11. desember 2020

Kort om: Speilmannen av Lars Kepler

Cappelen Damm 2020
Speletid 14:05
Lånt lydbok BookBites


Eg har venta lenge på Speilmannen, og hadde ganske høge forventningar på førehand. Og eg fekk det eg forventa; ein uhyre spennande og mørk pageturner, fullspekka med vald, blod, tortur, bestialitetar og brutalitetar. Undervegs lurer eg nesten på om det er noko gale med meg, som kan finna ei bok med ei slik rå handling - underhaldande. 

Men eg er ikkje åleine om å ha det slik. Lars Kepler - altså ekteparet Ahndoril - har med bokserien om Joona Linna fått mange begeistra lesarar rundt omkring. Hovudårsakene til denne begeistringa ligg nok i at dei er så dyktige på spenningsoppbygging og i at dei er råare enn dei fleste. Dessutan skriv dei sabla bra, har originale plott og ein hovudperson som er både sympatisk og gåtefull.

Jurek Walter, antagonisten i fleire av dei tidlegare bøkene, er av gode grunnar fråverande i denne åttande boka i serien. Det er likevel ingen grunn til å slappa av, for karakterane Cæsar og Farmor er minst like onde, men kanskje ikkje fullt så smarte. Me møter dessutan igjen legen og hypnotisøren som hadde ei så sentral rolle i fyrste bok - Erik Maria Bark. Joona Linna sin kollega Saga Bauer er (mellombels) "ute av drift" i Speilmannen.

Eg skal ikkje sei noko særleg om handlinga, men kan i alle fall "røpa" at her vert lesaren invitert inn i dei aller mørkaste avkrokane i menneskesinnet. Her er psykologisk skrekk, grove valds- og overgrepsscener og meir "normal" etterforsking. Boka inneheld eit ganske omfattande persongalleri og mange ulike forteljarstemmer. Ein kan lesa om hendingar som vert opplevd som spegelvendt og forvrengt og som har fatale konsekvensar. Det er nervepirrande, ubehageleg og - må eg innrømma - fascinerande. Kepler-paret har etter mi meining skrive ei ny kjempespennande bok - men ein skal vera obs på at det er ei bok som ikkje passar for svake magar og sarte sjeler. 

Kred til Håkon Strøm som opplesar av lydboka. Eg veit ikkje kor gammal denne Strøm er, men han har i alle fall ei "ung og troskyldig" stemme, noko som er ein effektfull kontrast til det barske innhaldet.

Om boka har svakare sider? Jo, for all del. Eg vart til dømes ikkje overraska i det heile tatt når identiteten til Cæsar vart avslørt. I denne serien forventar ein det uventa - og det var akkurat det som skjedde. Ein må vidare "godta" ein haug tilfeldigheiter og ein slump lite truverdige hendingar, samt ein del "overnaturleg" psykoterapi.  Poenget er å sjå forbi det som er lite sannsynleg og urealistisk. Ein må ta boka for akkurat det ho er; eit "eventyr for vaksne". 
Cliffhangeren på slutten tyder på at det kjem eit nytt og overraskande eventyr neste gong. 

7 kommentarer:

  1. Takk for lenke Berit, som du sikkert vet, likte jeg boken veldig godt, og havnet på samme terningkast som deg. Er enig i at denne ikke er for sarte sjeler. Riktig god helg Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. For dei (oss) som har sans for Kepler og deira røffe stil, er denne midt i blinken.

      (..og der var helga forlengst over..)

      Slett
  2. Svar
    1. Det kan du! Lurt å berre skumma gjennom enkelte skildringar, kanskje.

      Slett
  3. Nettopp ferdiglest - og veldig enig, eventyr for voksne på eventyrets premisser. Men flere skrivefeil i boka skjemmet inntrykket mitt. Når de ikke en gang klarer å skrive Joona korrekt så får jeg veldig vondt i den språklige OCD'en min... :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Rettskrivingsfeil og korrekturleifar er kjempeirriterande - og flaut! Slik skal det ikkje vera. Her burde forlaget ha flytta ressursar/midlar frå marknadsføring til korrekturlesing.
      No las eg boka som lydbok, så dermed merka eg ikkje noko til det. Det er enno ein fordel med å høyra på bøker :-)

      Slett
    2. Veldig enig på alle hold, igjen :-) Normalt liker jeg faktisk krim på øret, men Kepler har jeg av en eller annen årsak alltid lest i fysisk bok. Ikke ebok engang, tror jeg. Rare greier. Første gang jeg har reagert på språkfeil hos dem riktignok. Det har nok gått litt på travelt for å få boka ut i god tid før julesalget... Ja - det er direkte FLAUT... hrmfff...
      Det blir en god jul likevel. Har fått Jon Fosse Septologien I-II og III-IV i hus. Der mangler både komma, punktum og det meste annet. MEN, der SKAL det jo være sånn. Hehe..

      Slett