Viser innlegg med etiketten Bokbloggerprisen 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bokbloggerprisen 2013. Vis alle innlegg

4. juli 2014

Bokomtale: De usynlige av Roy Jacobsen

Cappelen Damm 2013
Opplesar: Nils Johnson
Speletid: 6 t 29 min
Kjelde: Lydbok lånt på biblioteket

Handlinga i De usynlige går føre seg i ei ikkje så altfor fjern fortid (1910/20-talet) og er om ein familie busette på ei øy på Helgelandskysten. Det er Ingrid, det einaste barnet til Hans og Maria Barrøy som er hovudperson i boka - og store deler vert fortalt frå hennar perspektiv.

Fiskarbondefamilien på Barrøy består elles av Hans si syster Barbro - som truleg er lettare psykisk utviklingshemma, og faren Martin - som er gammal og utslitt. Dei lever eit strevsamt liv i pakt med og i kamp mot naturen. Ungane har plikter frå dei er heilt små. Skal ein ha mat på bordet og klede på kroppen må det jobbast. Dyra må ha stell og fôr, hus og redskap må vedlikehaldast, ærfugldun skal rensast, kaia må reparerast etter storm, fisk skal tørkast og graset skal slåast med ljå. Hans er i periodar på lofotfiske for å spe på økonomien, og alle veit at når mannfolka er ute på fiske, er det ikkje sikkert dei kjem heim att. Så kvinnene har mykje ansvar, og tek ansvar.
Både Ingrid og mora Maria er sterke kvinner. Dei "står han av" som det heiter. Barbro vert gravid med ein svensk gjestearbeidar og det vert enno ein munn å mette på øya, men vesle Lars veks opp og vert ein dyktig arbeidskar og til stor hjelp for dei andre i familien.

Personane i boka er fåmælte - kjensler vert ikkje snakka om og dei tenkjer mest praktisk når dramatiske og tragiske ting oppstår. Dei dveler ikkje med fortida og planlegg ikkje langt fram i tid. Dei lever på ein måte frå dag til dag og frå hand til munn. Når mora får samanbrot og vert lagt inn på asyl vert det vanskeleg for Ingrid - men ho gjer det ho kan; bit tennene saman, organiserer og handlar. Skilnaden på folk var ekstremt stor i den tida - men når tragedien råkar "overklassen" på fastlandet, er det igjen unge Ingrid som tek ansvar.

Etter mi meining er De usynlige ein god og realistisk historisk roman. Det kunne fort blitt ei sentimental, grå og trist leseoppleving sidan temaet er "kvardagsleg slit frå gamle dagar", men Jacobsen fortel det heile på ein så fin og enkel måte; lågmælt og med varme og sjarme. Han syner oss korleis det verkeleg kunne vera å veksa opp i slike fattige og strevsame kår - og dagens raske overflodssamfunn framstår som noko nesten grotesk.

Forfattaren skildrar naturkreftene, strevet og bekymringane til øybuarane i eit ujålete og direkte språk. Det enkle språket står såleis i stil med personane det vert fortalt om. Mykje kan lesast "mellom linjene". Dialogane er på dialekt - og eg hadde ikkje så store problem med å skjønna det som vart sagt her. Men enkelte lokale ord og uttrykk var fullstendig framande for meg som er oppvaksen i ein heilt annan kant av landet og i eit heilt anna miljø. Eg kunne ha tenkt meg ei ordliste/ordforklaring i starten av lydboka. Eg kunne ha googla dei orda eg ikkje skjønte - men interessant var det likevel ikkje - for forståinga av og samanhengen i sjølve historia er klar og tydeleg.

Roy Jacobsen har med denne boka gjort den usynlege kystbefolkningen og deira strev synleg for oss. Eg tykkjer ikkje at De usynlige er så utruleg superfantastisk god som enkelte vil ha det til, men det er ei stillfarande forteljing til ettertanke som eg gjerne kan anbefala.

Lydboka er godt opplest av Nils Johnson. Det nordnorske tonefallet og den litt langsame måten å lesa på passar fint til akkurat denne boka.

- - - - - - - - - - - - -

No i juli månad driv bokbloggarar "samlesing" av De usynlige. Dette er den fyrste og einaste boka eg har lest (fullført) som er på kortlistene til Bokbloggerprisen 2013. Eg gjorde eit forsøk på å lesa Fugletribunalet, men den likte eg rett og slett ikkje. Dei fire andre har eg bevisst valt vekk - dei er (for) langt utanfor mi komfortsone, mitt interessefelt og mi bokverd.

5. mai 2014

Heilbom

Eg har slite meg gjennom ei halv tynn bok - og orkar ikkje å lesa ho ferdig. Agnes Ravatn har fått kjempegode kritikkar og fleire femmarar og seksarar av anmeldarar for romanen Fugletribunalet. Boka er også på kortlista til Bokbloggerprisen 2013. Det kan eg rett og slett ikkje forstå. Eg fann boka (OK, halve boka) uuthaldeleg kjedeleg og full av pinleg føleri og uinteressante og lite truverdige karakterar.

