Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg

9. juli 2014

Sommarhelsing med Sommerboken

Her på Vestlandet er det varmt for tida - og me har hatt sommar "uendeleg" lenge allereie. Me har vore heldige og hatt ein forsommar mot normalt. Og no er det berre eit par dagar igjen på jobb før det blir (ein velfortent!) ferie.
Denne bloggen kjem til å ta ein pause nokre veker. Er plutseleg tilbake i august.

God sommar til alle blogglesarar! Ha ein fortsatt strålande lesesommar!

- - - - - - - - -


Som vanleg les eg fleire bøker parallellt - og mellom dei eg les akkurat no er Sommerboken av Tove Jansson. Eg "sparar" på boka og les eitt kort kapittel kvar dag. Boka er lånt på biblioteket.

Sommerboken kom ut for fyrste gong i 1972, for 42 år sidan - men dette er ei bok som ikkje går ut på dato. Ho kan lesast gong på gong, sommar etter sommar.

Den finlandssvenske forfattaren og kunstnaren Tove Jansson ville ha fylt 100 år i år. For dei fleste er ho mest kjent for forteljingane frå Mummidalen. I Sommerboken finst verken Mummitrollet, Snorkfrøken, Lille My eller Snusmumrikken, - men ein kan kjenna att stilen, humoren og filosofien hennar. I denne boka er det seks år gamle Sophia og farmora hennar som har hovudrollene - begge er skildra på ein inderleg, varm og klok måte.

Dei to bur og lever saman på ei lita øy om somrane. I bakgrunnen skimtar me far til Sophia, men han er for det meste fråverande. Mora til Sophia er død, - dette får lesaren vita heilt i starten av boka - og gjer stemninga i boka vemodig og melankolsk - men ikkje sorgfull. Samspelet mellom den unge og den gamle er unikt; Sophia og farmor kan snakka saman om alt, men kranglar innimellom.

Sophia er som andre seksåringar: nysgjerrig, ærleg og filosofisk. Farmor er litt sliten og litt gammal, men har behalde mykje av det barnslege i seg og er ganske "beint fram". Sophia og farmor forstår kvarandre godt og er svært nære og gode vener.

Sommerboken er ei vaksenbok, men kan absolutt lesast av (eller for) barn. Boka er stemningsfull og koseleg - ei lita perle som anbefalast på det varmaste.

27. juni 2014

Lettlest sommarkrim

Har du sans for lettleste og fortleste norske krimbøker, likar du kanskje desse to aktuelle bøkene. Eg las Frostgraven av Sonja Holterman og Krypet av Ragnar Enger i løpet av fire dagar. Desse dagane var eg på jobb og dreiv med ymse andre aktivitetar i tillegg. Dette er altså krim utan dei heilt store utfordringane og kvalitetane, - men også slike bøker har ein verdi - som avkobling og underhaldning. Eg lånte begge bøkene på biblioteket.

Frostgraven av Sonja Holterman

Juritzen Forlag 2014
328 sider

Lettlest og lettvint om journalisten Ira Torgrimsson - som kunne vore ei slags kusine av Annika Bengtzon eller Erika Falck. Forfattaren virkar med andre ord å vera inspirert av Liza Marklund og Camilla Läckberg sine bøker, men klarar ikkje å nå opp til desse to når det gjeld spenning og nerve.
Boka har to parallelle historiar og to tidsplan - og er slett ikkje dårleg. Forfattaren skildrar godt den stakkars "tyskerungen" Peder sitt liv.
Likevel - etter min smak er dette for enkelt. Eg vil gjerne ha litt "å bryna meg på" -  noko som krev litt meir tankeverksemd. Her er alt så altfor tydeleg, så irriterande overforklarande - lesaren får servert plottet i bittesmå teskeier.
Eg las Den siste pilegrimen - som også har handling frå andre verdskrig - like før denne boka, og samanlikninga var ikkje til å unngå. Og her fell Frostgraven gjennom, dessverre.
Ei typisk terningkast tre-bok. Bra, men ikkje noko meir.


Krypet av Ragnar Enger

Cappelen Damm 2014
267 sider

Fortlest og fortgløymt politikrim.

Thrilleraktig og "greit" - men lite spennande. Det vert berre liksomdramatisk. Boka har brukbart driv og er akkurat passe lang. Ho handlar om seriedrap, psykiatri og psykologi - og ein har liksom lest det same fleire gonger før.

Men - eg merkar meg namnet på forfattaren og ønskjer han lukke til i neste bok. Det er tendensar til noko bra her.

