27. mai 2020

Bokomtale: Opprør av C.J. Sansom

Press 2020
789 sider
Lånt papirbok privat
Originaltittel: Tombland

For oss som har sans for finurlege kriminalgåter OG forteljingar frå Tudortida, er serien om Matthew Shardlake midt i blinken. Opprør er bok nummer sju og me er komne fram til året 1549. I England er det urolege tider; Henrik VIII er død og den 11 år gamle sonen hans, Edvard VI, sit på trona. Den egentlege makta ligg hos regentrådet, leia av Protektor Somerset - onkel til den mindreårige kongen.

England er i krise og kaos på mange måtar; religiøs reformasjon, politiske konfliktar, økonomisk krise, høge skattar, dårlege avlingar og stor fattigdom. Skilnaden mellom fattig og rik er ekstrem og grotesk stor; det er duka for uro, protestar og opprør. Sakførar Shardlake befinn seg innleiingsvis i utkanten av opprøret, men han skal snart bli dregen inn i dei hendingane som finn stad.

I slutten av forrige bok, Klagesang, fekk Shardlake ein ny oppdragsgjevar, nemleg lady Elizabeth, kongen si syster (og framtidig dronning Elizabeth I). Ein fjern slektning av henne er arrestert og sikta for drap på kona si. Shardlake vert engasjert for å finna ut av saka, og ferda går nordover; frå London til Norfolk og Norwich. Saka viser seg å vera uhyre komplisert, og mange kan ha motiv. Ikkje overraskande heng løysinga saman med det pågåande og omfattande opprøret. Før det kjem så langt har Shardlake opplevd mykje dramatikk.

På denne tida var Norwich nest største by i England, etter London. Sommaren 1549 okkuperte opprørarar byen, i ei hending som i ettertid vart kalla Kett's rebellion. Ein heil del av det som det vert fortalt om i boka er altså basert på verkelege historiske hendingar og verkelege historiske personar. Avslutningsvis i boka har Sansom skrive eit essay der han går grundig og lettforståeleg gjennom bakgrunn for hendingane og elles historiske fakta.

Sansom skriv medrivande og interessant om denne tida og om Shardlake si etterforsking og medhjelparane hans som me har møtt i tidlegare bøker. Framfor alt er det interessant å lesa om korleis samfunnet fungerte og korleis enkeltmenneske hadde det under slike turbulente forhold. Eg vart stadig sitjande å googla personar og stader som vart nemnt, så det tok si tid å komma gjennom heile boka.

Eg er imponert over sakkunnskapen til forfattaren og det research-arbeidet han må ha hatt for å skriva denne romanen.

Shardlake-serien består av tjukke, omfangsrike og handlingsrike mursteinar, men berre unntaksvis føler eg at det går litt på tomgang.
Opprør er lærerik, spennande og underhaldande lesing; rett og slett kvalitet heile vegen.

3 kommentarer:

  1. Fristende omtale Berit! Jeg har lest mye engelsk historie, og denne tudortiden med Henrik den åttende & co er alltid spennende. Noterer serien bak øret (hvis jeg får plass) og har J.C. Sansom som en fristende langles når behovet melder seg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Anbefalar å starta med den fyrste boka, Oppløsning. Ikkje så veldig tjukk og liknar litt på Rosens navn om du har lest den.

      Slett
    2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

      Slett