18. mai 2021

Vårlesing: Biografiar

I dette innlegget vil eg slå eit slag for sakprosa i lydbokformat. Eg har nemleg hatt mange positive lytteopplevingar innan denne sjangeren; både dokumentarar, populærvitenskap, debatt- og faktabøker - og særleg biografiar.

På Storytel finst det uendeleg mange biografiar å velja mellom. Her kan ein finna godbitar som Tor Bomann-Larsen sin biografi om Roald Amundsen, Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen, Ola Henmo sitt portrett av Kim Friele og sjølvbiografien Jeg er Zlatan. Mellom anna. 

Det er gjerne kjendisbiografiar som får mest merksemd, men ofte er det biografiar/forteljingar om ukjende folk som gir mest inntrykk. Om meir eller mindre vanlege folk som har levd meir eller mindre uvanlege liv, som t.d. Wilhelm Holst.
Her kjem heilt kort om nokre biografiar eg har lytta til dei siste månadene. Ingen av "dei biograferte" er kjende for eit breiare norsk publikum, verken no eller medan dei levde, men det var likevel interessant å lesa om dei. 


Sepp av Nina Kristin Nilsen 
Cappelen Damm 2019
Speletid 7:31
Lyd Storytel

Leonhard Seppala (1877 - 1967) var i si tid ein svært kjend hundekøyrar. I Alaska og andre deler av USA vart han særleg berømt for innsatsen i Serumløpet i 1925. 
Seppala var fødd i Skibotn i Troms og hadde kvenske anar. Han utvandra til Nome i Alaska i 1900, midt under klondyketida. Men gull vart det lite av, så i tillegg til arbeidet i gruvene tok han på seg fraktoppdrag med hundesledar. Han vart ein dyktig hundetrenar og fekk m.a. ansvaret for å trena hundar i samband med ein av ekspedisjonane til Roald Amundsen. Seppala tenkte heile tida nytt og utradisjonelt og foredla hunderasen siberian husky

Nilsen har skrive ein interessant biografi om ein mann som aldri ga opp og som hadde ein heilt uvanleg omsut for og kontakt med hundane sine. I tillegg inneheld boka utvandrings- og polarhistorie, fortalt på ein oversiktleg og lærerik måte.
Terningkast 4+.

Du kan lesa meir om Leonhard Seppala på nettsida til Seppalaløpet.
Kleppanrova har òg nyleg lest/høyrt denne boka. Les gjerne hennar grundige omtale.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Thor Gotaas, forfattar og folkeminnegranskar, er nok mest kjent for alle bøkene om langrenn- og hoppsporten; om Birken, om Wirkola og om Oddvar Brå, for å nemna nokre få. Men han har også skrive om ein norsk proffboksar:


Magnus "Wolf" Larsen av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 2:11
Lyd Storytel

Denne kan knapt kallast biografi, - som forfattaren seier sjølv innleiingsvis er det meir eit omriss av eit liv. Eit kort liv dessutan. 

Magnus Larsen (1901 - 1931) hadde alle odds mot seg då han vart fødd, men han "slo seg fram". Frå ein tøff oppvekst som bortplassert tatergut rømde han til sjøs som 14-åring. Etter kvart gjekk han i land i New York og byrja med boksing. Med eit naturleg talent vann han mange kampar, men det vart ingen langvarig suksess. Larsen døydde berre 30 år gammal av alkoholmisbruk og bokseskadar.
Ei trist historie, dette. All ære til Gotaas som har løfta fram ei ukjend historie om ein ukjend mann.
Terningkast 4.


Josef Elvebakken av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 3:32
Lyd Storytel

Nok ei trist historie om ein mann med taterbakgrunn. 
Josef Olaus Aleksander Alting (1900 - 1972) vart fødd på landevegen og var på reise med familien dei fyrste åra av livet sitt. Då Josef vart morlaus som sjuåring vart han, som vanleg i dei dagar i slike tilfelle, "sett vekk" dvs. plassert i fosterheim.
Gotaas skildrar Josef sin tøffe og tragiske oppvekst og eit tilvære heilt nederst på rangstigen i samfunnet. Han fekk skulda for det meste, fekk fleire fengselsdommar og vart tvangsinnlagd på Reitgjerdet. Forståeleg då at han vart mistenksam og folkesky. Han flytta til skogs og budde åleine i ei koie på fire kvadratmeter i mange år. Her livnærte han seg på jakt, fiske og skogsarbeid.

