20. juli 2018

Norsk krim 2018 del 2

Lesing og gjennomgang av årets norske kriminalromanar held fram. No har eg ikkje som mål å lesa alle krimbøkene som vert utgitt i 2018; eg plukkar ut kun dei eg trur/veit eg vil lika. Men forventningane mine vert ikkje alltid innfridde.

Korset av Ingar Johnsrud

Lydbokforlaget 2018
Speletid 13:32, kjøpt lydfil


Ingar Johnsrud skriv på ein sjølvsikker måte og handterar dei mange trådane og det innfløkte plottet i denne boka med stødig hand. Det er imponerande godt gjort. Korset er tredje og avsluttande del av trilogien der politietterforskarane Fredrik Beier og Kafa Iqbal er hovudpersonar - og for ein avslutning!

Boka handlar om saker som har forgreiningar til nasjonal og internasjonal politikk, handel med narkotika og biologiske og andre våpen, om korrupsjon og ondskap, om hevn og svik, om konspirasjonar og terror. Både Fredrik og Kafa vert personleg involverte, på fleire plan. Dette er kanskje i overkant oppkonstruert og usannsynleg, men i ei bok av denne typen er det OK. Utover i boka finn etterforskarane stadig nye spor og villspor og ein får fleire spenningstoppar.

Johnsrud repeterer/oppsummerer tidlegare hendingar på ein forståeleg måte slik at Korset fint kan lesast som ein frittståande kriminalroman. Opplesar Ivar Nergaard toppar leseopplevinga - og eg konkluderer med eit terningkast 5. 


Søsteren av Kjell Ola Dahl

Gyldendal 2018
349 sider, lånt ebok eBokBib


I denne boka får ein gjensyn med etterforskarane Gunnarstranda og Frølich som mange kjenner frå tidlegare Dahl-bøker. Det er Frank Frølich som er hovudperson og forteljarstemme i Søsteren.

Sidan sist har Franken slutta i politiet og starta sitt eige etterforskingsfirma. Det går ganske dårleg - men så, ganske plutseleg, får han mange oppdrag frå fleire ulike oppdragsgivarar. Sakene og personane er ulike, men alle har ei viss tilknytning til kvarandre.

Kjell Ola Dahl er ein stødig forfattar og han konstruerer alltid truverdige og passe innfløkte plott. Søsteren kan ikkje måla seg med Rivertonvinnar Kureren, men det er ei heilt grei bok. Terningkast 4.



Alle kan drepe av Jørgen Brekke

Juritzen 2018
362 sider, lånt ebok eBokBib


Bok nummer seks i Singsaker-serien er slett ikkje dårleg, men etter mi meining er dette den svakaste i serien. Brekke og helten hans Odd Singsaker tok meg med storm med Nådens omkrets og eg har stort sett hatt positive leseopplevingar med dei påfølgjande bøkene. Brekke har ein frisk og original stil og ein frodig fantasi. Eg likar å bli skikkeleg overraska når eg les krim og det har eg ofte blitt av denne bokserien.

Singsaker og Felicia er i ammetåka denne gongen - noko boka også ber preg av, på ein måte. Det er noko langsamt og tamt over heile forteljinga. Dei to alternerande handlingstrådane - den eine i notid og den andre frå sommaren 1992 - gjer at det likevel er eit visst driv.

Den forrige Singsakerboka Avgrunnsblikk var veldig bra, så det er å håpa at Brekke no tek seg ein god pause i skrivinga og kjem tilbake med noko betre enn Alle kan drepeTerningkast 3.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Les samleomtale av Heine Bakkeid, Ingebjørg Berg Holm og Frode Granhus sine bøker:
Norsk krim 2018 del 1

4 kommentarer:

  1. Jeg har ikke lest de to første, men det er umulig å klare å rekke over alle krimbøker som utgis! Skal lese del 1 på bloggen din nå, for de tre bøkene har jeg lest, ser jeg. Ha en fin sommer videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. For to-tre år sidan hadde eg planar om å rekka alle årets norske krimutgivingar, men slike mål har eg etter kvart gått vekk frå. Det vert nemleg gitt ut for mange middelmådige/dårlege norske kriminalromanar.
      Fortsatt god sommar til deg óg!

      Slett
  2. Spennende spredning på terningkastene denne gangen :) Jeg likte nok Jørgen Brekke litt bedre enn deg, selv om jeg er enig i at dette ikke er hans beste. Johnsrud derimot, den trilogien anbefaler jeg villig vekk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Johnsrud sin trilogi er veldig bra. Det ser eg no når eg har lest alle tre. Var ikkje så begeistra for det fyrste, men sett i etterpåklokskapens lys (dvs. når trådane vart samanfletta i Korset) var den ikkje så verst likevel.

      Slett