Viser innlegg med etiketten lydbok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lydbok. Vis alle innlegg

22. september 2021

Bokomtale: Assalamu alaikum av Tore Renberg

Oktober 2021
Speletid 18:20
Kjøpt lydfil

Det har gått fire år sidan sist me møtte Rudi, Cecilie, Jan Inge og dei andre i og rundt Hillevågsgjengen. No er dei omsider tilbake, og eg kjenner at dette er ei bok eg verkeleg har venta på.
I Assalamu alaikum har det imidlertid kun gått nokre veker sidan hendingane i Skada gods. Det er januar 2013 i "verdens rikaste by" Stavanger. 

Den fyrste me møter er Jan Inge - Jani - og det er tydeleg at han ikkje har det godt. Han er visst rett og slett i ferd med å mista det heilt. Rudi på si side er lei av alle drittjobbane han vert sett til (av Jani) og han har dessutan nettopp hatt svineinfluensa. Cecilie - Chessi - er gravid med tvillingar og lengtar etter eit meir normalt liv.
For det er absolutt ikkje normalt at hagen deira er full av nedgravde likdeler og at frysaren er full av heroin. 

Saman med dei tre bur også "fosterbarnet" Shaun, ein så skada gut at han faktisk har det betre og tryggare saman med Jani & co. enn heime. Og her er ein viktig bodskap i denne serien: Om kor viktig det er å ta vare på kvarandre, om å sjå kvarandre, om å sjå barna som fell utanfor. For er det nokon som er prega av ein utrygg barndom så er det nettopp søskenparet Jani og Chessi. I denne boka får me vita meir om kva dei gjorde og opplevde i barne- og ungdomstida si. Det er temmeleg sterke saker.

Handlinga i boka er, som i dei tidlegare bøkene i Teksas-serien, nokså ellevill. Det er temmeleg drøyt det som foregår, og enkelte lesarar kan nok bli støtt av visse detaljerte skildringar. Det handlar om vald og drap, narkotika og porno - og Renberg pakkar ikkje akkurat inn det han vil fortelja om. 

Tittelen er spesiell. "Assalamu alaikum" betyr "fred vere med deg" på arabisk. Men "fred" kan det jo aldri bli i Hillevåg, så lenge dei driv med såpass spesielle "forretningar". Tittelen speglar i tillegg til andre hendingar i boka som ikkje skal røpast her. 

Kva kan ein elles sei om boka, utan å røpa noko særleg av handlinga? Jo - eg siterer meg sjølv frå ein tidlegare omtale (av Skada gods): "Det er morosamt og fælt, fascinerande og energisk, frekt og frodig, trist og sjarmerande, viltert og engasjerande." Me møter enkelte bikarakterar frå tidlegare bøker og vert presentert for nokre nye. Alle har sine spesielle eigenskapar og særtrekk og det er ikkje vanskeleg å sjå dei for seg. Tidvis tek forfattaren turar langt ut på viddene og blir veldig skravlete, - nesten masete. I andre sekvensar, med andre rolegare forteljarstemmer, er det gjerne forsiktig, vart og ettertenksamt. 

Av og til blandar forfattaren seg inn i forteljinga med sine tankar og forklaringar. Det er eit grep eg ikkje er spesielt begeistra for, men eg respekterer at han har hatt eit visst behov for å utdjupa.

Boka inneheld mange referansar til musikk og litteratur og er elles prega av sprudlande forteljarglede og sær fantasi. Ho er svært underhaldande, men også gripande og til tider ganske motbydeleg. Eg har både ledd, rista på hovudet og vridd meg i ubehag. Tore Renberg er ein av desse forfattarane som kan få ein lesar til å kjenna på mange ulike kjensler undervegs i lesinga. 

Som erfaren krimlesar ser eg at Assalamu alaikum har visse krimroman-element og thriller-trekk. Men boka byr på noko langt meir og er på fleire måtar ei stor leseoppleving. 

Eg anbefalar, så sterkt eg kan, lydbokversjonen. Tore Renberg er ein fantastisk opplesar av sine eigne bøker.

Kronologien i Teksas-serien er slik:

  1. Vi ses i morgen
  2. Angrep fra alle kanter
  3. Skada gods
  4. Assalamu alaikum
Alt tyder på at det kjem fleire bøker i denne serien. Eg håpar at det ikkje blir så lenge å venta til neste bok kjem!

26. desember 2017

Bokomtale: Liv andre har levd av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 13:01
Opplesar: Edvard Hoem
Kjelde: Kjøpt lydfil


Dette vert truleg årets siste bokomtale på denne bloggen - og det er hyggeleg då å kunna avslutta bokomtaleåret med det som for meg vart årets beste norske roman.

Liv andre har levd må også seiast å vera ei verdig avslutning av bokserien som starta med Slåttekar frå himmelen og heldt fram med Bror din på prærien og Land ingen har sett.
Samstundes har forfattaren fullført det han starta på med Heimlandet. Barndom som handla om hans eiga oppvekst og Mors og fars historie som omhandla forfattaren sine foreldre. Eg har også lyst til å nemna den vesle boka Jordmor på jorda som på ein måte er ein prolog til "Slåttekar-kvartetten". Den handlar om Knut Nesje (slåttekaren/oldefaren) si mor og dermed forfattaren si tippoldemor.

I desse "Hvem tror du at du er-tider" er det mange som har fatta interesse for slektsgransking og familiehistorie. Hoem-slekta er så heldig at dei har ein dyktig forfattar mellom seg - ein som kan gi liv og sjel til forfedrane og formødrene - og ikkje berre tørre dokument, namn og årstal. Dei fleste av oss nordmenn har vel ein del fjerne slektningar i Amerika. Slik er det også med meg, men eg har ærleg talt ikkje noko interesse i å ha/ta kontakt med dei. Men takka vere Edvard Hoem sine skildringar av Eilert sitt liv over there har eg tenkt mykje på dei i slekta mi som utvandra den gongen for mange år sidan. Var det like strevsamt og vanskeleg for dei? Vart dei jamnleg råka av tungsinn og melankoli? Ga dei etter kvart slepp på det norske og tilpassa seg det nye samfunnet dei var blitt ein del av? Eg trur ein kan svara ja på dei spørsmåla.

Forteljinga om Knut Nesje og etterkommarane hans er såleis ein familiekrønike som er allmenngyldig og gjenkjenneleg. Her ligg noko av styrken i desse bøkene: Hoem fortel om sin eigen familie samstundes som han fortel om "alle andre". Alle finn noko dei kjenner att eller har høyrt om i det han skriv. Og som forlaget formulerer det i sin presentasjon av boka: "Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?" Dette er tankar me alle kan reflektera over.

Hovudpersonane er framleis brørne Eilert og Anton Edvard, to av sønene til slåttekaren. Anton Edvard er han som mot sin vilje måtte flytta heimefrå 7 år gammal og som var forfattaren sin bestefar. Liv andre har levd startar med at Eilert vitjar gamlelandet. Han er blitt enkemann og er tynga av sorg og sakn. Årstalet er 1927 og det har gått 34 år sidan han utvandra. Foreldra, slåttekaren Knut og kona Serianna, har også gått bort, og gjensynet med søsken og andre slektningar fyller Eilert med blanda kjensler. Nevøen Lars Hoem, Anton Edvard sin 16 år gamle son, vert med Eilert tilbake til Canada. Ein forstår at alt ikkje er som det skal vera med Lars, han er både uroleg og tungsindig. Foreldra håpar at reisa skal gjera han godt, men slik skal det ikkje gå. Lars sin lagnad er noko av det som gjer sterkast inntrykk i denne boka.

Livet på Albertaprærien er på ingen måte nokon dans på roser. Det er økonomiske nedgangstider og Eilert har åleineansvar for åtte born, mellom dei ei dotter som har downs. Det er ein hard kamp for å overleva som farmar sidan han får vanskar med å betala inn gjelda si i tillegg til skattar og avgifter. Og enno verre skal det bli. Utover på 1930-talet vert regionen stadig utsett for øydeleggjande naturtilhøve og avlingssvikt. Det handlar om tørke, kulde, stormar og grashoppesvermar - og dermed lite utkomme. Men Eilert står oppreist. Han MÅ stå oppreist og livet MÅ gå vidare. Han skriv lange utgreiande brev til departementet og finn trøyst i Bibelen og kristent arbeid - og dessutan finn han kjærleiken på nytt.

Som i dei foregåande bøkene vekslar det fint mellom Eilert og familien sitt liv i Canada og det som Anton Edvard, Beret Anna og deira etterkommarar opplever. Hoem fortel om korleis konjunkturar, krig og storpolitikk rundt omkring i verda verkar inn på kvardagslivet til folka "våre". Etter kvart vert borna vaksne og fleire av dei stiftar eigne familiar - slik at det vert ganske folksamt i denne boka til slutt. Enkelte får me bli godt kjende med og andre vert nemnde ganske kort. Slik må det berre bli; forfattaren kan ikkje gå like djupt inn i alle hendingar og livshistoriar. Me får fleire glimt av Edvard Hoem sjølv som eit lite barn, og dermed er då ringen slutta; noko av handlinga her overlappar romanen Heimlandet. Barndom.

