24. juni 2016

Bokomtale: Den siste vikingkongen - Krigens læregutt av Jan Ove Ekeberg

Gyldendal 2016
354 sider
Kjelde: eBokBib

Fyrste bok i ny historisk serie frå Ekeberg - som eg fann lite fengande. Tidlegare har eg lest den fyrste boka i den forrige serien, "I sverdets tid", men heller ikkje den fenga meg noko særleg, så det vart med den eine boka.
Krigens læregutt fekk eit overraskande terningkast 6 i Dagbladet (eg lenkar ikkje, og eg har ikkje lest grunngjevinga sidan det er ein betalingsartikkel), og det gjorde meg nysgjerrig sidan eg har stor sans for historiske romanar. Men - eg skjønnar ikkje dette høge terningkastet. Truleg har den anmeldaren aldri lest noko av Vera Henriksen. For samanlikninga er ikkje til å unngå sidan ein her møter den same tidsperioden og fleire av personane som Henriksen har skildra så fint i mange av sine historiske romanar.

I boka møter ein både historiske og fiktive personar og hendingar. Hovudperson er Harald Sigurdson, bror til Olav den heilage og som seinare vart kjent som Harald Hardråde. Livet hans var prega av konfliktar, krig og strid, og i denne boka møter me ungguten Harald som vert oppfostra og oppdratt som krigar og kongsbror. Han deltok i sitt fyrste slag som femtenåring på Stiklestad i 1030, var norsk konge i 20 år og enda livet sitt i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Dette sistnemnde slaget vert av historikarar sett på som slutten på Vikingtida her i landet. Handlinga i denne boka er lagt til omlag 1026-30.

Eg tykkjer det er interessant å lesa om denne epoken (sein vikingtid og tidleg middelalder), om tidene som var urolege og omskiftelege, om (den valdelege) innføringa av den nye religionen kristendommen og om dei samfunnsmessige og menneskelege konsekvensane dette hadde.
Medan Ekeberg her fokuserer på dei macho/action/dramatiske sidene av historia tok Vera Henriksen i sine bøker meir fatt i det tidlause. Ho skreiv også mykje om dette med ansvar og ære, men skildra menneske, miljø og kjensler på ein måte som notidsmenneske kan kjenna seg att i. Enkelte har samanlikna Jan Ove Ekeberg sine historiske romanar med Vera Henriksen og Jan Guillou sine - men det er heilt feil - og frykteleg urettferdig ovanfor Henriksen og Guillou. Ekeberg befinn seg i ein heilt annan - og lågare - divisjon.

Så - i staden for Krigens læregutt vil eg heller rå folk til å lesa nyleg avdøde Vera Henriksen sin "Sigrid-trilogi"; Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen, samt dei enkeltståande romanane Dronningsagaen og Kongespeil. Alle desse bøkene har også handling frå 1000-talet og har det felles at ein får sjå historia meir i kvinneperspektiv. Henriksen skildrar ansvarsbevisste, sterke og stolte kvinner som hadde makt - men der skikkane og familiane si ære sette grenser for kva som kunne gjerast. Ekeberg sine kvinner i denne boka er stereotype og virkar heller hjelpelause og svake. Det gjeld også kongsmora Åsta Gudbrandsdatter, som i andre samanhengar vert framstilt på ein heilt annan måte.

Boka er - totalt sett - ikkje dårleg, og forfattaren har heilt sikkert brukt mykje tid og ressursar på research og gransking, men eg vart ikkje fortruleg verken med skrivestilen eller med den vinklinga Ekeberg har til det historiske materialet. Forfattaren er heller ikkje konsekvent i språkbruken sin. Somme stader vert historia fortalt i tilnærma/tilgjort sagastil, i andre sekvensar er språkbruken altfor moderne - og det virkar veldig rart. Skildringa av Harald Sigurdson sin seksuelle debut er for eksempel "Ken Follett-pinleg".

Eg kjem neppe til å lesa neste bok i serien sidan eg ikkje fann heilt ut av det med denne. Men lesinga har inspirert meg til å ta for meg Vera Henriksen sitt forfattarskap på nytt. Eg har lest bøkene i Sigrid-trilogien mange gonger, men det er fleire år sidan sist. Denne gongen går eg for lydbøkene.

9 kommentarer:

  1. Ahh - denne har jeg ventet på en omtale av! Jeg er ikke så veldig glad i slike romaner selv, men har ei venninne som var veldig nysgjerrig. Hun har begynt å interessere seg voldsomt for denne tidsperioden. Da skal jeg istedenfor tipse henne om Sigrid-trilogien av Vera Henriksen (som jeg heller ikke kjente til). Høres ut som et mye bedre valg! Eneste jeg så, var nemlig 6'eren i Dagbladet. Takk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hyggeleg å kunna bidra med tips. Eg rår veninna di til heller å gå for Vera Henriksen.

      Slett
  2. Å nei!!! Var så spent på denne. Siden jeg elsket den forrige trilogien hans, var jeg sikker på at romaner fra vikingtiden måtte bli bra greier. Må innrømme at jeg scrollet ned til terningkastet som jeg visste var på slutten, må lese resten etter jeg har lest boken :) Ønsker deg en fin helg Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Sidan du då elska den forrige serien, kjem du sikkert til å lika denne og. For boka er ikkje dårleg, men Vera Henriksen sine er enno betre.
      God helg til deg også :)

      Slett
  3. Akkurat, jeg følte heller ikke dette var en bok for meg, noe din omtale bekrefter. Henriksen derimot har jeg mer tro på, leste noe av henne før, Sølvhammeren? Mange år siden..
    Kan det ha noe med hvilket perspektiv de velger? Feminint/maskulint? Mer fokus på det relasjonelle kontra kamp og sånne manneting? Fin helg til deg Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sølvhammeren er utruleg god, og eg har no skaffa meg lydbokversjonen. Handlinga er frå Steinkjær-traktene (Mære). Då eg var der i området fyrste gong vart eg heilt "vill" - eg tenkte heile tida på at der hadde Sigrid Toresdatter - som er ein historisk verkeleg person - budd og levd.
      Eg meiner at i desse tilfella er dette med maskulint kontra feminint syn og forståing svært tydeleg.
      God helg, Anita!

      Slett
  4. Mannen min kastet seg over boka da den kom, men den ligger halvlest pga at den er for eventyraktig sier han. Jeg skal ta en titt på boka selv etterhvert.

    SvarSlett
    Svar
    1. "Eventyraktig" beskriv denne boka bra, det er eg enig i. Spent på kva du tykkjer når du kjem så langt.

      Slett
  5. Har ikke lest noe av ham ennå, men har fått den og den er på vent. Den skal leses selv om jeg har mine bange anelser:) Fin omtale:)

    SvarSlett