7. desember 2020

Serieomtale: Haakon & Maud av Tor Bomann-Larsen

Tor Bomann-Larsen brukte 17 år på dei 8 binda i biografiverket om kong Haakon og dronning Maud. Eg har brukt ganske nøyaktig eitt år på å lesa bøkene, og no er tida inne for å summera opp inntrykka bokserien har gitt meg. Og det eg kjenner mest på akkurat no er takksemd. Takk for nokre fantastisk lærerike leseopplevingar! Tusen takk til ein forfattar som har brukt så mykje tid og krefter på å skriva eit grundig, tankevekkjande og interessant biografiverk - og her er det ikkje berre snakk om det tidlegare kongeparet og infløkte kongelege slektskapsforhold. Nei, her får ein kjennskap/kunnskap om politikk, samfunnsutvikling og viktige nasjonale og globale hendingar. Bøkene er opplysande og informative, men samstundes skin forfattaren sine personlege meiningar og betraktningar gjennom rett som det er. 

Kong Haakon sin innsats og handlekraft under 2. verdenskrig er udiskutabel og beundringsverdig. Men elles er eg ikkje spesielt opptatt av kongelege personar og rojale hendingar. Reint prinsippielt er eg ingen tilhengar av monarki, verken absolutte eller konstitusjonelle. At makt og privilegiar går i arv slik det gjer innan denne styreforma er - egentleg - svært lite demokratisk. På den andre sida: når ein eingong har eit monarki er me heldige som har eit moderne monarki og ein såpass oppegåande kongeleg familie som me har her i landet. 

Forfattaren har hatt tilgang til eit enormt arkivmateriale i fleire land og må ha hatt litt av eit arbeid med å plukka ut, systematisera og tolka relevante dokument, brev, dagbøker og andre kjelder. Bomann-Larsen går ikkje tilbake til "tidenes morgen", men han går grundig til verks alt frå start. Han gjer greie for den politiske situasjonen og utviklinga i Europa på 1800-talet generelt og forholda i unionen Noreg/Sverige spesielt. 

Samstundes presenterer han hovudpersonane sitt slektstre. Prins Carl av Danmark og prinsesse Maud av England hadde ein del felles røter i dette treet sidan dei var søskenbarn. Deira felles besteforeldre var kong Christian IX (frå fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg) og dronning Louise (frå fyrstehuset Hessen-Kassel) av Danmark. Begge frå gamle tyske fyrstehus altså, noko som er litt interessant med tanke på dei to verdenskrigane som skulle komma noko seinare. Christian og Louise vart kalla "amama" og "apapa" av barnebarna sine, og vart kjende som Europa sine svigerforeldre sidan dei gifta bort borna sine omkring i andre europeiske kongehus - England, Russland, Preussen og Hellas forutan Danmark. No i dag finst det uendeleg mange etterkommarar etter dei.

Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel, til dagleg prins Carl, vart fødd 3. august 1872 som nest eldste barn av dåverande kronprins Frederik og kronprinsesse Louise av Danmark (jepp, nok ei Louise; denne var svensk-norsk prinsesse. Ein skal ha tunga beint i munnen for å halda styr på desse folka). Dei fekk tilsaman åtte barn. Denne Frederik var kronprins i over 40 år, og var konge i berre seks år. Han døydde under pinlege omstendigheiter på Reeperbahn i Hamburg.

Maud Charlotte Mary Victoria vart fødd 26. november 1869 som engelsk prinsesse. Foreldra var dei som seinare skulle bli kong Edvard VII og dronning Alexandra av Storbritannia, men då Maud vart fødd var det dronning Victoria som regjerte. Maud hadde fem søsken, deriblant han som skulle bli kong Georg V, farfaren til dagens dronning Elizabeth II.

1. Kongstanken (2002)
464 sider

Kongstanken er ingen hoffreportasje, men her kryr det av kongelege personar og familiar. Det vert fortalt om kvardagsliv og festlege samankomstar, og nokre skandalar er heller ikkje til å komma frå. Det vert sitert frå private brev og dagboknotat og ein kan ein lesa om kulturelle hendingar. Det store bakteppet er eit Europa i forandring og aukande ustabilitet samt påfølgjande utanrikspolitiske motsetnader.