Boka er godt komponert og har eit flytande og enkelt språk. Det er lite utbroderingar, men vert av og til vel pompøst. For ein forfattar av Edvard Hoem sitt kaliber er det akseptabelt, tenkjer eg. Dei siste kapitla i denne boka er meir refererande og oppramsande, men det vert aldri likesælt eller lettvint. Liv andre har levd har dessutan tidvis meir dokumentarpreg enn dei par fyrste bøkene. Det er naturleg; me befinn oss nærare vår eiga tid og dermed lettare tilgang til dokumentasjon. For Slåttekar i himmelen var det annleis; Det fantest svært lite skriftlege kjelder som omhandla Knut Nesje, og oldebarnet måtte difor "dikta han fram", som han seier. Enkelte familehistoriar og -hendingar har sikkert blitt fortalt rundt kjøkkenbordet i barndomsheimen, men ikkje alt kunne snakkast om; det vart t.d. truleg aldri fortalt om onkelen Lars sin alvorlege psykiske sjukdom.

Forfattaren må ha lagt ned mykje arbeid med research før han tok fatt på skrivinga av denne serien. Han har reist, snakka med folk, studert kyrkjebøker og gravstader, dokument og brev. Han har sett seg inn i tidlegare tiders jordbruksreidskapar og arbeidsmetodar, matkultur, skikkar og andre tradisjonar, samt det som no i dag heiter kommunikasjonsmåtar og infrastruktur. Edvard Hoem er ein strålande forteljar og han har ei stødig hand over det omfattande persongalleriet. Viktigast av alt er at han handsamar absolutt alle med forståing og respekt.

Dette er røyndomslitteratur av beste slag og eg anbefalar desse bøkene så varmt eg kan. Ved å velja lydbok kan ein lytta til Edvard Hoem si behagelege stemme og høyra boka slik ho er meint å bli lesen.
Liv andre har levd er lærerik og stemningsfull, rørande kvardagsleg, men også dramatisk og høgtideleg. Eg tykkjer det blir vel mykje bibelsitat og salmesitat innimellom, men skjønnar også at det må vera slik. For denne familien har kristendommen vore særs viktig - og trua må ha vore sjølve bærebjelken i livet til både Eilert og Anton Edvard. At Eilert mot slutten av livet tok til å tvila på Gud må ha vore vondt for han. Men etter det eg kan forstå fann han til slutt fred med Vårherre.

Eilert vart ein gammal mann og var heime i Noreg på vitjing for siste gong på slutten av 1950-talet, då forfattaren var gutunge. Grandonkelen gjorde inntrykk på unge Hoem då han og søskena hans fekk kvar sin tikroneseddel, ei heilt ufatteleg gåve den gongen.

Andre bloggmeiningar: Førebels berre Kleppanrova og Rose-Marie det eg kan sjå, men eg vonar at riktig mange, både bokbloggarar og andre, set opp Liv andre har levd på leseplanen sin for det kommande året. Eg vil tru at boka har lege under mange juletre i år.

12. desember 2017

Bokomtale: Nøkken av Nathan Hill

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 23:48
Opplesar: Kim Haugen

Då eg nyleg avslutta lyttinga av Nøkken var eg fyrst og fremst nøgd med å endeleg vera ferdig med ein slik mastodont, men eg har hatt ei på alle måtar stor leseoppleving.

Eg innrømmer at eg var skeptisk i utgangspunktet; det er eg ofte til bøker som vert hypa slik som denne vart då ho kom ut. Eg var også skeptisk/negativ til lengden; papirboka har 686 sider og lydboka varer i nesten 24 timar. For å vera sikker på at eg ikkje "kasta vekk tid" las eg ein del om boka på førehand. Kunne Nøkken passa ein lesar som meg? Etter det eg las av omtalar fann eg ut at eg ville gi boka ein sjanse - og det er eg glad for. Etter mi meining er ho er både morosam, tankevekkjande, satirisk og rørande.

Sentralt i handlinga er Samuel Andresen-Anderson (sic). Han er i tredve-åra, professor i litteratur, mislykka forfattar og lever eit heller meiningslaust liv nesten utan sosial omgang. Han hatar jobben, foraktar studentane sine og koblar av med dataspel. Mor hans, Faye, forlot han og faren då Samuel var barn og dette har han aldri fått nokon forklaring på. Han er sterkt prega av dette som han ser på dette som eit svik.

Det skal gå nesten tjue år før han høyrer noko om mor si igjen. Då havnar ho plutseleg i alle kanalar fordi ho har kasta småstein på den kommande (Donald Trump-liknande) republikanske presidentkandidaten. Saka vekkjer stor merksemd og Faye vert kalla "pensjonistterroristen" og det vert hevda at ho har ei fortid som yrkesdemonstrant og prostituert. Samstundes vert Samuel sett under press frå forleggaren sin. Han har aldri levert inn manus til ein roman som han har fått forskotsbetalt. I dette høvet får Samuel det for seg at han skal skriva ei bok om Faye sitt liv og bakgrunn. Han kan nemleg ikkje kjenna igjen det mediaskapte biletet av mora - og bestemmer seg for å grava djupt i familiehistoria for å finna fram til sanninga. Noko av forklaringa på mora sine handlingar er å finna tilbake tid; i 1968 då Faye var ein del av det radikale studentmiljøet i Chicago.

Dette er noko av bakgrunnen for denne forteljinga - men boka har mange handlingstrådar. Ein får kjennskap til politiske utfordringar og samfunnsmessige endringar, ein får barne- og ungdomsskildringar, mellommenneskelege relasjonar, generasjonsmotsetningar, vittige hendingar og originale karakterar. Her er beisk humor, sår lengsel og varm nostalgi. Her kan ein lesa om vonde barndomsopplevingar, pinlege situasjonar og overraskande vendingar. Her er store tankar, umulege draumar, ung kjærleik og brotne lovnader. Ein finn ganske tydeleg media- og samfunnskritikk i boka; forfattaren set m.a. søkelys på dagens nyhendesamfunn, det amerikanske utdanningssystemet og USA sin involvering i krigar og militære aksjonar.

Nøkken er naturlegvis altfor lang, men eg likte boka likevel. Forfattaren skal ha brukt ti år på skrivinga, og han har ikkje brukt tida på å skjera vekk stoff, for å sei det slik. Forteljinga er på ingen måte effektiv og har mange lag, sidespor og digresjonar. Det kan opplevast som irriterande at det går så utruleg lang tid før ein kjem fram til "løysinga", men på den andre sida er det alle desse sidespranga og krumspringa som gjer boka særleg fengande. Me får t.d. høyra om Samuel sin bestefar som kom frå Nord-Noreg. I denne settingen vert det norske svært så eksotisk og spesielt - og her er også forklaringa på Samuel sitt uvanlege dobbelt-etternamn.

Nøkken er ein roman der det meste blir sett på med skråblikk. Boka er fyrst og fremst underhaldande, men bak alt det tragikomiske og absurde finn ein mykje alvor. Det er svært detaljrikt, handlingsrikt og ordrikt. Handlingane går i ring, hoppar frå det eine tidsplanet til det andre og vert sett på frå ulike perspektiv.

Særleg i starten var det uklart kva som er meininga med alle bihistoriane; forfattaren berre pøser på med den eine absurde historia etter den andre og presenterer den eine sprø karakteren etter den andre. Etter kvart vert biletet klårare og dei ulike historiane og forteljarstemmene vert fletta saman slik at det heile vert logisk og forståeleg for lesaren.

Eg anbefalar lydboka. Kim Haugen gjer ein formidabel innsats som formidlar av alle dei meir eller mindre dramatiske hendingane. Han får fram humoren og satiren på ein overbevisande måte.

Andre bloggmeiningar:
Den andre Berit, Rose-Marie, Tine sin blogg, Kleppanrova

20. september 2017

Bokomtale: Dødsrytteren av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2017
Speletid 16:37
Opplesar: Øystein Wiik
Kjelde: Lytteeksemplar

Den produktive og allsidige Øystein Wiik har på nytt skrive ei spektakulær eventyrforteljing om Tom Hartmann. I dei fyrste bøkene i serien var Hartmann journalist i eit operamagasin, men etter fleire store saker der han har gått inn og "redda verda" har han fått ei etterretningsagent-rolle, med tilhøyrande vide fullmakter. Ein slags James Bond med andre ord - og enkelte hendingar i bøkene kan minna om filmane/bøkene om agent 007.

Vel - Hartmann og Wiik har sjarmert meg nok ein gong, men "heilt overbevist" er eg ikkje. Til det er boka for omfattande - og ho inneheld fleire handlingstrådar som er unødvendige og/eller uavklarte. Men Wiik les framfører boka på like hysterisk underhaldande vis som før.

Dødsrytteren er, som dei seks tidlegare bøkene i serien, ingen realistisk eller samfunnskritisk kriminalroman. Tom Hartmann-bøkene er rein underhaldning - og er nok heller ikkje meint å vera noko anna enn det. Hovudhandlinga går føre seg på Svalbard og det er tydeleg at forfattaren har gjort grundig førearbeid med tanke på skildringar av Svalbard-samfunnet. Wiik har elles teke utgangspunkt i fakta som at Nord-Korea er ei atommakt og eit lukka totalitært diktatur samt verkelege hendingar som at Nord-Korea har underteikna Svalbard-traktaten. Det er óg eit faktum at Svalbard er ei demilitarisert sone og at innbyggjarar og besøkande ofte er bevæpna sidan isbjørnfaren er så stor. Wiik touchar også innom klimakrisa; eitt av poenga i boka er manglande snø og kulde i dei polare områda.

