Viser innlegg med etiketten biolesesirkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biolesesirkel. Vis alle innlegg

19. juni 2019

Biolesesirkel: Familien Kim og familien Northug

I juni er Family tema i Moshonistas biolesesirkel. Eg har lest éin biografi denne månaden som er klart innafor kategori og ein annan som med litt velvilje er innafor. Begge er henta i Storytel og begge er glimrande opplest.
Elles kan ikkje bøkene samanliknast - og hovudpersonane - Kim Jong-Un og Petter Northug - har absolutt ingenting felles, det eg veit. Eg vart ikkje spesielt imponert over nokon av biografiane og har gitt dei terningkast 3. Eg skal grunngi dette nærare nedanfor.

Kim Jong-Un av Sun Heidi Sæbø

Cappelen Damm 2018
Speletid: 11:46
Lydbok Storytel


Det handlar om Nord-Korea og tre generasjonar med diktatorar; Kim Il-Sung, Kim Jong-Il og Kim Jong-Un. Det handlar om heilt spesielle samfunnsstrukturar, om ein allmektig familie som har levd i ekstrem luksus og om ein befolkning som har blitt svelta, tyrannisert, undertrykt og kontrollert i fleire tiår. Og som likevel elskar sin "store leder". Det er vanskeleg å forstå med våre demokratiske auge. Dei strenge sanksjonane som det internasjonale samfunnet har innført har hatt liten effekt; Nord-Korea har stadig store eksportinntekter. Dette er noko av det som blir problematisert i denne boka.

Landet er ekstremt lukka og forfattaren har brukt kjelder som nordkoreanske avhopparar og sørkoreansk etterretning. I tillegg har ho hatt tilgang til store mengder anna informasjon - og eg har ei kjensle av at ho ikkje har gjort nok ut av det materialet ho har hatt til rådvelde. Boka er altfor lang fordi forfattaren ikkje har klart å systematisera innhaldet på ein lesarvenleg måte. Her burde forlag og redaktør teke meir ansvar.

Historia om familiedynastiet Kim er både tragisk, komisk, bisarr og utruleg - og er slik sett eit eineståande gunnlag for ein familiebiografi. Men dessverre: Biografien om Kim Jong-Un og Kim-familien vart veldig rotete.

På pluss-sida: Tidlegare NRK-nyheitsanker Christian Borch som les lydboka på ein stødig og tydeleg måte.


Northug - Min historie av Petter Northug og Jonas Forsang

Pilar 2018
Speletid: 4:34
Lydbok Storytel

Han er ikkje så gamle karen, Petter Northug (fødd 1986), men det finst alt fleire biografiar om han. Dette er sjølvbiografien hans, fortalt av han sjølv og ført i pennen av journalisten og forleggaren Jonas Forsang.

Historia til Petter Northug er ein typisk journalistbiografi. Litt oppramsande, litt gjentakande og litt overfladisk. Men heller ikkje direkte uinteressant, for Northug har vore eit friskt pust i langrennsmiljøet og i sladrepressa i mange år. Petter har gitt oss (dvs. TV-publikum) god underhaldning med utrulege idrettsprestasjonar og friske uttalelsar som "Barneskirenn!" og "Kæm e kongen?" Familien har alltid betydd mykje for han, og det vert det gitt fleire eksempel på i boka.

Petter Northug var ein talentfull, særs seriøs og målbevisst idrettsutøvar, men eg har alltid tykt at han har vore litt "enkel". Det vert egentleg stadfesta av han sjølv i denne boka, for han påstår faktisk at han vart helbreda av Snåsamannen framfor ski-VM i Oslo i 2011. Oppegåande folk skjønnar jo at det ikkje var denne Joralf som gjorde han frisk. Her snakkar me om placeboeffekt og psykologi.

Om det elles kjem fram noko nytt i denne boka? Nei, det meste er kjent gjennom media frå tidlegare; både "fiendskapet" med svenskane, den berømte fyllekøyringa i 2014, det nemnde besøket hos Snåsamannen og affæren med Aylar Lie. Sistnemnde har i ettertid saksøkt forlaget for brot på "privatlivets fred". Ho tapte saka, men har anka.

På pluss-sida: At boka er så kort og at ho er godt opplest - på trønderdialekt - av Paul Ottar Haga.

28. april 2019

Biolesesirkel: Odd Børretzen - Barndom

Cappelen Damm 2004
Speletid 4:42
Lydbok Storytel

Lydboka Barndom består av to små bøker; Min barndoms verden og Kristian Kvart og jeg, fyrste gong utgitt i hhv 1997 og 1998. Det var både hyggeleg og nostalgisk å høyra forfattaren sjølv lesa. Børretzen hadde ein heilt spesiell stil som kjem tydlegast fram når ein lyttar til stemma hans.

Dette blir ein svært kort omtale av to korte, men gode bøker. Det er ikkje så lett å få formidla kor fine dei er. Men altså - har du Storytel-abonnement - last ned Barndom og få ei humrande god leseoppleving!

Eg har høyrt boka i samband med Moshonista sin biolesesirkel, som denne månaden har tema Funny. Barndom er ikkje "funny" i tydinga latter og gapskratt, men det er absolutt ei underfundig og humoristisk bok, med skråblikk og naivt undrande betraktningar. Boka er heller ingen sjølvbiografi i tradisjonell forstand, men ei erindringsbok der ein får eit innblikk i ein avgrensa del av livet til forfattaren, samt nokre gode tidsbilete frå ei svunnen tid.

I Min barndoms verden fortel Børretzen om tidlege barndomsminner frå oppveksten på Grorud i Oslo. "Barndommens verden" er ikkje så stor for nokon av oss, og det var den heller ikkje for vesle Odd. Han var ein tenksam og litt engsteleg liten gut, full av fantasi og spørsmål. Børretzen var fødd i 1926, så han vaks opp i "dei harde tredveåra". Han og familien leid inga naud, men ein kan heller ikkje sei at han hadde noko priviligert oppvekst.

I Kristian Kvart og jeg fortel Odd Børretzen om ungdomstid og pubertet. Han fortel om krigen og om ein ny kvardag der alt var farleg, om knappheit på materielle ting, men der fantasien blomstra. Og aller mest opptatt var den unge Odd av damer. Han var (som dei fleste pubertetsgutar, vil eg tru) veldig opptatt av det andre kjønn, men var samstudes så sjenert og redd at han lenge måtte nøya seg med å sjå på og fantasera om damene.

Odd Børretzen hadde ein unik formidlingsevne, han kunne vera både treffande, reflekterande og herleg sjølvironisk.
Børretzen døydde i 2012, nær 86 år gammal. Han fekk eit langt og innhaldsrikt liv og heldt konsertar, ga ut bøker og spelte inn plater til nesten siste stund.

 Søndag er "smakebit-dag" på bloggen Flukten fra virkeligheten. Her er ein liten smakebit frå Min barndoms verden:


16. februar 2019

Biolesesirkel: Anders Heger om Thorbjørn Egner

Cappelen Damm 2012
Speletid: 14:18
Lydbok Storytel


Då eg vaks opp i oldtida på 1960-talet hadde me ikkje fjernsyn (!) så eg høyrde ofte på Barnetimen for de minste på radioen. På den tida kunne ein høyra Alf Prøysen som sang om sparegrisen sin og Anne Cath. Vestly som fortalde om Ole Aleksander Filibom-bom-bom. Samt Thorbjørn Egner og den koselege stemma hans - som det skal handla om her. Då eg gjekk i småskulen var det Egner sine lesebøker som var i bruk. Me las om Ola-Ola Heia og om familien Grønn i Humlegata.

Eg las om Karius og Baktus og om hendingar i Kardemommebyen og Hakkebakkeskogen til ungane mine då dei var små. No for tida kosar eg meg når eg les i dei same bøkene - for barnebarnet mitt. Barnebøkene til Thorbjørn Egner lever: Stadig nye generasjonar får glede av den barnekulturen han skapte - og den vert stadig vidareutvikla.

Thorbjørn Egner (1912-1990) sine bøker er blitt oversette til fleire språk og selde i store opplag. Av prisar han vart tildelt kan nemnast St. Olavs Orden, Oslo bys kulturpris, Peer Gynt-prisen, Bokkunstprisen og Spellemannprisen. Biografen Anders Heger (f. 1956) er forfattar, spaltist, samfunnsdebattant og tidlegare forlagsdirektør. Han mottok Brageprisen for biografien om Agnar Mykle i 1999.

I Anders Heger sin biografi om Thorbjørn Egner får me vita mykje om forfattaren, gjendiktaren, reklamemannen, biletkunstnaren, dramatikaren, visesangaren, komponisten, radiostemma og familiemannen. Han var ein multikunstnar og eit arbeidsjern som foretok ei forholdsvis stor klassereise; frå Kampen til Ekely. Heger held fram Egner si rolle som nasjonsbyggar og dreg parallellane til Einar Gerhardsen. "Alle skal med" er eit slagord me kjenner frå arbeidarrørsla - og det er ein filosofi som er gjeldande både i Hakkebakkeskogen og i Kardemomme By. Kardemommeloven "Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill – og for øvrig kan man gjøre som man vil" kan sjåast på som enkel og naiv, men det handlar djupast sett om toleranse og samhald, om å ta omsyn til andre og å ha respekt for kvarandre. På den andre sida: Enkelte tekstar av Egner har gått ut på dato. "Visa om vesle Hoa" er, sett meg dagens auge; upassande, rasistisk og politisk ukorrekt.

Egner var ein perfeksjonist og det som me i dag kallar ein kontrollfreak. Han hadde eit mildt vesen, eit blidt smil og ei roleg framferd - men samstundes eit sterkt kontrollbehov og behov for detaljstyring.

Alle kjenner Klatremus, Morten Skogmus, Bamsefar og Brumlemann. Alle har eit forhold til Kasper, Jesper og Jonathan, politimester Bastian og Tante Sofie. Kvar henta Egner ideane sine frå? Korleis fekk han tid til alt når han skulle ta hand om alt sjølv? Anders Heger sin biografi gir svar på dette - og meir til. Forfattaren har hatt tilgang til dokumentasjon og dessutan hatt familien sitt arkiv til rådvelde i samband med skrivinga. Heger skriv egentleg bra, men som så ofte elles når det gjeld biografiar; det er for oppramsande og vert for omfattande. Biografien om Thorbjørn Egner er interessant - men ikkje interessant nok.

Dersom du klikkar deg inn i Moshonista sin blogg kan du lesa om andre forfattarbiografiar.

17. desember 2018

Biolesesirkel: Alt fra Hulken av Bernt Hulsker

Forlaget Nord 2018
182 sider
eBokBib


I dag er Bernt Nikolai Hulsker mest kjent som fast deltakar i VGTV sitt magasin Foppall og den tilhøyrande podcasten. Her får han utfalda seg med engasjement, friske uttalelsar og sleivspark oppover og nedover og hit og dit.

Som aktiv fotballspelar var han også ein friskus. I ungdommen spelte han på fleire ulike lokalklubbar før han vart oppdaga og kjøpt av Molde i 1999. Seinare spelte han for Vålerenga, AIK, Start og til sist var han utlånt til Stabæk. Etter 2010-sesongen la han opp.

Hulsker har skjønt det. Fotball er fyrst og fremst underhaldning. Skal du nå ut til publikum må du by på deg sjølv, i alle fall til ein viss grad. I denne sjølvbiografien fortel Hulsker mange artige historiar frå oppveksten og om ymse hendingar på og utanfor fotballbana. Nokre episodar er utvilsamt pynta på medan andre virkar å vera ganske sanne. Alt om Hulken er ingen djup biografi og heller ikkje noko strålande litterært verk, men som underhaldningsbiografi er boka meir enn OK lesing. Eg har humra og flira meg gjennom dei 182 sidene og landar på terningkast 4. Av og til er det godt å lesa ei bok der ein ikkje treng å tenkja; berre lena seg tilbake og la seg underhalda.

Tema for desemberutgåva av Moshonista sin biolesesirkel er Gretne Gamle Gubber og valet av denne biografien treng difor ein forklaring: Bernt Hulsker er slett ikkje nokon gammal mann (fødd i 1977), men han er i alle fall fotballpensjonist. Han er dessutan smilande og blid på coverbiletet, så difor eit anna bilete der han ser meir gretten ut:

Her har Bernt Hulsker fått raudt kort av dommar Tommy Skjerven.
Han er visst ikkje heilt enig, for å sei det slik.

Foto: Schrøder, Tor Erik/SCANPIX

17. august 2018

Biolesesirkel: David Vogt om Carsten Borchgrevink

Underteikna fekk den store æra av å bestemma tema for augustrunden av Moshonistas biolesesirkel. Sidan eg har ei sær(leg) interesse for tidlegare tiders polferder og polfararar - og i tillegg har lest fleire interessante polfararbio'ar i samband med biosirkelen - brukte eg ikkje lang tid på å velja tema. For å utvida kategorien og muligens då gjera det lettare for andre biolesedeltakarar vart kategorien utvida til også å gjelda andre villmarksfararar. Eller som Ingalill kallar det; Polfar-ing og Villmark-ing. 

"Min mann" i denne runden er polarforskar og polarpioner Carsten Egeberg Borchgrevink (1864 - 1934). Nokre av dykk såg kanskje TV-dokumentaren om denne gløymde polarhelten? Serien på fire episodar er ei spennande filmatisk framstilling av det denne boka handlar om og den er framleis tilgjengeleg på Nett-TV. Borchgrevink var leiar for den aller fyrste overvintringsekspedisjonen i Antarktis i 1898 - men enda opp som fattig og ukjent.

Forfattaren David Vogt er arkeolog, tilsett ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo og oldebarn av ein av ekspedisjonsdeltakarane.

Vår glemte polarhelt av David Vogt

Aschehoug 2012
288 sider, lånt ebok eBokBib

Carsten Egeberg Borchgrevink vart fødd i Christiania i 1864 og hadde norsk far og engelsk mor. I 1888 utvandra han til Australia, der han jobba m.a. som landmålar og som naturfaglærar. Då skipet Antarctic av Tønsberg la til i Melbourne hamn i samband med ein kvalfangstekspedisjon i 1894, såg unge Borchgrevink sin sjanse til å bli med på eit spennande eventyr. Ekspedisjonen mislukkast når det gjaldt kvalfangst, men vart historisk fordi ei lita gruppe frå skipet greidde å komma seg i land på Kapp Adare. Mellom dei ivrigaste var Borchgrevink, og han var truleg det aller fyrste mennesket som sette sin fot på Antarktis - nokon gong.

I 1890-åra var Antarktis ein stor kvit flekk på kartet. Dei einaste som hadde vore i nærleiken av kontinentet, var ein britisk ekspedisjon under leiing av den engelske oppdagaren James Clark Ross i 1841. Denne Ross vart opphavet til dei i dag velkjende stadnamna Rosshavet og Rossbarrieren.

Borchgrevink vart nok som besatt av Antarktis etter deltakinga på Antarctic. Han jobba lenge og målbevisst med å få finansiell støtte til sin eigen ekspedisjon - og lukkast med det. Det er ikkje tvil om at han skrytte på seg meir polar erfaring og kunnskap enn han faktisk hadde for å få det til. Kvalfangstskuta Pollux (ombygd av Colin Archer og omdøypt til Southern Cross) vart innkjøpt. Hundar, utstyr og proviant vart skaffa og mannskap innhenta. Ekspedisjonen segla under engelsk flagg fordi størstedelen av finansieringa kom frå ein engelsk mediemogul, men største del av mannskapet var norsk. Målet med ekspedisjonen var å finna den magnetiske sørpol og om muleg å gjera framstøyt mot sjølve polpunktet, samt å samla inn biologiske, zoologiske, metereologiske, geografiske og geologiske data.

Ferda sørover var strevsam, men gjekk bra. I februar 1899 nådde ekspedisjonen Kapp Adare der det vart oppretta ein permanent base. Dei to hyttene som vart oppsette der eksisterer framleis og er i dag sett på som eit viktig kulturminne. Southern Cross vende tilbake til New Zealand før isen vart for tjukk og ti menn gjorde seg klare for overvintring på det ugjestmilde Antarktis. Ingen av dei ti visste korleis overvintringsforholda var, og dei var alle forholdsvis unge og uerfarne. Forutan ekspedisjonsleiar Borchgrevink var desse nordmennene med på den fyrste overvintringa: Lege Herulf Kløvstad, vitenskapeleg assistent Anton Fougner, zoolog Nicolai Hanson, assistent og kokk Kolbein Ellefsen og samane Ole Must og Per Savio som var ansvarlege for hundane. I tillegg deltok den australske astronomen og fysikaren Louis Bernacchi og dei to britane William Colbeck (magnetisk observatør og kartograf) og Hugh Evans (zoolog-assistent).

Borchgrevink var språkmektig, ein dyktig planleggjar og var god på logistikk, men var ingen god leiar for mennene sine. Det vart snart problem og konfliktar i gruppa, og mesteparten av dette skuldast nettopp Borchgrevink si framferd. Men med eitt unntak overlevde alle den iskalde og stormfylte vinteren. Den unge zoologen Nicolai Hanson vart sjuk på ferda sørover og vart gradvis dårlegare. Trass i at ekspedisjonen hadde brukbart med medisinsk utstyr og at både legen og dei andre gjorde det dei kunne for han, sto ikkje livet til å redda. Nicolai Hanson døydde utan at han fekk sjå si vesle dotter og vart den fyrste som vart gravlagd på Antarktis. Blant etterkommarane hans er David Vogt, forfattaren av boka.

Under opphaldet gjorde deltakarane fleire viktige vitenskaplege observasjonar. På heimturen fann dei bukta som nokre år seinare vart basen til Roald Amundsen, dei kartla Rossbarrieren og foretok sledeturar innover området med hundesledar. Slik danna ekspedisjonen grunnlag for seinare polarekspedisjonar og andre meir berømte polfararar, som Schackleton, Scott og Amundsen.

Då Carsten Borchgrevink etter kvart vende tilbake til England vart det lite merksemd og verdsetjing. Noko skuldast nok at Borchgrevink var ein kontroversiell person og at den egoistiske stilen hans hadde ført til eit dårleg forhold til dei andre ekspedisjonsdeltakarane. Ei anna årsak var at Borchgrevink var norsk og at det britiske polarforskingsmiljøet var meir opptatt av Robert Scott sin foreståande Antarktis-ekspedisjon. I Noreg vart han til ein viss grad hylla som den pioneren og føregangsmannen han var, men sidan ekspedisjonen egentleg var britisk vart merksemda heller lita også her i landet. Og snart kom det andre polarheltar og polarekspedisjonar som oppnådde meir enn det Southern Cross-ekspedisjonen gjorde.
Carsten Borchgrevink vende aldri tilbake til Antarktis. Han døydde i Oslo i 1934.

