12. august 2023

Å lesa - les - las - har lese

Ingen stor sak dette, og det betyr absolutt ingenting for andre. På bloggen er eg min eigen redaktør og kan egentleg skriva det eg vil. Men altså:

Eg innrømmer det. Eg har gjennom fleire år her på bloggen brukt feil verbbøying av å lesa. Det gjekk for alvor opp for meg då eg såg denne teikninga på nettsida nynorsksenteret.no.

Eg hugsar det godt; eg spurde meg sjølv då eg skreiv ein av dei fyrste blogginnlegga: Heiter det har lest eller har lese? (I det som no vel heiter 'perfektum'?) Av ein eller annan grunn bestemte eg meg for å bruka har lest. Og eg har som prinsipp å vera kosekvent når eg skriv - og sjølv om eg angra så har eg halde fram med har lest

Samstundes er eg veldig oppteken av språk, nynorsk og rettskriving.

Så dette har skurra. 

Det har skurra meir og meir faktisk - og no har eg bestemt meg for å ombestemma meg. 

Verbet lese/lesa har svak bøying på bokmål og sterk bøying på nynorsk:

Å lese - leser - leste - har lest

Å lesa - les - las - har lese

Det heiter har lest på bokmål og har lese på nynorsk

Egentleg ynskjer eg å skriva korrekt og konservativt nynorsk (me, ikkje vi og a-endingar i infinitiv osv.) - for det ligg nærast dialekten min. Når eg har lese ut ei bok seier eg at eg har lese boka - ikkje lest boka.

Konklusjon:

Frå no av skal eg skriva 

eg har lese
du har lese
han/ho har lese
de har lese
me har lese
dei har lese

men eg kjem ikkje til å retta på gamle blogginnlegg. Dei får stå slik som dei står. 

Til sist eit sitat frå nynorsksenteret som nesten vart som ei "trøyst" for meg:

Nynorsken har ein større rikdom av former enn bokmålet, og me blir lett påverka av bokmålet, sidan det er så synleg i samfunnet. Men det er ingen grunn til å la seg skremma. Ein og annan bøyingsfeil er ikkje det som avgjer om du skriv god eller dårleg nynorsk, det er setningsbygnaden.

2 kommentarer:

  1. Eit innlegg etter mitt hjarte! Eg undrar meg stadig over ord. Og lærer stadig noko nytt(og ofte at dialekta mi ligg tett opp til skriftspråket)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eg òg lærer stadig noko nytt, kvar einaste dag trur eg. Både om språk og andre ting.

      Slett