Handlinga i Dødsrytteren er ekstra aktuell i og med at både Nord-Korea og USA raslar med sablane i desse dagar. Boka handlar mellom anna om at Svalbard vert okkupert av Nord-Korea. Alle innbyggjarane i Longyearbyen vert tekne til fange og all kommunikasjon med resten av verda vert broten. Det utviklar seg til eit storpolitisk drama; nasjonen Noreg er trua og verda står på randen av ein atomkrig. "Tilfeldigvis" og heldigvis er "vår mann" Hartmann tilstades der det skjer. Spenninga ligg egentleg ikkje i om Tom lukkast i arbeidet sitt, men korleis.

Forutan Hartmann, eks-kona hans Cathrine Price og deira overordna som me har møtt i tidlegare bøker, vert lesaren presentert for fleire spesielle karakterar i denne boka. Mellom dei er leigemordaren Sol, sonen hennar Konrad og barnevakten/utpressaren Kai. Me møter også nordkoreanarane Kang, Anson og Min-Ki som er i konflikt med kvarandre trass i familiære band. Alle desse personane har ei rolle i den dramatikken som utspelar seg nokre få dagar på Svalbard.

Øystein Wiik har sin eigen stil, han leikar seg med krimsjangeren, skriv forbløffande lett og ledig - og med tonnevis av snert og sjarm. Enkelte scener er hysteriske og kallar på humring og gapskratt - eller på kvalme og ubehag. Andre deler av boka er så spekka med teknologiske og tekniske detaljar at ein mistar litt fokus.

Dødsrytteren har kjappe sceneskift og perspektivskift, cliffhangers og korte kapittel, noko som gjer boka tempofylt og drivande. Wiik pøser på med krimverkemiddel og krydrar det heile med usannsynlege krumspring og blod og gørr.

Eg trur boka hadde hatt godt av ei oppstramming; dersom boka hadde vore eit par hundre sider kortare ville ho vore betre. Papirutgåva er på 568 sider og det er i lengste laget for ei slik bok. Nokre av handlingstrådane kunne med fordel ha vore utkutta. Eg anbefalar likevel Dødsrytteren dersom du er ute etter lesestoff i kategorien spenning og eventyr. Lydboka er godt lest av forfattaren sjølv.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden

Kronologi:
1. Dødelig applaus
2. Slakteren
3. Hvit panter
4. Casanovasyndromet
5. Rekviem
6. Skorpionen

18. desember 2016

Bokomtale: Land ingen har sett av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2016
Speletid: 10:27
Opplesar: Edvard Hoem

I den tredje bolken av denne fine slektshistoria er handlinga lagt til tida 1912 - 1927. Hovudpersonane er dei same som i forrige bok Bror din på prærien; forfattaren sin eigen bestefar, Anton Edvard, bror hans Eilert og tanta deira Gjertine. Me får på nytt lesa om livet på Alberta- og Dakota-prærien og på Nordvestlandet - i gamlelandet.

Land ingen har sett er ein roman der tankar, samtalar og situasjonar naturleg nok er oppdikta, men forteljinga er basert på historiske fakta; offentlege dokument, verkelege hendingar og historiske personar. Forfattaren har sikkert også høyrt eldre familiemedlemmer fortelja historiar om desse personane i barndommen og oppveksten. Hoem har uttalt at han truleg kjem til å skriva to bøker til frå dei same miljøa. Det er eg glad for: Dette er utruleg gode bøker.

Å "gje vekk" ein eller fleire av sine eigne ungar til barnlause slektningar var ikkje uvanleg i tidlegare tronge tider. Det var gjerne lite utkomme, små husvære og mange munnar å mette. Ei av slåttekaren Knut sine store sorger i livet var at dei måtte setja bort yngstesonen. Det kom også til å prega Anton Edvard gjennom livet.
«Anton Edvard skulle alltid minnast det. Han gjekk over to fjell, sju år gammal. Han visste kvar han var på veg, og at han ikkje skulle vera hos foreldra sine meir».
Slik uttrykker Edvard Hoem det som hende - og slik startar denne boka. Nøkternt, men med sterke kjensler.  Anton Edvard tek etter kvart over drifta av den vesle garden til pleieforeldra sine og stiftar eigen familie. Han er ambisiøs og arbeider hardt; forutan såing, onning og hausting er det vedtid på førjulsvinteren og fisketid på etterjulsvinteren. I alle år tek han seg òg jamnleg tid til å skriva brev til broren i Canada.

På den andre sida av Atlanteren, på Alberta-prærien, lever utvandraren Eilert og kona hans Marta eit strevsamt liv. Dei har etablert seg med hus og farm; Eilert er midtpunkt i det kristne miljøet som finst der, medan Marta får meir enn nok å gjera når det annakvart år kjem eit nytt barn til verda. Stundom lengtar Eilert heim til gamlelandet, spesielt ynskjer han å sjå att den gamle mor si Serianna før ho døyr. Men så bryt 1. verdenskrig ut - og reiseplanane vert lagde vekk. Gjertine og Ole Aas byrjar å dra på åra og har slått seg til ro på Dakota-prærien, men den framleis noko opprørske Gjertine legg ut på ei siste omfattande reise.

Eilert og Anton Edvard sine liv fortonar seg som ganske like. Begge er strie og standhaftige, begge ber på draumar som ikkje vert innfridde, begge strevar for at neste generasjon skal få det betre, begge har koner som slit seg ut på hardt kroppsarbeid og mange svangerskap og barnefødslar.

Hoem fortel om tekniske og praktiske nyvinningar: Straum, telefon, jernbane, automobilar og landbruksmaskiner. Han fortel om ver og klima, konjunktursvingingar og verdenskrig. Alt dette hadde konsekvensar for kvardagslivet til folk, både i Amerika og i Noreg. Han fortel om forventningar om eit betre liv, om lange reiser og store avgjerder, om kvinner og menn med store draumar - men dei hadde ikkje alltid dei same draumane for seg og sine.

"The land of the free" baud på mange mulegheiter for dei som drog, men det var slett ingen dans på roser for pionerane. I tillegg til heimlengsel og hardt arbeid, kunne det også vera vanskeleg å læra seg eit nytt språk. Folk søkte gjerne saman med andre norske og nordiske innvandrarar som busette seg i nærleiken av kvarandre.

Land ingen har sett er ein lærerik og underhaldande roman. Fleire episodar kan ein humra godt av, medan andre hendingar er sorgtunge, rørande og/eller opprørande. Eg vart ikkje fullt så gripen av denne som eg vart av dei føregåande to. Det skal her nemnast at eg hadde svært store forventningar på førehand.

Perspektiv og forteljarstemme vekslar fint mellom karakterane og mellom verdensdelane. Av og til kjem også forfattaren si eiga stemme fram - av og til med undring og spørsmål, andre gonger med forklaringar. Dette fungerer fint i ei slik forteljing sidan forfattaren på ein måte er ein del av historia.

Hoem har ei eiga evne til å gjera det kvardagslege høgtidssamt - men han maktar også å gjera det høgtidelege kvardagsleg. Eg anbefalar lydboka som forfattaren les sjølv - på ein inderleg og nydeleg måte.

Konklusjonen vert ein sterk 5'ar og ein soleklar nominasjon til Bokbloggerprisen 2016.

10. desember 2016

Bokomtale: Syndenes forlatelse av John Hart

Lydbokforlaget 2016
Speletid 15:56
Opplesar Bendik Østbye Johannessen

Kjøpt lydfil

John Hart sine bøker er verkeleg gode. Dette seier eg trass i at han skriv om trasige og tragiske tema som løgner og svik, skam og sorg, vald og urett, overgrep og drap. Han skriv om dysfunksjonelle familiar og om lokalsamfunn i oppløysing.
Eit anna gjennomgangstema i bøkene hans er forsømde barn - barn som har blitt utsette for omsorgssvikt og fysisk og psykisk mishandling.

Forfattaren har ei heilt unik evne til å skildra smertefulle opplevingar og dramatiske hendingar. Historiane hans er gjennomgåande dystre, mørke og melankolske. Karakterane er ofte desperate og makteslause og gjerne prega av ein vond barndom og oppvekst.

John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet og Brødrene fra Iron House. Sterke og gode leseopplevingar alle saman. Syndenes forlatelse er like god, og kanskje enno betre, enn dei føregåande når det gjeld språk og spenningsoppbygging.

Når det gjeld sjølve kriminalgåta tykkjer eg det haltar litt, og eg meiner vel også at Hart i denne boka dreg det heile for langt. Det er mange drap og mykje vald, blod og smerte. Ikkje for det - når det gjeld menneskeleg ondskap er visst ingenting umuleg, det har fleire tilfelle frå det verkelege livet vist oss.

