GW Persson

Schibsted forlag 2013
375 sider
Originaltittel: Gustavs grabb
Kjelde: Papirbok lånt på biblioteket

Forfattarar er tema for Moshonista sin biolesesirkel i august. Valet mitt sto mellom Claire Tomalins Charles Dickens-biografi (som eg faktisk vann av den same Moshonista i samband med ein annan biosirkelrunde) og Leif GW Persson sin sjølvbiografi Gutten til Gustav. Det vart til at eg las sistnemnde denne gongen - og Dickens vert utsett til eit seinare høve.

Og lat meg berre slå fast med ein gong: Dette er ein ualminneleg lesverdig, interessant og - så langt eg kan bedømma - ærleg sjølvbiografi. At Leif GW Persson kan skriva visste eg på førehand - eg har lest dei fleste kriminalromanane hans - men at han skulle by på seg sjølv på denne måten, i historia om sitt eige liv - ja, det var overraskande - og positivt.

Her i landet er GW Persson mest kjend som forfattar, men i heimlandet er han nok fyrst og fremst eit populært TV-tryne; "krimorakel" og "kjendispolitiprofessor". Gutten til Gustav er, etter det forfattaren sjølv seier, ein sjølvbiografisk roman. Han strekar fleire gonger under at det er ikkje sikkert at alt han skriv er sant, men at dette er historia hans - slik han hugsar det.

Boka har undertittelen Fortellingen om en klassereise - og det er ei ganske formidabel reise Leif Gustav Willy Persson har gjort. Vesle Leif vaks opp i ganske enkle kår i Stockholm; eit arbeiderbarn som via eit middelklassemiljø vart professor og rikskjendis - og rik og berømt. Faren var anleggsarbeidar og mora jobba med reinhald og var "hemmafru" - men ho var stadig "sjuk". Gjennom heile boka føler ein den sterke kjærleiken forfattaren har til far sin - og på den andre sida; det mildt sagt kompliserte forholdet til mora. Då pappa Gustav vart utsett for ei arbeidsulukke medan sonen var i tenåra, vart tryggleiken i livet brått borte.

                                     Pappa Gustav                                                         Gustavs grabb

Leif GW Persson fortel på ein fascinerande måte om barndom, oppvekst og skuletid og om korleis han vart den personen han vart. Samstundes gir han eit godt tidsbilete av det svenske samfunnet på 1950 og -60-talet. Det er den delen av boka eg likar best, men det er også interessant å lesa om arbeidet hans som kriminolog, professor, sakkyndig og etter kvart; forfattar. Han var og er ein kontroversiell mann. Han er i denne boka også brutalt ærleg med personlege forhold som alkoholmisbruk, utruskap og periodar med angst og depresjon. Persson er i dag gift for tredje gong, har fire barn, to bonusbarn og fleire barnebarn.

Gutten til Gustav er ei skikkeleg god bok som eg anbefalar varmt!

I samband med at denne sjølvbiografien kom ut, stilte forfattaren opp til eit intervju som du kan sjå og høyra her.

Fleire forfattarbiografiar kan du finna på bloggen til Ingalill her.

19. juni 2015

Biolesesirkel: Thor Heyerdahl - Mannen og havet av Ragnar Kvam

Gyldendal 2005
456 sider


Dersom det finst ein person som fortener ein biografi i heile tre bind, må det vera Thor Heyerdahl. Verdens mest kjende nordmann gjennom tidene. Eventyrar, etnograf, arkeolog, antropolog, miljøforkjempar, forfattar - og vitenskapsmann.

Eg har lest fyrste bind av Ragnar Kvam jr. sin biografi; Mannen og havet i samband med Moshonistas biografilesesirkel. Temaet denne gongen er "vitenskap" - og sidan eg likte så godt både Den tredje mann (Om Hjalmar Johansen) og Straffen (Om Knud Bull) av same forfattar, fann eg ut at eg like godt kunne halda meg til same biograf.

