Viser innlegg med etiketten Bokbloggerprisen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bokbloggerprisen. Vis alle innlegg

8. januar 2017

Bokbloggerprisen 2016 - mine nominerte

Eg las i alt 24 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2016; 19 i klassen for skjønnlitteratur (15 av desse innan krim-/spenningsjangeren) og 5 i open klasse (4 sakprosa + 1 novellesamling). Ein har høve til å nominera heile 7 bøker innan kvar klasse, men det vart til at eg nominerte kun 3 i open klasse. Fristen for nominasjon gjekk ut i går.

Av mine nominerte er 3 bøker utgitt av Oktober, 2 kjem frå Cappelen Damm, 2 frå Gyldendal og 1 frå kvar av forlaga Aschehoug, Juritzen og Vigmostad & Bjørke. Eg nominerte desse bøkene, i prioritert rekkefølge:

Skjønnlitteratur - "Årets norske roman inkl. krim"
  1. Tore Renberg: Du er så lys 
    Årets beste leseoppleving for meg
  2. Edvard Hoem: Land ingen har sett
  3. Torkil Damhaug: En femte årstid
  4. Unni Lindell: Jeg vet hvor du bor
  5. Gunnar Staalesen: Storesøster
  6. Jan-Erik Fjell: Lykkejegeren
  7. Gert Nygårdshaug: Budbringeren
Open klasse - "sakprosa, lyrikk, barne- og ungdomslitteratur m.m."
  1. Torgrim Sørnes: Bøddel
  2. Asbjørn Jaklin: Brent jord 1944-1945
  3. Frode Grytten: Menn som ingen treng
I morgon kjem "fasiten", dvs. då vert langlista publisert og me får vita kven av bøkene frå 2016 som har fått flest stemmer av dei deltakande bokbloggarane.
Eg har nok ikkje tru på at "mine" bøker kjem med i "finalen", med unnatak av Renberg og Grytten - kanskje. Me får sjå - og ta det som det kjem.

- - - - - - - -

Red. 9.1.
Langlistene vart som følgjer:

Årets roman:
•  Leiligheten av Nora Szentiványi (Oktober)
•  Jane Ashlands gradvise forsvinning av Nicolai Houm (Tiden)
•  Du er så lys av Tore Renberg (Oktober)
•  Hviskeren av Karin Fossum (Cappelen Damm)
•  Hennes løgnaktige yter av Selma Lønning Aarø (Cappelen Damm)
•  Arv og Miljø av Vigdis Hjort (Cappelen Damm)

Open klasse:
•  Bøddel av Torgrim Sørnes – dokumentar (Vigmostad og Bjørke)
•  60 damer du skulle ha møtt av Jenny Jordahl og Marta Breen – tegneserie (Forlaget Manifest)
•  Um sakne springe blome, av Cathrine Blaavinge Bjørnevog – lyrikk (Samlaget)
•  To Søstre av Åsne Seierstad – dokumentar (Kagge)
•  Blodskraft av Lise Grimnes – ungdomsroman (Aschehoug)
•  Lars er LOL av Iben Akerlie – ungdomsroman (Aschehoug)

Dermed må eg sei meg nøgd sidan begge mine topp-plasseringar er "inne i varmen". Litt overraskande at Sørnes vart med og at Grytten ikkje nådde opp. Utanom Renberg og Sørnes har eg kun lest Fossum av desse. Og eg meiner det er gledeleg med ein krimnominasjon sjølv om Fossum ikkje leverer sitt beste med Hviskeren.

Seierstad sine To søstre har eg på vent og den skal lesast ved høve. Lønning Aarø har eg også notert meg tidlegare. Når det gjeld dei andre avventar eg til kortlistene kjem før eg seier noko bestemt. Her er opptil fleire titlar som eg stiller meg undrande/avvisande til.

- - - - - - - -

Red. 24.1.
Kortlistene vart slik:

Årets roman:
•  Vigdis Hjorth: Arv og miljø
•  Nicolai Houm: Jane Ashlands gradvise forsvinning
•  Tore Renberg: Du er så lys

Open klasse:
•  Åsne Seierstad: To søstre
•  Catherine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne springe blome
•  Torgrim Sørnes: Bøddel 

I tillegg skal det stemmast over ein "joker" mellom dei gjenverande seks nominerte. Akkurat den avstemminga får gå sin gang utan meg. Eg registrerer at "mine to" (Du er så lys og Bøddel) framleis er med - og at dei dermed får enno meir merksemd enn det dei alt har fått. Det er bra.

