22. mars 2022

Historisk true crime

Nils Johan Stoa er leiar av statsarkivet på Kongsberg, han er historikar, foredragshaldar og forfattar. Han har skrive lærebok i slektsgranskning, fleire fagartiklar - og bøkene I hine hårde dage og Kjødets lyst. Eg er jo glad i kriminallitteratur, men er også interessert i historie og les ofte om verkelege kriminalsaker. Slik sett er desse to bøkene midt i blinken for interessefelta mine. 

Kriminalsaker fengar - og det har det nok alltid gjort. I våre dagar med krimbøker, krimseriar, tabloide overskrifter og nettklikk. På 15-16-1700-talet ved at publikum møtte opp i fleng ved skafottet, heksebålet og andre henrettingsstader. 

I tidlegare tider var jussen i stor grad bygd på teologien - og straffene var, sett med våre dagars auge, barbariske. Det er ikkje meir enn 200 år sidan avhogde hovud vart sett på stake til "Skræk og Advarsel". Den siste norske henrettinga i Noreg (i fredstid) fann stad i 1876. Kristoffer Svartbækken frå Løten vart dømt for mord og tjuveri og 3000 menneske møtte fram for å sjå på at han vart halshogd. 

I hine hårde dage
- gamle norske kriminalhistorier

Cappelen Damm 2008
Lydbok Storytel


Boka omhandlar kriminalsaker (og straffemetodar) frå slutten av 1500-talet til midten av 1800-talet. Det vert fortalt om mange saker frå ulike deler av landet. Valdskriminaliteten var utvilsamt høg sjølv om dei altså risikerte brutalt harde straffer. 
Fattigdom og klasseskille kan forklara enkelte lovbrot og straffeutmålingar. Heller ikkje rikfolk kunne kjøpa seg fri frå strenge dommar, men dei kunne ofte påverka vitne og hadde gjerne midlar til å få saka si anka til ein høgare rettsinstans. 

Hekseprosessane har eit eige kapittel i boka. Mellom 1570 og 1700 vart over 2000 personar stilte for retten anklaga for trolldom her i landet. Ein fjerdedel av desse vart dømde til døden - dei "heldige" vart halshogne, mange vart brende levande. 
Eit anna kapittel handlar om bøddelen og korleis arbeidet og statusen hans endra seg gjennom tidene. Ei av mange tragiske historiar i boka handlar om korleis bøddelen sine døtre vart beskulda for å stå bak bybrannen i Fredrikstad i 1653. Den eine av dei vart dømd til døden (altså brent på bål), den andre vart forvist. 

Det gjer også inntrykk å lesa om dei kvinnene som vart dømde til døden for spedbarnsdrap. I enkelte høve var det nok snakk om at mødre i fortviling over skamma og livet generelt faktisk tok livet av barnet sitt. Men i mange høve var det i slike saker snakk om både overgrep, spontanabortar og dødfødslar. I hine hårde dage fortel om ein brutal og hjerteskjerande del av norgeshistoria. Det gjer også neste bok:


Kjødets lyst
- fortellinger om synd og straff

Cappelen Damm 2010
Lydbok Storytel


Historiane i denne boka byggjer på same lest som boka over - men her er det sett fokus på "sedelighetsforbrytelser". Altså om kriminelle handlingar og lovbrot av type hor, leiermål, bigami, incest, dyresex og sodomi (homoseksualitet). Alle slike handlingar var forbode og kunne bli hardt straffa. Kyrkja si makt og kyrkja sitt syn på samliv og kjønnsdrift sto sterkt og påverka det gjeldande synet i samfunnet.

Boka fortel også om saker der sex, utruskap og begjær var motiv for ugjerningar. Til dømes drap for å bryta ut av ekteskap og parforhold, samt sjalusidrap og æresdrap. 

Forfattaren har funne mengder med skriftleg materiale og begge desse bøkene er basert på dokument som rettsprotokollar, tingbøker og kyrkjebøker. Gjennom (og bak) alt "det saklege" finn me dramatikk og mystikk, tragiske historiar og gripande enkeltskjebnar. Begge bøkene er interessante - og underhaldande på ein bisarr og grotesk måte. Enno meir interessant ville det blitt om forfattaren hadde drege fleire historiske linjer, - til dagens rettspleie og strafferett. 

Eg har lest begge bøkene som lydbøker. Ivar Nergaard les som vanleg tydeleg og engasjert, så det funkar fint. Men ein går sjølvsagt glipp av ein vesentleg del, nemleg alle bileta og illustrasjonane som visstnok finst i papirutgåvene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar