Påbyrja i oktober, fullført i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Lest i november:
Kim Leine - Karolines kjærlighet - Dansknorsk roman - Lånt ebok BookBites
Alfred Fidjestøl - Mine kamper - Biografien om Drillo - Norsk biografi - Lyd Storytel
Knut Nærum - Sitt ned og hold kjeft - Norsk humor/satire - Lyd Storytel
Kerstin Ekman - Løpe ulv - Svensk roman - Lånt papirbok privat
Emelie Schepp - Bjørnen sover - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Jane Casey - Oppgjør - Britisk krim - Lyd Storytel
Påbyrja i november, fullførast i desember:
Torkil Damhaug - Hund uten grav - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tomm Kristiansen - Afrikanske fortellinger - Dokumentar/ Personleg beretning - Lyd Storytel
5 lyd, 2 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
3 krim, 3 andre romanar, 1 biografi, 1 humor
3 norske, 2 svenske, 1 dansknorsk, 1 dansk, 1 britisk
5 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Fidjestøl
November vart ein lesemånad på det jamne; 8 fullførte bøker og greie leseopplevingar.
Månadens høgdepunkt: Løpe ulv, utan tvil. At boka vart nominert til Nordis Råds litteraturpris er ikkje ufortent. Bloggomtale kjem.
Biografien om Drillo likte eg óg veldig godt, men så er eg vel å merke meir enn gjennomsnittleg fotballinteressert. Fokus i boka er (mest) på fotballkampar og ikkje (så mykje) på mennesket Egil Olsen.
Månadens nedtur: Sitt ned og hold kjeft av Knut Nærum. Ironisk om sjølvtillit og sjølvhjelpsbøker. Litt humring og gode poeng innimellom, men sidan boka kom ut i 2010 har ho gått ut på dato.
Oppgjør - bok 2 i Meave Kerrigan-seiren - vart eit knepp ned frå forrige bok. Krimhistoria er OK, men boka inneheld altfor mykje uinteressant fyllstoff som burde vore luka vekk.
"Eitt knepp ned" vart det også for forfattarane Kim Leine, Gert Nygårdshaug, Jens Henrik Jensen og Emelie Schepp. Bra bøker for all del, men dei har alle levert betre ved tidlegare høve.
Omtale av Quintessense er alt publisert. Omtale av Karolines kjærliget kjem. Og kanskje dei andre blir med i ein kommande samleomtale.
Eg er i skrivande stund i gang med to veldig bra bøker, så årets siste lesemånad byrjar i alle fall bra.