I tillegg til ei grundig innføring i familie- og samfunnsforhold får ein i denne fyrste boka nokre glimt av personlegdomen til det framtidige norske kongeparet. Den unge Maud vert framstilt som barnsleg, bortskjemt, sutrete og unormalt knytta til mor si. Den unge Carl var skulesvak, umoden og usikker - overraskande nok, med tanke på kor stø, kompetent og reflektert han vart med åra.

Haakon og Maud kjende altså kvarandre godt alt frå barndommen, og som unge vaksne fann dei nok ut at det var "noko meir" enn venskap og slektskap.  I ei tid der kongelege ekteskap som oftast var reine tvangs-fornuftsekteskap, tyder alt på at det var ekte kjærleik mellom dei to. Ikkje alle var begeistra for forholdet, men dei sto imot og gifte seg i Buckingham Palace i 1896. På framsidefotoet ser ein det unge paret på bryllaupsdagen. Her ana dei ikkje at dei ni år etter skulle bli konge og dronning av Noreg. 

2. Folket (2004)
563 sider

Det nygifte paret buset seg i København og prinsen held fram i jobben som offiser i den danske marinen. Men Maud mistrivst i Danmark og lengtar seg sjuk tilbake til England og mother dear. Maud lir elles av diffuse sjukdommar og plager. Det er ganske tydeleg at ho har anoreksi, som det heiter i våre dagar. 

Barn blir det heller ikkje, på mange år. Fyrst i 1903 kjem prins Alexander - den seinare kong Olav - til verda. Det mest oppsiktsvekkjande i denne boka er at forfattaren antydar at prinsen vart til på "kunstig" måte og at prinsessa sin livlege var sædgjevar. Mykje tyder på at han har rett - og eg tenkjer: er det ikkje greitt at det (kanskje) kom litt friskt raudt blod inn blant det blå i dette høvet?

Hendingar rundt unionsoppløysinga i 1905 er elles sentralt i bind 2. I ei folkeavsteming i november same år seier eit stort fleirtal ja til monarki og ja til at prins Carl av Danmark skal verta Noreg sin nye konge. Det var den unge prinsen sjølv som insisterte på folkeavstemning. Boka avsluttar med at kong Haakon, dronning Maud og vesle kronprins Olav vert ønskte velkommen til landet av statsminister Christian Michelsen og eit jublande folk.

3. Vintertronen (2006)
382 sider

Bind 3 handlar om åra 1905 - 1913. Det nye kongeparet og det ferske monarkiet møter utfordringar, men har stort sett støtte i folket sitt. Kong Haakon - i ein heilt spesiell situasjon som folkevald monark - er i ferd med å finna si rolle. Han er aktiv og interessert innan det politiske arbeidet og søkjer brei støtte, samstundes som han har sine eigne meiningar og synspunkt. Det kjem fram i dagbøkene hans, som Bomann-Larsen har fått tilgang til i samband med biografiprosjektet. 

Han har óg hatt tilgang til dronning Maud sin omfattande brevkorrespondanse med ulike europeiske kongehus. Slik får ein eit detaljert innsyn i dåtidas tankar og rojale veremåte. Det er tydeleg at Maud trivst mykje betre i Noreg enn i Danmark, og ho likar t.d. godt å gå på ski saman med sonen. Men kvart einaste år har Maud lange opphald på sitt kjære Appleton.

Av funfacts frå bind 3 kan nemnast kongeparet sitt nære venskap med Fritjof Nansen. Så nært faktisk, at fru Eva Nansen var sjalu på dronninga og rasande på mannen sin. 

4. Makten (2008)
461 sider

Dette bindet omhandlar dei turbulente åra 1913 - 1928 - det vil sei at bakteppet her er fyrste verdenskrig, russisk revolusjon og norsk nøytralitetspolitikk. For kongeparet vart krigen ei belastning også på eit personleg plan, fordi dei hadde nære slektningar både i England, Tyskland og Russland. Tsar Nikolai II, som (saman med familien sin) vart henretta i 1918, var deira "fetter Nicky".