12. februar 2016

Kort om: Fotturar i Norge av Gaute M. Sortland

Det Norske Samlaget 2015
93 sider
eBokBib

Av og til er det slik at kjemien manglar. Det kan gjelda stader, folk eller bøker. Det treng ikkje å bety at ein stad er stygg, at eit menneske ikkje er bra eller at ei bok er dårleg. Det er ein personleg ting som handlar om at ein på eit visst tidspunkt ikkje føler seg vel i dei omgjevnadene / den plassen / i lag med det mennesket / med den boka.

Eg fann ikkje kjemien med kortprosasamlinga Fotturar i Norge. Eg følte meg ikkje vel medan eg las. Eg vart forvirra, irritert, hengde meg opp i skrivefeil - og var mest opptatt av å bli ferdig med dei stakkars 90 sidene. Det mest positive eg kan sei om boka er at ho er kort, at ho er skriven på nynorsk - og at eg har klart å fullføra ei bok som eg ikkje likte.

Det er muleg at boka hadde passa meg betre i ei anna tid, i ei anna setting eller i eit anna format - men eg tvilar.

At alle omtalane eg har lest når det gjeld denne boka er overveldande positive gjer meg frustrert.
At boka er mellom dei nominerte til årets Bokbloggerpris gjer meg oppgitt.
Samstundes prøver eg å gi blaffen i kva "alle andre" meiner. Det er lett å tenkja at det er noko gale med ein sjølv når ein ikkje skjønnar kva som er grunnen til all rosen. Etter mi meining er boka meiningslaus og manglar ein samlande tråd. Utanom dette med "Fotturar i Norge" då - som i denne boka betyr kva som helst - berre ikkje det ein skulle tru.

På førehand var eg klar over at boka var spesiell - og i utgangspunktet kan eg lika "bøker som ikkje liknar på andre bøker". Eg var også klar over at boka ikkje handla om turgåing i tradisjonell og bokstaveleg forstand. For "Fotturar i Norge" er i desse tekstane mykje forskjellig:
Fotturar i Norge kan vera ein person, f.eks. ein frustrert prest, ein sauebonde eller Oddvar Brå.
Fotturar i Norge kan også vera eit blått skilt - eller ein pub - eller ein leirklump. Eller noko heilt anna.
Sprøtt? Ja! og dessutan forvirrande, usamanhengande og irriterande. Og absolutt ikkje morosamt.

Nokre av tekstane er heilt korte, som små dikt - men dei framstår for meg som tilfeldige og lausrivne ord. Andre tekstar er lengre; mange av dei utan avsnitt og luft og virkar dermed heseblesande og masete.

Virkar eg sur og gretten? Vel - eg er ikkje det, - ikkje no lenger. Akkurat no er eg nøgd med at eg har klart å gi uttrykk for mi ærlege og oppriktige meining om ei sjeldan dårleg leseoppleving.
Truleg har forfattaren ei meining med tekstane sine, men eg fekk ikkje tak i det. Dårleg kjemi, som sagt.

Dersom du klikkar deg inn på sida til Bokbloggerprisen finn du fleire - og heilt andre - omtalar av Fotturar i Norge.

25. april 2015

Bokomtale: De som ikke finnes av Simon Stranger

Cappelen Damm 2014
174 sider
Kjelde: Lånt ebok

Vanlegvis les eg ikkje ungdomsromanar, men sidan De som ikke finnes er nominert både til Bokbloggerprisen 2014, Uprisen 2014 og til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2015 - følte eg at dette var ei bok som måtte lesast. Det vart dessutan sagt at boka er ein politisk roman som også vaksne kan lesa.

Eg lånte boka via ebokbib - og las ho ut på ein kveld. Fyrst og fremst fordi ho er kort (174 sider), men også fordi boka er aktuell og meiningsfull og fordi temaet er fengande og opprørande. Det er ei bok som grip tak i lesaren umiddelbart - og grepet vert verande der - også etter avslutta lesing. Boka har ein viktig bodskap til oss alle.

Forfattaren Stranger (som ser ut som om han er 15 år på det offisielle biletet sitt, men ifølge Wikipedia er han faktisk ein vaksen mann på 39) har gitt ut 5 romanar og 2 barnebøker før De som ikke finnes. Sjølv har eg ikkje lest noko av forfattaren tidlegare.

Boka handlar om Samuel frå Ghana og Emilie frå Bærum. Samuel er ein av desse personane "som ikkje finst"; han er ein papirlaus flyktning, noko som vil sei at han er utan papir, utan rettar, utan status, utan vern - og nesten utan vener. Berre Amadou - som han mistar kontakten med medan dei er på flukt i Europa - og Emilie, som han ein gong traff på Gran Canaria - og som han har adressa til på ein lapp i lommen sin. Men korleis i alle dagar skal Emilie kunna hjelpa han? Og - kan ho i det heile stola på han? Ho vart så betatt av Samuel der nede på Gran Canaria - men når han dukkar opp i den trygge heimen hennar, vert ho både skremt og fortvila. Samuel er vanskeleg å forholda seg til - nettopp fordi han ikkje "kan finnast".
"Det verket i fingrene. Hadde han vært som alle de andre i byen, da hadde han dratt til legen. Da hadde han fått tatt røntgenbilde av hånden, fått sårsalve, bandasje, en sykemelding, men han er ikke som dem. Fingrene må bare verke, for heller ikke de finnes. Verkingen finnes ikke. Smerten hans finnes ikke."
De som ikke finnes fortel ikkje egentleg noko nytt, men er skremmande aktuell akkurat no. Det finst ufatteleg mange "Samuelar" der ute. Unge menneske som i desperasjon flyktar frå heimlandet sitt, gjennomgår urett, redslar, fornedringar og lidingar, - og som har som mål å skapa ei betre framtid for seg og sine. På ein lettfatteleg måte viser forfattaren også kor enkelt det er å vera fordomsfri og positiv til flyktiningar og asylsøkjarar - så lenge dei held seg litt på avstand. Kjem dei for nær, vert det liksom meir problematisk.

Mange ungdommar har skrive anmeldelsar av denne boka på nettsida til Uprisen. Dei fleste er klart positive, men ikkje alle. Dei som er negative grunngjev dette med "for lite spenning" - men eg vil heller tru at det skuldast temaet og det urettferdige og brutale innhaldet som kan gjera boka ubehageleg å lesa.
For meg er det negativt at boka sluttar som ho gjer - men eg kan likevel anbefala ho - spesielt til unge lesarar. Boka er lettlest, med konkrete handlingar, lågt sidetal, korte setningar og utan vanskelege ord. Skiftet av perspektiv og skifte av notid/fortid bør heller ikkje by på problem.

De som ikke finnes er dyster og trist - på grensa til å vera for sentimental faktisk, etter min smak - men er likevel ein svært viktig roman. Boka er samlesingsboka for april i samband med nominasjonen til Bokbloggerprisen 2014, open klasse. 

3. mars 2015

Bokomtale: Finne ly av Aina Basso

Samlaget 2014
251 sider
Lånt på biblioteket

Finne ly er meir som ei lang novelle enn ein roman. 250 sider, stor skrift, mykje luft og fleire blanke sider innimellom gjer boka rask å lesa. Truleg er desse blanke sidene meint å vera ein "pause" frå sjølve lesinga - ei tid til ettertanke for lesaren.

Boka inneheld fleire fine naturskildringar, i eit nærast poetisk språk. Ho kan samanliknast med Britt Karin Larsen sine bøker om skogfinnane, men eg tykkjer ikkje Basso får fortalt like mykje som Larsen - verken på eller mellom linjene.

Historia vert fortalt på ein stillferdig måte, men ein skjønnar raskt at det kjem til å bli ein dramatisk og tragisk utgang. Handlinga går føre seg i Finnskogen rundt 1850. Romanen har to eg-forteljarar; taterjenta Hanna og bondesonen Johannes.

Gjennom desse to personane sine tankar og handlingar får Basso fortalt korleis livet for romanifolket var og om dei fastbuande si frykt for det framande. Skildringa av Johannes si angst og uro er ganske sterk, men kjærleikshistoria og trekantdramaet det vert fortalt om klarar eg ikkje heilt å tru på.