Dei to hovudpersonane i denne krimthrilleren er begge politifolk og etterforskarar - men her befinn dei seg på "den gale sida." Elizabeth Black har teke på seg ansvaret for å ha tatt livet av to valdtektsmenn og er suspendert. Saka har skapt nærast hysteriske tilstandar i media og er blitt politisk: Politikvinna er kvit, dei to ofra svarte. At dei to torturerte og misbrukte ei ung jente på grusomaste vis vert ikkje teke omsyn til. Samstundes slepp Elizabeth sin tidlegare kollega og mentor Adrian Wall fri etter 13 års fengselsstraff for eit drap som han, etter det me forstår, ikkje har begått. Frikjenninga set i gang ein grusom valds- og drapsspiral.
Elizabeth og Adrian har ei felles fortid og eit felles mål om å oppklara drapssaker i notid og i fortid. Det handlar om å reinvaska seg sjølv og beskytta dei ein bryr seg om medan ulike krefter, frå både den eine og andre sida av lova, kjempar for at ting skal haldast skjult. Elizabeth er sterkt knytta til to ungdommar. Dei to barna er begge forsømde på kvar sin måte, og begge spelar ei viss rolle i to ulike saker som viser seg å henga saman.
Politiet er makteslause, enkeltpersonar tek seg til rette. Mistankar og mistydingar. Falske bevis og manglande bevis. Vitner utan truverdigheit. Løgner, svik og bedrag. Gjerningspersonen kjem nærare og nærare. Spenninga stig og stig. Og det vert stadig funne fleire drapsoffer.

Lesaren får presentert eit mangfaldig og spesielt persongalleri. Enkelte av dei kjem me svært nær, faktisk ubehageleg nær. Å ta del i ein forstyrra og gal seriemordar sine tankar er nokså skremmande. Ubehageleg er også møtet med ein fengselsdirektør frå Helvete. Eg oppfattar elles boka som sterkt kritisk til det amerikanske rettsvesenet, fengselsvesenet og påtalemakta.

Som regel er eg meir opptatt av sjølve historia som blir fortalt enn av språket. Språk og tekst blir også gjerne litt meir fjernt når ein lyttar til ei bok enn om ein les ho sjølv. Men i dette tilfellet la eg verkeleg merke til språket; dei nærast poetiske og draumande skildringane, dei presise formuleringane, dei elegante overgangane, - og dessutan korleis uttrykksformer og dialogar skiftar - alt etter perspektiv.
Opplesaren av lydboka formidlar dei varierande forteljarstemmene på ein god måte.

Eg gir Syndenes forlatelse terningkast 6 for stil og 4 for innhald.

31. august 2016

Kort om: Den niende graven av Stefan Ahnhem

Lydbokforlaget 2016
Speletid 18:30
Lytteeksemplar

Det er sjeldan eg tenkjer "endeleg ferdig!" når eg har lest ut ei svensk krimbok - men det gjer eg denne gongen. Den niende graven er omfangsrik, intrikat og tidvis grøssande spennande - men aaaltfor lang. Papirutgåva er på 637 sider, lydbokversjonen over 18 timar - og eg klarar ikkje å halda interessa, engasjementet og konsentrasjonen oppe heile vegen.

Her får ein rett nok mykje spenning og overraskande vendingar - og eg pleier ofte å lika slike rå og blodige krimbøker - men då må sjølve handverket vera bra nok. Det vil sei at plott, språk, komposisjon, karakterar og skildringar må vera interessante og leseverdige. I denne boka datt eg av lasset gong på gong - og det gjorde at leseopplevinga ikkje vart så veldig god. Trådane vart for mange, karakterane irriterande, perspektiva uklåre og handlinga springande. Ei strammare redigering og utkutting av enkelte handlingstrådar ville ha gjort boka betre.

Boka inneheld kjende krimroman-grep som korte kapittel, raske sceneskift og cliffhangers - men enkelte av desse kapittelavslutningane kjem irriterande brått på og endar i lause lufta. Forfattaren har også pøst på med allslags krim-/thriller- og grøssarelement - og enkelte scener minner meg om splatterfilmar; så fulle av blod, gørr og innvollar og diverse andre makabre skildringar - at det (nesten) ikkje er ekkelt - heller komisk.

Handlinga går føre seg i Sverige og Danmark og ein får følgja to ulike etterforskargrupper som freistar å ta hand om nokre svært kompliserte saker. I fleire tilfelle handlar det om bortføring, innesperring, ekstremt brutal vald og oppsiktsvekkjande drapsmetodar. Hovudrolleinnehavarane, svenske Fabian Risk og danske Dunja Hovgaard, opererer begge sjølvstendig og "oppå" den offisielle etterforskinga. Både Fabian og Dunja sitt etterforskarliv er (typisk nok) prega av manglande forståing frå udugelege leiarar medan privatlivet (også typisk nok) er prega av tidsklemma og manglande forståing frå partner.

Eg meiner at Den niende graven er ein kompleks kriminalroman som kunne ha vore god, men for meg vart leseopplevinga middelmådig fordi det var så mange ting som trakk ned heilskapsinntrykket. Den lange epilogen som vert brukt til å nøsta opp i dei mange trådane er forsåvidt grei - men i tillegg vert lesaren heilt på tampen presentert for enno ein tråd som i mine auge er fullstendig malplassert. Truleg handlar det om å skapa ei linje til Offer uten ansikt, Ahnhem si føregåande bok. Det er muleg at leseopplevinga ville vore annleis dersom eg hadde lest den fyrst - sjølv om handlinga i den boka visstnok går føre seg etter alt det som skjer i Den niende graven. Vel - uansett; pr. no fristar det slett ikkje å lesa den fyrste boka.

26. april 2016

Bokomtale: Den gjenfødte morderen av A. J. Kazinski

Lydbokforlaget 2016
Speletid 15:06
Opplesar: Haakon Strøm
Kjelde: Lytteeksemplar


Bok nummer tre i serien om og med gisselforhandlar Niels Bentzon er vanvittig spennande, tildels interessant - og uhyre usannsynleg. Det kan vera lurt å leggja forventningar om realisme og naturlege forklaringar til side før ein startar lesinga av boka. Ver førebudd på ei fantasifull krimforteljing utanom det vanlege!

Utgangspunktet for historia er - sært nok kanskje - Sokrates' død. Den kjende filosofen fekk dødsstraff i år 399 f.Kr., då vart han dømt til å begå sjølvmord ved å innta gifta skarntyde. I Den gjenfødte morderen møter me to andre menn som har døydd av skarntydeforgiftning. Om det er sjølvmord eller mord er uklart. Den eine er ein ung student ved Oxford-universitetet i 1939, den andre er Christian Paludan, psykiater og overlege ved instutisjonen Sikringen - og ein god ven av Niels Bentzon.

Når me møter Bentzon i innleiinga er han i ferd med å bli innlagt på Sikringen, eit psykiatrisk sjukehus der dei farlegaste og mest sinnsjuke forbrytarane vert sperra inne. Etter kvart får me ei forklaring på kvifor dette skjer: Bentzon går undercover for på den måten å finna ut kva som egentleg skjedde med Paludan. Han skiftar identitet, får ei bakgrunnshistorie, vert innlagt og behandla som den farlege valdsforbrytaren han liksom er. Han har kontakt med omverda via ein øyrepropp (som ser ut som eit høyreapparat), men stort sett lyt han klara seg åleine. Han befinn seg i ein kontinuerleg farleg situasjon fordi han ikkje veit kven han kan stola på, verken av dei innlagde/innsette eller dei tilsette.

I handlingstråd nummer to får ein følgja Hannah Lund, astrofysikar og gift med Niels Bentzon. Via sine intellektuelle og analytiske evner (samt flaks og telepati) hjelper ho mannen sin og dei andre i etterforskarteamet frå ein heilt annan kant av kloden. I ein liten landsby i Guatemala finn ho ein person som har sterke band til personar tilknytta Sikringen. Seinare oppsøker ho ei eldre dame busett i England som har opplevd noko svært dramatisk i fortida si. Kva dette er får me gradvis greie på i ein tredje handlingstråd. Den er lagt til Oxford og London i tida rundt inngangen til 2. verdenskrig.

Miljøskildringane, særleg tilhøva ved den psykiatriske institusjonen Sikringen, er barske og presise og gjer inntrykk. Eg har ikkje særleg kjennskap til forholda på slike institusjonar i den verkelege verda, men det som vert fortalt om medisinering, fastspenning og elektrosjokk virkar realistisk, i alle fall i denne samanhengen.

Som i Den siste gode mann og Søvnen og døden går mykje av handlinga  i Den gjenfødte morderen ut på det åndelege, det kvasifilosofiske, det uforklarlege og det overnaturlege. Om grensa mellom liv og død, udødelege sjeler og reinkarnasjon. For meg personleg er slike tankar berre sprøyt, men eg er ikkje negativ til at det kan vera tema i ei forteljing som dette. Alt heng saman og får si "naturlege" forklaring dersom ein kan godta dei spesielle premissane for boka.

Tidvis kan boka lesast som ein normal kriminalroman, men her finn ein nokså uortodokse etterforskingsmetodar og samarbeidsformer. Boka inneheld mange tankesprang som omhandlar livet, døden og det eventuelle livet etter døden. Dersom ein skal pirka på noko, må det vera at enkelte av desse filosoferingane blir vel langdryge og at overgangane mellom handlingstrådane av og til kjem noko brått på. Avslutninga er også litt rar, men eg meiner at løysinga likevel er passande for denne spesielle historia.
Eit anna sentralt emne er kjærleiken; ein kjærleik i livet som er så sterk at den "overlever" døden. Forholdet og kjærleiken mellom Niels og Hannah vert også sett på prøve sidan dei begge vert utsette for store utfordringar.

