Viser innlegg med etiketten Nina Kristin Nilsen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nina Kristin Nilsen. Vis alle innlegg

18. mai 2021

Vårlesing: Biografiar

I dette innlegget vil eg slå eit slag for sakprosa i lydbokformat. Eg har nemleg hatt mange positive lytteopplevingar innan denne sjangeren; både dokumentarar, populærvitenskap, debatt- og faktabøker - og særleg biografiar.

På Storytel finst det uendeleg mange biografiar å velja mellom. Her kan ein finna godbitar som Tor Bomann-Larsen sin biografi om Roald Amundsen, Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen, Ola Henmo sitt portrett av Kim Friele og sjølvbiografien Jeg er Zlatan. Mellom anna. 

Det er gjerne kjendisbiografiar som får mest merksemd, men ofte er det biografiar/forteljingar om ukjende folk som gir mest inntrykk. Om meir eller mindre vanlege folk som har levd meir eller mindre uvanlege liv, som t.d. Wilhelm Holst.
Her kjem heilt kort om nokre biografiar eg har lytta til dei siste månadene. Ingen av "dei biograferte" er kjende for eit breiare norsk publikum, verken no eller medan dei levde, men det var likevel interessant å lesa om dei. 


Sepp av Nina Kristin Nilsen 
Cappelen Damm 2019
Speletid 7:31
Lyd Storytel

Leonhard Seppala (1877 - 1967) var i si tid ein svært kjend hundekøyrar. I Alaska og andre deler av USA vart han særleg berømt for innsatsen i Serumløpet i 1925. 
Seppala var fødd i Skibotn i Troms og hadde kvenske anar. Han utvandra til Nome i Alaska i 1900, midt under klondyketida. Men gull vart det lite av, så i tillegg til arbeidet i gruvene tok han på seg fraktoppdrag med hundesledar. Han vart ein dyktig hundetrenar og fekk m.a. ansvaret for å trena hundar i samband med ein av ekspedisjonane til Roald Amundsen. Seppala tenkte heile tida nytt og utradisjonelt og foredla hunderasen siberian husky

Nilsen har skrive ein interessant biografi om ein mann som aldri ga opp og som hadde ein heilt uvanleg omsut for og kontakt med hundane sine. I tillegg inneheld boka utvandrings- og polarhistorie, fortalt på ein oversiktleg og lærerik måte.
Terningkast 4+.

Du kan lesa meir om Leonhard Seppala på nettsida til Seppalaløpet.
Kleppanrova har òg nyleg lest/høyrt denne boka. Les gjerne hennar grundige omtale.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Thor Gotaas, forfattar og folkeminnegranskar, er nok mest kjent for alle bøkene om langrenn- og hoppsporten; om Birken, om Wirkola og om Oddvar Brå, for å nemna nokre få. Men han har også skrive om ein norsk proffboksar:


Magnus "Wolf" Larsen av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 2:11
Lyd Storytel

Denne kan knapt kallast biografi, - som forfattaren seier sjølv innleiingsvis er det meir eit omriss av eit liv. Eit kort liv dessutan. 

Magnus Larsen (1901 - 1931) hadde alle odds mot seg då han vart fødd, men han "slo seg fram". Frå ein tøff oppvekst som bortplassert tatergut rømde han til sjøs som 14-åring. Etter kvart gjekk han i land i New York og byrja med boksing. Med eit naturleg talent vann han mange kampar, men det vart ingen langvarig suksess. Larsen døydde berre 30 år gammal av alkoholmisbruk og bokseskadar.
Ei trist historie, dette. All ære til Gotaas som har løfta fram ei ukjend historie om ein ukjend mann.
Terningkast 4.


Josef Elvebakken av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 3:32
Lyd Storytel

Nok ei trist historie om ein mann med taterbakgrunn. 
Josef Olaus Aleksander Alting (1900 - 1972) vart fødd på landevegen og var på reise med familien dei fyrste åra av livet sitt. Då Josef vart morlaus som sjuåring vart han, som vanleg i dei dagar i slike tilfelle, "sett vekk" dvs. plassert i fosterheim.
Gotaas skildrar Josef sin tøffe og tragiske oppvekst og eit tilvære heilt nederst på rangstigen i samfunnet. Han fekk skulda for det meste, fekk fleire fengselsdommar og vart tvangsinnlagd på Reitgjerdet. Forståeleg då at han vart mistenksam og folkesky. Han flytta til skogs og budde åleine i ei koie på fire kvadratmeter i mange år. Her livnærte han seg på jakt, fiske og skogsarbeid.