Forfattaren set altså fokus på framandfrykt og fortel om undertrykking av romanifolket i tidlegare tider. Dessverre er temaet høgst aktuelt framleis.

Finne ly er slett inga dårleg bok, men mi leseoppleving var ikkje av det heilt store. Eg likar betre bøker som har meir innhald, som har meir varierte og konkrete handlingar og fleire innfallsvinklar. Eg oppfatta det lyriske i språket som kunstig og svulstig. Dei mange skildringane av skog og natur er greie nok, men blir nokså kjedeleg etter kvart. Det blir for mykje av det, rett og slett. Lesinga blir òg trasig av den mørke og dystre stemninga.

Finne ly er på kortlista til Bokbloggerprisen 2014, og no i mars vert boka "samlest" av mange bokbloggarar. Absolutt alle omtalane eg har lest av denne boka hittil har vore kjempepositive. Difor føler eg meg kynisk, dum, slem og sær som ikkje likte boka meir enn berre sånn passe. Men slik er det; dette er mi ærlege meining.
Har du lyst til å lesa kva andre (overbegeistra) bokbloggarar meiner om boka kan du klikka deg inn på nettsida til Bokbloggerprisen.

3. februar 2015

Førebuingar til bokbloggerprisen 2015

Som i fjor og i forfjor: 
Eg ynskjer å ha ein viss oversikt over kva eg har lest og kva eg har lyst til å lesa av norske titlar utgitt i 2015. 

(Mine favorittar med * stjerne. Endeleg nominasjon: Raude tal)

Innlegget er endeleg oppdatert 05.01.2016.

Har lest:

Romanar/krim

Open klasse
  • Kartvedt, Sindre: DumDum Boys - En vill en (Aschehoug) *  4
    • Rockebiografi
  • Lindell, Unni: Min mor har en saks i ryggen (Aschehoug) *  3
    • Krimnoveller
    • Lundekvam, Claus: En kamp til (Cappelen Damm) *  2
      • Fotballbiografi
    • Magnus, Jon: Sommerfuglene i Armero (Aschehoug)*  1
      • Reiseskildring/dokumentar/erindring
    • Schaefer, Robin: Monika-saken (Vigmostad & Bjørke)
      • Sak/debatt
    • Sigbjørnsen, Hanne: Tegnehanne (Egmont)  7
      • Tegneserie/humor
    • Strøksnes, Morten A.: Havboka (Oktober)  5
      • Hav-/miljøsak
    • Westlie, Bjørn: Fangene som forsvant (Spartacus)  6
      • Krigshistorisk, dokumentar

    8. januar 2015

    Bokbloggerprisen 2014 - mine nominerte

    I 2014 las eg i alt 33 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen; 28 i klassen for skjønnlitteratur (24 av desse innan krim-/spenningsjangeren) og 5 i såkalla open klasse (alle innan sakprosa).

    Eg nominerte desse bøkene:
    (Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving)


    6. januar 2015

    Planar for 2015 og bøker på vent

    Årsskifte betyr blanke ark og nye fargestiftar. Ein ny start med nye mål. Eit heilt ubrukt år ligg framfor oss, og lesehestar, bokormar og bokbloggarar legg planar og set seg lesemål for 2015.

    Bøker og lesing er noko eg er avhengig av, omlag som luft og mat, så egentleg treng eg ikkje nokon årsplan for å halda leselysta oppe og leseinteressa ved like. Eg trivst best når eg let lystprinsippet styra lesinga mi - men det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteka "mine" spelar også inn. Målet for leseåret vert difor noko uklart, med ein kombinasjon av det tilfeldige og det planlagde. Eg ønskjer ikkje å ha for ambisiøse og detaljerte lesemål for 2015. Då blir lesinga stress - og det vil eg ikkje at det skal bli.

    4. juli 2014

    Bokomtale: De usynlige av Roy Jacobsen

    Cappelen Damm 2013
    Opplesar: Nils Johnson
    Speletid: 6 t 29 min
    Kjelde: Lydbok lånt på biblioteket

    Handlinga i De usynlige går føre seg i ei ikkje så altfor fjern fortid (1910/20-talet) og er om ein familie busette på ei øy på Helgelandskysten. Det er Ingrid, det einaste barnet til Hans og Maria Barrøy som er hovudperson i boka - og store deler vert fortalt frå hennar perspektiv.

