Korte omtalar og vurderingar av svenske krimbøker lese og lytta til i det siste.
346 sider
Lånt papirbok biblioteket
Tredje bok om Eira Sjödin, framhald av Rotvelte og Synkehull.
Når me møter politikvinna Eira i denne (avsluttande?) boka er ho gravid - og ho er dermed friteken frå dei tyngste oppgåvene. I staden får ho ansvar for ei kald sak; nokre likrestar som er funne i elva. Det skal visa seg at dette likevel blir ei tung sak for henne, både fysisk og psykisk.
Alsterdal skriv som alltid godt, og ho flettar inn ein heil del interessant historisk kunnskap. I saka som Eira etterforskar finst det koblingar både til Ådalskonflikten i 1931 og til ulike politiske konfliktar på 1960-talet. Ikkje overraskande er det også koblingar til Eira si eiga familiehistorie. Det dukkar elles opp mange interessante karakterar i handlinga. Avslutninga er fin og avklarande.
Dersom du likar langsam og stemningsfull bygdekrim er denne trilogien midt i blinken.
Sjølv konkluderer eg med eit terningkast 4+.
Speletid 10:48
Lånt lydbok BookBites
Meir svensk bygdekrim - og til ei bok og ein forfattar som vart tildelt Deckarakademins pris for beste svenske debut 2021.
Handlinga er lagt til Åre - Storlien-traktene, det vil sei på norskegrensa. Hovudperson er Vera Bergström, ein litt uvanleg krimhelt som eg fekk litt sans for sidan ho er så utypisk. Vera er 50+, skilt, barnlaus, deprimert og slit med overgangsplager. Ho har blitt oppsagt frå jobben som redaktør i ei lokalavis og når handlinga tek til jobbar ho som skuleassistent.
Når ei kvinne vert funnen død under mystiske omstendigheiter får Vera i oppdrag å skriva ein reportasje om korleis det mulege drapet pregar bygda. Politiet virkar å vera uinteresserte/inkompetente medan Vera vert meir og meir engasjert.
Historia er grei, karakterane truverdige og skildringane gode, men boka er langsam og med dårleg framdrift.
Eg gir terningkast 4-, og då er eg snill.
Speletid 10:42
Lydbok Storytel
Terningkast 4.
Fyrste bok i ein serie som faktisk består av heile 18 bøker, av dei er i alle fall fem utkomne på norsk. Fyrste bok er langt frå perfekt, men er likevel ein lovande start for ein bokserie. Protagonisten har eit uvanleg yrke i krimromansamanheng; Erik Sandström er nemleg ambulansearbeidar. Men han har noko anna som går igjen blant krimheltar; eit alvorleg rusproblem.
Handlinga er lagt til Gävle ved midtsommar. I eit rutineoppdrag fraktar Erik og kollegaen hans ei ung kvinne til sjukehus. Pga. stikksår i armen reknar ein med at ho har teke overdose, og ho døyr etter nokre dagar. For politiet er saka opplagt, men Erik og politikompisen Patrik meiner det er noko som slett ikkje stemmer.
Enkelte gjentakingar, noko overforklarande stil og overdose med medisinske ord og uttrykk trekker ned heilskapsinntrykket, så eg konkluderer med terningkast 4-.
Til slutt nokre få ord om dei to fyrste bøkene i SNG-serien.
Kodenavn Styx og Kodenavn Hades av Mikael Ressem
Lind & Co 2024
Lånt lydbøker BookBites
Kodenavn Styx startar friskt og eg vart raskt engasjert. Det handlar om ei akuttmedisinsk utrykningseining som jobbar opp mot etterretningstenesta i samband med at det er motteke ein terrortrussel. Dette er skikkeleg action, høgt tempo og bra underhaldning. Tenkte eg. Og så spennande at handlinga er lagt til Noreg! Trudde eg.
Men det viser seg at desse bøkene ikkje berre er oversette til norsk. Faktisk er heile handlinga flytta over grensa og namn på både stader og folk er "fornorska". Eg oppdaga/forsto ikkje dette før eg var i gang med bok 2. Men etter å ha søkt litt på nettet fann eg då ut at Västerås var blitt til Stavanger, KG Segerstedt var blitt til KG Solbakken og Sjukvårdens nationella insatsgrupp (SNG) var blitt til Akuttmedisinsk utrykningsenhet (AMU).
Det er fullstendig unødvendig, irriterande og tullete å "oversetta" på ein slik måte. Eg skjønnar ikkje kva motiv forlag og oversettar Monika Yndestad har hatt for å gjera det.
Dei norske utgåvene av Kodenavn Styx (terningkast 3) og Kodenavn Hades (terningkast 2) kan ikkje anbefalast.