27. januar 2016

Bokomtale: Kvikksand av Henning Mankell

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 9 t 26 min
Opplesar: Finn Schau
Kjelde: Lytteeksemplar


Henning Mankell fekk i januar 2014 beskjed om at han var alvorleg og livstruande sjuk. Han fortel i denne boka at han vart heilt paralysert av beskjeden om at han hadde fått kreft; han fekk ei kjensle av å havna i kvikksand. Men han fortel også om korleis han etter ei tid kom seg opp av denne hengemyra av angst og apati - ved at han byrja å tenkja - og skriva.

Mankell søkte kunnskap - heile livet. Boka ber ikkje preg av å vera ei bok skriven av ein mann på slutten av livet, men filosofiske og eksistensielle tankar og problem er sentralt.

Det er vanskeleg å setja Kvikksand i "rett" sjanger eller kategori. Boka vert sagt å vera ein "tenkebok", men er og ein slags sjølvbiografi og ei erindringsbok. Henning Mankell ser her tilbake på livet sitt, på hendingar han har opplevd, på stader han har vore og på personar han har møtt. Litteratur og annan kultur betydde svært mykje for han. Han fortel om barndom, ungdom, vaksenliv, forhold, reiser og arbeidsliv - ikkje kronologisk, men fram og tilbake i tid - medan han også fortel om enkeltepisodar som han hugsar spesielt godt. Kvikksand er som ein kan skjønna ei svært personleg bok - men er lite privat: Mankell gir ingen pikante avsløringar.

Mankell var opptatt av korleis menneska forvaltar jorda me lever på og kva me let etter oss, i form av minner, kunnskap - og avfall. Han vender stadig attende til dette med det radioaktive avfallet som brukar tusenvis av år på å bli nedbrote.
Mankell kjende nok sterkt på dette med å vera utanfor - å vera ein plass mellom liv og død medan han skreiv denne boka. Eg er imponert over korleis Mankell likevel klarde å halda fokus og å formidla fornuftige tankar i ein slik situasjon. Det virkar som om Mankell var interessert i og nysgjerrig på det meste - heilt til det siste.

Eg las Kvikksand parallellt med Morder uten ansikt, den fyrste boka i Kurt Wallander-serien. Det var spesielt - og fint. Kvikksand er ei velskriven, stillfarande og alvorleg bok som gjorde djupt inntrykk på meg. Vedmodet og ettertanken er til å ta og føla på, men innhaldet er ikkje påfallande sorgtungt og trist.
Eg anbefalar gjerne lydboka: Opplesar Finn Schau har ei stemme som passar godt til innhaldet; litt sliten, men samstundes kraftfull.

Henning Mankell døydde i oktober i fjor.

6 kommentarer:

  1. Flott omtale som fikk meg til å tenke at jeg nok var litt rask med å kalle den for kjedelig. I mine øyne ble det for langsomt, og langt fra det jeg forventet av Henning Mankell.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel - eg skjønnar at boka kan oppfattast som kjedeleg; det er lite handling - mest tankar og tankesprang.
      Eg var kanskje meir helding med "timingen" enn deg? - eg vart nemleg så gripen av at dette var noko av det siste ein stor forfattar skreiv.

      Slett
  2. Det er flere år siden jeg har lest noe av Mankell og det var bøkene: Ett skritt etter og Danselærerens tilbakekomst og likte begge godt, men Ett skritt etter hakket mer. Har du lest den?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest begge desse bøkene, og likte dei godt. Ett skritt etter er Wallander #7, Danselærerens tilbakekomst er frittståande.

      Slett
  3. Jeg syns denne boka er fantastisk. Det er synd om Mankell bare skal forbindes med krim, for han har skrevet så mye bra som er skikkelig gode romaner og det kommer så tydelig frem i denne boka. Den kunnskapsrike og søkende mannen mannen var, den siste boka hans er snart på veg, men vet ikke om Grønne gummistøvler er en krim eller roman. Ha en fin helg...

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at Mankell bør hugsast for meir enn krim. 'Svenske gummistøvler' (ikkje grønne vel?) skal vera ein fri oppfølgjar av den fine 'Italienske sko'.

      Slett