Bruk av KI i litteraturen har vore debattert i det vide og breie i det siste, utløyst av Aftenposten sine «avsløringar» av KI-bruk i krimforfattar Jørn Lier Horst sine bøker. Horst blir framstilt som ein juksemakar som undergrev heile bokbransjen. Ja, ein skulle nesten tru at han hadde myrda nokon, målt ut frå alle dei sinte reaksjonane.
Det ironiske er at Aftenposten sjølv brukar KI for å sjekka om det er brukt KI. Eg reagerer på førehandsdømminga og den bastante konklusjonen i denne saka. Eit detektorprogram har konkludert med at 73 % av innhaldet i Den siste saken er skrive av KI «i høg grad» – kva no enn det betyr. Kan ein stola på eit slikt høgt tal? Kor pålitelege er eigentleg KI-detektorar? Eg er i alle fall kritisk til at ein bruker eit så usikkert teknologisk verktøy som grunnlag for å mistenkjeleggjera ein forfattar og stilla spørsmål ved integriteten hans.
Betyr høg KI-prosent at teksten er dårleg? Neppe. Horst stadfestar i eit tilsvar at han nyttar kunstig intelligens som støtteverktøy, men at han skriv bøkene sjølv. Inntil det ligg føre konkrete grunnar til noko anna, meiner eg at me kan stola på det han seier. Eg meiner det er fint at forfattarar brukar ny teknologi, og at dei på den måten utvidar horisonten og kreativiteten sin. KI-bruk betyr altså ikkje at ein forfattar har juksa eller har levert eit dårlegare produkt.
Eg har lese dei fleste krimbøkene til Jørn Lier Horst, også Den siste saken. Det vert hevda at KI-bruken har ført til ei tydeleg endring i skrivestilen hans. Det har eg absolutt ikkje merka noko til. Tvert om, eg har ofte meint at bøkene hans er noko føreseielege. Eg er nemleg ikkje ein ukritisk Horst-fan som forsvarar han uansett kva.
Forfattarar har alltid brukt hjelpemiddel, redaktørar, korrekturlesarar, oppslagsverk og andre menneskelege ressursar. Kvifor skal KI nødvendigvis vera ei heilt anna sak? KI-teknologien er komen for å bli, er under stadig utvikling og kjem til å bli endå meir avansert. Sjølv brukar eg KI kvar dag, både på jobb og privat, på same måte som eg har brukt Google i mange år. Eg brukar KI som eit kjapt oppslagsverk og som eit hjelpemiddel til å finna presise eller alternative formuleringar.
Det avgjerande bør ikkje vera om ein forfattar brukar KI, men korleis teknologien blir brukt – og kva som framleis er forfattaren sitt eige kreative arbeid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar