23. januar 2016

Vinter- og julelesing

Som det skippertakmennesket eg er, tyr eg til samleomtalar med jamne mellomrom. Dette oppsamlingsinnlegget gjeld leste bøker i desember og januar. Her er gammalt og nytt, likt og ulikt, smått og stort, forskjellige sjangrar og varierande format.


Seks år av Harlan Coben
Cappelen Damm 2014
Speletid 8:07lydbok Storytel

Ein ganske underhaldande spenningsroman med ei forteljarstemme som vender seg direkte til lesaren. Litt action, litt romantikk, litt paranoia. Om identitet, sanning og løgner.
Eg likar egentleg stilen og stemma til Coben, og plottet er som vanleg passe finurleg - men denne boka vert skjemd av ei dårleg avslutning.
Ivar Nergaard er som alltid ein god opplesar. Terningkast 4.



De som ser etter tegn av Britt Karin Larsen
Gyldendal 1997
506 sider, papirbok lånt privat og lydbok Storytel

Medan eg venta på at Kaldere mot natten skulle bli tilgjengeleg, las eg den fyrste boka i Tatertrilogien. Sidan eg altså er vel kjend med Finnskog-serien var det spesielt å ta eit steg attende i forfattarskapet til Larsen. Eg kjende att ein del av forteljarmåten i denne boka, men stilen her er ikkje så rytmisk og poetisk.
De som ser etter tegn er ei samling med små historiar, med stadige skifte i tid og perspektiv og som på finurleg vis vert fletta inn i ei samanhengande forteljing. Persongalleriet er svært rikt og detaljert, så det er nyttig å slå opp bakerst i boka der ein finn dei ulike slektene og forholda mellom dei.
Boka er sterk, rå, gripande og ikkje minst lærerik. Taterkulturen er svært interessant - og historia om dette reisande folket er rystande. Her snakkar me om systematisk diskriminering og brutale overgrep, heilt opp til vår tid.
Kombinasjon av papir og lyd var perfekt for denne boka. Sigmund Sæverud les lydboka på ein framifrå måte. Terningkast 5.

En julefortelling av Charles Dickens
Cappelen Damm
Speletid 3:27lydbok Storytel

Novella (eller kortromanen) som kom ut fyrste gong i 1843 er stadig jule-aktuell. Forteljinga om den gjerrige og egoistiske Scrooge er klassisk, kanskje gammaldags, og i høgste grad moralsk; ei viktig påminning til oss alle om kva jula egentleg handlar om.
Lydboka er opplest av Svein Tindberg, som her syner litt for mykje skodespelarfakter etter min smak. Det enkle er ofte det beste, også i opplesarsamanheng. Terningkast 5.


Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider
av Morten A. Strøksnes
Oktober forlag 2015 
315 sider, eBokBib

Eg hadde aldri trudd at dette var ei bok som kunne fenga meg, men der tok eg sanneleg feil. Eg måtte bruka Google for å finna ut kva håkjerring var for slags "fisk", så bakgrunnskunnskapen min var her elendig. Men etter å ha lest denne boka føler eg meg atskillig klokare.

Det handlar slett ikkje berre om håkjerringfangst; forfattaren flettar inn mykje fakta om miljø, klima, kultur, historie, biologi, filosofi, mytologi, geografi, geologi, teknologi og enno mykje meir. Strøksnes syner stor forteljarglede.
Eitt spørsmål står likevel ubesvart:
Fekk dei opp håkjerringa? Terningkast 4.


Tove Jansson - Arbeide og elske
av Tuula Karjalainen

Heinesen forlag 2014 
304 sider, lånt papirbok biblioteket

Fyrst og fremst ei svært pen bok; stort format, vakre og klåre illustrasjonar, tjukt papir og gullskrift på omslaget: Nesten som ei kaffibordbok.

Dernest er det ein velskriven biografi om ein folkekjær forfattar og kunstnar. Ein får eit grundig innblikk i bakgrunnen og livet til skaparen av Mummitrollet, Snorkfrøken og dei andre figurane frå Mummidalen.

Biografien er ryddig, kronologisk og oversiktleg - men eg fekk ikkje den heilt store leseopplevinga. Innhaldet i boka framstår som litt tamt og uengasjerande. Eg er ikkje kunstinteressert og skumma difor store deler av boka. Terningkast 3.



Lakse-enka - nødskrik fra en tørrfrue
av Ingrid Bjørnov

Vega forlag 2007
Speletid 1:04, lydbok Storytel

Eg har stor sans for artisten Bjørnov, men dette var ikkje allverden. Eg kjenner meg att i enkelte situasjonar som Bjørnov fortel om sidan eg deler husvære med ein eks-jeger. Ironien og dei karikerte situasjonane har ein klar humrefaktor, men lese-/lytteopplevinga vart berre sånn passe - og boka er veldig kort. Bjørnov har ei god radiostemme og les boka sjølv. Terningkast 3.



