Begge dei to norske advokatkrimforfattarane Jan Mehlum og Chris Tvedt ga ut bøker i fjor, i hhv. Svend Foyn- og Mikael Brenne-serien. Eg har lest og likt dei fleste føregåande bøkene i begge seriane. Og det må seiast; dei har vore betre før, alle saman - både Tvedt og Brenne, Mehlum og Foyn.
359 sider
Lånt ebok eBokBib
Tvedt tek ofte opp etiske og juridiske dilemma i bøkene om forsvarsadvoktat Mikael Brenne. Det gjer han også i Formildende omstendigheter - den 8. boka i serien. Det handlar om nødverge og om retten til sjølvforsvar. Kan det finnast situasjonar der drap er uunngåeleg - og "riktig"?
Boka tek opp ulike interessante synspunkt og er skriven med fagleg tyngde. Brenne sin klient i denne historia meiner at ho ved å drepa eit menneske har gjort at andre menneskeliv er blitt spart. Når klienten beviseleg vert tatt i løgn vert forsvararjobben utfordrande for Brenne.
Det er tydeleg at forfattaren har jobba hardt for å gjera historia spennande, men eg tykkjer at boka manglar nerve. Dessutan gjer Brenne nokre merkelege og irriterande feilvurderingar undervegs, både privat og profesjonelt.
Terningkast 4.
303 sider
Lånt ebok eBokBib
Så veldig spennande er ikkje denne boka heller. Tvert imot; Fornemmelse av skyld er overraskande kjedeleg og treg. Sjølv om tematikken i utgangspunktet er alvorleg og aktuelt vart eg aldri særleg engasjert.
Dette er bok nummer 18 i serien, og for oss som har følgd Svend Foyn gjennom flesteparten av desse bøkene, er det likevel eit gledeleg gjensyn med hunden Hulda og med alle dei velkjende bipersonane - og med Varg Veum.
Dette siste er jo litt artig, og truleg eit "takk for sist" sidan Gunnar Staalesen lot Varg Veum besøka Svend Foyn i fjorårets Utenfor er hundene.
Terningkast 3.
Formildende omstendigheter av Chris Tvedt
Gyldendal 2019359 sider

Fornemmelse av skyld av Jan Mehlum
Gyldendal 2019303 sider
Lånt ebok eBokBib
Så veldig spennande er ikkje denne boka heller. Tvert imot; Fornemmelse av skyld er overraskande kjedeleg og treg. Sjølv om tematikken i utgangspunktet er alvorleg og aktuelt vart eg aldri særleg engasjert.
Dette er bok nummer 18 i serien, og for oss som har følgd Svend Foyn gjennom flesteparten av desse bøkene, er det likevel eit gledeleg gjensyn med hunden Hulda og med alle dei velkjende bipersonane - og med Varg Veum.
Dette siste er jo litt artig, og truleg eit "takk for sist" sidan Gunnar Staalesen lot Varg Veum besøka Svend Foyn i fjorårets Utenfor er hundene.
Terningkast 3.
Spenningsnivået i krimserier går kanskje opp og ned litt, eller kanskje er det våre forventninger og "lesehumør" som også svinger litt, ikke vet jeg. Selv likte jeg Formildende omstendigheter godt, spesielt andre halvdel, da bød historien på mer enn bare etterforskning. Den andre har jeg ikke lest, skjønner på terningkastet ditt at jeg ikke har gått glipp av noe :)
SvarSlettForventningar og lesehumør svingar, godt poeng der. Dine og mine og alle andre sine omtalar er subjektive og dei forventningane me har på førehand spelar ei stor rolle når bøker skal vurderast.
SlettEg pleier å lika Mehlum sine bøker og hadde vel i dette tilfellet for høge forventningar.
Jeg har nettopp lest Formildende omstendigheter, og jeg synes den var god, men egentlig mer interessant enn direkte spennende (men litt spennende). Har lest at mange synes denne er hans beste, men det tror ikke jeg. Var med action i de andre Brenne-bøkene, men her var det mer rettsak/rettsak enn før.
SvarSlettAng Svend Foyn/Mehlum har jag falt av lasset de siste 2-3 bøkene..
Har lagt merke til at det er varierande oppfatningar av denne. Eg er enig med deg; den forrige var det mykje meir snert i.
SlettDisse to bøkene likte jeg virkelig godt. Som jeg har likt de fleste av bøkene de skriver. Men jeg er enig i at de andre Brenner bøkene enn Formildende omstendigheter er mer spennende.
SvarSlettI utgangspunktet likar eg desse seriane og desse forfattarane. Men som sagt i omtalen; dei har vore betre før..
Slett