533 sider
Lånt papirbok privat
Eg vart veldig glad då eg oppdaga at det skulle komma ei ny bok i serien om Rebecka Martinsson. Den forrige kom ut i 2013, så denne boka har vore etterlengta. Fedrenes misgjerninger er den sjette og (mest truleg) avsluttande boka i serien.
Sidan eg likte alle dei tidlegare bøkene i serien så godt hadde eg høge forventningar til denne - men eg trur nok at eg hadde skrudd forventningane mine for høgt. Det er trass alt mange år (og mange bøker!) sidan sist, og eg er sikkert blitt meir kresen med åra. Eg tykkjer boka er for lang/tjukk og at handlinga i enkelte deler av boka er altfor saktegåande.
Dette er nordkalottkrim, med ei handling lagt til det fascinerande landskapet i og rundt Kiruna. I notidshistoria er det vårvinter, eit begrep som seier mykje om natur og klimatiske forhold. Larsson viser eksempel på korleis endringar i naturen påvirkar menneska. Vidare fortel ho om samiske og finske tradisjonar og kulturinnslag i området. Ho nemner òg dette med sentralisering og sosiale tilhøve, utan å gå altfor djupt inn i slike problemstillingar. For boka er fyrst og fremst ein kriminalroman.
Ein mann vert funnen død i heimen sin. Dødsårsaka ser ut til å vera rusrelatert, men så vert ein annan mann også funnen død - i frysaren til den fyrste døde mannen. Dermed vert det sett i gang grundigare etterforsking, og det viser seg at liket i frysaren har lege der i lang tid. Rebecka Martinsson vert etter kvart involvert. Det er ikkje heilt uproblematisk sidan mor hennar ein gong var fosterbarn i den eine døde mannen sin familie.
Så går drapsalarmen på nytt, ikkje langt frå den fyrste funnstaden. Er det ein samanheng? (Sjølvsagt, sidan dette er ein kriminalroman. Men ingen andre enn Rebecka ser ut til å forstå at sakene heng saman..)
Og jeg som liker at krim er spennende.... Her i Bergen er det lang kø på biblioteket, men jeg står i den, så jeg får nok lest boken om en stund. Gøy å lese omtalen din :)
SvarSlettSamla sett er det ikkje så veldig spennande, men det er mykje dramatikk samt spenningstoppar innimellom.
SlettDersom du har lest dei foregående bøkene bør du få med deg denne òg.
Jeg ville lese denne boka etter jeg leste anmeldelsen i Adressa, der den fikk en sekser. For meg er det helt ok med rolig krim ala Stina Jackson. Synes det er ekstra spennende at den er fra Kiruna, ved grensa til Norge/Narvik, og gruvearbeidet, husker jeg rett. Var i Narvik i født og ble nysgjerrig på gruve- og jernbanesluskenes virksomhet. Og så er farslekta mi fra traktene der oppe.
SvarSlettHer står jeg langt nede i bibliotek-kø, ti mnd.
Har fått låne lydboka på Bookbites, men orker ikke så mye lydbok for tiden.
Terningkast 6 er i overkant, men ein 5'ar kan vera forståeleg. Enig i at det er mykje interessant historie frå Kiruna. Det er også interessant det som skjer no, - heile byen skal flyttast fordi det er fare for at han kan rasa saman. Dette vert det også fortalt litt om i denne boka.
Slett