    Fiskarbondefamilien på Barrøy består elles av Hans si syster Barbro - som truleg er lettare psykisk utviklingshemma, og faren Martin - som er gammal og utslitt. Dei lever eit strevsamt liv i pakt med og i kamp mot naturen. Ungane har plikter frå dei er heilt små. Skal ein ha mat på bordet og klede på kroppen må det jobbast. Dyra må ha stell og fôr, hus og redskap må vedlikehaldast, ærfugldun skal rensast, kaia må reparerast etter storm, fisk skal tørkast og graset skal slåast med ljå. Hans er i periodar på lofotfiske for å spe på økonomien, og alle veit at når mannfolka er ute på fiske, er det ikkje sikkert dei kjem heim att. Så kvinnene har mykje ansvar, og tek ansvar.
    Både Ingrid og mora Maria er sterke kvinner. Dei "står han av" som det heiter. Barbro vert gravid med ein svensk gjestearbeidar og det vert enno ein munn å mette på øya, men vesle Lars veks opp og vert ein dyktig arbeidskar og til stor hjelp for dei andre i familien.

    Personane i boka er fåmælte - kjensler vert ikkje snakka om og dei tenkjer mest praktisk når dramatiske og tragiske ting oppstår. Dei dveler ikkje med fortida og planlegg ikkje langt fram i tid. Dei lever på ein måte frå dag til dag og frå hand til munn. Når mora får samanbrot og vert lagt inn på asyl vert det vanskeleg for Ingrid - men ho gjer det ho kan; bit tennene saman, organiserer og handlar. Skilnaden på folk var ekstremt stor i den tida - men når tragedien råkar "overklassen" på fastlandet, er det igjen unge Ingrid som tek ansvar.

    Etter mi meining er De usynlige ein god og realistisk historisk roman. Det kunne fort blitt ei sentimental, grå og trist leseoppleving sidan temaet er "kvardagsleg slit frå gamle dagar", men Jacobsen fortel det heile på ein så fin og enkel måte; lågmælt og med varme og sjarme. Han syner oss korleis det verkeleg kunne vera å veksa opp i slike fattige og strevsame kår - og dagens raske overflodssamfunn framstår som noko nesten grotesk.

    Forfattaren skildrar naturkreftene, strevet og bekymringane til øybuarane i eit ujålete og direkte språk. Det enkle språket står såleis i stil med personane det vert fortalt om. Mykje kan lesast "mellom linjene". Dialogane er på dialekt - og eg hadde ikkje så store problem med å skjønna det som vart sagt her. Men enkelte lokale ord og uttrykk var fullstendig framande for meg som er oppvaksen i ein heilt annan kant av landet og i eit heilt anna miljø. Eg kunne ha tenkt meg ei ordliste/ordforklaring i starten av lydboka. Eg kunne ha googla dei orda eg ikkje skjønte - men så interessant var det likevel ikkje - for forståinga av og samanhengen i sjølve historia er klar og tydeleg.

    Roy Jacobsen har med denne boka gjort den usynlege kystbefolkningen og deira strev synleg for oss. Eg tykkjer ikkje at De usynlige er så utruleg superfantastisk god som enkelte vil ha det til, men det er ei stillfarande forteljing til ettertanke som eg gjerne kan anbefala.

    Lydboka er godt opplest av Nils Johnson. Det nordnorske tonefallet og den litt langsame måten å lesa på passar fint til akkurat denne boka.

    - - - - - - - - - - - - -

    No i juli månad driv bokbloggarar "samlesing" av De usynlige. Dette er den fyrste og einaste boka eg har lest (fullført) som er på kortlistene til Bokbloggerprisen 2013. Eg gjorde eit forsøk på å lesa Fugletribunalet, men den likte eg rett og slett ikkje. Dei fire andre har eg bevisst valt vekk - dei er (for) langt utanfor mi komfortsone, mitt interessefelt og mi bokverd.

