23. mars 2025

Vinter- og vårlesing

Det har hopa seg opp med "uomtalte bøker". Igjen. 
Nytt samleinnlegg følgjer. Alle del av serie og alle i krimsjangeren, men ulike i stil, omfang og innhald.

Eg startar med ein ny og knallbra dansk krim..

Kaoskoden av Thomas Bagger
Vigmostad Bjørke 2025
511 sider
Lånt ebok BookBites

Den fjerde boka i Task Force 14-serien er heilt i min smak. I hovudrollene finn me to fascinerande og komplekse personar, spesialagentane David Flugt og Lucas Stage. I tillegg møter me fleire andre interessante karakterar, det er masse action, stadig ny informasjon og skremmande aktuell tematikk. 
Boka er omfangsrik, men likevel forholdsvis rask å lesa - fordi det heile tida kjem inn nye og overraskande moment. Stikkord for handlinga er konspirasjonsteoriar, kunstig intelligens, cyberkriminalitet, politisk ekstremisme og (frykt for) terrorisme.
Historia blir fortalt vekselvis frå David og Lucas sitt perspektiv, dei jobbar med kvar si sak som viser seg å henga saman. Lesaren veit, heilt frå fyrste bok, at sjølv om dei to på eit vis er kollegaer, er dei også bitre motstandarar. Lucas ber med seg eit mørke som kan gjera han farleg.
Det er framleis ein heil del lause trådar i denne serien, og epilogen hintar om kva som kan bli tema i neste bok.
Kaoskoden er ein intens, velkomponert sidevendar av ein spenningsroman.
Terningkast 5+.

..og held fram med eit like ferskt fransk innslag.


Et øye i natten av Bernard Minier
Aschehoug 2025
430 sider
Lånt papirbok privat

I del 8 i serien om Martin Servaz leikar forfattaren seg med skrekkfilmsjangeren. Det er tydeleg at han har stor kunnskap om - og interesse i - denne filmsjangeren. Det har ikkje denne lesar, men eg hadde likevel glede av boka. 
Kulissane er skumle, stemninga mørk, vêret dårleg, drapa groteske og etterforskinga er både tradisjonell og alternativ.
Persongalleriet er stort, men likevel oversiktleg. Ein del fargerike og sære folk, både blant etterforskarar, gjerningspersonar og bipersonar.
Boka har fleire overraskingar undervegs, mellom dei ein sørgeleg twist omlag halvveges - som slo meg litt ut. Derifrå og ut er det fantastisk spennande. Særleg truverdig og realistisk er det ikkje, men det vart ei fascinerande leseoppleving.
Hovudhistoria blir greit oppklart, og avslutningsvis kjem ein cliffhanger av det slaget som gjer at ein nesten ikkje klarar å venta på neste bok.
Eg gir eit lite fråtrekk for alle skrekkfilmreferansane - som eg ikkje forsto.
Terningkast 5-. 

Så over til ein velskriven finsk krim.


Djevelpakten av Max Seeck
Aschehoug 2023
Speletid 12:29
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Del tre i Jessica Niemi-serien, der Jessica sjølv har ei heller tilbaketrekt rolle. Tittelen gjorde at eg forventa at djeveldyrking og satanisme kunne vera ein del av handlinga, men der tok eg (heldigvis) feil. Det er meir jordnært enn som så. 
Her handlar det om hevn; eit vanleg motiv i krimromansamanheng, men her er det ytterst raffinert og utspekulert. Etterforskarane får verkeleg noko å bryna seg på. 
Boka har god framdrift og høgt tempo, eit oversiktleg persongalleri og fleire overraskingar.
Terningkast 5.

Nestemann er australsk.

Dragemannen av Garry Disher
Aschehoug 2021
Speletid 7:57
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Svært lovande start på Peninsula-serien. Omgivelsane er eksotiske: det er jul, midtsommar og steikande heitt på halvøya utanfor Melbourne, Australia. Elles er det ein heller tradisjonell krim slik me kjenner det, med høg grad av realisme i høve etterforskingsarbeid.
Eg likte umiddelbart hovudkarakteren Hal Challis, elles sleit eg litt med å halda styr på dei mange ulike karakterane. Det er ofte eit problem når ein les lydbok. 
Konklusjon: Ein fin introduksjon til ein ny serie som eg gjerne følgjer opp i framtida. 
Terningkast 4.

På tide å snu nasen i retning norden - og til ein svenske som er sådär.


Grevgatan av Maria Fallström
Lind & Co 2023
Speletid 7:39
Lånt lydbok BookBites

Ei bok av den typen som Anita kallar "knekkebrødkrim". Det vil sei ei bok av den lettfordøyelege og lettgløymde typen - og som av og til er det rette lesestoffet om ein skal slappa av. 
Dette er fyrste del i serien "Enhet for grova brott". Veldig bra opplesar av lydboka, elles ga ikkje boka noko særleg inntrykk. Ein får liksom kjensla av at ein har lese det før. 
Terningkast 3.


Til slutt - heim igjen til gamlelandet og tre norske innslag


Plutselig var det ingen drømmer igjen av Lars Helle
Liv forlag 2024
364 sider
Lånt ebok BookBites

Del 4 i Kurt Stille-serien. Eg har lese berre ei av dei foregåande, men det er ikkje vanskeleg å komma inn i forteljinga. 
Protagonisten er ein krimforfattar som vert oppfordra til å sjå nærare på ei uoppklart kald sak. Det set sjølvsagt i gang uro, bekymringar og spekulasjonar for familie og andre som var involverte den gongen.
Dette er ei bok i kategorien bygdekrim, der hemmelegheiter og ondskap ulmar under overflata. Boka er godt oppbygd med eit gjennomarbeida plott, i ei fortid- og ei notidsforteljing, der biletet blir gradvis klårane for lesaren. Løysinga er truverdig, og ikkje altfor usannsynleg. 
Terningkast 4+.



Fritt vilt av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2024
358 sider
Lånt ebok BookBites

Meir bygdekrim, denne gongen med handling frå Hardanger. I den fjerde boka i Bengt Alvsaker-serien tek forfattaren føre seg fleire aktuelle tema. Sjølve krimgåta handlar om ei drukningsulukke som kanskje ikkje er ei ulukke og ei ung jente som er sakna. Etterforsking og leiteaksjon blir ytterlegare komplisert av at vêret er ekstremt dårleg. Vidare handlar det om ungdommar som lever liv foreldra ikkje har kontroll over. Dei er gjerne tøffe utanpå, men egentleg veldig sårbare og dermed lette å manipulera.
Fritt vilt er ei grei krimbok der det blir sett fokus på alvorlege problemstillingar. Så veldig spennande blir det vel kanskje ikkje, men Matre har ein god penn, karakterane framstår som ekte og handlinga er truverdig.
Terningkast 4+.


Tørt land av Jørn Lier Horst
Bonnier norsk forlag 2024
Speletid 7:40
Lånt lydbok BookBites

Styrken til Lier Horst er at det alltid er truverdig og realistisk når det gjeld teknisk og taktisk etterforsking. Så også i den nyleg Riverton-nominerte Tørt land, som er nummer 18 i serien om William Wisting. 
Eg har ikkje lese alle bøkene i serien. Interessa for Wisting forsvann gradvis etter den 7.-8. boka, for eg tykte forfattaren etter kvart berre gjentok seg sjølv. Det var liksom så forutsigbart, traust og uengasjerande. 
Men eg må innrømma at Tørt land er ei bra bok. Her klarar faktisk WW (eller Lier Horst då) å overraska meg.
Terningkast 4.

3 kommentarer:

  1. Noen har jeg lest og noen har jeg på vent, blant annet Baggers Kaoskoden som skal leses snart. Artig å høre ham på Krimfestivalen:)
    Minier var også der, spennende. Likte den siste boka hans godt. Kjøpte meg Tørt Land av Horst på flyplassen, pocket- siden han ble nominert til Riverton. Jeg falt også av lasset med Wisting for noen år siden, men hvis dette skal være hans beste, må jeg jo lese den:) Finne ut om jeg er enig ut fra de jeg har lest. :) Jeg skal også i gang med Matre og Helles siste, og Djevelpakten også- mens den siste virker veldig interessant ut fra det Max Seeck snakket om på Krimfestivalen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Forstår at du har hatt det kjekt og fått innspel og inspirasjon til lesing på krimfestivalen. Bra det!

      Veit ikkje heilt om eg tykkjer Tørt land er den beste i serien. Hugsar eg var veldig begeistra for dei fyrste bøkene; då var det noko friskt og ekte over dei. No er det 20 år sidan den fyrste kom ut, og eg har vel blitt meir kravstor med åra.

      Slett
    2. Ikke vet jeg... Men den er ok så langt i alle fall, etter 52 sider lest. Blant de jeg har lest av de nominerte bøkene (Bjøranger og Elvedal ), er Terje Bjørangers Den eneste ene min favoritt. Det skal mye til for å slå den. Kongen av Os har jeg også her. Fretheim har jeg lest de to første av og likt det jeg har lest. Så vi får se.. Hun skriver godt i alle fall.

      Slett