David Vogt fortel om ekspedisjonen med innleving og på ein oversiktleg måte. Det er ein dokumentar og biografi, men samstundes ei dramatisk og spennande forteljing. Han gir eit balansert bilete av Borchgrevink og dei andre medlemene av ekspedisjonen. Me får også vita korleis det gjekk med dei i ettertid og kva ettermæle dei fekk. Mykje av dette er tragisk og trist. Forfattaren har støtta seg på mange ulike skriftlege kjelder og skriv flytande og greitt. Resultatet er ei verkeleg interessant og lærerik bok.

25. juni 2018

Biolesesirkel: Asbjørn Bakke om Erik Bye


Aschehoug forlag 2017
524 sider
Lånt ebok eBokBib

Tema for junirunden av Moshonista sin biolesesirkel er "Med ordet i sin makt" - og eg valde å lesa Asbjørn Bakke sin kritikarroste biografi om Erik Bye (1926-2004). Journalisten, visesangaren, programledaren, forfatteren, reportaren og samfunnsrefsaren lot etter seg ei mengd flotte tekstar som i dag er kjende og kjære for mange. Tenk berre på Anna Lovinda, Blå salme, Vårherres klinkekule og Vår beste dag.

Boka har fått knallgode anmeldelsar og eg forventa såleis ei god leseoppleving. Eg ser at det egentleg er ein velskriven, balansert og gjennomarbeida biografi og at deler av innhaldet er interessant. Men - forventningane mine vart ikkje innfridde. Etter mi meining er boka for omfattande - sjølv for ein mann av Erik Bye sitt format. Somme vil meina at boka er grundig og ordentleg, - eg meiner ho er omstendeleg, kjedeleg og aaaltfor detaljert.

Min barndoms laurdagskveldar rundt 1970 var prega av familiehygge og Lørdagskveld med Erik Bye og Krutrøyk. Eit av våre store "felles TV-høgdepunkt" var den gongen Ken Curtis, sjølvaste Festus, var gjest hos Erik Bye. Dette fann stad då Noreg var samla i eitt rike framfor TV-skjermen; me berre hadde ein TV-kanal. Erik Bye sitt laurdagsprogram var hyggeleg - og han var god når han snakka med folk, både store og små, kjende og ukjende. Men eg hugsar at eg ikkje likte når Erik Bye sjølv greip mikrofonen og skulle syngja: Eg oppfatta han som brautande og dominerande. I ettertid ser eg at Bye tok "stor plass" fordi han hadde karisma og i tillegg var svær reint fysisk.

Eg fullførte (denne oppskrytte) boka på eit vis, men eg las store deler av ho "på skrå". Asbjørn Bakke sin biografi om Erik Bye anbefalast dersom du er/var svært glad i Erik Bye. Dersom du er som meg, dvs. litt lunken: styr unna.

Andre biografiar om menneske med orda i si makt kan du finna lenker til på Moshonista sin blogg.

I august skal me lesa om polfararar og andre villmarksfararar i biosirkelen. Eg kryssar fingrane for at boka eg har plukka meg ut til den runden er meir lesbar enn denne. 

15. april 2018

Biografisirkel: Edvard Munch - liv og kunst

Biografisirkelen går sin gang - og sidan eg har delteke kvar einaste gong dei siste åra føler eg meg nærast forplikta til å delta - uansett kategori. Biografilesing er ofte nyttig og lærerikt og fleire gonger i løpet av biosirkeldeltakinga er augene mine blitt opna for nye tema, personar og forfattarar.
Men denne gongen var det like før eg skulka unna - for Anita har nemleg valgt ein kategori som eg ikkje er så veeeldig interessert i: Biletkunstnarar.

Eg tykkjer som oftast at såkalla kunst er rart og/eller stygt og giddar t.d. aldri å gå på kunstutstillingar. Men eg har har såklart høyrt om Edvard Munch (og sett både Skrik og Vampyr og Madonna) og (flaks for meg) fann eg ei 70 siders illustrert bok om Munch skriven av ein museums-pedagog. Marit Lande har skrive fleire kunstbøker for barn og ein skulle då tru at dette er på eit passande nivå for ein heller skeptisk-negativ biolesar. Boka/guiden/kortbiografien Munch - Liv og kunst kom ut på (det no oppløyste) Aventura forlag i 1995 og eg las eboka på nb.no.

Edvard Munch (1863 - 1944) sitt liv og kunst er blitt grundig skildra i mange bøker, t.d. i Atle Næss sin kritikarroste 600 siders biografi og Karl Ove Knausgård si bejubla bok Så mye lengsel på så liten flate.

Sidan Munch vart ein så stor, kjent og viktig kunstnar, finst det mengder av kjeldemateriale - og eg var nysgjerrig på korleis alt dette kunne samanfattast på berre 70 sider. Lande byrjar med barndom og oppvekst: Edvard Munch var mykje sjuk då han var barn. Faren var strengt religiøs, mora og systera døydde unge. Desse barndomsminna skapte eit sterkt behov for å uttrykka seg gjennom bilete, fortel Lande. Ein finn visstnok mange eksempel på korleis han brukte sjukdom, sorg og liding i arbeida sine.

Som alle veit fekk Munch stor suksess med kunsten sin og han hadde ein lang karriere. Men var han lykkeleg? Neppe. Han hadde eit grunnleggjande pessimistisk livssyn og etter kvart vart livet hans prega av alkoholproblem, angst, paranoia, uro, mykje jobb, hektisk reiseverksemd og kjærleikssorg. Han vart aldri ferdig med det turbulente forholdet til Mathilde (Tulla) Larsen - det forholdet enda med at han skaut seg sjølv i handa.

Avslutningsvis vert det fortalt at Edvard Munch døydde fredeleg på Ekely i 1944 og at han testamenterte alle arbeida sine til Oslo kommune.

Eg tykkjer Marit Lande har fått tak i essensen i livet og kunsten til Edvard Munch og at ho får formidla det på ein grei måte. Boka inneheld (heldigvis) lite kunstteori, men det vert stadig vist til korleis kunstnaren sine sinnsstemningar spelte inn på arbeida hans; om korleis teknikk og motiv speglar kunstnaren sitt sjeleliv.

Munch - liv og kunst er kort, grei og gjennomillustrert - men eg vart ikkje særleg engasjert og fekk heller ikkje noko lyst til å lesa meir om Munch.

15. oktober 2017

Biolesesirkel: Born to run av Bruce Springsteen

Tema for oktoberrunden av biografisirkelen er mett. Eg likar godt å delta i denne utfordringa, og sjekka difor både Storytel og bibliotekhyller for biografiar om kokkar og "spiseforstyrra" folk - eller andre som kunne assosierast med ordet mett. Eg fann ingenting. Bortsett frå biografien om Ingrid Espelid Hovig og Ingeborg Senneset si bok Anorektisk som begge kunne vore aktuelle, men dei hadde eg inga interesse av.
Kva skulle eg gjera? Eg var i gang med Bruce Springsteen sin sjølvbiografi, - kunne den passa? Kan den seiast å vera skriven av ein mann "mett på suksess"? Vel - ingenting tyder på at Springsteen har nådd noko metningspunkt. I ein alder av 68 held han stadig koken. Men ein kan sei at han er såpass mett at han har funne plass og tid til å skriva si eiga historie om sitt eige liv. Han skreiv jo også i si tid ein låt med tittelen 'Hungry Hart'... Med desse (tynne) grunngjevingane fann eg ut at Born to run kan kvalifiserast og kategoriserast som litt mett.


Cappelen Damm 2016
Lydbok Storytel
Opplesar: Håvard Bakke

Born to run er, som så mange andre sjølvbiografiar, svært omfangsrik; papirboka er på 526 sider. Den norske versjonen på Storytel er tredelt; bok 1 har speletid 7t 50 min., andre del er på 6:21 og tredje og siste bok varer i 5t 20 min. Eg trur det er smart å dela opp lyttinga slik at ein ikkje blir "overmett" ;-)
Håvard Bakke si stemme passar svært godt til boka, men på Storytel kan du også finna boka på originalspråket lest av forfattaren sjølv. Hadde eg vore god nok i engelsk hadde eg naturlegvis valgt det alternativet.

Springsteen har brukt lang tid på boka, heile sju år. Det har ført til at boka er gjennomarbeida og grundig, men i tillegg; unødvendig detaljert.

At Bruce Springsteen kan skriva, veit me frå før. Han har skrive låtar og gode sangtekstar som 'Born to run',  'The River', 'Born in the U.S.A.', 'My Hometown', 'I'm on fire', 'Human Touch', 'Streets of Philadelphia', 'Radio Nowhere' - for å ta nokre av dei mest kjende.

Forfattaren Springsteen er dyktig; sjølvbiografien er både velskriven, ryddig og interessant - og han er overraskande open og personleg. På same måte som han gir alt på konsertane sine, gir han alt i denne boka.

Eg ser det som vanskeleg/umuleg å gi noko handlingsreferat; det kan fort bli altfor oppramsande sidan boka er så innhaldsrik. Når det gjeld karrieren hans viser eg til Wikipedia-artikkelen (som truleg er blitt ekstra lang grunna opplysningar som stammar frå denne sjølvbiografien).