Biografien handlar om ein mann som levde i og av naturen og som vart sett ned på av "folk flest" og resten å samfunnet. Boka gjorde djupt inntrykk på meg. Terningkast 5.


Olga Wilsons dobbeltliv av Bjørn Erik Thon
Cappelen Damm 2019
Speletid 8:51
Lyd Storytel

Dette er meir som ein trippelbiografi. Her handlar det om Olga, mor hennar Anna - og den som truleg var far hennar; USAs 27. president, William Taft. Ganske sensasjonelt altså, men ifølge forfattaren kan ikkje farskapet bevisast. (Men kan ikkje ein DNA-test avgjera det? innvender krimlesaren i meg)

Uansett. Thon fortel vekselvis om Anna/Olga og William Taft. Om ei oppvakt jente frå Indre Østfold som utvandra til Amerika i 1892. Om mor og dotter som levde, reiste, budde og arbeidde i lag heile livet. Og om ein mann som vart president fordi folk rundt han forventa det.
Boka er litt rotete og repeterande, men ganske interessant. Terningkast 4-.

8 kommentarer:

  1. Godt å lese biografier. Har begynt på Torgrim Eggens biografi om Axel Jensen. Den er utrolig bra. Lånte lydboka på Bookbites, der Eggen selv leser, men jeg har papirboka som jeg kjøpte da den kom, så jeg kan kombinere lyd og bok. I boka får vi bilder, det gjør man ikke på lyd.

    SvarSlett
    Svar
    1. Biografiar er bra lesestoff, absolutt.
      Godt poeng det med bilete som ein går glipp av med lydbøker. Av og til stikk eg innom biblioteket og blar i papirutgåver for å kikka på bilete.

      Slett
    2. Ja, det er lurt.:)
      Savner biografilesesirkelen. Leste nettopp selvbiografien til Hunter Biden også (Alt det vakre) Veldig bra. Blogget om den. Har kjøpt Obama-bioen også, men den får vente litt. Må få lest mursteinen om Axel Jensen først.

      Slett
  2. Med dette innlegget svarer du på et spørsmål jeg har stilt meg, skal jeg prøve meg på Storytel.. De gangene jeg har lest biografier (og da ikke av kjendisser) så har jeg blitt begeistret, over formen og det jeg får lære om ukjente mennesker. Kan anbefale Lewis reise, Alice B. Toklas, Verden av i går, De uadskillelige. Flere av disse tar bare for seg deler av et liv, men kaster lys over den delen som skinner over alt det andre.
    Takk for god inspirasjon til videre biografering :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tykkjer Storytel er blitt bra etter kvart og brukar tenesta aktivt. Det MÅ ein gjera sidan prisen er 189 kr pr. mnd. (249 for famileabonnement)
      Takk for Boktips! "Alice B. Toklas'selvbiografi" og "Verden av i går" er på Storytel. Sistnemnde bok har eg hatt på leseplanen ei tid, og no fekk eg ei ny påminning.
      Så fint av me kan gje kvarande inspirasjon til lesing!

      Slett
    2. Kjekt at du fant noe du fikk lyst å lese, ja hva skulle vi gjort hvis ikke vi hadde hverandre :)

      Slett
  3. Det er så sjelden jeg leser biografier, men grunnen er kanskje at jeg har fått mer enn nok av all kjendiseriene for tida. Men biografier om vanlige/uvanlige folk høres bra ut. Må prøve meg på noen av disse. Bra tips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig - kjendisstoff får ein midt i fleisen heile tida. Og kjendisbiografiar vert ofte omtalt i media, særleg om innhaldet er "juicy" og oppsiktsvekkjande.
      Hyggeleg å bidra med tips!

      Slett