8. februar 2025

Bokomtale: Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood

Lydbokforlaget 2018
Speletid 10:01
Lånt lydbok BookBites

Salet av dystopiske bøker auka i USA etter presidentvalet i november. Mellom anna klatra 'The Handmaid's Tale', 'Tjenerinnens beretning' på norsk, meir enn 400 plassar på bestseljarlista, kan ein lesa på bok365.no

At ein 40 år gammal dystopi får ny aktualitet i samband med valet er eit sterkt signal - og er i høgste grad forståeleg. Sjølv starta eg på boka rett etter (gjen)innsettinga av president Trump no i januar. Plutseleg vart eg veldig bevisst på at dette er ein klassikar (1001-bok) eg absolutt burde ha lese.

Boka kom altså ut fyrste gong i 1985, på norsk i 1987, og har sidan komme ut i millionvis av eksemplarar i utallige opplag på mange ulike språk. Historia har dessutan blitt til både film, opera og TV-serie. 

Tjenerinnens beretning skildrar eit kristenfundamentalistisk USA; ein totalitær stat som heiter Gilead. Hovudpersonen er kvinna Offred og alt blir fortalt frå hennar perspektiv. I starten var lesinga nokså forvirrande, for eg kjende ikkje "universet" og forsto ikkje kva som var "notid" og kva som var tilbakeblikk. Etter kvart blir det klårare.

Samfunnet har gått gjennom ei omfattande endring, det gjeld både samfunnsøkonomi, kommunikasjon og infrastruktur, og i tillegg har forureining og miljøkatastrofar ført til infertilitet og befolkningssvikt. Det styrande leiarskapet - eit patriarkalsk diktatur med eit brutalt og valdeleg maktapparat - kontrollerer absolutt alt. Dei fleste kvinnene har ingen rettigheiter lenger; dei får ikkje jobba, har ikkje pengar, får ikkje lesa bøker, får ikkje snakka saman eller ha annan kontakt med andre. Folk er elles sorterte etter strengt oppsette kategoriar i eit ekstremt hierarkisk system.

Offred er innan kategorien "tjenerinne". Det vil sei at sidan ho er i fertil alder og "fødedyktig" er ho gjort til eit slags avlsdyr og ei potensiell fødemaskin som tilhøyrer eliten/førarane og konene deira. Dersom ho ikkje er lydig vil ho bli hengt eller sendt til "koloniane" for å døy ein langsam død. Ho har heller ikkje fått behalda sitt verkelege namn. Offred kjem av "of Fred" - ho er Fred ("føraren") sin eigedom. Ho har vore (er) gift og har ei dotter, men om dei to framleis er i live er uvisst. Håpet om at dei finst der ute ein plass gjer at Offred trass alt held ut. Held ut fornedring og undertrykking. Held ut absurde påbod og merkelege forbod. Held ut regelmessige rituelle valdtekter.

Tjenerinnens beretning er ei god bok med ei skremmande handling. Alt foregår i ei dystopisk verd, men nokre tema er ikkje så fjernt frå det me kan sjå i den verkelege verda i dag. Til dømes vart den landsomfattande retten til sjølvbestemt abort fjerna i fjor då høgsterett i USA skrota Roe vs. Wade-dommen. Eit anna døme er Taliban sin kvinnefiendtlege og undertrykkande politikk i dagens Afghanistan.

Margaret Atwood har sjølv kalla romanen "spekulativ fiksjon" og har i fleire høve streka under at alt i boka er slikt som verkeleg har hendt ein eller annan gong i menneska si historie. Ho skal elles ha henta inspirasjon frå mellom anna den islamistiske revolusjonen i Iran i 1979 og framveksten av kristenkonservative krefter i USA på 1970- og 80-tallet då ho skreiv boka. Dessverre er fortejinga om eit fiktivt diktatorisk USA aktuelt - også i dag. Handlinga er på ein måte realistisk, sjølv om ein egentleg ikkje kjenner att samfunnet.

Tjenerinnens beretning er ein roman som vekkjer sterke kjensler. Det er ei interessant og gjennomtenkt bok, skriven med galgenhumor og med snert - og ho har ein viktig bodskap. Det er ubehageleg å lesa om alt det grusomme som skjer, men ein kan også ana eit glimt av håp.

Eg "las" boka som lydbok. I ettertid ser eg at eg kanskje burde hatt papir- eller ebok tilgjengeleg óg, fordi eg då ville ha skjønt meir av spranga att og fram i tid. Lydboka er forøvrig glimrande opplest av Bodil Vidnes-Kopperud.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar