12. november 2025

Samleomtale: Norsk krim 2025

Det kjem stadig ut norske krimutgjevingar, noko som er både interessant og kjekt. Krim er ein enormt populær sjanger og lesarar etterspør heile tida nye og fleire bøker - noko som gjer sjangeren svært lønsam for forlaga. Mengden krim gjer meg likevel ofte skeptisk, for det er jo ikkje alt som er like bra.
Sidan eg nok er blitt ein kresen og krevjande krimlesar etter kvart, har eg ein tendens til å prioritera bøker frå forfattarar eg kjenner godt til frå før. Dei som eg veit skriv godt, som har gitt meg greie leseopplevingar tidlegare og som sjeldan har skuffa meg. Som forfattarane nedanfor.

Diamanter og rust av Anne Holt
Gyldendal 2025
381 sider
Lånt papirbok privat

Veldig bra bok! Eg har kosa meg med den 13. boka i Hanne Wilhelmsen-serien; eg har lese seint for å verkeleg få med meg stemning, språk, dialogar og innhald. Forfattaren har nemleg uttalt at Diamanter og rust er den aller siste i serien. Det at ein veit at det er den siste boka fann eg litt foruroligande, med tanke på at Anne Holt tidlegare i ein annan serie har "avliva" protagonisten sin. Kva kjem til å skje med Hanne? 

Før ein veit korleis det endar skal me ein tur innom ein del merkelege ting som har foregått i forlagsbransjen og me får møta eit par meir eller mindre desperate forfattarar som slit med ulike ting; rykter, privatliv, skrivesperre og økonomi. Dessutan skjer det sjølvsagt eit mord. 

Det er sommar og Hanne og familien oppheld seg på nyinnkjøpt hytte. Men Hanne mistrivst med varmen og alle gjestene. Når hyttenaboen viser seg å vera ein jamaldrande forfattar som attpå til er eit viktig vitne i den pågåande drapssaka, vert Hanne veldig interessert, for å sei det mildt. Problemet er at det er gitt ordre om at Hanne ikkje skal involverast i noko politietterforsking.

Plottet er finurleg og løysinga logisk - med ei avslutning som er avklart - men også open. Fiffig!
Avslutningsvis må nemnast at referansen til Diamonds and Rust av Joan Baez er tydeleg, spesielt når boka er ferdiglesen.
Terningkast 5.

Kom hjem Amadou av Karin Fossum
Cappelen Damm 2025
221 sider
Lånt papirbok privat 

I Eddie Feber-bok nummer 5 finn du ikkje så mykje ytre spenning, men desto meir spenning som ligg på eit indre plan. Fossum har ei fenomenal evne til å få oss lesarar til å bry seg om dei ulike karakterane sine. Ho skriv effektivt og bygger historia opp på ein overbevisande måte. Her er det ikkje ei einaste setning eller eitt einaste ord for mykje.

Sentralt i handlinga er Nancy, ei einsleg og einsam kvinne som bur på ein stor gard, sterkt prega av ei vond oppleving i barndommen. Ikkje berre vart ho utsett for ei skremmande hending, men i ettertid forstår ho at ho var eit viktig vitne. Men ho var berre eit barn den gongen og det ho sa vart dyssa ned og ikkje teke på alvor.

Etter kvart blir etterforskar Eddie Feber, åttebarnsfar og menneskekjennar, involvert, - både i ei gammal forsvinningssak og fleire andre tragiske og skremmande hendingar. 
Terningkast 5.


Det levende mørket av Ørjan N. Karlsson
Gyldendal 2025
328 sider
Lånt ebok BookBites

Fjerde del i serien om etterforskar Jakob Weber har, som dei føregåande, handling frå Bodø og distriktet rundt. Bøkene i serien handlar ofte om mørke hemmelegheiter og uoppklarte forsvinningar.
I denne siste boka må Jakob noko motvillig tre inn som fungerande politimester. Aller helst vil han jobba i felt, men med to krevjande etterforskingar er det viktig at nokon held i trådane. 

Sakene er både groteske og mystiske. Den eine saka handlar om at eit partert lik vert funne i eit søppelanlegg og den andre om ein forvirra mann med ein blodig kniv. Som lesar blir ein ikkje spesielt overraska når det viser seg at dei to sakene heng saman.
Legg så til eit kart med merkelege påteikningar, ein nærgåande ulv, ein mann som skjuler identiteten sin bak ein birøktarhatt, samt narkotikasmugling og vald i nære relasjonar. 

Jakob er ein sympatisk og truverdig karakter, og eg kjem heilt sikkert til å lesa femte bok denne serien.
Det levende mørket får terningkast 4+.


Kismat av Abid Raja og Torkil Damhaug
Cappelen Damm 2025
Speletid 9:00
Lånt lydbok BookBites

To suksessrike og dyktige forfattarar frå kvar sin sjanger er blitt eit spennande krimforfattarpar. Kismat er fyrste bok i det som kan bli ein serie. Samarbeidet virkar å ha fungert fint og dei har funne ei form som funkar. 

Hovudperson i boka er Aurang Khan; han er advokat med pakistansk bakgrunn og aktuell som ny statsråd. Likskapen mellom Abid Raja og hovudpersonen er altså tydeleg, men også ganske ulik. Å vera fleirkulturell kan vera ein vanskeleg balanse, noko Raja sjølv har uttrykt fleire gonger i sine utspel om innvandring og integrering.

Gjennom perspektiva til ein journalist og ein ungdomsven får me vita at det finst ein del grums i Khan si fortid. Er det så grovt at det kan vera ei belastning eller hindring i ein eventuell ministerpost? Gjennom ulike tidsplan vert me kjent med bakgrunnen hans; m.a. om tida på koran-skule i Pakistan og om det kriminelle organiserte miljøet i Oslo på 1990-talet.

Ivar Nygård les lydboka med sedvanleg engasjement og innleving og har evne til å skilja dei ulike forteljarstemmene frå kvarandre. Etter mi meining er boka meir interessant enn spennande, men eg les gjerne meir frå dette forfattarparet i framtida.
Terningkast 4+.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Tidlegare i år har eg lese følgjande krimromanar, òg utgjevne i 2025. Men det er ganske lenge sidan eg las dei og dermed har eg gløymt mykje av handlinga i bøkene.

Bomberen av Samuel Bjørk
Bonnier norsk forlag 2025
542 sider
Lånt papirbok privat 

Denne las eg i sommar då eg hadde ferie. Ypparleg ferielesing! Ei omfattande bok, men er lettlest og vart ikkje opplevd som for lang. Kan karakteriserast som ein actonthriller med mange spenningstoppar, overraskande vendingar, høgt tempo og god framdrift.
Bomberen er bok 6 i serien om Holger Munch og Mia Krüger, men serien er ukronologisk. Denne boka har handling frå tidleg 2000-tal, då Mia var heilt fersk som etterforskar. Terningkast 5.

Evig fred av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2025
351 sider
Lånt papirbok privat 

Eg las den femte boka i Bengt Alvsaker-serien i april og hugsar ikkje noko særleg av handlinga. Men det er i alle fall bygdekrim, og det må ha vore ei heilt grei leseoppleving; eg ga boka terningkast 4+
Sjå og høyr bokbad med forfattaren.


Minnesota av Jo Nesbø
Aschehoug 2025
Speletid 11:16
Lånt lydbok BookBites 

Boka kom ut tidleg på året og eg lytta til ho i mars. Så handlinga er som blåst bort frå hjernen min. Ikkje eingong når eg no i ettertid skummar gjennom omtalar og bokmeldingar kjem det tilbake til meg. Nesbø er uansett bra og eg ga terningkast 5.