Musikken går som ein raud tråd gjennom livet til The Boss og i denne boka. Ein kan lesa om korleis 'Born in the U.S.A.' vart ein av tidenes mest misforståtte sangar og om korleis systera sitt liv vart til sangen 'The River'. Springsteen fortel om kva og kven som har inspirert han og behovet han har hatt for å endra/fornya det musikalske uttrykket sitt. Store musikalske opplevingar saman med The E Street band og som soloartist vert skildra med glød og engasjement. Fleire av låtane hans gjenspeglar røttene og oppveksten i Freehold, New Jersey. I stikkordform handla barndommen om: enkle kår, irsk og italiensk herkomst, arbeidarklassemiljø, katolsk oppdragelse og ein heim der det vart dansa og spelt musikk - men der det også ofte var dårleg stemning.

Familien har likevel betydd svært mykje for Springsteen gjennom heile livet. Det same har vener og kompisar - og i biosirkelsamanheng er det interessant å lesa om venskapet med Steven van Zandt og Patti Smith. Og så er det alle damene! Etter det ein forstår var det mange forhold, kjærestar og one night stands. Med Bruce Springsteen sin karisma og popularitet var det ikkje vanskeleg å skaffa seg kvinneleg selskap, men han trakk seg vekk når det byrja å bli alvor og snakk om varige forhold. Han var nok heller ikkje klar for ekteskapet då han gifta seg fyrste gong i 1984. Den einaste skandalen han har forårsaka/gjennomlevd var då det vart kjent at han hadde eit forhold til bandmedlem og noverande kone Patti Scialfa medan han var gift med si fyrste kone. Omsider fann han ekte kjærleik - og ro: No har Springsteen og Scialfa vore gifte i 26 år og dei har tre vaksne barn.

Bruce Springsteen såg fleire av venene sine på 1960- og 70-talet gå til grunne av narkotikamisbruk og hadde ein far som oppførte seg skremmande når han drakk alkohol. Han valde difor å vera - om ikkje heilt edru - så i alle fall måtehalden. I boka er han open om sine tunge stunder og fortel at han har gått til samtaleterapi i årevis. Det skal fansen vera glad for. Utan hjelp hadde nok ikkje denne mannen blitt noko superstjerne.

Eg tykte som nemnd over at biografien er interessant, men at det tidvis blir litt for pompøst og svulstig, i tillegg til at det er vel deltaljert - og dermed langtekkeleg. Frå før hadde eg eit inntrykk av at Bruce Springsteen er ein usedvanleg sympatisk person og artist - og dette inntrykket er blitt forsterka gjennom lesinga av denne boka.
Eg set stor pris på det Springsteen syner av integritet, vitalitet og musikalitet. Eg har aldri vore nokon blodfan, men eg har likt musikken hans og har t.d. LP-plata 'The River' frå 1980 liggjande ein plass..

Karrieren hans har vore langvarig og suksessrik og det finst uendeleg med konsertopptak og videoklipp på Youtube. Eg har plukka ut eit klipp som syner kor fin type Springsteen er. Dette er frå ein konsert i London i 2013 der mora og den yngste systera hans får vera med på scenen:


19. august 2017

Biolesesirkel: En av oss av Åsne Seierstad

Kagge 2013
532 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Fire år etter bokutgjevinga og seks år etter terroråtaka 22. juli 2011 har eg no lest den kjende og viktige boka En av oss. Fyrst no følte eg meg "klar" - men det vart likevel sterk lesnad.

Tema for biolesesirkelen denne gongen er ondskap/galskap, og eg assosierer desse eigenskapane - både ond og gal - med Anders Behring Breivik. Alle kan vel vera enige om at han er ond i og med at han drap 77 menneske den gongen. Men er/var han gal? Det stridest dei lærde om.

Det var i rettssaka i 2012 usemje om Breivik var strafferettsleg tilrekneleg. To par rettssakkyndige vurderte då den mentale tilstanden hans og kom til to ulike konklusjonar. Det eine paret kom fram til at han var psykotisk og at han difor måtte dømmast som utilregneleg og til tvunge psykisk helsevern. Det andre paret meinte at han ikkje var psykotisk.
Diagnosane dyssosial og narsissistisk personlighetsforstyrrelse tilsa at Breivik ikkje var "gal nok"; han var i juridisk forstand tilrekneleg og kunne straffast. Dommarane i Oslo tingrett var enige i den sistnemnde vurderinga, og på det grunnlaget vart Anders Behring Breivik dømd til 21 års forvaring for massemord og terrorisme.

Rettssaka er også eit tema og har forholdsvis stor plass i denne boka. En av oss er tilpassa eit internasjonalt publikum og det har nok vore viktig for forfattaren å gjera greie for norsk rettspraksis og lovgjeving. Seierstad var til stades i rettssalen dei ti vekene saka varte og har hatt tilgang til dokument som politiavhøyr, politirapportar, dei rettsmedisinske vurderingane, Breivik sitt manifest samt andre "allmenne" kjelder som bøker og nettartiklar. I tillegg har ho samtala med pårørande og overlevande frå Utøya og regjeringskvartalet, intervjua dåverande statsminister og hatt eit møte med mor til gjerningsmannen. Vener, naboar, kollegaer og familiemedlemer har på si side bidrege til å gi eit innblikk i Breivik si vanskelege barndom- og ungdomstid. Forfattaren sende også ein førespurnad om eit intervju med den dømde. Førespurnaden vart avvist.

Slik eg tolkar dei opplysningane som kjem fram i denne boka, var Breivik i psykisk ubalanse då han etter å ha budd for seg sjølv ei tid flytta tilbake til mor si. På gutterommet brukar han all si tid på spelet World of Warcraft. Han er som besatt av spelet og lever gjennom det, nesten døgnet rundt - i eit par år. Når denne besettelsen går over finn han ein ny verden - på internett. Nettstader som Gates of Vienna og Jihad Watch er innbydande for han; her finn han meiningsfeller som Fjordman som han vert svært inspirert av. Her finst høgreekstremistiske tankar som passar til den forståing Breivik har av verda: han finn begrep som multikulturalisme og kulturmarxisme. Hovudmotstandarane hans vert frå no av ikkje virtuelle monster, men levande menneske; fyrst og fremst muslimar - og dernest medlemar/sympatisørar av Arbeiderpartiet.

Gradvis veks det fram ein grusom plan på gutterommet. Alle tankar og planar vert dokumentert i det 1500 siders manifestet som han distribuerer like før terroråtaka finn stad.

Boka er god og tankevekkjande. Ho er særdeles velskriven og uhyre interessant. Seierstad forsvarar ikkje terroristen, - på ingen måte. Ho gir heller ingen skråsikre svar på kva som kan ha gjort Anders Behring Breivik til terrorist og massemordar, men det er klart at omsorgssvikt og avvisning i tidlege barneår kan vera ei forklaring på kvifor han vart så inneslutta, einsam og sjølvoppteken.
Han vart aldri "ein av oss" sjølv om han prøvde å få innpass. Han vart avvist av sin eigen far, av vener, av Frimurerlosjen og av FrpU. At grunnen til avvisingane låg på han sjølv og at han hadde eit forvrengt syn på menneska og samfunnet rundt seg - det såg han ikkje.

Me hugsar vel alle kvar me var, kva me gjorde og kva me tenkte i dagane etter 22. juli. Gradvis seig grusomheitene og omfanget av desse inn over oss. Lista over namna på alle ofra var så uendeleg, ufatteleg lang. Ofra var så unge, sorga var så stor. Me gjekk i rosetog og "var alle AUF'arar".

En av oss er ein dokumentar og ingen rein biografi, men det vert fortalt så grundig som råd er om Breivik sin oppvekst og bakgrunn. Det er svært verknadsfullt at dette vert kryssklippa med nokre av Utøya-ofra sin bakgrunn. Skildringane av nedslaktinga som fann stad på Utøya er detaljerte, nøkterne og hjerteskjerande. Det er óg vondt å lesa om manglande beredskap, dårleg kommunikasjon og fatale mistydingar. I ettertid er mykje av dette blitt avdekka og offentleggjort gjennom 22. juli-kommisjonen sin rapport. Å få alt repetert i denne boka er framleis rystande.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre bloggmeiningar om En av ossReading Randi, Rose-Marie, Så rart

Du kan lesa om andre biografiar innan tema ondskap/galskap dersom du klikkar deg inn på
Moshonista sin blogg.

18. juni 2017

Biolesesirkel: Ingrid Brekke om Angela Merkel

Kagge 2016
223 sider
Kjelde: eBokBib

"Vi lever" er tema for junirunden av Moshonistas biolesesirkel. Det handlar altså om nolevande personar - og eg valde meg ein biografi om Angela Merkel. Til politikarbiografi å vera er ikkje boka så tørr og uinteressant som ein gjerne skulle tru, men ho er ikkje sååå engasjerande heller. Angela Merkel - Et europeisk drama er eit norsk blikk på den tyske forbundskansleren, den tyske etterkrigspolitikken, den tyske gjenforeninga og den tyske utanrikspolitikken.

Forfattaren Ingrid Brekke er journalist i Aftenposten og var avisa sin korrespondent i Berlin ein periode. Ho har difor god kjennskap til tysk samfunnsliv og politikk og har med denne boka gitt eit reflektert, grundig og "passe personleg" portrett av Angela Merkel. Brekke har støtta seg til folk rundt hovudpersonen, på tidlegare biografiar og ymse muntlege og
skriftlege kjelder. Boka er lettlest og utan lange utgreiingar; ein typisk journalist-biografi - utan å vera tabloid.

