5. desember 2013

Bokomtale: Jordtårer av Frode Eie Larsen

Liv forlag 2013
272 sider

Lånt på biblioteket

Jordtårer er den frittståande oppfølgjaren til kriminalromanane Hemmeligheten og Frostrøyk. Eg har ikkje lese desse to, men starta rett på bok nummer tre.

Tittelen er fin og spennande og det startar utruleg fengande:

"Han børstet vekk jord og småstein, tok med seg klumpen opp av hullet og satte seg på gresset for å se på den.
Det var ikke gull.
Hodeskallen gliste mot ham, med to tomme øyne. Mørk jord laget skitne streker på det hvite. Det var akkurat som om skallen gråt.
Jordtårer."


Ein unggut som grev opp gamle menneskeknoklar, ein prest som ber på gamle mørke familiehemmelegheiter, ein bonde som vert drept, ei gammal nabodame som ikkje fortel alt ho veit. Samt ein politimann som strevar med eks'en sin og ein nysgjerrig journalist med ein enno meir nysgjerrig kjæreste. Dette er nokre av personane og hendingane lesaren vert presentert for.

Her er ingen einsam krimhelt i hovudrolla. Eg-person og forteljar er journalisten Oskar Myhre, men også to andre personar er med på å løysa mysteria; kjæresten Jessica og kompisen og politimannen Eddi Stubb. Forfattaren skiftar stadig perspektiv mellom desse og andre aktørar i boka. Han legg ut mange lause trådar, skapar ei litt uhyggeleg og mørk stemning, byggjer opp spenning og alt legg til rette for ei slukebok for ein krimelskar.
Men midtvegs i boka "stoppar det opp" for denne lesaren. Dessverre.

Spoiler-advarsel!
Resten av denne omtalen inneheld ting som avslører sentrale deler av handlinga. 

Det kjem nemleg enno eit par lause trådar - som berre vagt og glimtvis har noko med dei andre sakene å gjera. I all kriminallitteratur finst eit par viktige moment: Til slutt skal alt henga saman - gjerne på ein finurleg måte, og alle trådane skal samlast slik at lesaren ser ei løysing og ei oppklaring. Saka med det kidnappa barnet og dei hjelpelause tenåringsforeldra er etter mi meining berre eit irriterande sidespor.

Løysinga og oppklaringa av det gamle mysteriet er forferdeleg og grusomt. Så skrekkeleg at det vert for mykje. Så redselsfullt at eg rett og slett ikkje trur på historia lenger. Forskrudd religiøsitet som motiv har vore brukt i mange kriminalromanar tidlegare, men her vert det dradd vel langt. Ei anna innvending mot innhaldet i boka er det praktiske, polititekniske og -taktiske. Sidan det er lagt opp til ei "realistisk" krimbok, virkar det litt rart at kun to politifolk etterforskar desse grove brotsverka.

Dei to sentrale personane i etterforskinga, Eddi og Oskar, er sympatiske og normale, - så normale at dei er utan personlegheit og sjarm - og dermed lette å gløyma. (Det er mykje lettare å lika og hugsa ein litt sprø og eksentrisk krimhelt!)

Når det gjeld skildringa av den tilbakeståande guten er forfattaren derimot veldig bra. Her syner Eie Larsen varme, innsikt og innleving.

Jordtårer er lettlest og fortlest. Eg har ingenting å innvenda når det gjeld språkflyt og komposisjon. På det feltet er forfattaren dyktig og har gjort eit grundig arbeid. Det er sjølve krimforteljinga og den uforløyste spenninga eg ikkje klarar å lika. Eg likar - som sagt i innleiinga - veldig godt fyrste del av boka, men tykkjer at andre og siste del ikkje står i stil. Eg får ikkje det som det vert lagt opp til, det eg hadde forventa. 

5 kommentarer:

  1. Er enig med deg ang sidehistorien som jeg synes var litt uvesentlig i denne historien, men også enig i at når det gjelder barneskildringene er han veldig god. Jeg synes dette var en bra og spennende bok totalt sett, men med noen forbedringspunkter som jeg skrev i min blogg..

    SvarSlett
  2. Takk for en grundig og god bokomtale, Berit (og Anita) :) Anser meg selv ennå som en forfatter i "støpeskjeen", så innspill som dette er gull verdt! Ennå har jeg masse å lære, men jeg jobbet en del med språk og flyt - så det er gøy å lese at du synes jeg "traff" der :) Er snart ferdig med bok 4, og der har jeg gått litt tilbake til hvordan jeg konstruerte de første to bøkene... med en noe mer spenningstett fortelling :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tilbakemelding. Sidan eg var klar over at du kom til å lesa denne omtalen, var eg så grundig som eg klarte. Samstundes har eg vore like ærleg og oppriktig som eg alltid prøver å vera. Eg har lese hundrevis av krimbøker og er ein kresen lesar og er gjerrig med terningkasta mine. Eg er også den type lesar som legg meir vekt på sjølve historia som blir fortalt enn det reint språklege og litterære.

      Fyrste halvdel av Jordtårer var så bra at eg garanterer at eg kjem til å lesa neste bok.

      Slett
  3. Det setter jeg pris på Berit - tusen takk :) Koser meg selv med skrivingen av neste bok - så får jeg håpe historien fenger dere lesere :)

    SvarSlett
  4. For en flott og saklig omtale Berit. Jeg forsto ikke 3`eren din, men etter å ha lest dette, forstår jeg hva det er som har dradd ned. Kanskje jeg ikke er like streng som deg, og glemmer lettere ting som ikke henger på greip :) Gleder meg til den neste boken din Frode!

    SvarSlett