8. februar 2016

1001-boka Stormfulle høyder av Emily Brontë

Cappelen Damm 2008
Speletid 9:43
Opplesar Unni Jortveit
Lasta ned frå Storytel
Eg har høyrt på denne lydboka i samband med Lines bibliotek sin 1001-lesesirkel. Tema for januarutfordringa var å lesa ei bok ein har hatt lyst til å lesa lenge, - og eg melde meg like godt opp med to gjenlesingsbøker; Morder uten ansikt av Henning Mankell frå 1992 og altså; Stormfulle høyder, utgitt fyrste gong i 1847.

Det vart noko overambisiøst - og eg er "for seint ute"; kalendaren syner snart medio februar. Men spesielt lesinga/lyttinga av Stormfulle høyder måtte berre ta den tida det tok. Ein hastar ikkje gjennom ei slik bok.

Det handlar som sagt om gjenlesing for meg - og kjensla av noko skummelt, dystert og tåkete er det eg hugsar best frå då eg las Stormfulle høyder fyrste gong, då eg var 15-16 år gammal. Eg hugsar ingenting av handlinga, men eg hugsar godt stemninga boka sette meg i. Difor var eg spent på korleis leseopplevinga skulle bli denne gongen. Eg kan òg hugsa at eg i ung alder såg ein film eller TV-serie basert på boka, der ein ung Timothy Dalton hadde hovudrolla som Heathcliff. Men denne Dalton har berre eitt ansiktsuttrykk, så det er ein filmversjon eg ikkje kan anbefala.
I tida som har gått sidan eg las boka fyrste gong (40 år!) har ein naturlegvis fått ein del livserfaring - og dessutan har ein lest ein heil del fleire bøker, så eg kjenner berre delvis att den nemnde stemninga. Det er dystert: javisst, og tåkete: absolutt - men skummelt? Nei, slett ikkje. Stormfulle høyder er ein roman som omhandlar voldsomme kjensler og dramatiske hendingar - men eg må tilstå at lagnaden til forfattaren egentleg gjer meir inntrykk på meg enn historia som blir fortalt.
Då Emily Brontë døydde (av tuberkulose) berre 30 år gammal i 1848 etterlot ho seg ein einaste roman. Stormfulle høyder vert sett på som eit mesterverk og er som alle veit ein klassikar innan engelsk litteratur: Det er ei bok som "må" lesast - og som difor har hamna på 1001-lista. Mange forskarar, lesarar, psykologar og andre har undra seg over at denne kvinna, som var så ung og som knapt nok var vekke frå barndomsheimen, kunne vera i stand til å skildra såpass sterke kjensler som ein kan finna her. Lidenskap og begjær, hat og hevn, død og sorg - alt skildra med sterk overtyding og "krydra" med meir eller mindre mystiske hovudpersonar og mektige naturskildringar.

Det er spekulert i om Emily Brontë hadde Aspergers syndrom; mykje tyder nemleg på at ho hadde fleire kjenneteikn på dette. Eg meiner det er ein interessant teori som sikkert har mykje for seg, men som det er litt meiningslaust å spekulera i. Sikkert er det at ho vart prega av fleire dødsfall i nær familie (mor og to søstre) medan ho var heilt lita - og at dette kjem til syne i denne romanen. Både dødsangst og dødslengt - og tragedie og sorg - er skildra med hjarteskjerande innleving. Det er òg eit faktum at ho i ungdommen leid av det som i dag heiter spiseproblem (anoreksi). I denne boka kan ein lesa at både Heathcliff og Catherine i sine depressive periodar nekta å ta til seg mat.