Eg visste egentleg ingenting om Merkel på førehand, så for meg var det meste av innhaldet i boka nytt stoff. Eg var ikkje ein gong klar over at ho hadde austtysk bakgrunn, så eg tykte det mest interessante var å lesa om Merkel si barne- og ungdomstid i gamle DDR. Brekke fortel at Merkel var skuleflink, ordentleg og beskjeden av natur. Ho fortel vidare om studieåra og karrieren som vitenskapskvinne og fysikar. Den politiske oppvakninga hennar skjedde ikkje før muren fall i 1989, då Merkel var 35 år gammal. Elles vert det fortalt om familiebakgrunn, ekteskap og politikarkarriere - men det kan like godt lesast i denne omfattande Wikipedia-artikkelen.

Angela Merkel har hatt ei ekstraordinær "reise" - frå prestedotter i ein diktaturstat til ein av verdas mektigaste leiarar i eit velfungerande demokrati. At det skulle bli nettopp CDU (Christlich Demokratische Union - kristendemokratane) som vart hennar parti kan synast underleg, men Brekke gjer greie for årsakene til det. Det vert fortalt om den bratte vegen til topps, om maktkamp innan partiet og koalisjonen og om det som kvinnelege toppolitikarar ofte vert utsett for: Kritikk for utsjånad, frisyre og klestil. Men det vert også hevda at den einaste leiaren i EU som Vladimir Putin verkeleg har respekt for er - nettopp; Angela Merkel.

Merkel er utan tvil ei dyktig og mektig dame, men på TV-skjermen virkar ho gjerne litt stiv og reservert - og eg finn ikkje noko karismatisk ved henne. Ho skal imidlertid vera ualminneleg hyggeleg og omgjengeleg "på ordentleg". For sitt arbeid for demokrati, menneskerettar, miljøvern og europeisk samarbeid har Merkel motteke fleire prisar. Ho har i det politiske arbeidet vist seg som rasjonell, faktaorientert og løysingsorientert, noko som sikkert heng saman med hennar naturvitenskaplege bakgrunn. Det skal òg nemnast at ho er kontroversiell - og i samband med den pågåande flyktningekrisa er det mange som har lagt ho for hat.

Ingrid Brekke har gitt biografien om Angela Merkel eit personleg preg; ho legg ikkje skjul på sine eigne tankar, vurderingar og meiningar. Eg meiner det er positivt, for dermed blir ikkje boka så kjedeleg/sakleg som ho elles kunne ha blitt. For meg vart det ei OK+ leseoppleving.

Andre bloggmeiningar: Rose-Marie - som er svært begeistra for boka.

16. april 2017

Biolesesirkel: Et kvart liv av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2013
Kjelde: Lydfil og ebok Storytel


I 2009 gav forfattaren Hans Olav Lahlum ut ein gigantisk biografi om den legendariske Arbeiderpartisekretæren Haakon Lie. Lie var sentral i arbeidarrørsla i fleire tiår, han vart 103 år gammal og boka om han vart på over 800 sider.

Boka om Håvard Vederhus er på 143 sider. Vederhus var nemleg på feil stad til feil tid; han var ein av dei 77 som mista livet i terrroråtaka den 22. juli 2011: Eit stort politisk talent som berre vart 21 år gammal - skoten og drepen av Anders Behring Breivik ved pumpehuset på Utøya.

Det er noko uendeleg trist med ein biografi om eit så altfor kort liv, - noko tittelen "Et kvart liv" også syner. Lahlum skreiv boka vinteren 2012-13 etter førespurnad frå familien til Håvard Vederhus. Boka er tilegna alle som mista livet på Utøya og er samstundes ein hyllest til Vederhus sitt engasjement for eit demokratisk og inkluderande samfunn. Boka er delt i fire: Den fyrste delen handlar om barndomstida, del to om ungdomstid og politisk og personleg forming, den tredje delen er om 22. juli og den fjerde og siste om den vanskelege vegen vidare for folk som sto han nær.

Lahlum fortel at Håvard Vederhus vaks opp som det midterste barnet i søskenflokken på tre - og at han på mange måtar også var midtpunktet i familien. Frå tidleg alder kravde han - og fekk - mykje merksemd. Han var uroleg og eigenrådig og hadde eit uvanleg høgt aktivitetsnivå. Han vaks opp og vart ein energisk og målbevisst ungdom og ein sentral skikkelse i mange ulike miljø. I motsetnad til mange andre AUF'arar vart ikkje Håvard Vederhus "fødd inn i Arbeiderpartiet." Men fordi han hadde eit grunnleggjande sosialdemokratisk syn på samfunnet melde han seg tidleg inn i AUF. Han var ikkje utprega skuleflink, men arbeidde målretta og fekk eit godt vitnemål frå Oslo Katedralskole.

Store deler av boka er i ein oppramsande stil og er nok helst for spesielt interesserte, dvs. menneske som står familien og partiet nært. Det som gir størst inntrykk er å lesa om avslutninga av Håvard sitt liv i den forferdelege massakren 22. juli. Eg har lest mykje om saka før, men nok ein gong får eg frysningar på ryggen og ei sterk kjensle av sorg og maktesløyse. "Vi gjemmer oss og lever" vart den siste Facebook-oppdateringa Håvard skreiv då han saman med mange andre prøvde å gøyma seg for massemordaren. Nokre minuttar seinare var AUF-leiaren i Oslo død.

Håvard Vederhus var utan tvil ein karismatisk, kunnskapsrik og engasjert ungdomspolitikar - og han ville heilt sikkert nådd langt. Han vert også skildra som ein omsorgsfull person og ein trufast ven. Det synte han heilt til det siste. Størst er saknet og sorga hos far, mor, storebror og veslesyster.
"Det å miste et barn er alltid en tragedie. For mange foreldre vil nok likevel nettopp alderen rundt 20 være den aller verste alderen å miste et barn i. Man har da fulgt et barn hele veien opp gjennom oppveksten, for så å miste det på spranget ut i voksen alder - før barnet får egen famile og før det rekker å realisere sine mål i livet."
Ei fullsett Grefsen kirke følgde Håvard Vederhus til den siste kvilestaden 4. august 2011. Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen heldt minnetale og mellom dei frammøtte elles var noverande statsminister Erna Solberg.

Et kvart liv er mitt bidrag til aprilutgåva av Moshonistas biografilesesirkel.

14. februar 2017

Biolesesirkel: En gatekatt ved navn Bob av James Bowen

Bastion 2013
284 sider
eBokBib


I denne boka fortel James Bowen om korleis møtet med ein katt vart avgjerande for at han klarte å snu livet sitt. Eg har lest boka i samband med årets fyrste biosirkel-runde. Tema for denne runden med biografilesing er Rags to riches - eller med andre ord frå fattig til rik.

For nokre få år sidan var Bowen uteliggjar og narkoman, ein mann utan framtidsutsikter og utan nettverk. I dag er han verdenskjendis, filmaktuell og bestseljande forfattar. Om han er søkkrik veit eg ikkje, men han har i alle fall i ein mykje betre økonomisk situasjon enn den han hadde.

Historia om James og gatekatten tek til i 2007. Etter ein heroinoverdose får Bowen ein ny (siste) sjanse; han vert sett på metadonprogram og får tildelt ein kommunal hybel. Han lever frå hand til munn og tener nokre slantar som gatesangar. Så ein dag møter han ein skada gatekatt der han bur. Det vert starten på eit ekstraordinært venskap som skal snu om på livet til begge to.

James Bowen hadde ein rotlaus og problematisk barne- og ungdomstid. I boka nemner han fleire årsaker til dette: Foreldre som skilde lag, stadig flytting att og fram mellom England og Australia, rusproblem, mobbing, ein ADHD-diagnose og generelle tilpassingsvanskar. Han stikk ikkje under ein stol at han sjølv hadde ein stor del av skulda for at det vart tøft og vanskeleg.

Eg har tru på at katter, hundar og andre dyr kan få folk på fote igjen. Kontakt med dyr er bra for dei fleste. Det har vist seg mange gonger at det å ha ansvar for andre gjer at ein sjølv får meir struktur i livet sitt. Når denne tillitsfulle katten dukkar opp i livet til James, får han for fyrste gong i livet nokon andre å ta vare på. James tykkjer merkeleg nok at katten liknar litt på skumle Bob i Twin Peaks og kallar han difor opp etter han. James sine rus- og økonomiske problem går ikkje over momentant, men gradvis, - takka vere pågangsmot, hardt arbeid som gatemusikant og gateseljar - og YouTube - vert tilværet annleis og betre for både mann og katt.

Bowen fortel historia si i ein kvardagsleg, oppramsande og repeterande stil. Det er greit og sjarmerande med ein slik "uproff" forteljarstil fordi det gjer det heile ekte og truverdig.

En Gatekatt ved navn Bob er ei solskinnshistorie om ein mann og ein katt som fann kvarandre. Noko stor leseoppleving kan eg ikkje sei at det vart, men av og til kan det vera nyttig å lesa noko som er enkelt, hyggeleg og koseleg.