4. juni 2014

Sommarlesing

I gårsdagens Boken på vent-spalte hos Beathes bokhylle vart ein invitert til blogghopp og om å fortelja om årets planlagde sommarlektyre. Sjølv likar eg ikkje å ha altfor fastspikra planar verken for lesing eller andre ting, men her er ein liten presentasjon av nokre av bøkene eg har på vent pr. i dag. For dei som kjenner meg og bloggen min er det ikkje noko bombe at ventebunken inneheld mest krim og spenning, og ikkje noko særleg av romantikk, sentimentalitet og føleri.

Dei varme forsommardagane me har no (her på Vestlandet) egnar seg ikkje for tung litteratur, men eg vil heller ikkje ha det altfor tanketomt og "lettbeint" når eg sit meg ned med ei bok. Eg les for tida m.a. den siste Bjørn Beltø-boka - Den 13. disippel - og storkosar meg med den.

Ut frå omslaget og tittelen på boka skulle ein nesten tru at Gard Sveen befinn seg litt i den same litterære gata som Tom Egeland. Eg har i alle fall tenkt å lesa Sveen si Rivertonpris-bok Den siste pilegrimen i nær framtid. Det er imponerande og spennande at ein debutant stikk av med den gjeve prisen Den gyldne revolver.

Historisk krim er ein sjanger eg likar svært godt, sidan eg ved å lesa desse bøkene kan få kombinert interessa mi for historie og samfunnsutvikling med spenning, grøss og gru. Difor ser eg fram til å få stifta bekjentskap med forfattaren C. J. Sansom. Han har fått fleire prisar og gode kritikkar for dei historiske romanane sine. Boka eg har på vent er Oppløsning (frå 2003, på norsk i 2008) Handlinga er lagt til England på 1500-talet og hovudpersonen er, bissart nok, ein pukkelrygga advokat.

Hendelser ved vann av Kerstin Ekman (frå 1993, på norsk 1994) er ei anna krimbok som ligg og ventar. Det er nesten flaut at eg ikkje har fått lest denne enno, så kriminallitteratur-fiksert som eg er.. Boka er sett på som ei av dei beste bøkene frå 1990-talet, og forfattaren mottok m.a. Nordisk råds litteraturpris for nettopp denne boka.

Andre forfattarar eg har tenkt å tilbringa ein del tid i lag med til sommaren er Eirik Husby Sæther, Jorun Thørring, Arne Dahl, Mo Hayder, Roy Jakobsen, Harlan Coben, Jan Mehlum, Anna Gavalda, Haruki Murakami og Jens Bjørneboe. Kanskje også Jørgen Brekke, Jamie Ford og Jeffrey Deaver. Og muligens Ingvar Ambjørnsen og Khaled Hosseini.

Hugs på at lesing fint kan kombinerast med fysisk aktivitet. Eg oppfordrar difor alle bokblogglesarar, lesehestar og bokormar til å lasta ned ei lydbok eller tre på telefonen sin! Ha ein fin lesesommar! 

3. juli 2013

Akklimatisering pågår

Det går nokre dagar å venja seg til at ein har ferie. Når ein pleier å gå etter klokke og kalender mesteparten av døgnet store deler av året, treng ein gjerne litt tid før ein maktar å leggja frå seg kvardagsrutinane. Tilvenning og akklimatisering - ikkje til tynn luft og høge fjell - men til å kjenna på at ein har tid til å gjera det ein har lyst til å gjera.

Av og til har ein kan hende berre lyst til å ta ein tur i hagen og kikka på blomar og vekster..







Oi! Sjå der! Der er ei bok! Wow!


Det får vera nok hagevandring for i dag. Godstolen ventar.

22. juni 2013

Midtsommarlesing


Skoddedottane ligg langt nedetter fjellsidene, lite minner oss om sommar akkurat no. Men kalendaren syner 22. juni, sola "har snudd" som det heiter, og det er midtsommar.

Eg las La Peregrina og Senor Peregrino av Cecilia Samartin i fjor sommar, og eg likte dei ganske godt, særleg den fyrstnemnde. Samartin er difor ein slags sommarforfattar for meg, så no har eg teke fram Drømmehjerte. Ut frå ymse omtalar forventar eg ei lettlest, underhaldande, romantisk, dramatisk og gripande bok.


Heile 2654 personar er følgjarar av Drømmehjerte på bokelskere.no. Det er imponerande mange, og ein kan sjå at smaken er som baken: 788 av følgjarane har trilla terningkast, av desse har 203 gitt toppkarakteren 6 og 314 har gitt 5. 187 personar meiner boka fortener terningkast 4, 59 er meir lunkne og gitt 3 og tilsaman 25 personar har gitt terningkast 1 og 2. Gjennomsnittleg terningkast 4,77.

5. juni 2013

Planar for sommaren

Dette er eit blogghopp-innlegg om Sommarlektyre som Anitas blogg har teke initiativ til.
Sjå lenkefunksjonen nederst i denne bloggposten. Bli med du og då vel!

Plutseleg er me inne i den lysaste og trivelegaste tida i året. Kvar vart det av våren? Som dei fleste andre er eg reint svimmel av at tida går så fort. For korleis skal ein få tid til å lesa alt det ein ønskjer å lesa? Kva skal lesast sommaren 2013? Den tre veker lange sommarferien skal brukast til så mangt, ein kan ikkje sitja på terrassen og lesa heile tida heller...


Eg les sjelden/aldri verkeleg tung litteratur; det er ikkje meg. Verda er full av andre bøker eg heller vil lesa. Om sommaren vert det gjerne enno lettare lesestoff enn elles i året. Eg har ikkje noko fastlagd leseliste for sommaren, for litt av hyggen med å lesa er nettopp å ta ting på sparket.

Ein må dessutan prøva å variera litt; etter at ein har lese ein fartsfylt actionkrim, må ein kanskje roa ned med noko som må lesast sakte. Når eg les både lydbok og papirbok, må eg også passa på den rette miksen. Det går fint å lesa to bøker samstundes dersom dei er ulike nok. Er dei for like i stil og innhald, vert det rot i hovudet mitt og eg byrjar å blanda saman handlingar og personar. Sommarleseplanen for meg er ein kombinasjon av spontanitet og planlegging.


Desse bøkene skal heilt sikkert lesast i løpet av sommaren:


Jo Nesbø
- Politi
Som så mange andre, er eg stor fan av Harry Hole-serien. Bøkene vert lest umiddelbart etter at dei kjem ut. Boka skal lånast av mi snille mor som bur i nærleiken og som er trufast Bokklubb-medlem. Og sjølv om eg gler meg som ein liten unge til Politi: Den aggressive marknadsføringa og dei ørtogførti epostane med tilbod om å førehandstinga boka  i r r i t e r a r  meg!!

Dan Brown - Inferno
Ein annan opphausa bestseljar som eg skal låna av mor. Boka har fått altfor mykje merksemd etter mi meining, men eg må innrømma at eg er litt svak for både Dan Brown og Robert Langdon.

Gillian Flynn - Åpne sår
Debutboka til Flynn står i bokhylla og ventar. Likte veldig godt Mørke rom, medan Flink pike var litt nedtur.

Lars Mæhle - Den mørke porten
Nynorsk krim! Berre det er eit godt argument til å lesa denne boka. Meldareksemplar fått frå Samlaget. Bør lesast snart.

Tom Kristensen - Korsbæreren
Lydbok lest av innlesarfavoritten min, Ivar Nergaard. Heldige meg har motteke gratis lydfil frå Lydbokforlaget. Har ikkje lese noko av Kristensen før, byrjar like godt med den siste. Forventar ei fartsfylt og spennande leseoppleving.

A. J. Kazinski - Den siste gode mann
Enno ei lydbok motteke frå Lydbokforlaget, ein kritikarrost dansk krimroman. Spent på denne, sidan eg ikkje har lest noko av forfattaren før. Likar vanlegvis godt dansk krim.

Arne Dahl - Dødsmesse
Eg kosar meg med serien om A-gruppen, og har det siste halvåret lese dei fyrste fem bøkene i serien. Bok nummer 6, En midtsommernattsdrøm, las eg i 2010, så eg må nett skumma gjennom den for å få med meg utviklingstrekka og samanhengen i serien. Dødsmesse er sjuande bok (av 10)  i serien.

Så over på noko som ikkje er krim:


Cecilia Samartin - Drømmehjerte
Lånte denne av mor mi i fjor sommar, men er enno ikkje lest. Samartin har ein noko svulstig og klisjèfylt språkbruk, men historiane hennar er gode. Så denne skulle passa bra som sommarlektyre.

Jan Guillou - Brobyggerne
Kjøpte denne for mange månader sidan, bør lesast snart. Likar godt Guillou sine bøker, både Arn-serien og Carl Hamilton-serien. Dette er bok nummer ein i ein ganske ny serie.

Johan Harstad - Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet
Nok ei bok som har stått ulest i hylla lenge.

Gert Nygårdshaug - Mengele Zoo
Har vore på leseplanen lenge, har lånt lydbokversjonen på biblioteket. Opplesar Helge Winther-Larsen.

Kanskje vert det tid til noko repriselesing i ferien?


Eg har lenge hatt lyst til å lesa Vera Henriksen sin mellomalderserie og Sigrid-trilogien på nytt. Desse bøkene gjorde eit djupt inntrykk på meg då eg las dei fyrste gong, for over 30 år sidan.

Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen - Sigrid-trilogien - har handling frå Steinkjærtraktene på 1000-talet; ei tid prega m.a. av gammal norrøn gudetru og brutal tvangskristning. Eg hugsar bøkene som lærerike, levande og med glimrande skildringar av menneske og den tida dei levde i.