Også det politiske Noreg er prega av uro. Kong Haakon er skeptisk til det stadig sterkare (og på den tida revolusjonære) Arbeiderpartiet, men han syner seg som eit pragmatisk og kompromissvillig statsoverhovud. Han var alltid lojal mot politiske vedtak og parlamentariske prinsipp.”Jeg er også kommunistenes konge”, sa kongen, og bad Chrisopher Hornsrud danna regjering i 1928. Sjølv om denne regjeringa berre eksisterte i 18 dagar, vart det starten på eit nytt tilhøve mellom Arbeiderpartiet og kongehuset.


5. Æresordet (2011)
623 sider

Her handlar det om tidsrommet 1928 - 1940. Etter fyrste verdenskrig forsvann fleire av dei gamle konge- og keisardømma, og ulike nye ideologiar veks fram i Europa. Forfattaren vekslar framleis fint mellom det familiære, det dynastiske og det politiske, men i bind 5 er det lagt meir vekt på det innanrikspolitiske. Kong Haakon må forholda seg til nye poltikarar som Johan Nygårdsvold, Halvdan Koht og C.J. Hambro - tre markante skikkelsar som skal komma til å bety mykje for kongen, for kronprinsen - og for landet. 

Kronprins Olav innleiar eit forhold til si kusine, den svenske prinsesse Märtha. Det er slett ikkje uproblematisk, og dei må ta nokre rundar med slekta før det vert forloving og giftarmål. At Märtha sin familie er svært tyskarvenleg fell ikkje i god jord, og det nære slektskapet er noko som også uroar dei sjølve. Men det går bra; dei gifter seg i 1929 og to prinsesser, Ragnhild og Astrid, kjem til verda i hhv. 1930 og 1932, og til slutt vesleprinsen Harald i 1937. Dronning Maud slit framleis med helsa, og oppheld seg ofte utanlands. I ettertid er det kjent at ho hadde kreft, men den gongen vart ein slik sjukdom ikkje snakka om. Det gjer inntrykk å lesa om den siste tida hennar, og om kor einsam og sorgtung kongen vart då ho gjekk bort i 1938. 

Avslutningsvis i denne boka kan ein lesa om krigsutbrotet og kongefamilien og regjeringa si påfølgjande og dramatiske flukt ut frå hovudstaden. Kong Haakon var som kjent standhaftig og kompromisslaus i høve dei tyske okkupantane og sa eit klart NEI til norsk kapitulasjon.

6. Svaret (2013)
399 sider

Denne boka skil seg vesentleg frå dei føregåande. Den er fyrst og fremst politisk, og omhandlar kun nokre månader; sommaren og hausten 1940. Innhaldet er oppsiktsvekkjande. Eg har lest mykje om 2. verdenskrig, men har aldri tidlegare høyrt om riksrådsforhandlingane

Sommaren 1940 ser det ut til at krigen skal bli kortvarig og at Tyskland kjem til å vinna. Kongen og kronprinsen samt regjeringa er i London, kronprinsessa og borna oppheld seg mellombels på eit slott utanfor Stockholm.
I Noreg forhandlar sterke norske krefter om fred og samarbeid med okkupasjonsmakta. Eitt av forhandlingskorta er å avsetja kongen og setja inn tre år gamle prins Harald som barnekonge. 
Riksrådet sende ein anmodning til kongen om abdikasjon, men svaret vart også her - eit klart NEI. Spelet omkring dette er interessant lesnad, samstundes som det er bortimot uforståeleg sett no i ettertid. Og kvifor er det ikkje meir kjent? 

7. Hjemlandet (2016) 
535 sider

Her handlar det om krigsåra 1940-45. Å vera i eksil tærer på krefter og er utfordrande på fleire plan. Den stødige, men etter kvart aldrande kongen og den yngre og meir energiske kronprinsen er ikkje alltid samde, men diskuterer seg fram til det som dei meiner er til det beste for fedrelandet. «Sønnen fikk det som faren ville», heiter det i boka. Kong Haakon er heller ikkje alltid enig med statsminister Nygårdsvold, men har tydeleg stor respekt for han. Det er gjensidig. 