15. desember 2016

Biografilesesirkel: Per Egil Hegge om Otto Sverdrup

Årets siste runde i biografisirkelen handlar om Snø og is og det er underteikna som har valt ut kategori denne gongen. Grunnen til at nettopp dette temaet fengar meg er ikkje at eg er unormalt fascinert av kulde, - nei, det skuldast at eg har ei litt sær interesse for polarhistorie. Når eg les om tidlegare tiders polferder og polfararar føler eg noko i nærleiken av skrekkblanda fryd. For meg er det ufatteleg at dei klarte, torde og i det heile kunne finna på å begi seg ut på slike langvarige og farlege ferder. Eg tykkjer det er utruleg fascinerande å lesa om desse polpionerane, som la avgarde i ukjende og farefulle strøk, utan GPS, utan Goretex, utan kommunikasjon, utan sikkerheitsnett.

Når det gjeld val av biografi er det to omsyn å ta. For det fyrste må "den biograferte" helst vera ein litt interessant person i utgangspunktet. Men vel så viktig: Biografen, forfattaren av biografien,  kunna skriva. Det hjelper ikkje kor stort kjeldemateriale ein har og kor mykje researcharbeid ein legg ned dersom ein ikkje klarar å formidla stoffet vidare til lesaren på ein god måte. (Og då tenkjer eg på den dårlege leseopplevinga eg fekk med Agatha Christie-biografien)

Vel, ein lærer så lenge ein lever, så eg vurderte både hovudperson og forfattar då eg i denne biorunden plukka ut Per Egil Hegge sin biografi om Otto Sverdrup. Boka kom ut på Stenersen forlag i 1996 og eg har lånt ebok via bokhylla.no. Hegge og Sverdrup viste seg å vera ein brubar kombinasjon.

Nasjonalheltane Fridtjof Nansen og Roald Amundsen kjenner alle til, og dei to skal ha for engasjementet, pågangsmotet, motet, viljestyrken, visjonane og kunnskapen dei synte gjennom ekspedisjonane og det vitenskapelege arbeidet dei utførte. Likevel - når ein kjenner til det som skjedde med Hjalmar Johansen (som Ragnar Kvam fortel om i Den tredje mann), vert det openbart at medaljen hadde ei bakside.

Som leiarar fekk (og tok) Nansen og Amundsen mesteparten av æra, men for å lukkast med ekspedisjonane sine var dei såklart heilt avhengige av dyktige og stødige støttespelarar, - som Johansen og Sverdrup. I norsk polarhistorie har både Hjalmar Johansen og Otto Sverdrup fått for liten plass, men det skal nemnast at Wikipedia-artikkelen om Sverdrup finst på heile 22 språk - så det ser ut til at han fekk eit visst internasjonalt ettermæle.

Otto Neumann Knoph Sverdrup vart fødd i Bindal i 1854. Familien flytta seinare til Steinkjer. Han var nest eldst i ein søskenflokk på ti og i slekt med andre kjende Sverdrup'ar som Georg (Eidsvollmannen) og Johan (han med parlamentarismen). Vesle Otto vart oppdregen til å bli ein hardhaus: Det vert fortalt at han og den eitt år eldre broren lærde å symja ved at morfaren rodde dei ut på fjorden, kasta dei over bord og ba dei kara seg til lands. Alt frå ti års alder fekk han gevær og han skaut sin fyrste bjørn som 14-åring. Seinare for han til sjøs og utdanna seg til styrmann og skipsførar. Medan han arbeidde som skipper på eit dampskip på Trøndelagskysten kom han i kontakt med sakføraren Alexander Nansen, bror til Fridtjof. På denne tida var Fridtjof Nansen på jakt etter mannskap til Grønlands-ekspedisjonen sin - og broren tipsa han om den allsidige og sindige Otto Sverdrup.

Som tittelen Aldri rådløs viser: Sverdrup var praktisk anlagd og ein nevenyttig kar, ein altmulegmann som alltid visste råd. Hegge fortel at han var beskjeden og fåmælt av natur. I tillegg var han hardfør, uthaldande og lojal. Nansen sette nok stor pris på ein mann med slike eigenskapar.

Fridtjof Nansen sin ekspedisjon over Grønland i 1888 var dristig, dramatisk og i ettertid; legendarisk - og Sverdrup bidrog sterkt til at ekspedisjonen vart ein suksess. Deltakarane brukte lenger tid enn forventa på den 670 kilometer lange "skituren" slik at dei måtte overvintra på Grønland. Denne overvintringa skulle komma til å bli viktig for både Nansen og Sverdrup i dei kommande åra: Dei brukte tida på å læra å leva og overleva i polare strøk av urbefolkninga - inuittane. Det handla både om kosthald, jaktmetodar, utstyr og praktisk kunnskap om kajakkpadling og hundekøyring.

Marsjen over innlandsisen. Grønland august - september 1888
Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3b057

Per Egil Hegge fortel vidare om Sverdrup sitt liv og virke. Det var som skipper og ekspedisjonsleiar han skulle komma til å bli mest kjend som, men det vart både giftarmål og barn på han også. Han gav truleg ikkje uttrykk for at han lengta heim til seg og sine, men i eit dagboksnotat seier han: "I dag er det et år siden jeg reiste fra mit kjære hjem og min inderlige kjære hustru og lille datter. Det var forferdelig tunkt å forlate dem, jeg har aldri følt mig så ulykkelig ved at reise hjemmefra som denne gang.." Dette skreiv han i juli 1894, då Sverdrup og dei andre på polarskipet Fram befann seg langt oppe i isen nord for Sibir.

Fram er det skipet som har vore lengst mot nord og lengst mot sør. Det vart bygd av Colin Archer på initiativ frå Fridtjof Nansen - og Otto Sverdrup var ein slags konsulent då skipet vart bygd. Han skal også ha mykje av æra av at skipet vart bevart for ettertida. I dag kan ein sjå Fram utstilt på Frammuseet i Oslo.

Den fyrste Fram-ekspedisjonen (ofte kalla første Fram-ferd, 1893-96) var ein banebrytande polarekspedisjon som foretok mange viktige vitenskaplege studiar og målingar. Fram fraus fast i isen som forventa og dreiv over polhavet. For den utålmodige Nansen var det nedtur at dei ikkje dreiv enno lenger nord, mot sjølve polpunktet, så han og Hjalmar Johansen tok med seg hundar, sledar og proviant og la i veg i retning Nordpolen. I Nansen sitt fråver var det Sverdrup som hadde ansvaret på Fram. Fyrst i 1896 kom Fram laus frå isen, omlag samstundes som den andre delen av ekspedisjonen, Nansen og Johansen, kom til rette etter overvintring på Frans Josefs land. Eit samla mannskap kunne dermed ta fatt på siste etappe; ei triumfferd langs heile kysten fram til målet i Kristiania. Alle stader vart dei hylla og jubla for.

Her har mannskapet på Fram stasa seg opp etter heimkomsten.
Nansen i midten bak, Johansen og Sverdrup rett framfor han.
Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3c145

I denne boka vert det fortalt utførleg om fyrste Fram-ferd, og gjennom det som skjedde på turen får ein eit godt innblikk i korleis Otto Sverdrup var som person. Det virkar som om han var ein venleg mann, ein god organisator og omsynsfull leiar, men sidan han var så tilbakehalden og ordknapp fekk han vanskar med å halda motet oppe blant mennene sine. Dei lange, kalde og mørke månadene førte til at mennene fekk det som i dag kallast "brakkesjuke". Drifta av Fram gjekk ulideleg sakte, fleire av mennene kom i konflikt med kvarandre og skipslegen (polarlegen som du kan lesa meir om hos Anita) viste seg å vera narkoman. Sin eigen frustrasjon tok Sverdrup ut gjennom dagbøkene. Dei inneheld skarpe karakteristikkar og djup kritikk av av dei andre - særleg Fridtjof Nansen.

To år etter drog Sverdrup igjen avgarde med Fram (andre Fram-ferd 1898-1902), denne gongen som ekspedisjonsleiar. Ferda gjekk til dei svære områda mellom Grønland og Canada og målet var polarforsking og kartlegging og faktisk også erobring av nytt land. Dei var vekke i fire år, eitt år lenger enn forventa. Heller ikkje denne turen var utan dramatikk; av mannskapet på 16 som reiste, kom berre 14 tilbake. I samband med førebuingane til ekspedisjonen vart Nansen og Sverdrup usamde, og dei var ikkje på talefot på mange år. Men dei respekterte kvarandre og vart mot slutten av livet forsona igjen.

Sverdrup og familien busette seg i Sandvika etter ei tid med ulike utanlandsopphald; m.a. gjorde han eit mindre vellukka forsøk på plantasjedrift på Cuba. På sine eldre dagar var han leiar for tre store og krevjande russiske redningsaksjonar i Arktis. Otto Sverdrup døydde av kreft i 1930.

Otto Sverdrup på sine eldre dagar. Dette er frå 1928.
Foto: Wikipedia.org

Denne biografien er velskriven, men mange direkte sitat frå dagbøker gjer at det er litt tunglest. På plussida må nemnast rikeleg med interessante bilete, illustrasjonar og kart. Per Egil Hegge peikar i forordet på at kjeldematerialet om og rundt Otto Sverdrup er sparsamt, men eg tykkjer likevel at han får teikna eit grundig portrett av mannen. Hegge får fram kor spesiell Sverdrup var og kor unike eigenskapar han hadde. Han var høgt respektert i si eiga samtid og blant sine eigne, men det virkar som om han mangla noko som Fridtjof Nansen hadde rikeleg av; karisma.

Biografien inneheld eit tillegg skrive av Asbjørn F. Aastrøm. Han har gått i Otto Sverdrups sine fotspor i det nordlege Canada og skildra den storslagne naturen der i ord og bilete.