Eg likte boka veldig godt, sjølv om - og trass i - at mykje av det som blir fortalt er urealistisk og lite truverdig. Ho er godt komponert, har naturlege temposkifte, eit språk som flyt lett og fint - og som opplesaren av lydboka formidlar på ein god måte.
Til slutt må det nemnast at boka, trass i eit heller alvorleg og dystert tema, også inneheld masse lun humor.
Den gjenfødte morderen byr på mange timar med god underhaldning!

Andre bloggmeiningar:
Anita - som er særdeles positiv
Tine - som likar boka men er litt meir avmålt
Bjørnebok - som ikkje kjøper det overnaturlege

27. januar 2016

Bokomtale: Kvikksand av Henning Mankell

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 9 t 26 min
Opplesar: Finn Schau
Kjelde: Lytteeksemplar


Henning Mankell fekk i januar 2014 beskjed om at han var alvorleg og livstruande sjuk. Han fortel i denne boka at han vart heilt paralysert av beskjeden om at han hadde fått kreft; han fekk ei kjensle av å havna i kvikksand. Men han fortel også om korleis han etter ei tid kom seg opp av denne hengemyra av angst og apati - ved at han byrja å tenkja - og skriva.

Mankell søkte kunnskap - heile livet. Boka ber ikkje preg av å vera ei bok skriven av ein mann på slutten av livet, men filosofiske og eksistensielle tankar og problem er sentralt.

Det er vanskeleg å setja Kvikksand i "rett" sjanger eller kategori. Boka vert sagt å vera ein "tenkebok", men er og ein slags sjølvbiografi og ei erindringsbok. Henning Mankell ser her tilbake på livet sitt, på hendingar han har opplevd, på stader han har vore og på personar han har møtt. Litteratur og annan kultur betydde svært mykje for han. Han fortel om barndom, ungdom, vaksenliv, forhold, reiser og arbeidsliv - ikkje kronologisk, men fram og tilbake i tid - medan han også fortel om enkeltepisodar som han hugsar spesielt godt. Kvikksand er som ein kan skjønna ei svært personleg bok - men er lite privat: Mankell gir ingen pikante avsløringar.

Mankell var opptatt av korleis menneska forvaltar jorda me lever på og kva me let etter oss, i form av minner, kunnskap - og avfall. Han vender stadig attende til dette med det radioaktive avfallet som brukar tusenvis av år på å bli nedbrote.
Mankell kjende nok sterkt på dette med å vera utanfor - å vera ein plass mellom liv og død medan han skreiv denne boka. Eg er imponert over korleis Mankell likevel klarde å halda fokus og å formidla fornuftige tankar i ein slik situasjon. Det virkar som om Mankell var interessert i og nysgjerrig på det meste - heilt til det siste.

Eg las Kvikksand parallellt med Morder uten ansikt, den fyrste boka i Kurt Wallander-serien. Det var spesielt - og fint. Kvikksand er ei velskriven, stillfarande og alvorleg bok som gjorde djupt inntrykk på meg. Vedmodet og ettertanken er til å ta og føla på, men innhaldet er ikkje påfallande sorgtungt og trist.
Eg anbefalar gjerne lydboka: Opplesar Finn Schau har ei stemme som passar godt til innhaldet; litt sliten, men samstundes kraftfull.

Henning Mankell døydde i oktober i fjor.

3. desember 2015

Bokomtale: Banesår av Thomas Enger

Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:56
Opplesar Christoffer Staib
Kjelde: Lytteeksemplar


Thomas Enger har endeleg fullført serien om journalisten Henning Juul. Då eg las den fyrste boka Skinndød for nokre år sidan vart eg begeistra og imponert; debutromanen baud på, trass i enkelte logiske bristar og mange klisjéar, ei skikkeleg spennande historie som gav meirsmak og forventningar om framtidige gode leseopplevingar.
Dessverre vart ikkje desse forventningane innfridde. Bok nummer to Fantomsmerte var brukbar, men eg likte ikkje så godt verken Blodtåke eller Våpenskjold. Likevel; når ein fyrst har starta på ein serie, må ein sjå korleis det heile vert rulla opp og avslutta. Difor måtte eg lesa Banesår også, men før eg starta lyttinga av denne lydboka var forventningane mine skrudd ned - mange hakk.

Den raude tråden og hovudplottet i serien er Henning Juul si private tragedie: Jakta på kven som sto bak og kva som egentleg hende då huset til familien vart påtent, sonen mista livet og Henning sjølv vart hardt skada. Denne hendinga fann stad før Skinndød. Etter kvart er det blitt fleire bihistoriar, utallige trådar og innfløkte intrigar - og forfattaren sitt forsøk på forklaringar og å løysa opp litt i flokene i starten av denne boka er ikkje spesielt vellukka.

Boka er ujamn når det gjeld tempo og spenningsnivå. Enkelte kapitlar har brukbart driv, men så fell tempoet att der forfattaren kjem med uvesentlege detaljar og hendingar. Prologen er uhyre dramatisk, med eit blikk inn i framtida og avslutninga av det heile: Henning er i livsfare. Igjen. For han har faktisk vore utsett for utallige drapsforsøk gjennom fire bøker før - så då vert det uspennande - og eg gir litt blaffen, for eg vil jo berre bli ferdig med historia. Undervegs kjenner eg at eg er litt spent på korleis det går til slutt. Men berre litt.

Karakteren Henning Juul er, om ikkje ein truverdig karakter, så i alle fall ein samansett person. Resten av persongalleriet deriomot; dei kunne like godt vore pappfigurar, så eindimensjonale er dei. Stereotype karakterar og personar som "manglar" karaktertrekk er ekstremt kjedelege å lesa om.

Det beste eg kan sei om Banesår er at Christoffer Staib gjer ein god jobb som opplesar av lydboka. Han har ei behageleg stemme og les med akkurat passe engasjement.
Terningen landar på tre - og den tre'aren er svak. Eg føler at eg har kasta vekk tid på ein bokserie som ikkje held mål. Idéen til bøkene var sikkert god, men det virkar som om prosjektet vart for ambisiøst og at plottet vart altfor innvikla og uhandterleg undervegs.

Andre bloggmeiningar:
Tine
Ritaleser
- som begge er betydeleg meir nøgd med boka/bøkene enn meg. Sjølv kan eg ikkje anbefala denne serien, men altså; meiningane er delte.

25. november 2015

Bokomtale: Bror din på prærien av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 11:56

Opplesar: Edvard Hoem
Kjelde: Lytteeksemplar

Etter fjorårets utgjeving av Slåttekar i himmelen sa forfattaren i eit intervju at det kunne bli eit bind 2, for han hadde rikeleg med stoff. No er oppfølgjaren komen - og eg har på nytt hatt ei leseoppleving av dei sjeldne, takka vere Edvard Hoem, forteljinga hans og stemma hans. Det vert ofte ekstra nært og meir ekte når forfattaren les sjølv.

For la meg like godt slå det fast med ein gong: Dette er Den Beste norske boka utgitt i år.
Men det er faktisk vanskeleg å skriva om ei bok som ein likar så godt. Eg meiner; utan å bli barnsleg overbegeistra og utan å bli beskulda for å vera kjøpt og betalt..

Ein veit nesten ikkje kva ein skal ta tak i, for alt er så nydeleg: Språket, stilen, forteljinga, karakterane, stemningen, skildringane. Som tittelen viser handlar det mest om livet i Amerika i denne boka, men lesaren får på ny møta den flittige slåttekaren Knut Nesje, som tek til å bli "gammal" etter den tidas målestokk. Både Knut og kona Serianna er utslitne av hardt arbeid og sørgmodige grunna lengting og sakn. Dette saknet, som Hoem skildrar så vart og fint, skuldast fyrst og fremst at alle borna deira buset seg så langt vekke. Ingen av dei ser noka framtid i det vesle jordstykket foreldra bygslar.

Den mest sentrale personen i boka er Eilert; sonen som emigrerer til USA i 1893, seksten og eit halvt år gammal. Eilert er ein intelligent, høgreist og alvorleg ung mann, prega av det nøysame og gudfryktige livet i barndomsheimen. Samstundes er han klar for det nye landet og open for dei nye tidene. Han er fast bestemt på ikkje å binda seg for tidleg, verken til jord eller livsledsagar. Han vil bruka tid, læra språket, skaffa seg arbeid og leggja seg opp pengar før han slår seg ned for godt. Eilert skal komma til å streva lenge, både fysisk og mentalt, før han til slutt slår seg til ro på Alberta-prærien i Canada. Og Eilert og foreldra skal aldri få sjå kvarandre igjen. Det er hjarteskjerande, men slik var det jo faktisk: Dei aller fleste som reiste til Amerika den gongen kom aldri tilbake til gamlelandet.

Boka er til ettertanke for nokon kvar og ein kan sei at ho er aktuell i forhold til dagens flyktningkrise-debatt. Det er OK å bli minna om at det ikkje er så frykteleg lenge sidan Noreg var eit fattig jordbruksland, der mange menneske ikkje hadde anna val enn å utvandra - for på den måten å skapa seg eit liv og ei framtid for seg og sine.

Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien byggjer på livet til Edvard Hoem sin eigen oldefar og familien hans. Men det finst lite skriftleg materiale; kun ein del datoar og årstal for ymse hendingar, samt nokre få brev som Knut Nesje skreiv til sonen sin på prærien. Det meste er difor fiksjon og boka er ein roman. Likevel - dette er ekte saker - og stor forteljarkunst. Det er tydeleg at boka er skriven med stor respekt for og kjærleik til forfedrane og -mødrene.