Men eg sleit litt med Kvam og Heyerdahl, skuffande nok. Kanskje var innhaldet og hovudpersonen for kjent på førehand? Kanskje har forfattaren gått litt vel grundig og detaljert til verks? Kanskje var det meg?

Vel - sjølv om det altså gjekk litt tregt og seigt (eg er fire dagar "for sein"); dette er så absolutt ein bra biografi. Boka er velskriven, illustrert med bilete, teikningar og kart, oversiktleg komponert og med gode skildringar av folk, stader og hendingar. Og det er den berømte, dristige og dramatiske Kon Tiki-ekspedisjonen som både startar og avsluttar boka.

Heime i barndomsheimen min hadde me Thor Heyerdahl si bok om Påskeøya-ekspedisjonen; Aku-Aku, Påskeøyas hemmelighet. Då eg var ein jentunge bladde og las eg i den boka mange, mange gonger - så eg har på ein måte vore fascinert av Heyerdahl i lang tid. Desse kjempedigre gamle statuane på Påskeøya var mystiske og spennande. Eg er også så gammal at eg hugsar godt Ra-ferdene og Tigris-ekspedisjonen.

Å lesa om barndommen og oppveksten til Thor Heyerdahl var interessant. Han vart fødd i Larvik i 1914 der han vaks opp i ein (beste)borgerleg heim. Som barn var han overbeskytta, bortskjemt og engsteleg, - ein einsam og skuleflink lesehest. Han var ganske sikkert prega av motsetnadene og kulden mellom foreldra sine. Mora og faren levde i eit merkeleg og kjenslekaldt ekteskap og sto for heilt forskjellige livssyn. Faren Thor senior var religiøs og lærte sonen fadervår - medan mora Alison var ateist og lærte han Darwins evolusjonslære. Det vert fortalt at Thor junior alt som smågut laga fantasifulle teikningar av sydhavsøyar og bestemte seg for å bli "oppdagelsesreisende" når han vart stor.

Etter fullført artium starta Thor opp med zoologi-, biologi- og geografistudiar ved Universitetet i Oslo. Thor fann seg ikkje heilt til rette på universitetet. Han mislikte å bli sett i bås, - han tenkte meir heilskapleg og ønskte at dei ulike faga kunne samarbeida meir. Men - han møter her fleire personar som skal bli viktige for han, mellom dei Norges fyrste kvinnelege professor Kristine Bonnevie (som du lesa meir om hos Groskro's verden). Ho inspirerte unge Heyerdahl til den fyrste reisa/ekspedisjonen til Polynesia. Han møter også studenten Liv Coucheron Torp - og fyrste gong dei møter kvarandre spør Thor henne om ho vil bli med han til ein plass utanfor sivilisasjonen. Ho svarar ja med ein gong. Dei gifter seg julafta 1936 og dagen etter dreg dei ut på ei lang reise.

Ragnar Kvam jr. brukar mykje plass i boka til den fyrste sydhavsekspedisjonen - fordi dette var så viktig for det seinare livet og virket hans. Den fyrste ekspedisjonen gjekk til øya Fatuhiva i Stillehavet i perioden 1937-38. Dei to nygifte har som mål med reisa å leva heilt i pakt med naturen - men heilt slik skal det ikkje gå. Dei finn seg ikkje til rette i paradiset; det viser seg å vera vanskeleg å leva som naturmenneske. Dei er ikkje førebudde på møtet med troperegn, sjukdom og fiendtleg innstilte "innfødde" - og returnerer til gamlelandet etter eitt år.

Verandalesing

Det som slår meg når eg les om Thor Heyerdahl er kor sta han var, kor egoistisk han var, kor nysgjerrig han var og kor naiv han var. Kvam får godt fram både desse og andre eigenskapar i boka. Forfattaren stiller m.a. spørsmål om Heyerdahl sine fordommar. Han var på den eine sida open og forekommande til andre kulturar, men i personlege brev frå tida for Fatuhiva-opphaldet viser han fram ei nesten rasistisk side.

Under opphaldet på Fatuhiva oppdaga Heyerdahl mykje som kunne tyda på at dei polynesiske øyane var blitt befolka frå aust (altså frå Amerika) og ikkje frå vest (frå Asia). Han fann både kulturelle, biologiske, lingvistiske, etnologiske og metereologiske teikn på dette. Gjennom seinare ekspedisjonar freista Heyerdahl som kjent å finna prov på dette. Heyerdahl hadde mesteparten av vitenskapen mot seg i teoriane sine - men han gjekk sin eigen veg. I boka vert det fortalt om dei mange praktiske og økonomiske utfordringane Heyerdahl og støttespelarane hans måtte gjennom før KonTiki-ekspedisjonen faktisk vart noko av. Men ferda vart, som me alle veit, vellukka - og Thor Heyerdahl vart med det verdenskjend.

I biografien vert det også fortalt om Heyerdahl sin innsats under krigen, om familien og ekteskapet - men fyrst og fremst handlar det om mannen som "tenkte store tankar"; som la ut på nye tokt, nye reiser og nye utgravingar heile livet - med minimal støtte frå etablerte fag-/forskingsmiljø. Mykje tyder i dag på at han tok feil i ein del av teoriane sine - men han hadde også rett i ein del.

Om eg kjem til å lesa dei to siste binda i biografitrilogien? Kanskje. Seinare ein gong. Eg er ikkje såå interessert i Thor Heyerdahl heller - og eg veit jo "korleis det går". Som sagt innleiingsvis er dette nokså omstendeleg lesing, så eg trur eg satsar på å berre bla litt i dei to andre bøkene.
Terningkast? Eg blir ikkje heilt enig med meg sjølv denne gongen og vaklar mellom ein sterk trear og ein svak firar. Ei midt på treet-leseoppleving, med andre ord.

Har du lyst til å lesa om eit variert utval vitenskapar, vitenskapsmenn og -kvinner?
Klikk deg inn i biografisirkelen!

15. april 2015

Biografilesesirkel: Straffen av Ragnar Kvam jr.

Tema for årets andre biolesesirkel hos Ingalill/Moshonista er Forbrytelser og straff - eit tema som ein skulle tru passa bra for min kriminelle lesesmak. Eg ser fram til å lesa blogginnlegg om meir eller mindre skumle forbrytarar og meir eller mindre barbariske straffemetodar.

I forrige runde, då det handla om Herrer med bart, las eg (heilt tilfeldig; boka vart vald ut på måfå) Den tredje mannhistoria om Hjalmar Johansen - og fekk då sans for Ragnar Kvam jr. sin skrivestil og evne til å formidla historiske hendingar og menneskelege lagnader.

Så eg hadde verkeleg flaks då eg fann Straffen av same forfattar i den lokale bokhandelen for nokre veker sidan. Der hadde nok boka lege og samla støv sidan ho vart utgitt i 1999; ho hadde fleire raude prislappar på og smussomslaget var blitt nokså slitt. Eg kjøpte boka for 20 kroner.

Straffen handlar om Knud Geelmuyden Bull (1811-89) - bror til den verdenskjende fiolinisten og komponisten Ole Bull. Knud var i likskap med broren utstyrt med kunstneriske evner; han synte alt i ung alder talent for teikning og måling. Då han var 15 år var han elev hos den store kunstnaren J. C. Dahl, men han lukkast ikkje heilt i å skapa seg ein karriere som kunstmålar. Han var på farten rundt i Europa og fekk sannsynlegvis etter kvart økonomiske problem. Den kreative Knud freistar å finna ei løysing på dette - men det går galt.

