19. september 2018

På reise med Torbjørn Færøvik og Agatha Christie

I sommar var eg på to lange reiser saman med Torbjørn Færøvik. Den eine var ei togreise med den berømte Orientekspressen og den andre var ei lang og mangfaldig reise i Marco Polo sine spor. Eg har vore på reise med han tidlegare òg; ved eitt høve var me i Kina og ein annan gong var me i Vietnam, Kambodsja, Thailand og Burma.

Me snakkar naturlegvis om bokreiser her, - om reiseskildringar så levande fortalt at det nesten kjennest som om ein skulle ha vore deltakar sjølv. Gjennom Færøvik sine bøker lærer ein mykje nytt og ein får i tillegg friska opp halvgløymde kunnskapar. Denne forfattaren - som har vunne Bragepris heile tre gonger - er ein kunnskapsrik mann, eit sympatisk reisefølgje og ein eminent reiseskildrar. Orientekspressen - En vårreise er ganske ny (2016) medan Veien til Xanadu kom ut fyrste gong i 2002. Begge er tilgjengelege som (langvarige) lydbøker i Storytel.


Veien til Xanadu

Cappelen Damm
Speletid 18:32
Opplesar Henning A. Nilsen


Utgangspunkt og inspirasjon er Marco Polo si fantastiske og eventyrlege reise i åra 1271-95. Færøvik startar si reise i Marco Polo sin fødeby Venezia og held fram over Middelhavet til Tyrkia, gjennom Iran og Afghanistan, vidare til Gobi-ørkenen, Indre Mongolia og Kina. På turen er me innom landsbyar og millionbyar, gjennom ørkenar, over gigantiske stepper og via fjellpass, og ved hjelp av ulike framkomstmidlar. Overalt får Færøvik kontakt med lokalbefolkninga og han fortel gjerne om nær og fjern historie frå området.

Kvar er egentleg Xanadu? Er det ein myte eller var det ein verkeleg by? Det får ein etter kvart svar på i boka. Veien til Xanadu er ei innhaldsrik og dokumentarisk forteljing om historiske hendingar, politisk historie, kulturhistorie og om kjende og ukjende historiske personar.

Orientekspressen - En vårreise

Cappelen Damm
Speletid 21:45
Opplesar Anders Ribu


Den opprinnelege Orientekspressen (som har hatt fleire ulike ruter, den mest kjende gjekk frå Paris til Istanbul) eksisterer ikkje lenger, men Torbjørn Færøvik har i denne reiseboka teke ei utvida reise inspirert av den berømte togferda. Færøvik startar i London og reiser vidare tvers gjennom Europa og til Asia; heilt til Samarkand i Usbekistan. Torbjørn Færøvik har glimt i auga og ein viss ironisk distanse til det han fortel om. Mange av stadane og mykje av det historiske bakteppet er det same som Erika Fatland skriv om i Grensen.

Dei fleste av oss kjenner vel Orientekspressen best frå Agatha Christies Mord på Orientekspressen. Etter at eg hadde lytta ferdig Færøvik si reise, måtte eg berre lesa den berømte kriminalromanen på nytt.


Mord på Orientekspressen av Agatha Christie

Lydbokforlaget
Speletid 6:38
Opplesar Bjørn Fougner


Orientekspressen var i si tid eit luksuriøst framkomstmiddel. I Agatha Christie si kriminalforteljing frå 1934 reiser me fyrst med Taurusekspressen frå Aleppo til Istanbul og vidare på Orientekspressen i retning Paris - men så langt kjem me ikkje. Veret er nemleg særdeles ufyseleg og toget set seg bom fast i ei snøfonn på Balkan. Undervegs dit skjer eit mord, og Hercule Poirot, som "tilfeldigvis" befinn seg i nabokupéen til den myrda personen, får ei svært vanskeleg sak å finna ut av: Det viser seg at absolutt alle har eit motiv for å drepa vedkommande.

Det er interessant å lesa om denne gruppa av menneske som er fanga på ein avgrensa, nesten klaustrofobisk åstad. Mord på Orientekspressen er ei fiffig kriminalgåte og inneheld gode tidsbilete og fleire overraskande poeng. Boka er ein klassikar og kjem stadig ut i nye opplag. Ho er også filmatisert utallige gonger og finst til og med som dataspel. På omslaget til lydboka ser du bilete frå den nyaste filmatiseringa frå 2017 (med m.a. Johnny Depp og Judi Dench og regi ved Kenneth Branagh). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar