15. september 2016

Samleinnlegg: Seinsommarlesing

Britisk krim og spenning kan vera så mangt. Her er nokre av bøkene eg har lest i det siste innan denne kategorien.

Røde knokler av Ann Cleeves
Vigmostad & Bjørke 2010
349 sider, biblioteklånt papirbok 


I del tre i Ann Cleeves sin Shetland-serie møter me på nytt politietterforskar Jimmy Perez som ein tidlegare har blitt kjent med i Hvite netter og Svart som ravnen. Bøkene har danna grunnlag for ein TV-serie som skal ha gått på norsk TV nyleg - men eg fekk nok ikkje med meg det.

Shetland har mykje spennande å by på historisk sett, og i Røde knokler har forteljinga samanheng med både eldgammal og nyare historie. Handlinga føregår på ein stad der det føregår arkeologiske utgravingar. Slike utgravingar skapar gjerne splid og strid - og i dette tilfellet verkar det som om dette er eit drapsmotiv.
Eg likar Cleeves, særleg miljøskildringane hennar; det særeigne landskapet, dei små lokalsamfunn, ver og uver, tåke og vind. Alt dette skapar god "krimstemning", tykkjer eg. Forfattaren presenterer kriminalgåtene og løysingane på ein grei måte. Kvar bok inneheld ei sjølvstendig sak/historie, men serien bør lesast i rekkefølge fordi det skjer mykje rundt hovudpersonane og hovudetterforskaren. Fjerde og avsluttande del har tittelen Blått lyn, og den skal lesast ved høve. Terningkast 4.


Dobbeltliv av S.J. Watson
Bazar 2016
396 sider, biblioteklånt papirbok 


Dette er tynne saker. Etter den ganske geniale og spesielle (men i overkant oppskrytte) Før jeg sovner frå same forfattar hadde eg forventa ei heilt anna og betre historie enn dette.

Dobbeltliv fortel om Julia som får livet sitt snudd på hovudet når ho får beskjed om at systera hennar er blitt drept. Det viser seg at systera har drive med nettdating og at dette har blitt skjebnesvangert for henne. Julia bestemmer seg for å finna ut av saka på eiga hand. Ho lagar seg ein alternativ identitet og rotar seg opp i vanskelege situasjonar, farlege forbindelsar og set familielivet sitt på spel. Undervegs tek ho mange ukloke og uforståelege val.

Boka er liksomspennande, banal, lite truverdig og full av klissete klisjear. Ein berre lengtar etter at boka skal ta slutt. Anbefalast ikkje. Terningkast 2.



Monark av C.J. Sansom
Forlaget Press 2011
606 sider, privatlånt papirbok 


Denne derimot - anbefalast varmt, særleg om du er historieinteressert. Historieundervisning og underhaldning samstundes er heilt topp for meg.
Monark er tredje avsnitt i denne historiske krimroman-serien.

Me befinn oss i England i 1541, mesteparten av handlinga er lagt til Yorkshire. Hovudperson og forteljarstemme Shardlake jobbar ikkje lenger for Thomas Cromwell (sidan han mista hovudet i forrige bok), men på nytt får Shardlake og assistent Barak ei ekstraordinær oppgåve, denne gongen på oppdrag frå erkebiskop Thomas Cranmer. I tillegg får Shardlake ansvar for etterforskinga av ei uforklarleg mordsak.

Eg er mektig imponert over Sansom og måten han framstiller miljøet, persongalleriet, samfunnsordninga og dei historiske hendingane på. Trass i sidetalet er boka heilt utan daudpunkt og alle trådar som vert lagt undervegs vert det nøsta godt og grundig opp i til slutt. Eg sluttar meg til blurben på omslaget: Kongekrim! Terningkast 5+.


Knusende stillhet av Val McDermid
Cappelen Damm 2016
Speletid 10:20, biblioteklånt lydbok 


Eit vellukka nytt møte med to "gamle" heltar; politietterforskaren Carol Jordan og psykologen Tony Hill. I bok nummer 9 i serien er McDermid i bra slag og fortel ei fengande historie som er godt oppbygd og som heng saman frå byrjing til slutt.
For å ha fullt utbytte av boka er det nok ein fordel å ha eit visst kjennskap til McDermid og duoen Jordan/Hill frå før, men eg har lest fleire av desse bøkene ukronologisk, utan problem. Opplesar av lydboka er Ivar Nergaard; det betyr kvalitet. Terningkast 4+.

3 kommentarer:

  1. Jeg husker godt påskekrim med Tony Hill, den likte jeg veldig godt. Jeg har en bok av McDermid i hylla, på vent, og det samme med Cleeves (som jeg også har sett et par TV-serier av, dvs en , men to sesonger Shetland)
    Greit å vite at man godt kan hoppe over Watson. Skjønner ikke at du gadd å lese den ferdig når den var så dårlig..

    SvarSlett
    Svar
    1. Dobbeltliv er ei av desse bøkene som er brukbare medan ein les og som ein blir kjempeirritert på i ettertid, om du skjønnar.

      Slett