    5. mai 2014

    Heilbom

    Eg har slite meg gjennom ei halv tynn bok - og orkar ikkje å lesa ho ferdig. Agnes Ravatn har fått kjempegode kritikkar og fleire femmarar og seksarar av anmeldarar for romanen Fugletribunalet. Boka er også på kortlista til Bokbloggerprisen 2013. Det kan eg rett og slett ikkje forstå. Eg fann boka (OK, halve boka) uuthaldeleg kjedeleg og full av pinleg føleri og uinteressante og lite truverdige karakterar.

    Eg-personen Allis er ei ung kvinne som har rømt frå noko (eller nokon?) i fortida si og byrjar som hushjelp/gartnar for ein einsleg mann; Sigurd. Han har ei kone som er på reise og har eit arbeidsrom som alltid er låst. Allis framstår som forvirra og irriterande underdanig medan Sigurd er usympatisk, sær og oppfører seg på ein merkeleg måte. Det vert lagt opp til ei mystisk og kanskje erotisk stemning - men denne stemninga er utan nerve og det heile vert heller litt komisk og dumt. For Allis forelskar seg i mannen, - det er litt uklart for meg om kjenslene vert gjengjeldt - eg har som sagt ikkje lest heile boka. Dei to hovudpersonane kommuniserer ikkje på normal måte - og forholdet dei har, som mann/kvinne og arbeidsgjevar/ arbeidstakar er uavklart og komplisert.
    Eg får ikkje handlinga i boka til å henga i hop og tykkjer det heile er utan truverdigheit.

    Så der avbryt eg heile greia. Eg føler det som om eg har lest historia før og bryr meg ikkje om å vita korleis det går. Eg er ikkje nysgjerrig på kva Allis har flykta frå og er ikkje spent på kvar Sigurd sin kone egentleg er. Det besynderlege forholdet mellom dei to hovudpersonane klarar eg heller ikkje å bli engasjert i.

    Fugletribunalet har vore midt i blinken for mange andre lesarar og bokbloggarar, men det vart heilbom for meg, dessverre. Det mest positive eg kan sei om boka er at ho er skriven på nynorsk og i eit lettlest og lettfatteleg språk. Boka er tynn, men ikkje tynn nok.

    Eg gir ikkje terningkast sidan eg ikkje har fullført boka.

    18. februar 2014

    Vidunderbarn på vent

    For mange år sidan starta eg på Seierherrene av Roy Jacobsen. Eg kom aldri i mål. Eg likte ikkje måten boka var skriven på og fann ho kjedeleg - så eg avbraut lesinga. I ettertid har eg ikkje ofra Jacobsen ein tanke - før i den seinare tid - då det vart klart at De usynlige er mellom dei nominerte til bokbloggerprisen 2013.

    Eg har planar om å lesa - evt. høyra - De usynlige i samband med samlesinga i juli. Som ei "oppvarming" har eg vore på biblioteket og lånt Vidunderbarn - som lydbok. Eg er ganske spent på om denne fell i smak. Opplesar er Helge Winther-Larsen, og han har ei stemme eg likar og er fortruleg med i lydboksamanheng.

    Vidunderbarn er ein oppvekstroman der handlinga er lagt til eit drabantbymiljø på 60-talet. Forteljarstemma er 10 år gamle Finn. Boka har stort sett fått strålande kritikkar - noko som gjer meg skeptisk, fordi eg ofte er "mot straumen" - men eg skal prøva.
    Det begynner den dagen en mystisk liten halvsøster ankommer mutters alene med Grorudbussen, ”med en atomladning i en lyseblå koffert”.
    Vi er i Berlinmurens og President Kennedys og Jurij Gagarins år. Finn bor alene med moren sin i en blokkleilighet på Årvoll i Oslo. Livet er elektrisk, vakkert og hardhendt sosialdemokratisk. Finn er lojal, opptatt av at regler skal følges. Men hos moren, som i hans øyne alltid har vært selve grunnfjellet, sporer han nå plutselige tegn på svakhet og gåtefull vingling.
    Med denne sterke barndomsskildringen viser Roy Jacobsen at det å være barn både er fantastisk fint og livsfarlig. 
    (Sitat frå forlaget sin omtale)          

    Roy Jacobsen har fått Bokhandlerprisen to gonger: for Seierherrene i 1991 og Vidunderbarn i 2009.

    Fleire fine ventebøker finn du om du klikkar deg inn i Beathes bokhylle.

