18. april 2024

Dikt og slikt: Vårsøg

Oppdatering desember 2025: Sjå nedst i denne bloggposten. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Hans Hyldbakk skreiv det mest kjende diktet sitt, Vårsøg, våren 1945. Diktet handlar om at naturen vaknar til liv etter vinteren, men kan òg tolkast som ein hyllest til freden og frigjeringa. 

Surnadalsdialekten, som Hyldbakk ofte nytta når han skreiv, er noko utilgjengeleg for mange. Likevel er 'Vårsøg' (saman med det nest mest kjende diktet 'E slåttetæja') blitt allemannseige. Grunnen til at dikta vart så kjende og kjære kan i stor grad tilskrivast Henning Sommerro, ein sambygding av Hyldbakk.
I 1971 tonesette Sommerro, den gong 19 år gammal, diktet Vårsøg. I 1977 kom albumet Vårsøg ut med gruppa Vårsøg. I alle åra etter har sangen Vårsøg vore jamnleg å høyra på norsk radio - og Hyldbakk sin lyrikk har vorte landskjend.

Hans Hyldbakk døydde i 2001, 103 år gammal. Han levde faktisk i tre hundreår sidan han var fødd i 1898.


Vårsøg


No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår det kjenne e so vel
De søng så tongt kring alle dalasiå
Å synnåvinn han kjem å gjer me sel 
 
Når sommar'n kjem da bli det fint e fjellå
Da ska e dit å hør kår bekkjinn søng
Å kliv te topps e brattast berjestellå
Å vea grass å tort å tåberløng

E kjenne lokt tå gras kring alle haua
Å sola skin å bjøllåin kling så kløkt
Å tjønninn legg så blank der e ska lauva
Me berg ekreng der e kainn sol me trøgt

Å du å du kår sårt å sælt e stoinna
Når sola skin frå kvite høgdå ne
Da væt e vår'n han e kje lenger oinna
At e får levva slik ein somar te

Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta
Poinn kalle isa me så sval ein drekk
Når hausten kjem å sistkveldskløva henta
Da ska e takk for sommarn så e fekk

Frå samlinga Etter-rakster (1946)



Hans Hyldbakk - Store norske leksikon

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Oppdatering desember 2025

Statistikk syner at denne bloggposten fekk eit voldsomt oppsving i haust. Årsaka er truleg googlesøk i samband med at det no er offentleggjort at det har komme alvorlege overgrepsskuldingar mot diktaren Hans Hyldbakk. Både NRK og VG har hatt fyldige reportasjar om dette. 

Eg avskyr folk som utset barn (og dyr!) for seksuelle overgrep - og har difor vurdert å sletta dette innlegget. Det er faktisk vondt å bidra til endå meir hyllest til diktet og diktaren. Eg håpar ofra får all den hjelp og støtte dei treng!

På den andre sida: Overgrepa ligg langt attende i tid og Hyldbakk har vore død i 24 år. Eg lar det stå inntil vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar