Eg les mykje krim, og tykkjer difor at det er interessant å få tips om (for meg) ukjende krimforfattarar. Her følgjer ein samleomtale med bøker frå ein tysk, ein britisk og ein dansk krimforfattar: Ein historisk krim, ein politikrim og ein spenningsroman.
Den våte fisken av Volker Kutcher
Bazar 2011
508 sider
Lånt papirbok biblioteket
Handlinga er lagt til mellomkrigstida, nærare bestemt til Weimarrepublikken. Det uvande bakteppet gjer boka interessant. Dette var ei tid med store utfordringar, både politisk og menneskeleg. Hovudpersonen er ein ung politimann i Berlin.
TV-serien Babylon Berlin baserer seg på denne boka. Eg såg nokre få TV-glimt og fekk då eit heilt anna inntrykk av stemninga enn den eg fekk gjennom boka. Medan eg las tenkte eg at det var grått, mørkt og langsamt. TV-bileta var derimot fargesterke og med raske sceneskift. Serieskaparane har lagt vekt på det dekadente og sære, men i boka har ikkje dette noko særleg fokus.
Eg oppfatta fyrste del av Den våte fisken som omstendeleg, uoversiktleg og tunglest. Eg las likevel vidare i håp om at det skulle bli betre etter kvart. Det vart det egentleg ikkje, men eg fullførte då heile boka. Terningkast 3.
Nå ser du meg av S.J. Bolton
Cappelen Damm 2014
Speletid 12:10
Storytel
Det "kryr" av dyktige britiske krimforfattarar og det skal godt gjerast å få med seg alt som blir utgitt. Sharon Bolton, eller S.J. Bolton som ho óg vert kalla, er ein av dei eg ikkje har lest noko av tidlegare.
Nå ser du meg er fyrste bok i serien om politikvinna Lacey Flint. Det er ein politikrim der hovudpersonen vert ualminneleg sterkt involvert i ei pågåande seriemordarsak. Under lesinga fekk eg assosiasjonar til både Mo Hayder, Val McDermid og Minette Walters sine bøker.
Splitter gale seksual-, sadist- og seriemordarar er heldigvis høgst uvanleg, men det finst nokre eksempel på slike monster frå det verkelege. Den mest bestialske, myteomspundne og uoppklarte av dei alle er Jack the Ripper. I Nå ser du meg handlar det om ein som kopierer metodane til den skremmande drapsmannen som terroriserte London på 1880-talet.
Nå ser du meg er ingen kosekrim: Sarte sjeler må vera obs på at boka inneheld nokså blodige skildringar. Terningkast 4.
Hengte hunder av Jens Henrik Jensen
Lydbokforlaget 2018
Speletid 12:22
Lånt lydbok biblioteket
Fyrste del av trilogien Oxen lovar bra. Krigsveteran og eks-elitesoldat Niels Oxen er hovudperson og (anti)helt i ei småspennande krimforteljing frå den danske villmarka. Denne Oxen har meldt seg ut av samfunnet etter traumatiske opplevingar og slått leir i skogen saman med hunden sin. Her (over)lever han av det naturen byr på og det han kan finna på avfallsplassar. Ein dag finn han tilfeldigvis ein hengd hund og ein livlaus person. Offeret viser seg å vera ein så mektig mann at etterretningstenesta vert kobla inn i saka.
Oxen vert fyrst mistenkt for ugjerninga, men saka utviklar seg og han vert delvis mot sin vilje involvert i etterforskinga. Det dukkar nemleg opp fleire døde menn og fleire hengde hundar. Hyppige perspektivskift og ulike forteljarstemmer gjer historia uforutsigbar, men det heile blir vel vidløftig og konspiratorisk til tider. Terningkast 4.

Nå ser du meg av S.J. BoltonCappelen Damm 2014