30. oktober 2016

Smakebit på søndag: Budbringeren av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2016
381 sider
Lånt ebok, eBokBib

Eg er veldig glad i serien om Fredric Drum og Skarphedin Olsen. Gert Nygårdshaug sin fantasi, skrivestil og sarkastiske humor har eg også stor sans for. Difor såg eg fram til den nye boka hans med høge forventningar.

Norsk krim er som oftast sjangertru og inneheld stor grad av realisme og stor fagleg tyngde. Nygårdshaug er ikkje så nøye på dette. Drum-serien er full av pussige karakterar, uortodokse etterforskingsmetodar, rare lokalmiljø og alternative og mystiske hendingar. Alt fortalt på ein særeigen måte. Resultatet blir som regel stor underhaldning.
Også Budbringeren er underhaldande lesing, men eg tykkjer boka er litt "enkel". Eg forventar nemleg å bli utfordra på fleire ulike plan når eg les ein Nygårdshaugroman. Eg forventa fleire overraskingar og uventa tvistar enn det ein får i denne boka. At historia er noko usamanhengande, i overkant fantasifull og at fleire av personane er overkarikerte - vel, det må ta med på kjøpet.

Kriposetterforskar Skarphedin Olsen og nevøen Fredric Drum er augevitne til at ein person vert skoten ned på open gate i Oslo. Olsen har egentleg ikkje tid til å delta i etterforskinga sidan han står på farten til å reisa på fisketur til Hessdalen, så han overlet saka til kollegaene sine. Men - så skal det visa seg då, at den drepte har sterke samband til nettopp Hessdalen og dei uforklarlege og mystiske hendingane som denne staden er kjend for. Olsen blir dermed noko motvillig dregen inn i etterforskinga likevel.

Skarphedin Olsen - denne gretne sjarmøren - skal komma til å oppleva litt av kvart i tillegg til fisking medan han oppheld seg i ei hytte i Hessdalen. Avslutningsvis samlar han alle dei mistenkte - på Agatha Christie-vis - for å gjera greie for løysinga. Det handlar både om ein dysfunksjonell familie, UFO-turisme, militær etterretning, mystiske lysfenomen, søkkjemyrer og enno eit par mord. Noko av dette har samanheng med ei merkeleg hending så langt tilbake som i 1763:
"På bakken, tett inntil kirkemuren lå en underlig, vanskapt skikkelse. Han lå på ryggen, fullt utstrakt, med hendene løftet opp over hodet, nøyaktig slik presten hadde sett ham i døråpningen. Øynene stirret glassaktig, tomt ut i luften og leppene kruset seg i et fredfullt smil. [...] Han har Satan i sin kropp og snakker om henfarne engler som snart skal vende tilbake til jorden. Titt og ofte har han skremt bygdefolket med sine hedenske utgytelser. Han kaller seg selv - Budbringeren."
Kronologi er ikkje så viktig når det gjeld denne serien og ein kan godt lesa Budbringeren utan å ha stifta bekjentskap med Skarphedin Olsen og/eller Fredric Drum tidlegare. Med Budbringeren får du ei fiffig kriminalgåte miksa saman med tørr humor og enkelte historiske, mystiske og filosofiske element. Dette er ikkje Nygårdshaug på sitt beste, men boka er absolutt lesbar.
Fleire søndagssmakebitar kan du finna på bloggen Flukten fra virkeligheten.

10 kommentarer:

  1. En författare ja länge hoppats ska översättas till svenska. Än så länge har det tyvärr inte hänt.

    SvarSlett
  2. Den blir jag nyfiken på. Tack för smakbiten!

    SvarSlett
  3. Tack för smakbiten. En helt ny titel för mig.

    SvarSlett
  4. Jeg har begynt på begynnelsen av bøkene om Fredric Drum. Så jeg så denne men tenkte at jeg helst vil lese alle innimellom der først. Jeg er litt sånn kronologi frik :-) Ha en riktig fin søndag!

    SvarSlett
  5. Ny bok för mig, låter spännande. Tack för smakbiten! :)

    SvarSlett
  6. Tack för smakbiten. Har bara läst Mengele Zoo av honom och gillade inte den alls, så då har jag inte gett den här serien någon chans. Än i alla fall.

    SvarSlett
  7. Tack för smakbiten! Verkar spännande.

    SvarSlett
  8. Du fick ändå den här serien att låta lockande, tack för tipset!

    SvarSlett
  9. Gleder meg at det kommer nye Drumbøker, begynner å nærme meg slutten (leser strengt kronologisk) og håper Gert stadig holder seg noen bøker foran. Har nå en lenger pause pga hvor dårlig den forrige var (tror det var niern, hmm, eller tiern), men det er den første jeg har mislikt. Merkelig nok makter jeg ikke mønstre entusiasme for andre Nygårdshaugbøker, til tross for at jeg likte Mengele Zoo.

    SvarSlett