Språket er både lågmælt og litt høgtidssamt på ein gong, utan at vert stivt og unaturleg av den grunn. Skildringane er presise og nøkterne, og dei utbroderingane som finst virkar å vera heilt riktige i den samanhengen dei vert brukte.Teksten rører ved heile kjensleregisteret til lesaren, utan at det kan oppfattast som sentimentalt eller klissete.

Eg har merka meg nokre - om ikkje lause trådar, så i alle fall nokre uavslutta historiar undervegs i lesinga: Korleis gjekk det med Eilert og etterkommarane hans? Kva med tanta til Eilert, den fascinerande Gjertine? Og kva skjedde med Bastian Georg, Eilert sin bror som stakk av til København?
Kan det tyda på at Edvard Hoem har meir på lur - slik at me får enno ei bok? Eg håpar det.

Andre bloggmeiningar:
Sukkerrør
Kleppanrova

13. november 2015

Kort om: Rekviem av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2015
Speletid 12:25
Opplesar: Øystein Wiik
Kjelde: Lytteeksemplar

Jepp, Øystein Wiik har gjort det igjen. Han har atter produsert ein kriminalroman full av spenning, bestialitetar og snert. Ein underhaldningsroman som ikkje har noko anna mål enn akkurat dette; å underhalda lesaren. Wiik er etter kvart blitt ein stilsikker og original kriminalforfattar som hentar inspirasjon frå uvande (krim)miljø. I bok nummer fem i Tom Hartmann-serien står stadig musikken sentralt, men no er fokuset flytta frå operaverda til Black Metal-miljøet.

Det tidlegare ekteparet Tom Hartmann og Cathrine Price er fortvila: Dottera Cecilie er sporlaust vekke og vert meldt sakna. Ho vart sist sett på ein konsert med det populære svartmetal-bandet WWW.
WWW-vokalist Wotan Wagner vaknar opp etter den same konserten med ein død person liggjande ved sidan av seg. Han har fullstendig blackout og ber manageren sin ta seg av saka. Det gjer han - men både tilfeldigheiter og andre ting gjer at både Wotan og medhjelparen rotar seg opp i ekstreme situasjonar.
Det syner seg at det er ein person frå fortida som søkjer hevn - både over Black Metal-artisten Wotan Wagner - og politietterforskaren Cathrine Price.

Øystein Wiik sine kriminalromanar er prega av forteljarglede, dramaturgi og spenningsoppbygging. Wiik har etter kvart funne si eiga "nisje" i krimlitteraturen; her er underhaldning og fantasi viktigast. Realisme og truverdigheit er det lagt mindre vekt på. Karakterane er lett karikerte, brotsverka spektakulære og handlingstrådane enkle å følgja.

Prikken over i'en er forfattaren si eiga opplesing av lydboka. Men - midtveges i lyttinga av denne boka trudde eg ei stund at Wiik var blitt erstatta av ein annan person. Plutseleg var stemma blitt så annleis. Truleg har Wiik fått eit halsonde av noko slag - eller kanskje synginga av uvande sjangrar i Stjernekamp førte til at stemma hans vart noko ukjenneleg - kva veit eg?
Etter kvart vart stemma og framføringa til Øystein Wiik gjenkjenneleg igjen - så eg anbefalar så sterkt eg kan at du lyttar til Rekviem og dei føregåande bøkene i serien!

4. oktober 2015

Bokomtale: Det som ikke dreper oss av David Lagercrantz

Lydbokforlaget 2015
Speletid 16:37
Opplesar Anders Ribu
Lånt på biblioteket


Millennium-fans over heile verda har vore spente på dette fjerde avsnittet i serien om Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander.
Den originale (og fenomenale) trilogien kom ut fyrst etter at forfattaren Stieg Larsson døydde i 2004. Det er veldig trist at forfattaren aldri fekk oppleva den enorme suksessen bøkene fekk. Enno tristare er det at dei etterlatte har krangla bittert og lenge om korleis forfattarskapet og arven etter Larsson skulle forvaltast. Sambuaren Eva Gabrielsson har vore sterkt imot utgjevinga av Millennium 4, medan faren og broren til Stieg Larsson har vore pådrivarar når det gjeld den nye oppfølgingsboka.
Eg har full forståing for dei sterke kjenslene til Larssons sambuar, men eg meiner at så lenge dei originale bøkene og karakterane vert behandla på ein respektfull måte, kan eg ikkje sjå at denne utgjevinga er moralsk forkasteleg eller opprørande på nokon måte.

Mannen som har fått i oppdrag å halda fram med forteljinga om Millennium er David Lagercrantz, kanskje mest kjend som mannen bak boksuksessen Jeg er Zlatan.

Det som ikke dreper oss er altså ein ny, frittståande roman inspirert av og basert på karakterane og miljøet me kjenner frå Menn som hater kvinner, Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes. Dei tre nemnde bøkene er blant mine absolutt favorittar - og Salander og Blomkvist er to figurar som eg føler at eg kjenner - ut og inn. No har det rett nok gått fleire år sidan eg las bøkene, men eg kan enno kjenna den gode kjensla av forventningar og lesefryd dei gav meg den gongen. Så eg skal ærleg innrømma at eg var ein smule skeptisk på førehand - men Det som ikke dreper oss viste seg å vera ei svært god og spennande bok.

Det vart eit gledeleg gjensyn med min "superhelt", Lisbeth Salander. Eg er fascinert av denne dysfunksjonelle datanerden utan vener og med manglefullt utvikla sosiale antenner - men med ein sterk rettferdigheitssans og med høg moral. Ho er så spesiell, så sterk - og likevel så sårbar.
I Det som ikke dreper oss møter me ein liten gut som liknar litt på Lisbeth. Han vert vitne til eit drap - men politi og hjelpeapparat støyter på eit problem: guten er autist, manglar språk og evne til å uttrykke seg på "vanleg" måte. Men så viser det seg at det barnet truleg er ein savant, ein autist med spesielle intelligente egenskapar og at han har sans for tal og avansert matematikk, i tillegg til at han har fantastiske kunstneriske evner. Interessant? Ja, absolutt. Truverdig? Neppe, men det er ikkje så nøye. Poenget er at det funkar i denne forteljinga.

I denne boka har David Lagercrantz klart å "gjenskape" Salander - og Blomkvist. Forfattaren har tilegna seg det "larssonske" i skrivestil og stemning - på ein overbevisande måte. Plottet og intrigen er, som i dei føregåande Millenniumbøkene, nokså komplisert. Boka er ordrik, detaljrik, handlingsrik og perspektivrik. Det tek forholdsvis lang tid å få oversikt over alle aktørar og forholdet mellom dei. Fleire handlingstrådar og ganske mange karakterar skal presenterast og setjast inn i ein samanheng - så det krev at lesaren er tolmodig og konsentrert.
Lydboka er glimrande lest av Anders Ribu; han les med tydeleg diksjon og på ein litt høgtideleg måte, noko som passar til det språket som er brukt i boka. Det har likevel vore nyttig å ha papirboka i tillegg, sidan det som sagt er så mykje å halda styr på.

Stort meir er ikkje å sei om Det som ikke dreper oss. Boka er omtalt, omdiskutert, presentert, anmeldt, anbefalt, hypa og reklamert for - i det uendelege og til det kjedsommelege, som det heiter.
Når ei bok får så skrekkeleg mykje merksemd sler det gjerne dårleg ut for mitt vedkommande. Det fører gjerne til at eg mistar leselysta. I dette tilfellet gjorde eg ikkje det - og det er eg glad for.
For som sagt; boka er kjempebra, nesten like bra som originalane.

26. mars 2015

Bokomtale: Den grenseløse av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 17:39
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Kjelde: Lytteeksemplar


Som den ivrige Avdeling Q-lesaren eg er, har eg venta lenge på at bok nummer 6 i serien skulle komma ut. Eg har lest alle seks som lydbok; eg er overtydd om at akkurat lyttinga til desse bøkene har gjort dei til ekstra gode leseopplevingar.

Dette er altså eit kjærkomment og nytt kapittel i historia om den gretne og pessimistiske (men sjarmerande) kriminalkomissæren Carl Mørck og teamet hans; den godmodige og hemmelegheitsfulle Assad, den merkverdige og sylskarpe Rose og det nye medlemmet, unge Gordon.

Jussi Adler-Olsen leverer varene (som det heiter) denne gongen også. Det er ikkje rart at Adler-Olsen er mellom dei mestseljande og aller mest popuære forfattarane, både i Danmark, Noreg og mange andre land. I den forrige boka i serien, Marco-effekten, var tempoet forholdsvis høgt, - der kunne lesaren følgja denne Marco som var i konstant rørsle, gjennom heile boka. I Den grenseløse er det eit meir langsamt tempo, dramatikken meir nedtona undervegs - men spenninga byggjer seg opp utover i boka. Eg oppfattar likevel ikkje denne boka som så intens og spennande som t.d. Kvinnen i buret og Flaskepost fra P - eller så engasjerande som Journal 64 - på langt nær - men ho har andre kvalitetar. 