I Otto Sverdrup sitt rike
Skjermbilde frå boka. Foto: Asbjørn F. Aastrøm

Dersom du no ikkje er lei av å lesa om polferder, is og kulde og slikt; ta ein titt innom hos Moshonista og sjå kva andre bokbloggarar har lest og skrive om same tema!

16. oktober 2016

Biografilesesirkel: Agatha Christie

Annakvar månad arrangerer Ingalill - Moshonistabloggen - biografisamlesing. Det vil sei; me melder oss på, les ein valfri biografi innan eit gitt tema, og omtalar boka og personen det vert skrive om. Ein artig og inspirerande utfordring. Marianne - ebokhylla - valde no i oktober temaet forfattarar, nærare bestemt 1001-forfattarar.

Eg funderte ei stund på kva eller kven eg skulle lesa. Eg ynskte å lesa om ein av dei 1001-forfattarane som eg faktisk har lest - og det er ikkje så veldig mange. Men her ein dag då eg søkte litt på måfå inne på nb.no, fann eg løysinga: Janet Morgan sin biografi om Agatha Christie. Christie har betydd svært mykje for eit utal andre kriminalforfattarar og er ein av favorittforfattarane mine.
Enkelte er kanskje overraska over at Agatha Christie er med på lista over "1001 bøker du må lese før du dør". Men det er ho altså; med Doktoren mister en pasient eller på originalspråket The murder of Roger Ackroyd, som kom ut fyrste gong i 1926. Dette er ei Hercule Poirot-forteljing av den mest finurlege typen. Eg vil tru at ingen som har lest den boka gløymer den fiffige og overraskande løysinga på saka.

Janet Morgan si bok vart eg skuffa over. Ein skulle tru at Agatha Christie sitt liv var såpass interessant og spesielt at ein biografi om henne også vart ei bra leseoppleving. Slik vart det ikkje. Boka frå 1985 er kjedeleg, rotete, oppramsande og søvndyssande. Eg har faktisk ikkje lest heile heller; berre skumma meg gjennom for å kunna skriva dette blogginnlegget. Boka vert oppført som "avbrutt" i mi eiga loggføring. Eg gir heller ikkje terningkast sidan eg har lest for lite til å vurdera ho skikkeleg. Det ligg an til ein 1'ar eller 2'ar og eg giddar ikkje å bruka tid på å fullføra ei bok eg ikkje likar.

Morgan hadde, medan ho skreiv denne boka, tilgang til Christie sine notatar, manuskript, utklipp og dagbøker, men har ikkje klart å formidla alt dette på nokon god måte i biografien. Eg tykkjer boka inneheld for mykje detaljar om unødvendige og uinteressante ting. Det finst mange biografiar om Agatha Christie, men dette er den einaste autoriserte. Hennar eigen sjølvbiografi som kom ut posthumt i 1977.

Agatha Mary Clarissa Miller kom til verda i badebyen Torquay i 1890. Dei to søskena hennar var ti og elleve år eldre enn henne. Morgan fortel at Agatha hadde ein lukkeleg og trygg barndom. Faren var amerikansk aksjemeklar og mora britisk aristokratisk offiserdotter. Agatha fekk undervisning i heimen sidan familien var ganske velståande. I mangel på verkelege kameratar og sosialt liv fantaserte ho og dikta opp historiar då ho var barn. Ho var også heile livet sjenert og litt sky, noko ein kan forstå sidan ho hadde ein så "beskytta" oppvekst. Faren døydde då Agatha var 11 og då vart dei økonomiske tilhøva i familien endra. Det virkar som om Agatha hadde eit unormalt nært/usunt forhold til mor si.
Under 1. verdenskrig arbeidde Agatha som sjukepleiar i heimbyen og seinare fekk ho jobb på eit apotek. Her lærte ho ein del om gift; ein kunnskap som ho seinare skulle komma til å bruka i fleire av bøkene sine. Den fyrste boka hennar, Styles-mysteriet, kom ut i 1920. Her vart den belgiske privatdetektiven Hercule Poirot og venen hans (og forteljaren) kaptein Hastings introdusert.

På det private planet gifta Agatha seg med piloten Archibald Christie i 1914 og ho fekk sitt einaste barn, dottera Rosalind, i 1919. Ekteskapet var lukkeleg dei fyrste åra, men Archie var notorisk utru og Agatha vart etter kvart frustrert og lei seg.
I desember 1926 vart det stort oppstuss i den engelske pressa: Den suksessrike forfattaren Agatha Christie var sakna. Bilen hennar vart funnen i ei grøft, men utan spor etter eigaren. Etter elleve dagar vart ho funnen i god behald på eit hotell, registrert under namnet til den nye elskerinna til mannen. Ho påsto at ho hadde hukommelsetap grunna eit nervøst samanbrot. Det vert framleis spekulert i kva som hende den gongen; var det eit PR-triks i samband med bokutgjeving, ein utspekulert "spøk" for å hevna seg på ektemannen eller eit faktisk og mystisk hukommelsetap? Agatha Christie nemner ikkje hendinga i sjølvbiografien sin.
I 1928 var skilsmissen frå Archie Christie eit faktum og ei tid etter møtte Agatha Max Mallowan, ein britisk arkeolog. Han var 14 år yngre enn henne, dei gifte seg i 1930 og ekteskapet varte livet ut. Som forfattar behaldt ho hamnet Agatha Christie, men som privatperson var ho frå då av fru Mallowan. Agatha hadde i likskap med ektemann nummer to ei sterk interesse for arkeologi, noko som kjem fram i fleire av bøkene hennar.

Agatha Christie skreiv nesten 100 kriminalromanar, novellesamlingar og skodespel. Ho vart president i den britiske kriminalforfattarklubben og ein av dei mest berømte kvinnene i England - og verda forøvrig. I 1971 vart ho æra og adla. Dame Agatha døydde 12. januar 1976. Førti år etter får ho nye stadig nye lesarar og er like populær. Det er verkeleg imponerande, tykkjer eg.

Men som sagt innleiingsvis: Janet Morgan sin biografi er ikkje særleg imponerande. Eg vil faktisk heller rå folk til å lesa Wikipedia-artikkelen om forfattaren. Det meste av det eg skriv om Agatha Christie ovanfor har eg googla meg fram til.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg satsar på betre lukke neste gong, dvs. at neste bioleserunde byr på ei betre leseoppleving. Det burde lata seg gjera sidan det er underteikna som har fått det ærefulle oppdraget å bestemma kategori for biografileserunden i desember. Temaet blir Snø og is (jo kaldare jo betre) og har samanheng med at eg likar å lesa polarhistorie og biografiar om polfararar. Men kategorien kan også romma vinteridrettsutøvarar, fjellvandrarar og andre "kalde folk".

15. august 2016

Biografilesesirkel: Min bestemor elsket Synnøve Finden av Tor Edvin Dahl

Kagge forlag 2010
165 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Det er biografilesesirkeltid hos Moshonista igjen - og kategori denne gongen er "Festlige fruer og friske frøkner", utvald av Hedda. Eg fann tilfeldigvis boka som Tor Edvin Dahl skreiv om si eiga bestemor og "bonusbestemora" Synnøve Finden på biblioteket. Dette er ei småfornøyeleg og småinteressant historie om to heilt spesielle damer.

Alle har vel høyrt om verksemda og varemerket Synnøve Finden og sett bilete av den blonde friske jenta på gulosten. Den verkelege Synnøve Finden som starta selskapet såg ikkje akkurat slik ut. Dahl fortel at ho var grovbygd, lite pen, morsk og streng - men også snill. Fotoet på omslaget syner forfattaren som liten gut saman med bestemora Pernille - ho som var sambuaren til Synnøve Finden. Pernille og Synnøve fekk eit langvarig forrretningssamarbeid og delte i tillegg bord og seng - men om det var praktiske omsyn til dette eller "noko anna" - det er Dahl usikker på. Dei to var også sterkt religiøse.

Synnøve Finden vart fødd i 1882 og vaks opp i den veglause grenda Finden ved Finnafjorden i Vik kommune i Sogn og Fjordane - "ein stad der ingen kunne tru at nokon kunne bu". Ho var tredje yngst i ein syskenflokk på ti. 17 år gammal forlot Synnøve barndomsheimen for å gå på meieriskule i Stavanger - og ho var attende i Finden berre nokre få gonger i løpet av livet. Det er få kjelder som kan fortelja om det tidlege vaksenlivet til Synnøve, men det verkar som ho var rastlaus og rotlaus; ho var einsleg, flytta fleire gonger og arbeidde mange stader. Frå alle arbeidsplassane fekk ho gode attestar som ein arbeidssam og samvitsfull arbeidstakar.

I 1924 vart ho så kjend med enkja Pernille Holmen. Dei to kvinnene fann kvarandre på fleire plan og hadde mange av dei same draumane. Synnøve flytta inn til Pernille og dottera hennar, Evy. To år seinare starta dei Synnøve Finden Osteproduksjon. Verkesemda vaks, produksjonen vart ein suksess og produkta selde godt. Det er ganske utruleg kva desse to fekk til i ei tid der det ikkje fantest støtteordningar til bedriftsetablerarar.
Verksemda var også eit misjonsprosjekt. Store deler av overskotet vart brukt til å støtte misjonsarbeid i utlandet og pinserørsla si evangelisering rundt om i Noreg. Dei tilsette var stort sett landsens kristne jenter. Under krigen vart tilhøva annleis då fabrikken sleit med å få tak i tilstrekkeleg med råstoff. Då krigen var over blomstra produksjonen opp igjen - men berre til ein viss grad. Etter kvart vart det tydeleg at produksjonsmetodane var gammaldagse, samt at arbeidstilhøva internt i verksemda og i forhold til kundar vart problematiske.