Biografien handlar om ein mann som levde i og av naturen og som vart sett ned på av "folk flest" og resten å samfunnet. Boka gjorde djupt inntrykk på meg. Terningkast 5.


Olga Wilsons dobbeltliv av Bjørn Erik Thon
Cappelen Damm 2019
Speletid 8:51
Lyd Storytel

Dette er meir som ein trippelbiografi. Her handlar det om Olga, mor hennar Anna - og den som truleg var far hennar; USAs 27. president, William Taft. Ganske sensasjonelt altså, men ifølge forfattaren kan ikkje farskapet bevisast. (Men kan ikkje ein DNA-test avgjera det? innvender krimlesaren i meg)

Uansett. Thon fortel vekselvis om Anna/Olga og William Taft. Om ei oppvakt jente frå Indre Østfold som utvandra til Amerika i 1892. Om mor og dotter som levde, reiste, budde og arbeidde i lag heile livet. Og om ein mann som vart president fordi folk rundt han forventa det.
Boka er litt rotete og repeterande, men ganske interessant. Terningkast 4-.

1. mai 2021

Oppsummering april 21

Påbyrja i mars, fullført i april:
Bernard Minier - Ikke slå av lyset - Fransk krim - Lånt ebok BookBites
Erika Fatland - Høyt - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lånt ebok BookBites

Lest i april:
Arne Dahl - Friheten - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Peter May - Lockdown i London - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Sigrun Slapgard - Eit hemmeleg liv - Norsk biografi - Lånt papirbok biblioteket
Nina Kristin Nilsen - Sepp - Norsk biografi - Lyd Storytel
Malin Persson Giolito - Prosessen - Svensk krim/kortroman - Lyd Storytel
Yrsa Sigurdardottir - Dukken - Islandsk krim - Lånt papirbok privat
Martin Österdahl - Be aldri om nåde - Svensk krim - Lyd Storytel
Ole Asbjørn Ness - Fem dager i mai - Norsk krim -  Lånt ebok BookBites

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Atle Nielsen - Ett blod - Norsk krim -  Lånt lydbok BookBites
Kurt Aust - Den tredje sannhet - Norsk historisk krim -  Lånt papirbok privat

4 lyd, 3 papir, 3 ebøker
6 lånt, 3 abonnement, 1 kjøpt
7 krim, 2 biografiar, 1 dokumentar
4 norske, 3 svenske, 1 britisk, 1 fransk, 1 islandsk
5 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Nilsen, Österdahl, Ness

To av bøkene er veldig omfangsrike (Minier og Fatland) og ei er veldig tynn/kort (Giolito). Dermed konkluderer eg med at for april månad er 10 bøker greit nok og innanfor normalen. Med 37 bøker lest til no i år ligg eg litt "framfor skjema" når det gjeld målsetjinga om 100 leste bøker.

Terningkasta viser kva bøker eg likte best og minst. Når det gjeld Friheten og Eit hemmeleg liv viser eg til omtalane, og eg burde verkeleg ha skrive nokre ord om Høyt. La meg berre kort sei at Erika Fatland har imponert meg, nok ein gong. Eg burde også ha sagt noko om Sepp - biografien om Leonhard Seppala. Den var veldig interessant. Du finn lydboka i Storytel, godt opplest av Reidar Sørensen.

Når det gjeld krimbøkene er eg i gang med ein ny krimsamleomtale som skal bli publisert ein av dei fyrste dagane.

Elles er det ikkje så mykje å melda herifrå i denne månadsoppsummeringa. Eg har heller ingen detaljerte planar for kva som skal lesast i mai. Lesinga mi er som vanleg etter innfallsmetoden og etter kva som til ei kvar tid er tilgjengeleg på biblioteket, BookBites og Storytel. Men eg har i alle fall bestemt meg for ei bok som skal lesast med det fyrste: På torsdag vart det nemleg kjent at Skjebnesteinen av Svein Petter Næss vann Rivertonprisen. Eg har faktisk hatt boka tilgjengeleg (på iPaden) ei tid, men ikkje prioritert ho. Men no har eg flytta Skjebnesteinen fremst i køen!