8. oktober 2017

Bokomtale: Rigels øyne av Roy Jacobsen

Cappelen Damm 2017
229 sider
Kjelde: eBokBib

Tredje del i forteljinga om Ingrid Barrøy er ei heller tynn bok, men ei stor leseoppleving. Dette stillferdige dramaet sat i meg lenge etter avslutta lesing.

Den fyrste boka De usynlige kom ut i 2013 og vart ein stor kritikar- og lesarsuksess; den vart til og med kortlista til den prestisjetunge The Man Booker International PrizeDe usynlige fortel om Ingrid sin barndom og oppvekst på den verharde øya.

I del to, Hvitt hav, er handlinga lagt til andre verdenskrig - og deler av boka byggjer på ei verkeleg og tragisk hending som fann stad i 1944.  Då vart fangeskipa Rigel og Korsnes bomba av allierte styrkar utanfor Helgelandskysten. Dei fleste av dei som omkom på dei to skipa  - omlag 2500 menneske - var krigsfangar frå Aust-Europa. I boka vert det fortalt om at Ingrid reddar livet til den russiske fangen Aleksander. Han blir elskaren hennar for ein periode, men etter ei tid reiser han vidare - mot ein ukjend lagnad.

I Rigels øyne er me komne fram til 1946 og Ingrid har fått dottera Kaja. Det er Aleksander som er far til barnet. Boka handlar om at Ingrid (og Kaja) reiser avstad for å prøva å oppspora Aleksander. Dei mørke augene til Kaja minner mora ustanseleg om han som ho har desse augene frå. Dette høyrest nesten romantisk ut, men eg skal lova deg - det er ikkje mykje romantikk i denne boka. Det er faktisk forbausande mykje slit og sakn, svik og sorg, mistru og apati. Ein innbiller seg gjerne at heile landet blomstra og bobla i lykkerus rett etter at krigen var slutt, men slik var det ikkje, skal ein tru Roy Jacobsen:
"Landet hadde en krig bak seg, og en krig gjør mye rart med menneskene, de blir ikke nødvendigvis bedre av den."
Ingrid reiser frå Barrøy - og veit ikkje om ho nokon gong kjem tilbake. Ho reiser, med støvlar på føttene, koffert i handa og baby på magen, utan planar, utan reisemål og nesten utan pengar - men med ei sterk tru på seg sjølv og at nokon kan visa henne spor etter Aleksander. Ho møter folk som er villige til å hjelpa med skyss og husly og får bytta ut kofferten med ein meir praktisk sekk. Folk er tildels skeptiske, men nokre har vesentlege opplysningar. Vesle Kaja er ein døropnar og eit samlande midtpunkt på ferda. Dei møter enkeltpersonar som har ofra utruleg mykje under krigen og som ikkje har fått betalt, på nokon måte, for innsatsen sin. Ein får eit inntrykk av at Noreg anno 1946 var eit såra - og sårbart - samfunn.

Det er interessant å lesa om kor fornuftig Ingrid er, trass nedturane ho får. Ho er ein fascinerande person; fåmælt, men open. Sterk og driftig, men også svak og draumande. Omsorgsfull for andre, medan ho sjølv også lengtar etter omsorg og varme. At ho er så ordknapp fører iblant til småkomiske situasjonar, og eg opplever det som befriande at ein må dra på smilebandet innimellom.

Det meste vert fortalt frå Ingrid perspektiv og forteljinga er såleis prega av hennar pragmatiske haldningar til det som skjer og det ho opplever.  I tillegg finst det ein forteljar som viser seg i enkelte glimt; ei slags dokumentarisk stemme som forklarar ymse samanhengar for lesaren.

For Ingrid vert det ei slitsam reise, og for denne lesaren vart det naudsynt å ta pausar i lesinga innimellom. Ikkje fordi eg ikkje orka å lesa meir, men fordi forteljinga er gripande på ulike måtar og fleire plan. Dessutan grua eg til avslutninga: På den eine sida håpa eg, for Ingrid sin del, at ho skulle finna ei avklaring og den lukka ho hadde fortent. På den andre sida er eg motstandar av romantiske og lukkelege avslutningar.

Rigels øyne vart, som dei to føregåande bøkene, ei sterk og god leseoppleving. Det er ei lettlest og lærerik bok til ettertanke for einkvar.

Andre bloggmeiningar: Rose-Marie, Tine sin blogg
Intervju med forfattaren: Solgunn sitt

Riegels øyne Hvitt Hav De usynlige Roy Jacobsen
Foto: Forlagsliv.no

6 kommentarer:

  1. En flott anmeldelse på alle måter! Takk for link!

    SvarSlett
  2. jeg gleder meg til denne, så har bare registert at du likte den. Omtalen må jeg ta seinere.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dersom du har lest og likt dei to fyrste kjem du garantert til å lika denne.

      Slett
  3. Skal ikke blande meg inn i jacobsen, men god omtale!
    Måtte bare si noe da jeg så at du hører på Skada Gods. Ferdig snart? Hva synes du, (ehm, på en vag og ufortellende måte)? Kommer ikke til å lese en eneste omtale før boka er ferdighørt men vil vite likevel. (Samme med Tiller)

    SvarSlett
    Svar
    1. Må flire av at du BÅDE vil vita og IKKJE vita. Har så vidt starta på Skada gods (knapt ein time lytting - av vel 14) så eg kan ikkje avsløra noko anna enn at det er stas å høyra på Renberg igjen.

      (Har eit noko anstrengt forhold til Tiller, så eg prøver å unngå alle overpositive omtalar av den boka. "Begynnelser" er det vel? Skriv han på bokmål no tru? Det heiter byrjingar på nynorsk!) (Ser du - alt i tittelen er eg kritisk)

      Slett