Arbeidsfordelinga var i alle år slik at Synnøve dreiv med sjølve produksjonen og produktutvikling medan Pernille bestemte over alt det andre. Då Synnøve døydde i 1957 testamenterte ho heile formuen til Pernille og etterkommarane hennar. Familien hadde eigarskapet til verksemda fram til 1987. Pernille Holmen og Synnøve Finden var nokså autoritære og hadde streng kontroll over verksemda, dei tilsette og familien. Slik forfattaren/barnebarnet framstiller det, var Pernille ekstremt kontrollerande.

Forfattaren fortel nøkternt - og samstundes nært - om korleis det var å veksa opp i ein heim der fokuset var religion og misjon, hardt arbeid, strenge reglar og indre motsetningar. Det som fantest av konflikter og motsetnader vart, så lenge Synnøve og Pernille bestemte, slått hardt ned på og/eller ikkje snakka om. Eg vil tru at ein slik oppvekst kunne vera ganske krevjande, spesielt med tanke på korleis Pernille behandla dottera og svigersonen, dvs. Tor Edvin Dahl sine foreldre. Dahl har truleg bearbeida det han opplevde ved at han har brukt mykje av miljøet rundt fabrikken og pinserørsla i fleire av romanane sine.
Min bestemor elsket Synnøve Finden inneheld personlege skildringar av to fargerike og bestemte damer og er ei heilt grei leseoppleving.

15. juni 2016

Biolesesirkel: Kampene - Et portrett av Kim Friele

Tema for Moshonista sin biografisirkel i juni er I rettferdighetens navn, dvs. at me i denne runden skal lesa biografiar om/av folk som har kjempa for rettferd, likskap og likestilling. Kort sagt: Personar som har kjempa for det gode. Eg har lese Ola Henmo sin biografi om den kjende samfunnsdebattanten og homoaktivisten Kim Friele.


Cappelen Damm 2015
159 sider
Kjelde: Lånt ebok, eBokBib


Du er eit av mine store førebilete, og ei kvinne som har gjort Norge til eit klokare og rausare land, sa kronprinsesse Mette-Marit til Kim Friele då dei to og biografen Henmo samtala på Gol bibliotek tidlegare denne månaden. Det er ikkje vanskeleg å vera enig med kronprinsessa i det.

Arrangementet på Gol var sett i stand i samband med at Litteraturtoget 2016 hadde utanforskap som tema. (Ein kan meina mangt og mykje om det kongelege litteraturtoget, men eg tykkjer at litteratur er av dei meir fornuftige tinga ei kronprinsesse kan engasjere seg i..)

Så mykje nytt byr ikkje biografien/portrettet til Henmo på. Friele ga ut sin eigen sjølvbiografi alt i 1990, så ein kan sei at det meste er kjent frå før. Det er likevel ganske interessant - og ofte morosamt - å lesa om hovudpersonen sine kampar og historia om homorørsla.

Karen-Christine Wilhelmsen vart fødd i Bergen i 1935. Førenamnet vart etter kvart forkorta til Kim og etternamnet gifta ho seg til i 1959. Ekteskapet vart kortvarig, for Kim "fann seg sjølv" etter ei tid. Takka vere tolerante foreldre og ein trygg oppvekst hadde ho også det motet som skulle til for å stå fram offentleg som homofil i ei tid då dette var tabu.

I dag er vel dei fleste av den oppfatning at kjærleik er kjærleik, same kva legning den enkelte har. Men slik har det slett ikkje alltid vore. Heilt fram til 1972 var homofile handlingar mellom menn forbode. (Kvinner/lesbiske var ikkje nemnde eingong i straffelova § 213. Ein kunne ikkje tenkja seg at det gjekk an å ha sex utan at ein mann var med i biletet..) Fram til 1978 var homofili definert som ein psykiatrisk diagnose. I 1981 vart homofile lovbeskytta mot diskriminering - og i 1993 fekk dei rett til partnerskap. Kim Friele bidrog aktivt i alt dette arbeidet sidan ho hadde ei sentral rolle i Det norske forbundet av 1948 og seinare i Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring. Kim Friele er med rette blitt hylla og dekorert for innsatsen sin, men ho har også trakka på nokre tær opp gjennom åra. Det legg ikkje Henmo skjul på i denne boka. Friele brukar "stor plass" og kan nok oppfattast som skarp og stri.

Det er framleis vanskeleg for mange å komma ut or skapet. Difor er det flott at det finst menneske som Kim Friele, som har kjempa og stått på barrikadane på vegne av alle homofile og lesbiske - i ein kvinnealder. Kim Friele og hennar partner og store kjærleik Wenche Lowsow fyller år på same dato. Nyleg (27. mai) vart Kim 81 år og Wenche 90. No er Wenche sterkt redusert av sjukdom, men dei har halde saman i nær 40 år, i gode og onde dagar.

Om få dagar opnar Oslo Pride 2016. Festivalen kjem sikkert til å bli prega av den grusomme hendinga i Orlando for nokre dagar sidan. Ekstremt homohat og homofrykt eksisterer i enkelte fundamentalistiske miljø. Me er komne langt når det gjeld likestilling og likeverd i landet vårt, men homofili er framleis ulovleg i 75 land. Homokampen er framleis aktuell.

15. april 2016

Biolesesirkel: Just kids av Patti Smith

Samlaget 2012
315 sider

Papirbok lånt på biblioteket

Bioleserunden no i april har rock som tema, - nærare bestemt rockelegender. Eg har valgt meg boka Just kids - ein sjølvbiografi og ei erindringsbok skriven av rockelegenda Patti Smith. På Moshonista sin blogg finn du fleire omtalar av andre legendariske rockepersonlegdomar.

Eg kan tidfeste heilt nøyaktig fyrste gong eg "møtte" Patti Smith: Det skjedde nemleg 1. mai 1979 og har følgjande forklaring: Nokre år, på slutten av 70- og byrjinga av 80-talet, sende NRK (som då var den einaste TV-kanal som fantest, - det er knapt til å forstå for dagens unge) nattrock natt til 1. mai. Føremålet med dette TV-programmet var å halda ungdommar innandørs fordi det då nokre år hadde vore uro og opptøyer denne spesielle natta. Så - når eg høyrer om Patti Smith tenkjer eg på vår og russetid, "Because the night" og nattrock frå Rockpalast. Eg forsto umiddelbart den natta i 1979 at denne dama var heilt spesiell. Ho var ekte og kul. Ho var rock'n'roll.

For meg er Patti Smith (f. 30.12.1946) fyrst og fremst ein musikar og rockeartist, men det viser seg at ho er/har vore ein multikunstnar, noko som eg egentleg ikkje har kjent til før eg las denne boka. Alt frå tidleg barndom viste ho talent for teikning og dikting. Ho var tidleg bevisst på at ho ville bli kunstnar. For å leva ut denne draumen måtte ho ut: Ut i verda, til storbyen, for å søkja erfaring, inspirasjon og likesinna.

Just kids handlar om livet, døden, kunsten og kjærleiken. Det er to historiar som blir fortalt: Smith sine erindringar og skildringar av sitt eige liv - samt den sterke og vakre forteljinga om forholdet til og venskapet med den kontroversielle fotokunstnaren Robert Middlethorpe (1946-89). I tillegg gir forfattaren eit godt tidsbilete frå undergrunnskulturen i New York på 1960- og 70-talet.

Dei to ungdommane Patti Smith og Robert Middlethorpe møtte kvarandre tilfeldigvis i 1967 i New York. I starten levde dei frå hand til munn, brukte tida på kvarandre, på kunsten og på å overleve. Smith skildrar denne perioden på ein var, varm og levande måte - det er nesten som å vera tilstades der det skjedde. Ho fortel nøkternt og usentimentalt om sterke kjensler, vanskelege tilhøve og møte med unike personar. Smith og Middlethorpe var tvillingsjeler og slutta aldri å elska kvarandre. Heller ikkje då Middlethorpe etter kvart fann ut han var homofil. Anekdotane og historiane i boka er interessante og fascinerande. Det er den unge Patti Smith som fortel, sjølv om ho faktisk var over 60 år då ho skreiv boka.

For meg vart mange av namna i boka, både på personar og stader, framande og sa meg lite. Eg hadde også forventa meir om musikk og meir om Patti Smith Group. Men boka er svært leseverdig; eg trur aldri at eg har lest ein biografi med vakrare språk (og oversetjing).

I eit siste brev til Robert Middlethorpe skreiv Patti Smith dette:
"Du drog meg opp frå den mørkaste perioden av mitt unge liv og delte det heilage mysteriet med meg: Kva det vil seie å vere ein kunstnar. Gjennom deg lærte eg å sjå, og komponerer aldri ei line eller teiknar ei kurve som ikkje bygger på kunnskapen eg fekk i den dyrebare tida vi var saman."



Because the night vart skriven av Bruce Springsteen, men han ga vekk låta til Patti Smith som deretter omarbeidde sangen. (Meir om låta på nettsida songfacts.com)
Videoen ovanfor er frå 1978. Denne versjonen er av høg kvalitet og ein kan her tydeleg sjå kor stor utstråling og formidlingsevne Patti Smith hadde. Denne evna har ho fortsatt - noko boka Just kids viser.