Her startar historia med at Carl Mørck vert oppringt av ein kollega frå Bornholm som ynskjer at Avdeling Q skal sjå på ei gammal uoppklart sak, men Carl avviser både mannen og saka. Få timar seinare tek denne bornholmaren sitt eige liv - og ein angrande Carl, ei rasande Rose og ein nysgjerrig Assad reiser til Rønne for å sjå på den 17 år gamle saka om ei bilulukke som kanskje ikkje var ei ulukke - men eit drap.
Saka vert rulla opp og historia går sin gang, ganske langsamt og detaljert. Parallellt får me stifta bekjentskap med ei svært så altarnativ rørsle; ei kvasireligiøs gruppe med ein karismatisk leiar - og alltid i nærleiken av denne leiaren: Ein person utan grenser - ei kvinne som ikkje skyr noko og som brukar absolutt alle midlar for å verna om seg og sitt.

Lesaren trur at han/ho skjønnar samanhengen etter kvart som dei to historiane nærmar seg kvarandre - men nei; Adler-Olsen har sjølvsagt overraskingar på lur. Forteljinga får opptil fleire tvistar mot slutten. Trådane som var i ferd med å bli nøsta opp viser seg å ikkje passa inn i samanhengen likevel - og handlinga får ein ny og uventa vri. Eg likar å bli overraska på den måten medan eg les.

Å lesa/lytta til Den grenseløse er glimrande tidtrøyte. Eg har kosa meg gjennom alle timane med lytting. Helge Winther-Larsen si levande og engasjerande opplesing har på mange måtar vore prikken over i'en. Kan hende kunne boka vore kortare eller meir "oppstramma", men eg trur det då ville ha gått utover den spesielle forteljarstilen som Adler-Olsen nyttar.

Eg merka meg at denne boka fekk nokså surmaga kritikk og terningkast 3 i VG, og at anmeldar Hovdenakk grunngav dette med "overdivelser" og "grove virkemidler". Den mannen skjønnar nok ikkje humor og ironi. Eg har i motsetnad til Hovdenakk humra over skildringane av skrullete alternativ-personar og Carl sine håplause slektningar og - faktisk! - ledd høgt av Assad sine kamelvitsar.
Men når det er sagt; til og med ein Jussi-fan som meg skjønnar/innser at dette (muligens saman med Fasandreperne) er den svakaste boka i Avdeling Q-serien hittil. Eg håpar Adler-Olsen konstruerer ei meir truverdig historie med meir truverdige karakterar neste gong - så eg gir terningkast 5 (men med ein minus i parentes) til Den grenseløse.

Eg har altså visse bittesmå innvendingar med omsyn til truverdigheit, men eg meiner at Den grenseløse byr på mange av dei ingrediensane som ein underhaldande kriminalroman skal innehalda: Interessante og originale karakterar, kjappe replikkar, skiftande og aukande spenning, fengande cliffhangers, spesielle geografiske stader og miljø, samt uventa vendingar og god og lun humor.
Kort sagt: Ei god historie.

6. mars 2015

Bokomtale: Mors og fars historie av Edvard Hoem

Cappelen Damm 2008
Speletid: 6:25
Opplesar: Edvard Hoem
Lånt på biblioteket
(Papirutgåve Oktober forlag 2005)

Denne kjende og kritikarroste boka er ein av dei mestseljande romanane på nynorsk - nokon gong. Det er ei bok som eg lenge hadde tenkt at eg burde lesa, men kom liksom aldri så langt.
Før no.
Og dette vart ei stor leseoppleving! Eg er så glad for at eg "gjenoppdaga" Edvard Hoem tidlegare i år. Fyrst las eg den finfine Slåttekar i himmelen som handlar om Hoem sin oldefar, dernest den like gripande Jordmor på jorda der han fortel om tippoldemora - og no sist:
Mors og fars historie som handlar om foreldra hans - og til ein viss grad - hans eiga oppvekst.

Alle tre bøkene er romanar, men altså basert på verkelege personar og hendingar. Når det gjeld Mors og fars historie forventa eg ei god bok, og forventningane mine vart i høgste grad innfridde. Boka er skriven med kjærleik, innleving, medkjensle og kanskje aller viktigast; respekt.
Forfattaren startar med eit erindringsbilete frå då han sjølv var i 5-6 års-alderen:

"Mamma, elskar du han pappa? spurde eg mor mi ein gong i min fjerne barndom. Vi sat i kjøkenet heime på garden i ei lita bygd på vestkysten av Norge, det var vinterkveld." 
Til dette spørsmålet frå sonen svarar mora:
"Eg var ikkje så glad i far din da eg kom saman med han, men eg vart glad i han, for han var trufast, og truskap er like viktig som kjærleik”
og Hoem fortel vidare:
"Det var ei dør til det ukjende som opna seg den kvelden. Det var noko i mors og fars liv som det ikkje skulle snakkast om, men no hadde ho innvigd meg i at det fanst."

Det skal gå mange år før forfattaren tek tak i dette usagte i livet til foreldra sine. Boka vart ikkje skriven før dei begge var døde.

Den omreisande predikanten Knut Hoem og kokka Kristine Nylund møttest fyrste gong på Lillehammer i 1945. Det var ikkje kjærleik ved fyrste blikk, men frå hans side vart nok interessa kveikt ganske tidleg. Begge var på denne tida merka av ei problematisk fortid og tidlegare kjærleiksforhold; Knut hadde ei avbroten forloving bak seg medan Kristine var gravid med ein tysk soldat. Sjølv om Kristine og tyskaren sitt forhold var alvorleg meint, vart det mot slutten av krigen heilt umuleg å satsa på eit liv saman for dei to. Truleg hadde den tyske soldaten familie heime i Tyskland òg - så Kristine vart åleinemor som 20-åring, like etter at krigen var slutt.

"Men eg kan ta henne, eg" seier Knut når han får vita om lagnaden til Kristine. Etter kvart finn Knut og Kristine kvarandre - i noko som i starten kan kallast eit fornuftsekteskap, men i løpet av eit langt liv saman utviklar det seg til å bli verkeleg ekte kjærleik. Dei valde kvarandre og forsona seg med det livet som dei fekk i lag. Sonen deira, Edvard Hoem, skildrar det heile - nøkternt, men også vart og sårt.

I tillegg til å fortelja foreldra si historie, gir boka eit godt tidsbilete av ei svunnen tid. Det vert fortalt om forventningar og plikter som fantest i det gamle bondesamfunnet, om unge begava menneske som ikkje fekk den utdanninga dei ynskte fordi familien ikkje hadde råd, om indremisjonsrørsla og den jobben Knut Hoem gjorde som reisande predikant. I 40 år reiste han land og strand og forkynna evangeliet medan ektefellen jobba på garden, oppdro ungar og pleia aldrande svigerforeldre.

Edvard Hoem er ein allsidig, folkekjær og markant forfattar - og han er ein framifrå opplesar av sine eigne bøker. Faktisk vil eg heller rå til å høyra Mors og fars historie enn å lesa boka sjølv. Å lytta til Hoem si stemme gir boka ein ekstra dimensjon; historia vert enno nærare og meir kjenslefyllt. Du kan høyra eit lite utdrag av lydboka på youtube.

Andre bloggmeiningar:
Tones bokmerke
Rose-Maries film- og litteraturblogg
Den andre Berit - Bøker og bokhyller
Hedda - Boktanker

18. februar 2015

Bokomtale: Svømmeren av Joakim Zander

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 11:40
Opplesar: Torbjørn Harr
Lytteeksemplar fått frå forlaget


Eg har hatt mange gode lese- og lytteopplevingar i det siste - og nyleg høyrde eg på enno ei svært god bok; debutromanen til svenske Joakim Zander, Svømmeren.

Dette er ein intens thriller - fylt av action, overraskingar og spenning samstundes som historia inneheld så mykje meir: ei historie om kjærleik, skuld, sorg, smerte, svik og forsoning. Handlinga går føre seg i EU-hovudstaden Brüssel, i CIA-hovudkvarteret i Virginia, i ymse krigssoner i Midtausten og i den svenske skjærgården.

Historia byrjar i 1980 i Damaskus i Syria der ein liten familie vert øydelagd når ei bilbombe eksploderer og mora i familien døyr. 30 år seinare møter me libanesisk-svenske Mahmood, han er universitetstilsett og forskar på krigsforbrytelsar. Under ein konferanse i Brüssel blir han kontakta av ein tidlegare soldatkollega som har oppsiktsvekkjande og farlege opplysningar som omhandlar amerikanske soldatar og tortur i Irak og Afghanistan. Under det fyrste møtet mellom dei to vert kollegaen brutalt drept. Dermed vert uskuldige Mahmood sett i samband med mord og terror. Han er i trøbbel, for å sei det mildt, og er nokså desperat når han tek kontakt med den tidlegare kjæresten sin, Klara Walldén.

Denne Klara er den samlande karakteren i boka. Ho er tilsett som jurist hos ein svensk EU-politikar - og saman med Mahmood vert ho kasta inn i ei heseblesande flukt- og forfølgingshistorie. Nokon vil - for ein kvar pris - hindra at opplysningane dei sit på kjem fram i lyset. Dette er noko av det som er mest fengslande med ei slik historie; at vanlege og uskuldige folk hamnar i ein situasjon der dei plutseleg vert beskulda for ulike ting. Det einaste håpet deira er å rømma, samstundes som dei prøver å finna sanninga.