Kronprinsesse Märtha, fyrstedame etter at dronninga døydde, oppheld seg i USA denne perioden (som fortalt om i Atlantic Crossing), og får eit nært, fortruleg og pikant (men sannsynlegvis ikkje romantisk) forhold til president Roosevelt. 

Boka inneheld mengder med informasjon, namn og detaljar, men er likevel lett tilgjengeleg, skriven med sedvanleg iver og engasjement.

8. Kongen (2019)
508 sider

Så er me komne til siste bind i dette kjempesvære biografiverket - og til dei siste åra av kong Haakon sitt liv; 1945 - 1957.
Her samlar forfattaren trådar og syner dei lange linjene; om korleis historia om kong Haakon og historia om utviklinga av den norske velferdsstaten heng saman. Etter krigen vart kongen om muleg enno meir populær enn før. Sjølv om han hadde ei "opphøgd" stilling vart han eit samlande symbol og ein folkekonge.

Kronprinsesse Märtha var mykje sjuk og var inn og ut av sjukehus i åra etter krigen. Ho døydde i 1954, til stor sorg for kongen, kronprinsen, borna - og folket.

Kong Haakon overlot gradvis mykje av ansvaret til sonen. Heilt til det siste var kongen klår, men svært svekka fysisk etter eit lårhalsbrot. Det er sårt og vemodig å lesa om den siste tida hans.
Kong Haakon døydde 21. september 1957, 85 år gammal.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har "lest" alle bøkene som lydbøker, opplest av forfattaren sjølv. Ein kan ikkje sei at Bomann-Larsen har ei spesielt behageleg stemme, og han les dessutan noko seint. Men på den andre sida; ved å høyra på forfattaren forstår ein kor oppriktig og engasjert han er. For meg vart løysinga å lytta til bøkene i eit litt raskare tempo (1,2) - og stemma har eg gradvis vant meg til. Det ein går glipp av ved å kun høyra på desse bøkene er alt det interessante biletstoffet som ein finn i papirutgåvene. Dette vart for min del løyst ved å ta ein tur på biblioteket og bla litt i desse.


Om eg anbefalar bøkene? Ja, sjølvsagt - dette er bøker ein vert klokare av!
Les dei langsamt og la det gjerne gå litt tid mellom kvar bok.

Eg har gitt dei fleste enkeltbøkene i serien terningkast 5, men samla sett fortener dette biografiverket toppkarakter.

4 kommentarer:

  1. Veldig interessant Berit. Spesielt fordi jeg nå ser Atlantic Crossing og har kongen og familien litt under huden. Men jeg er jo egentlig ikke interessert i kongefamilien, og det å lese biografier om dem? Måtte bli o, Martha og Martha Louise det da..
    Savner biografisirkeln:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heller ikkje noko særleg interessert i kongefamilien, men som historieinteressert har eg likevel hatt stor glede/nytte av desse bøkene.
      Märtha Louse er vel den i dagens kongefamilie eg vil lesa minst muleg om..

      Eg òg saknar biosirkelen! Kan det vera håp om at den gjenoppstår i 2021? (Men eg har faktisk lest 10 biografiar dette året, utan sirkel)

      Slett
  2. Jeg er historie interessert, men ikke spesielt i kongehuset. Jeg startet på bok en, men det ble litt kræsj med det jeg jobbet mot(utstillingen min). Men jeg ser på tv serien og undrer meg over mye. Jeg skal fortsette med serien, etter hvert.
    Enig fint om biografisirkelen kunne startet opp igjen, håper noen har overskudd til det!

    SvarSlett
    Svar
    1. Av og til kræsjar bøker med livet, for å sei det slik. Håpar du gjer eit nytt forsøk, for det er mykje interessant historie her.
      Når ein er kjend med fakta ser ein at den TV-serien ikkje er bra.

      Slett