Mellomalderserien; Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild, handlar om ein annan historisk epoke med store omveltningar. Hovudperson er Bent Jonsson frå Smiugjelsøygarden i Lom, og handlingane er lagde til tida etter reformasjonen.

Eg trur det hadde vore interessant å lesa alle desse bøkene på nytt no, i meir vaksen alder. Vera Henriksen er ein svært kunnskapsrik forfattar, og utruleg dyktig på å formidla denne kunnskapen. Bøkene hennar gjer lesaren klokare, både når det gjeld norsk historie og når det gjeld menneskesinnet.

Då står det att å ønskja alle ein retteleg fin lesesommar!


29. mai 2013

Dobbel kjappomtale

av to "kjappe" bøker. Eg har lese Straff og Paradis tapt av Birger Baug. Tidlegare har eg lese Død sjel, som er tredje bok i politikrimserien med førstebetjent Halvor Heming som hovudperson. Alle tre bøkene er lettleste og ganske spennande.

Baug debuterte i 2008 med krimromanen Straff. Her presenterer forfattaren oss for Halvor Heming, ein mann litt annleis enn sine kollegaer i krimlitteraturverda; han har verken rusproblem, brysam eks-kone eller psykopatisk sjef. Det er høgst uvanleg (men kanskje litt kjedeleg?) med ein mannleg krimhelt som ikkje har stort andre utfordringar i privatlivet sitt enn den tidsklemma som alle småbarnsforeldre har.

Straff handlar om, som tittelen antydar, skuld, hevn og straff. Om kva ekstrem mobbing i barndommen kan føra til av skade, ikkje berre for offeret, men òg for andre involverte. Boka er på omlag 250 sider og veldig fortlest, samstundes som ho er engasjerande og med høg sidevendarfaktor. Til debutbok å vera, er ho svært bra. Det er tydeleg at Baug skriv med samfunnsengasjement. Han har evne til empati og innleving, særleg når han skildrar det stakkars einsame mobbeofferet. Oppklaringa og sjølve plottet vert noko oppkonstruert og oppfattast kunstig, men boka anbefalast, - ho passar perfekt som "sommarkrimlektyre".
Terningkast 4.

I bok nummer to, Paradis tapt (2009), er det fleire parallelle historiar. Ei av dei foregår på Helgelandskysten og ei anna i det hardbarka narkotikamiljøet i hovudstaden vår. Dessutan får me gjennom ei dagbok høyra om ein far som er villig til å gjera absolutt alt for at den narkomane sonen hans skal komma seg ut av narkohelvetet. Det skjer uvanleg mange overdosedødsfall i Oslo, og etterforskingsleiar Halvor Heming og teamet hans ser at dette umuleg kan vera tilfeldig.

Forfattaren viser også i denne boka empati, engasjement og kunnskap, her spesielt om narkotikaproblematikken. Dei ulike historiane vert fletta saman på ein OK måte til slutt. Denne andreboka "heng litt betre saman" enn den fyrste boka, og er ein smule meir utfordrande for lesaren, - men er likevel svært lettlest og "kjapplest".
Terningkast 4 pluss.

Tidlegare har eg skrive ein litt fyldigare omtale av bok nummer tre, Død sjel (utgjeven 2012). Den kan lesast her.

Dei tre bøkene i serien er sjølvstendige og treng ikkje lesast i rekkefølge, men som alltid er det ein fordel å starta med starten :-)

Ei heilt grei terrassebok

26. mai 2013

Ein smak av sommar

...har me hatt dei siste par dagane. Her inst i Sognefjorden er himmelen blå, liene grøne, toppane snøkvite og fjorden turkis. Postkortnatur. Me som bur her set vel kanskje ikkje nok pris på alt det vakre som naturen byr på i desse dagar.


Ein smak av sommar i litterær form dukka opp i postkassen min forrige veke; Sommerperler 2013, tilsendt frå Juritzen forlag. Ei fin lita bok å ta med i veska. Forlaget presenterer novellesamlinga slik:
"Sommerperler er den første boken i et helt nytt konsept for en fast utgivelse hver sommer. I Sommerperler får du 16 noveller skrevet av norske kvinnelige toppforfattere. Dette er en miks av litterære og underholdende noveller. Legg deg på stranden, og drøm deg bort med sommerens perler."

Enno har eg ikkje lese så mykje i boka, eg tenkjer ho skal få bli med meg rundt omkring, - og så kan eg ta ho fram og lesa ei novelle når det passar seg slik.

Ei av novellene eg har lese er Barnet som elsket veier av Cora Sandel. Ei fin, varm og vemodig historie om ein svunnen barndom. Novella startar slik:


Ute etter bok- og lesetips? Ta ein tur innom bloggen Flukten fra virkeligheten og få smakebitar frå mange ulike bøker!