I desember 1845, i Central Criminal Court i London, vart Knud og kompanjongen Peter Schmidt, også han norsk, dømt "til transport for ein periode på 14 år" - dvs. deportasjon til straffekolonien Australia. Dei to vart dømde for falskmyntneri, og ein kan jo stussa på den umenneskelege strenge straffen dei vart idømde. Men brotsverket var ganske grovt og både norske og britiske styresmakter slo hardt ned på det. Bull og Schmidt lukkast berre nesten i å forfalska ein 100-dalarseddel (ein norsk spesidaler), men hadde skaffa seg utstyr og papir til å trykka omlag 2000 sedlar - tilsvarande ein femtedel av det norske statsbudsjettet i 1845. Så langt kom ikkje dei to - gravøren dei engasjerte tipsa politiet og dei to vart tatt før dei var skikkeleg i gang med forfalskinga.

Eit halvt år etter at Knud Bull mottok dommen, vart han stua saman med eit par hundre andre fangar på fangeskipet "John Calvin". Forfattaren brukar store deler av boka til å fortelja om denne reisa til Australia. Ombord var det skrekkelege og mildt sagt kummerlege forhold. Tenk deg alle desse fangane; i lenker, sjøsjuke, brennande tropesol, tyfus-utbrot, dårleg hygiene, lite mat...
Overfarten varte i 4 månader og i løpet av den tida fekk Knud Bull visse privilegiar. Skipslegen ombord var kunstinteressert og gav nordmannen målarsaker.

Fyrst havna Knud i den brutale straffekolonien Norfolk Island, ei lita øy mellom Austalia og New Zealand, - deretter vert han overflytta til ein annan og noko opnare straffekoloni på Tasmania. Her fekk han også høve til å måla. Takka vere sine kunstneriske evner og ein byråkratisk tabbe vart han ein "fri" mann alt i 1853. Han gifta seg med ei engelsk straffedømd kvinne og fekk fem barn med henne. Han livnærte seg som kunstmålar, teiknelærar og elles forefallande arbeid. Familien busette seg i Hobart, Tasmania, og flytta seinare til Sydney, Australia.

Ole Bull, felespelaren, hadde kontakt med bror sin og freista å få han til å flytta til USA då Ole grunnla nybyggjarkolonien Oleana i Pennsylvania, men Knud valde å bli verande i Australia. Han vende heller aldri heim til Noreg og døydde i Sydney i 1889.

"View of Hobart Town" - måleri av Knud G. Bull,
henta frå 
commons.wikimedia.org
Straffen er ei interessant, illustrert og lettlest bok på berre 187 sider; midt i blinken for ein biografilesesirkeldeltakar med (altfor) mange bøker på gang og på vent. Ragnar Kvam jr. fortel historia om Knud Bull med psykologisk innsikt og innleving, og eg fann det interessant å lesa om denne for meg heilt ukjende mannen, "det sorte fåret" i ein fin Bergensfamilie.

Interessant var det også å lesa om straffemetoden transportering eller deportasjon. Storbrittania sende (grunna fattigdom, aukande kriminalitet og overfylte fengsel) sine forbrytarar til andre deler av Det britiske imperiet: Til Nord-Amerika fram til slutten av 1700-talet - og til Australia fram til 1868 då det endeleg vart slutt på deportasjonane. Frankrike nytta heilt fram til 1946 Fransk Guyana i Sør-Amerika som straffekoloni. Alle som har lest Papillon av Henri Charrière kjenner godt til den berykta Djeveløya som høyrde til denne franske straffekolonien.

Ragnar Kvam jr. har fortalt at han "oppdaga" Knud Bull og lagnaden hans i samband med eit besøk i Hobart då han var på leit etter stoff om Hjalmar Johansen, Den tredje mann.
Forfattaren er elles mest kjend for trebinds-biografien om Thor Heyerdahl. Hittil har eg ikkje hatt så lyst til å ta til på det verket - heile tre bind om ein einaste mann liksom? - men eg vurderer no faktisk å prøva meg på den fyrste boka. Ragnar Kvam jr. er nemleg ein - om ikkje eineståande - så i alle fall ein god forteljar.