    27. januar 2014

    Bokbloggerprisen 2013 - kortlistene

    Føremålet med Bokbloggerprisen er å setja søkelys på og å fremja norsk litteratur - og det tykkjer eg er både bra og viktig. Mange bokbloggarar har vore spente på kortlistene som vart publiserte i dag.

    Illustrasjon: http://norskebokbloggere.wordpress.com/
    ÅRETS ROMAN:
    • Disse øyeblikk av Herbjørg Wassmo
    • Fugletribunalet av Agnes Ravatn 
    • De usynlige av Roy Jacobsen 
    OPEN KLASSE:
    • Fugl av Lisa Aisato
    • Urd av Ruth Lillegraven
    • Odinsbarn av Siri Pettersen

    Det vert lagt opp til samlesing i perioden februar - august. Eg er usikker på kor mykje eg skal delta i dette: Ikkje for å vera gledesdrepar, men dei bøkene som no er i "finaleheatet" er - for meg - ikkje så interessante. Men eg har planar om å lesa De usynlige, i alle fall - og kanskje Fugletribunalet, om den er tilgjengeleg på biblioteket når samlesinga av den skal føregå i mars. Disse øyeblikk? Nei, dessverre. Eg orkar ikkje, eg las "glassveranda-trilogien" (Tora-bøkene) for mange år sidan - og sjølv om dei (på ein måte) var gode, sette dei meg i skrekkeleg dårleg stemning, med alt det mørke og depressive.

    Eg kjenner at eg er skuffa (og ein smule gretten) over at Det finnes ingen helhet og Vi ses i morgen ikkje nådde heilt opp. Alt tyder på at det er for få av mine medbokbloggarar som har lest desse to - elles hadde dei begge havna på kortlistene - det er eg overtydd om! Eg nominerte også Politi - som overraskande nok havna på langlista - men hadde ikkje tru på at den kom på kortlista, så at den boka no havna "utanfor pallen" er heilt greitt.

    Bøkene i open klasse - ein diktsamling og to barnebøker - kjem eg neppe til å lesa (eg hadde håpa på Lippestad..) Men! - eg skal sjølvsagt følgja med og eg tykkjer altså at engasjementet og merksemda rundt Bokbloggerprisen 2013 er litt artig.

    Eg er innstilt på å ha fokus på ny norsk litteratur dette året også, og er i ferd med å laga ein bloggpost meint som ei førebuing på prisen som skal delast ut neste år; for titlar utgitt dette året. Eg ønskjer å vera ute i god tid, og - som i fjor, ønskjer eg å ha ein oversikt over kva eg har lest og har lyst til å lesa.

    Red. 15.09.14
    Så var det avgjort. Utdelinga av bokbloggerprisen 2013 gjekk føre seg i samband med Bokbloggertreffet 2014 - og vinnarane vart Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven.
    Eg gratulerer vinnarane, dei er sikkert både greie og flinke, - men reagerer elles med eit skuldertrekk og konstaterer at eg er på kollisjonskurs med dei fleste andre bokbloggarar. For meg vart denne fyrste utdelinga av bokbloggerprisen eit stort antiklimaks.
    Fugletribunalet har eg prøvd å lesa, men eg fann boka så irriterande og håplaus at eg gav opp etter å ha lest halve. Urd kjem eg aldri til å lesa. Eg likar dikt, men kun enkeltdikt og har aldri i mitt liv lest ei heil diktsamling.


    P.S.
    Eg stemde eg også - på den einaste kortlisteboka eg faktisk las; 
    De usynlige

    9. januar 2014

    Bokbloggerprisen 2013 - mine nominerte

    Eg har lest i alt 26 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2013, 21 i klassen for skjønnlitteratur - 19 av desse innan krimsjangeren - og 5 i såkalla open klasse.

    Etter å ha diskutert litt att og fram med meg sjølv, kom eg fram til dei bøkene som skulle nominerast. Eg hadde i utgangspunktet 7 klare favorittar innan skjønnlitteratur, men så har eg no - heilt på tampen - lest ei knakande god krimbok (Det henger en engel alene i skogen) som eg sterkt vurderte å nominera - men då måtte ei av dei andre bøkene veljast vekk, og nettopp det vart (for) vanskeleg. Eg valde til slutt å halda på "mine sju", sidan eg berre så vidt vart ferdig med den nemnde boka før fristen gjekk ut.