Eg-personen Allis er ei ung kvinne som har rømt frå noko (eller nokon?) i fortida si og byrjar som hushjelp/gartnar for ein einsleg mann; Sigurd. Han har ei kone som er på reise og har eit arbeidsrom som alltid er låst. Allis framstår som forvirra og irriterande underdanig medan Sigurd er usympatisk, sær og oppfører seg på ein merkeleg måte. Det vert lagt opp til ei mystisk og kanskje erotisk stemning - men denne stemninga er utan nerve og det heile vert heller litt komisk og dumt. For Allis forelskar seg i mannen, - det er litt uklart for meg om kjenslene vert gjengjeldt - eg har som sagt ikkje lest heile boka. Dei to hovudpersonane kommuniserer ikkje på normal måte - og forholdet dei har, som mann/kvinne og arbeidsgjevar/ arbeidstakar er uavklart og komplisert.
Eg får ikkje handlinga i boka til å henga i hop og tykkjer det heile er utan truverdigheit.

Så der avbryt eg heile greia. Eg føler det som om eg har lest historia før og bryr meg ikkje om å vita korleis det går. Eg er ikkje nysgjerrig på kva Allis har flykta frå og er ikkje spent på kvar Sigurd sin kone egentleg er. Det besynderlege forholdet mellom dei to hovudpersonane klarar eg heller ikkje å bli engasjert i.

Fugletribunalet har vore midt i blinken for mange andre lesarar og bokbloggarar, men det vart heilbom for meg, dessverre. Det mest positive eg kan sei om boka er at ho er skriven på nynorsk og i eit lettlest og lettfatteleg språk. Boka er tynn, men ikkje tynn nok.

Eg gir ikkje terningkast sidan eg ikkje har fullført boka.

27. januar 2014

Bokbloggerprisen 2013 - kortlistene

Føremålet med Bokbloggerprisen er å setja søkelys på og å fremja norsk litteratur - og det tykkjer eg er både bra og viktig. Mange bokbloggarar har vore spente på kortlistene som vart publiserte i dag.

Illustrasjon: http://norskebokbloggere.wordpress.com/
ÅRETS ROMAN:
  • Disse øyeblikk av Herbjørg Wassmo
  • Fugletribunalet av Agnes Ravatn 
  • De usynlige av Roy Jacobsen 
OPEN KLASSE:
  • Fugl av Lisa Aisato
  • Urd av Ruth Lillegraven
  • Odinsbarn av Siri Pettersen

Det vert lagt opp til samlesing i perioden februar - august. Eg er usikker på kor mykje eg skal delta i dette: Ikkje for å vera gledesdrepar, men dei bøkene som no er i "finaleheatet" er - for meg - ikkje så interessante. Men eg har planar om å lesa De usynlige, i alle fall - og kanskje Fugletribunalet, om den er tilgjengeleg på biblioteket når samlesinga av den skal føregå i mars. Disse øyeblikk? Nei, dessverre. Eg orkar ikkje, eg las "glassveranda-trilogien" (Tora-bøkene) for mange år sidan - og sjølv om dei (på ein måte) var gode, sette dei meg i skrekkeleg dårleg stemning, med alt det mørke og depressive.

Eg kjenner at eg er skuffa (og ein smule gretten) over at Det finnes ingen helhet og Vi ses i morgen ikkje nådde heilt opp. Alt tyder på at det er for få av mine medbokbloggarar som har lest desse to - elles hadde dei begge havna på kortlistene - det er eg overtydd om! Eg nominerte også Politi - som overraskande nok havna på langlista - men hadde ikkje tru på at den kom på kortlista, så at den boka no havna "utanfor pallen" er heilt greitt.

Bøkene i open klasse - ein diktsamling og to barnebøker - kjem eg neppe til å lesa (eg hadde håpa på Lippestad..) Men! - eg skal sjølvsagt følgja med og eg tykkjer altså at engasjementet og merksemda rundt Bokbloggerprisen 2013 er litt artig.

Eg er innstilt på å ha fokus på ny norsk litteratur dette året også, og er i ferd med å laga ein bloggpost meint som ei førebuing på prisen som skal delast ut neste år; for titlar utgitt dette året. Eg ønskjer å vera ute i god tid, og - som i fjor, ønskjer eg å ha ein oversikt over kva eg har lest og har lyst til å lesa.

Red. 15.09.14
Så var det avgjort. Utdelinga av bokbloggerprisen 2013 gjekk føre seg i samband med Bokbloggertreffet 2014 - og vinnarane vart Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven.
Eg gratulerer vinnarane, dei er sikkert både greie og flinke, - men reagerer elles med eit skuldertrekk og konstaterer at eg er på kollisjonskurs med dei fleste andre bokbloggarar. For meg vart denne fyrste utdelinga av bokbloggerprisen eit stort antiklimaks.
Fugletribunalet har eg prøvd å lesa, men eg fann boka så irriterande og håplaus at eg gav opp etter å ha lest halve. Urd kjem eg aldri til å lesa. Eg likar dikt, men kun enkeltdikt og har aldri i mitt liv lest ei heil diktsamling.


P.S.
Eg stemde eg også - på den einaste kortlisteboka eg faktisk las; 
De usynlige