Parallellt får lesaren følgja ein namnlaus amerikansk agent - "Svømmeren" - som er prega av ei stor sorg. Han mista for fleire år sidan den store kjærleiken sin i eit bombeattentat og overlot deretter den vesle dottera deira til ein uviss lagnad. For å gløyma sorga og det han heile tida har oppfatta som sitt store svik, har han opphalde seg i krigssoner og konfliktområde rundt omkring i verda.

Romanen har eit politisk, internasjonalt og aktuelt bakteppe. Ein får møta grådige lobbyistar og får eit innblikk i internasjonale intriger og politisk maktspel - og ikkje minst; møta amerikanske soldatar og CIA-agentar med ganske usympatiske trekk. Zander har sjølv bakgrunn som jurist og har arbeidd i EU-kommisjonen og for Europarådet, og vaks opp i Sverige, Syria og Israel. Han har dermed både fagleg tyngde og ein viss internasjonal erfaring - som syner att i boka.

Boka er ein velskriven spionthriller med mange interessante hovud- og bipersonar - og inneheld fleire overraskingar undervegs. Zander har nok jobba mykje med språket; det er tydeleg at teksten er grundig gjennomarbeida. Det ligg eit alvor og ei meining i romanen i tillegg til det som er underhaldande og spennande. Dersom eg skal samanlikna boka med andre tidlegare leseopplevingar, er nok Stieg Larsson sin Millennium-trilogi nærast, - men eg får også assossiasjonar til Robert Ludlum og John le Carré, samt kanskje litt Mankell, Nesbø og Adler-Olsen.

Zander skildrar både menneske og hendingar med innsikt og balanse. Miljøskildringane er detaljerte og truverdige, - og dei menneskelege reaksjonane som gjeld moral, skuld og samvit er truverdige og fortalt om på ein overbevisande måte. Eg likte Svømmeren svært godt, - så godt at eg vurderte å gi terningkast 6. Eg vel likevel å lata terningen landa på 5 - eg trur nemleg forfattaren har enno litt meir "å gå på". For meg vart eit par trådar uavklarte - men det er muleg at det er min eigen feil; kanskje eg ikkje har vore konsentrert nok gjennom heile boka.

Eg las ein stad at det er planlagt ytterlegare to bøker med Klara Walldén - så her er det berre å gleda seg til neste! Eg er også temmeleg sikker på at boka kjem til å bli film og/eller TV-serie i ganske nær framtid.

15. februar 2015

Biografilesesirkel: Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen av Ragnar Kvam jr.

Lydbokforlaget 2007
Speletid 9:45
Opplesar: Svein Tindberg
(Papirutgåve Gyldendal 1997)

Tema for Moshonista sin biografilesesirkel i februar er bartemenn - menn med hår under nasen i ymse fasongar. I samband med lesesirkelen har eg lånt og lest den interessante, men tragiske historia om polfararen Hjalmar Johansen.
Eg har alltid vore fascinert av - og stilt meg undrande til - folk som frivillig driv med ekstreme fysiske utskeielsar som fjellklatring, fallskjerm-hopping - og polekspedisjonar. Eg kan berre ikkje fatta at enkelte er så eventyrlystne og dristige, og ristar på hovudet over - samstundes som eg beundrar - folk som Cecilie Skog, Børge Ousland, Liv Arnesen, Erling Kagge og Lars Monsen.

I denne boka skal me hundre år attende, til ei tid utan GPS, satelitt-telefonar og GoreTex. Likevel la enkelte barskingar avgarde til dei mest utilgjengelege stadene på kloden, også den gongen. Å finna uoppdaga land- og havområde og å nå fram til polpunkta på Arktis og Antarktis var eit mål for ulike ekspedisjonar frå fleire forskjellige land.

Boka til Ragnar Kvam jr. vekte oppsikt då ho utkom i 1997. Forfattaren bidrog nemleg til at helteglorien rundt Roald Amundsen og Frijof Nansen vart noko bleikare. Biografien set spørsmålstegn ved leiarstilen til dei to store polarheltane og fortel om bakgrunnen for den øydeleggjande konflikta mellom Johansen og Amundsen. Ved hjelp av kjelder som Johansen si dagbok frå opphaldet på Sydpolen i 1911-12, fortalde denne boka ei historie som til då hadde vore ukjend for dei fleste.

Biografien nemner berre kort barndommen og bakgrunnen til Hjalmar Johansen, - at han vart fødd i Skien i 1867 og kom frå ganske enkle kår. Han var ein aktiv frilufts- og idrettsmann; ein svært dyktig turnar og var med og stifta fotballklubben Odd. Etter artium starta han opp jusstudiar, men dette vart oppgitt på grunn av dårleg økonomi då far hans døydde. I staden starta han på Krigsskulen og vart vernepliktig offiser. Han deltok i fleire dristige polekspedisjonar i tida 1893 - 1912, saman med mellom anna dei to store polarheltane våre, Fritjof Nansen og Roald Amundsen. Men i motsetnad til desse to store heltane, fekk Johansen eit heilt anna ettermæle.

Hjalmar Johansen er bartelaus på omslagsbiletet til
Ragnar Kvam jr. sin biografi. Men på dette biletet kan
ein sjå polarfararen utstyrt med ein nokså kraftig bart.
Foto: Hjalmar Johansen videregående skole
Hjalmar Johansen vart rett nok motteken som helt etter heimkomsten frå den fyrste Fram-ferda til Nordpolen saman med (bartemannen) Fritjof Nansen. Utan Johansen hadde neppe Nansen overlevd den tre år lange ekspedisjonen, og det er grunn til å tru at dei to vart nære vener i løpet av den strabasiøse turen. Men etter ekspedisjonen snudde Nansen meir eller mindre ryggen til turkameraten sin. Mykje tyder på at Johansen var ute av balanse, psykisk sett, alt før nordpol-ekspedisjonen, og at tilstanden hans forverra seg etter at han kom heim. Men for vel hundre år sidan var ingen kjende med begrepet posttraumatisk stressliding eller behandling av dette. Johansen fekk etter kvart store familiære, alkohol- og økonomiske problem.

Men Hjalmar Johansen var nok sterk, for han reiste seg igjen. Nokre år seinare var Roald Amundsen klar for polekspedisjon - og fekk låna "Fram" av Fritjof Nansen under føresetnad av at Johansen skulle vera deltakar.

Sørpolekspedisjonen eller tredje Fram-ferd vart ein suksess for Roald Amundsen - og for Noreg - i og med at Amundsen "vann" kappløpet med Scott og sette det norske flagget på polpunktet - men fekk ein tragisk utgang for Johansen.

Johansen, som hadde meir erfaring i polare strøk enn Amundsen, åtvarar ekspedisjonsleiaren mot å starta ferda mot Sydpolen så tidleg på året. Men fordi Amundsen på død og liv ønskjer å ankomma polpunktet før den britiske ekspedisjonen, høyrer han ikkje på det øyret. Det burde han ha gjort. Mange hundar døyr, mennene får frostskader og utstyr og instrument vert øydelagt i den ekstreme kulden. Ekspedisjonen vert avbrutt og utsett til seinare på året. Roald Amundsen utøver i dette tilfellet sjokkerande dårleg leiarskap. Denne biografien startar med akkurat den avgjerande hendinga der Johansen tek ansvar for å berga den svakaste i gruppa, den sterkt nedkjølte og frostskada Kristian Prestrud. Når Johansen og Prestrud etter mykje dramatikk og slit kjem tilbake til basen Framheim, mange timar etter dei andre, spør Amundsen: "Hvorfor somlet dere?" og Johansen svarar "Du sviktet og handlet i panikk!" - Amundsen tåler ikkje slikt oppvigleri og tek Johansen ut av gruppa som skal til polpunktet.

Forfattaren Ragnar Kvam jr. har både
bart og skjegg. Foto: Gyldendal.no
På heimturen må Johansen mønstra av Fram i Tasmania og ferda vidare heim foregår via fraktbåt. Amundsen skriv heim til gamlelandet at Johansen har begått mytteri og skal haldast utanfor feiringa av ekspedisjonssuksessen. Det er vel ingen tvil om at Amundsen sin behandling av Johansen var feil og at denne konflikten og audmjukinga var ein utløysande faktor til at Johansen tok livet av seg den 3. januar 1913.
Fyrst i 1961, i samband med eit oppussings-prosjekt, vart dagbøkene til Hjalmar Johansen funne. Omsider kunne då enkelte deler av norsk polarhistorie fyllast ut og redigerast på. I kva grad dette har skjedd veit eg ikkje heilt, men Ragnar Kvam sin biografi bidrog til debatt rundt Nansen sin heltestatus og Amundsen sine leiaregenskapar, samt den tragiske lagnaden til Hjalmar Johansen.

Dette er ein grundig og god biografi. Boka gjorde inntrykk og har ført til at eg har søkt og lest mykje om historiske polarekspedisjonar på nettet den siste tida. Eg vil rå folk til å lesa boka sjølv og ikkje høyra lydboka. Boka blir opplest av ein av våre dyktige og mest anerkjende skodespelarar, men han les så aaaltfor seint. Så for i det heile tatt å bli ferdig med boka lånte eg ei papirutgåve i tillegg til lydbokutgåva.

Er du klar for å lesa om andre bartepryda menn? Ta ein tur innom bloggen til Moshonista, der du etter kvart vil finna mange ulike biografiar - og forskjellige typar bartar.