Eg er ambivalent i høve boka og leseopplevinga. All dramatikken og alle desse voldsomme kjenslene; spesielt det destruktive kjærleik/hat-forholdet mellom Heathcliff og Catherine - er vanskeleg å ta inn over seg. Og når all tragedien og alt hatet/ondskapen og kjærleiken/lidenskapen så går "i arv" til neste generasjon, - ja, då vert det for mykje for meg. Hovudpersonane er gjennomgåande usympatiske og mykje av hendingane ubehagelege å lesa om. Eg måtte ta meg fleire pausar enn vanleg då eg lytta til boka - pausar frå dei ulukkelege karakterane, deira forpinte kjærleik, deira uheldige val, deira sjalusi - og deira galskap.
Samstundes tykkjer eg det er interessant å lesa om denne historiske tida (ca. 1780 - 1800) og dette landskapet (Yorkshire). Eg likar også forteljargrepet: At forteljaren er ein utanforståande som høyrer historia gjennom Nelly Dean, hushjelpa som har stått familiane Earnshaw og Linton nær gjennom alle år. Historia heng saman, i mange lag, i ulike tider - og det er fleire karakterar i ulike generasjonar å halda styr på.

Det tok ei tid å bli vant til opplesarstemma. I starten var eg irritert på den kunstig teatralske måten å lesa på, men etter kvart vart det "greit nok". Språket og oversetjinga legg ein ikkje så veldig merke til når ein lyttar til ei bok, men det kan virka som om oversetjaren har lagt seg nær opptil den originale teksten. Det betyr utdaterte ord og vendingar og snirklete setningar - og dermed eit "truverdig" uttrykk i høve alderen på boka.
Stormfulle høyder er kjend som ein stor kjærleiksroman, men sjølv har eg vanskar med å sjå og forstå den kjærleiken som vert skildra. Den einaste som syner hjertevarme og omtanke er den nemnde Nelly. Boka fortel ei djupt tragisk og gripande historie, med mykje mørke og ondskap - og sjølv om mykje er uavklart kan ein ana eit visst håp om ekte kjærleik - heilt på slutten. Eg er egentleg ingen tilhengar av lukkelege avslutningar, men akkurat i denne boka vart det for meg veldig "riktig".

* * * * * * * * * * * * * * * 
Artisten Kate Bush har same fødselsdag som Emily Brontë, 30. juli. Bush var berre 19 år då sangen hennar Wuthering Hights nådde hitlistene i 1978. Sangen fortel på mange måtar essensen av boka og startar slik:

4 kommentarer:

  1. Interessant innlegg. Jeg leste boken tidlig i tjueårene, og husker at det ble altfor mye for meg også. For mye drama, destruktivitet og voldsomme følelser, uten at jeg fikk helt grep om hva som var drivkraften bak. Jeg har aldri skjønt hvorfor så mange elsker denne boken, og syntes rett og slett at den var slitsom. Godt skrevet, ja, men utmattende å lese.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i det: Slitsom er ordet. Men likevel så er det noko der.. noko desperat, noko lengtande, og som eg slit med å forstå. Samtidig er dramatikken så voldsom at det nesten blir komisk.
      Det er i alle fall ei så viktig og kjent bok i litteraturhistoria at eg er glad eg har fått lest ho på nytt. Eg tykkjer måten historia blir fortalt på; via forteljaren Lockwood og via Nelly Dean er interessant. Kan lesaren verkeleg stola på desse to forteljarane?

      Eg har tenkt å gjenlese Jane Eyre snart også - om/når det passar inn - det er ei bok som gjorde enno større inntrykk på meg enn Stormfulle høyder - den gongen.

      Slett
    2. Jane Eyre har jeg lest to ganger, og den er blant mine favorittklassikere. Dramatisk den også, men ikke på samme destruktive måte som Stormfulle høyder. Det jeg la merke til da jeg leste den andre gang, er at Jane er en omtrent like upålitelig forteller som Lockwood og Nelly Dean. Det vil si, i første del er hun pålitelig, men så blir det stadig større sprik mellom hva de andre karakterene sier og gjør, og måten hun tolker dem på overfor leseren. Det gjør boken ekstra interessant, synes jeg, i tillegg til at jeg likte samspillet mellom Jane og Rochester.

      Slett
    3. Interessant og opplysande - og noko eg skal ta med meg. Eg la nok ikkje merke til denne endringa/grepet med forteljarstemma fyrste gong eg las boka.

      Slett