Min mor har en saks i ryggen av Unni Lindell
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:14, lytteeksemplar

Ei flott samling grøssande noveller. Berre tittelen kan få ein til å frysa på - nettopp: ryggen.
Lindell fortel overbevisande frå både offer og gjerningsperson sitt synspunkt. Mange av historiane har overraskande tvistar på slutten, slik som ei god novelle skal ha.
Opplesarane Frøydis Armand og Dennis Storhøi er begge dyktige og les med akkurat passe innleving. Terningkast 5.



Fangene som forsvant av Bjørn Westlie
Spartacus forlag 2015 
259 sider, eBokBib

Eg les krigshistoriske dokumentarar innimellom anna lesing. Ikkje for underhaldninga si del, men for kunnskapen sin del - for å forstå meir av den nære historia vår. Men det som blir fortalt i denne boka er nesten heilt uforståeleg. Ikkje at eg trur at forfattaren overdriv når han fortel om denne delen av krigshistoria, men fordi det er ei gåte at det ikkje er meir kjent.

Ufatteleg mange russiske krigsfangar vart utnytta på det grovaste av den tyske krigsmakta og Norges Statsbaner då Nordlandsbanen skulle vidareførast under krigen. Etter krigen var det knapt nokon som etterspurde dei russiske slavearbeidarane. Dei berre forsvann ut av historia. Berre éin av toppleiarane i NSB vart etterforska i samband med krigsoppgjeret. Det boka avdekkar er djupt tragisk, mørkt og skammeleg. Terningkast 4.


Landet som lovet alt. Min israelske reise
av Sidsel Wold

Spartacus forlag 2015 
311 sider, eBokBib

Svært interessant å lesa om unge Wold som såg på Israel som eit vakkert, fritt og demokratisk land, - spesielt sidan eg sjølv var på den heilt motsette sida då eg var ung: I mitt miljø gjekk ein med Palestinaskjerf, boikotta Jaffa-appelsiner og protesterte heftig mot Israel si brutale krigføring og okkupasjon av Vestbredden og Gaza.
Etter å ha sett seg meir inn i palestinarane sin situasjon og Israel sin segregerings- og okkupasjonspolitikk endra Sidsel Wold syn. Ho grunngjev dette godt - og legg heller ikkje skjul på at den prosessen var vond og vanskeleg. Wold har skaffa seg eit rikt kontaktnett på begge sider, språkmektig som ho er, - i tillegg har ho tilegna seg mykje og brei kunnskap. Ho viser både dei lange og dei noko kortare historiske linjene.

Boka er god og grundig, og faktisk; lettlest. Forfattaren viser kor konfliktfylt og fastlåst situasjonen i Midtausten er og fortel at dette heng saman med politikk, religion, kultur, etnisitet og demografi. Ekstremisme og fundamentalisme sprer seg og valden eskalerer - på alle frontar og i alle leirar, og ei fredeleg løysing er ikkje i sikte pr. i dag.
Denne boka gir ei sakleg, balansert og nyansert framstilling - og inneheld ein personleg vri - som gjer at boka er ekstra leseverdig og lærerik. Terningkast 5.


Det blå mellom himmel og hav
av Susan Abulhawa
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:14, lånt på biblioteket

Ganske interessant forteljing, spesielt sidan eg las boka til Wold (over) parallellt og hadde den som bakgrunnsmateriale.
Då staten Israel vart oppretta i 1948, var ikkje landet "tomt"; mangfoldige palestinarar vart då forviste/tvangsflytta frå heimane sine. I løpet av dei siste tiåra har situasjonen blitt verre for den palestinske befolkningen i dei okkuperte områda. Handlinga i denne boka byggjer på reelle historiske hendingar og er lagt til det klaustrofobiske og traumatiserte Gaza.
Det handlar om internasjonal politikk og er samstundes ei familiehistorie. Det handlar om korleis det er å leva heile livet som flyktning - og om å lengta "heim" og om å lengta etter fred for seg og sine. Abulhawa fokuserer spesielt på kvinnene sin situasjon. Enkelthistoriane er sterke, men leseopplevinga vart ikkje så bra - fordi dei nemnde historiane heng for dårleg saman. Det manglar ein samlande tråd.
Eg tykkjer temaet i denne boka er viktig og meiner det er gledeleg at ein forfattar med palestinske røtter har fått suksess. For meg vart likevel boka, om ikkje tunglest, så i alle fall vanskeleg å få "tak på", - mest fordi språket er ganske svulstig og framandt. Eg likte det realistiske og dokumentariske i historia - men mislikte dei "magiske" og "overnaturlege" sekvensane.
Boka er greit opplest av Ingrid Vollan. Terningkast 3.

2 kommentarer:

  1. Hehe.. jeg flirer mens jeg tenker tilbake på Lakseenka. Jeg er nemlig lakseenke selv, og elsket den lille boka. Humret fra perm til perm. Fikk den i gave fra ei venninne som kjenner meg såpass godt at hun fullstendig forstod ironien og innertieren da hun gav meg den. Ja den er kort. Nei den er ikke stor litteratur. Men du verden så på kornet treffende :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingrid Bjørnov er både smart og morosam, det er eg enig i.

      Slett