    Eg har nominert berre 3 stk. i open klasse. Dei andre eg har lest held ikkje mål i denne samanhengen.

    Dei nominerte er.
    (Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving)

    Skjønnlitteratur - Årets norske roman inkl. krim
    • Brekke, Jørgen: Menneskets natur (Gyldendal)
      Ein annleis komponert og utfordrande kriminalroman; ukronologisk og med ulike forteljarstemmer.
    • Flatland, Helga: Det finnes ingen helhet (Aschehoug)
      Om sorg og forsoning. Avslutninga av trilogien er god og held like høg kvalitet som forventa.
    • Nesbø, Jo: Politi (Aschehoug)
      Har fått (meir enn) nok PR tidlegare, men eg er Harry Hole-fan og boka er god!
    • Nygårdshaug, Gert: Pergamentet (Cappelen Damm)
      Kodekrim på høgt nivå og eit gledeleg gjensyn med Fredric Drum.
    • Renberg, Tore: Vi ses i morgen (Oktober)
      Eit sjarmerande og heidundrande møte med heil-, halv- og u-kriminelle stavangerfolk.
    • Sørensen, Roar: Smertens aveny (Commentum)
      Forfattaren er betre kjend som nettdebattant og -kverulant, men har altså skrive ein kriminalroman som er mykje, mykje meir enn ei krimbok. Sterkt, samfunnskritisk og med eit godt språk.
    • Wiik, Øystein: Casanovasyndromet (Aschehoug)
      Ellevill og fantastisk underhaldande operakrim.

    Open klasse - sakprosa, lyrikk, barne- og ungdomslitteratur m.m.
    • Færseth, John - KonspiraNorge (Humanist forlag)
      Underhaldande, klokt og skremmande om ymse konspirasjonsteoriar og framveksten av desse.
    • Kalvø, Are: Ny grunnlov (Samlaget)
      Basert på TV-serien "Riksforsamlinga". Ironisk, friskt og med bra humrefaktor.
    • Tjomlid, Gunnar: Placebodefekten (Humanist)
      Morosamt og opplysande om kvifor tullemedisin virkar som den virkar - eller ikkje virkar.

    Eg er veldig spent på kva bøker som kjem på lang- og kortlistene. Ein kan jo håpa på ein del krimbøker som eg enno ikkje har lest ;-) - men eg veit at mange av mine medbokbloggarar er heller skeptiske/negative til denne sjangeren. På same måte som eg er skeptisk/negativ til fantasylitteratur og slikt. Uansett - prosessen fram til at dei endelege prisvinnarane vert klare, kjem til å bli spennande og interessant å følgja med på, og eg skal muligens bruka litt tid til å lesa bøker som ligg utanfor komfortsona mi.

    Les også:
    Førebuingar til Bokbloggerprisen 2013

    15. oktober 2013

    Bibliotekbøker på vent

    Desse to bøkene vart med meg heim frå biblioteket for nokre dagar sidan. Bøkene er heilt ulike - på alle måtar, men begge er ein del av leseplanen min framover.


    Eg har aldri lest noko av årets nobelprisvinnar i litteratur, så eg har takka ja til invitasjonen frå Mellom linjene om samlesing av Alice Munro sine noveller. På prisutdelingsdagen den 10. desember skal alle som er med på samlesinga/"lesesirkelen" publisera innlegg om "si" novellesamling. Eg har lånt samlinga Utsikten fra Castle Rock frå 2006, utgitt på norsk i 2008. At det vart akkurat den boka er heilt tilfeldig, men eg ser fram til å ta fatt på desse novellene til Munro. Eg likar å lesa variert, og noveller skrive av ein nobelprisvinnar er sikkert god lesing.

    Asle Skredderberget har eg heller aldri lest noko av. Dette er krim og såleis "heimebane" for meg. Smertehimmel er den tredje boka hans og grunnen til at eg valde denne er at eg ønskjer å lesa flest muleg norske bøker utgitt i år i samband med den kommande nomineringa av Bokbloggerprisen. Så får tida visa om akkurat denne boka blir mellom dei nominerte.



    Ute etter leseinspirasjon og boktips?
    Klikk deg inn i Beathes bokhylle og sjå mange andre fine bøker på vent.