1. juli 2022

Oppsummering juni 22

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Tony Fischier - Mannen som forsvant - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Douglas Stuart - Unge Mungo - Skotsk roman - Lånt ebok BookBites

Lest i juni:
Kadafi Zaman - Den norske drømmen - Norsk biografi - Lyd Storytel
Espen Rostrup Nakstad - Kode rød - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Ragnar Hovland - 400 mil frå Sogndalsfjøra - Norsk langnovelle/kortroman/humor - Lånt ebok BookBites
H. K. Fauskanger - Skarlagenssalen - Norsk historisk krim - Kjøpt papirbok (OTS)
Jane Casey - Brent - Britisk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Jens Lapidus - Paradis City - Svensk krim - Lyd Storytel
Tom Egeland - Metusalem-prosjektet - Norsk krim - Lånt papirbok privat


4 lyd, 1 papir, 2 ebøker
3 lånt, 3 abonnement, 1 kjøpt
2 krim, 1 historisk krim, 1 roman, 1 kortroman, 1 biografi, 1 dokumentar/biografi
4 norske, 2 britiske, 1 svensk
6 menn, 1 kvinne

"Nye" forfattarar: Fischier, Zaman, Nakstad, Casey.

Juni månad har vore kjempetravel med omsyn til både jobb og fritid, noko som avspeglar seg i månadsoppsummeringa. Få bøker lest og ingen innlegg her på bloggen. Slik vert det av og til. 

Månadens høgdepunkt vart nok ein gong Douglas Stuart. Unge Mungo er mørkare og meir valdeleg enn Shuggie Bain (vinnar av Booker Prize 2020), men utgangspunktet/bakteppet er den same i begge desse sosialrealistiske romanane: fattigdom, arbeidsløyse, alkoholmisbruk, omsorgssvikt, homofili. Unge Mungo skildrar ung vakker kjærleik, men også brutale overgrep. Boka er sterk lesnad; såpass sterk at eg måtte ta pausar undervegs. 

Ikkje akkurat høgdepunkt, men 400 mil frå Sogndalsfjøra vart i alle fall eit humrande "gjensyn" med Ragnar Hovland - ein forfattar eg ikkje har lest noko av på fleire år.

Ei anna ganske positiv leseoppleving var fyrste bok i Meave Kerrigan-serien; Brent av Jane Casey. Alltid kjekt å finna nye bra krimforfattarar og -seriar. Når eg skriv ganske betyr det at det er ein god del som kan pirkast på (som at boka er altfor lang), men gode miljøskildringar og ein interessant hovudperson gjer at eg sikkert kjem til å lesa meir av denne serien. 

Meirsmak ga også Mannen som forsvant, Tony Fischier si fyrste bok om politimannen Niklas Ragnvik. Innleiingsvis noko dårleg framdrift kanskje, men etter kvart får ein brukbar spenning og god underhaldning. 

Kadafi Zaman sin sjølvbiografi Den norske drømmen er også bra, men samanlikninga med Abid Raja si bok Min skyld var ikkje til å unngå - og då vart denne litt tam - og kanskje litt for politisk korrekt.

Månadens nedtur 1: Espen Rostrup Nakstad er ein mann eg har stor respekt for og tillit til. Måten han har stått fram i media gjennom pandemiperioden, pedagogisk og roleg, har vore veldig bra. Men boka hans Kode rød er berre sånn passe; oppramsande og overforklarande.

Månadens nedtur 2: Skarlagenssalen er ein velskriven og "tidsriktig" klassisk kriminalroman - men som er ufatteleg langsam og treg. Boka har samla støv i bokhylla mi i mange år, så eg er nøgd med at eg omsider har fått lest ho. No er i alle fall boka plassert i bokbyttehylla på jobben min. Det kan henda at nokon andre kan få meir glede av boka enn det eg fekk.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Sjølv om det ikkje vart så mange bøker i juni, syner halvårsstatistikken at eg ligg eg framfor skjema:

Statistikk etter fyrste halvår

  • 55 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 30 krim-, thriller- og spenningsromanar
    - 8 andre romanar
    - 17 sakprosa
  • 28 lydbøker, 14 papirbøker, 13 ebøker
  • 31 lånt, 17 Storytel-abonnement, 7 kjøpt

Lesemål 2022

55/100 bøker totalt
12/10 mursteinar (over 500 sider)
4/10 biografiar
13/10 annan sakprosa
8/15 bokomtalar
17/20 nye forfattarar

To av måla er alt nådd - så eg var nok for "forsiktig" då eg sette opp årets lesemål.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Ynskjer alle ein god (lese)sommar!

4 kommentarer:

  1. Så dumt at verken Nakstad eller Skarlagenssalen innfridde. Sistnevnte har jeg også i hylla, og jeg har likt de andre jeg har lest av Fauskanger.
    Ikke så overrasket over at Kadafi ble litt tam vs Raja. Har Kadafi ulest her også. Planen var å lese dem opp mot hverandre, men jeg ble litt slått av banen av hvor sterk Rajas bok var, så ble den andre liggende.
    Koronabio ala Nakstad, jeg leste Camilla Stoltenberg sin, den var veldig bra, synes jeg.

    Ellers har jeg ikke lest noen av dine denne måned, men vurderer Unge Mungo.
    Paradis City har jeg liggende, og Metusalemprosjektet kommer snart i posten.

    Ønsker deg en fin juli og god ferie Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser at eg las Skamtegnet i 2015 og at eg ga terningkast 5.. Det overraska meg.
      Eg tykkjer ikkje Skarlagenssalen er dårleg, men den er så altfor omstendeleg.

      Unge Mungo anbefalast; ei sterk oppvekstskildring.
      Eg er ikkje så glad i dystopiar, men Paradis City er bra. Men - ikkje så bra som Stockholm Noir-trilogien (Cash, Aldri fucke opp, Livet de Luxe) og trilogien om Emelie og Teddy (VIP-rommet, Sthlm delete, Top Dogg)
      Eg kosar meg med Egeland og Bjørn Beltø sitt Metusalemprosjekt.

      Slett
  2. Gratulerer med å være i havn med to av målene dine i år, det er bare til å feire. Du har fått meg til å få lyst å lese Unge Mungo, Shuggie Bain likte jeg godt, men denne har ikke fristet, før nå.
    Kjekt med travle dager (antar jeg) riktig god sommer Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Som sagt over; Unge Mungo anbefalas verkeleg. Sjølv om Shuggie Bain kanskje ga enno sterkare inntrykk.
      Eg trivst godt med å ha det travelt og å ha ferie til gode. Forentar at dei neste par vekene blir litt rolegare, og så vert det omsider nokre ferieveker.

      Slett