5. september 2016

Kort om: Storesøster av Gunnar Staalesen

Eg kosa meg så med den nye Varg Veum-boka
at eg slo til med ein sjeldan selfie medan eg las :-)
Gyldendal 2016
316 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat

Årets Varg Veum-roman er nummer 18 i rekka. I tillegg er det gitt ut to novellesamlingar, slik at dette då totalt er bok nummer 20. Og ja, eg har lest alle saman.
I tillegg har Varg Veum ei birolle i Gunnar Staalesen sin historiske (og fantastiske) Bergens-trilogi (1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang). Og nettopp ein av historiane Staalesen fortel om i trilogien finn me delvis att i den nye boka Storesøster. 

Den historia handlar om Varg Veum sitt opphav og enkelte familiehemmelegheiter som hittil har vore ukjende for han. Handlinga i Storesøster startar med at den godt vaksne Varg Veum møter si eiga storesyster - for fyrste gong. Ho har eit oppdrag til veslebroren og privatdetektiven: Å finna guddottera hennar - ei ung kvinne som er sporlaust vekke. Veum tek på seg oppgåva.

Det er slett ikkje noko nytt, verken for Varg Veum eller i kriminallitteraturen elles, at plottet dreiar rundt dette med ei forsvunnen ungjente. Likevel tykkjer eg at Staalesen innfrir. Dette er rett og slett Varg Veum i godt gammalt slag. Han er ikkje så sliten, rusa, sorgtung og desperat som i dei to føregåande bøkene. Her er hovudpersonen meir i balanse; han nyttar den sedvanlege ironiske distansen sin og sine mange kontaktar i ulike miljø. Eg er usikker på om det er eit begrep som heiter "melankolsk humor", men eg tykkjer at ein finn ein del av det i denne boka.

Truverdige karakterar og samfunnsaktuelle problemstillingar er andre stikkord for handlinga i Storesøster. Boka har eit heller labert tempo og er ikkje superspennande heile vegen, men ho er likevel vanskeleg å leggja frå seg. Avslutninga kom overraskande på meg - og det set eg pris på.

Staalesen sine bøker er alltid stilsikre og gjennomarbeida. Dersom du er glad i stødig, solid og "meiningsfull" krim, kan eg anbefala denne boka. Du treng slett ikkje å ha lest alle dei føregåande 18 bøkene altså - faktisk står denne boka seg godt åleine. Men sjølv ser eg no fram til Varg Veum-bok nummer 21!

Andre bloggmeiningar om StoresøsterTine sin blogg, Tones bokmerke, Boktimmy, Rita leser

4 kommentarer:

  1. Skal si du vet mye om Varg Veum, Bergenstrilogien har jeg lest, men var nok ikke så mottakelig som jeg er nå. Kanskje jeg skal låne den fra mammas bokhylle? Ser du ga den samme terningkast som meg, herlig at vi er samstemt, igjen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt poeng der Tine; ein vert meir mottakeleg og bevisst på det ein les når ein er bokbloggar. Denne trilogien kan godt lesast på nytt.

      Slett
  2. Hmmm... Kan jeg tolke dere Dether at jeg bør lese bergens-trilogien før "Storesøster"? De står forholdsvis ulest i hylla- det var noe med tid og sted som ikke slo til ved forrige forsøk, mulig det var mottageligheta som mangla for meg også? Mye vann har rent i havet sida da- og mange mordmysterier løst ;o)
    Ser for meg at høsten bør vies til bokhyllelesing: de som står der, er jo det fordi de en gang var sterkt ønska...
    Vi får sjå hva det blir til!

    SvarSlett
    Svar
    1. (Beklager sein tilbakemelding, eg har knapt vore innom bloggen den siste veka)
      Du treng slett ikkje lesa Bergenstrilogien på førehand, - men om du gjer det, får du eit litt anna perspektiv på noko av handlinga i denne boka. Den trilogien er heilt super, tykkjer eg. Bergenshistorie, Norgeshistorie og mange fine tidsbilete frå hundreåret 1900 - 2000.

      Slett