Viser innlegg med etiketten Lynley & Havers. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lynley & Havers. Vis alle innlegg

31. august 2014

Smakebit frå Lake District

På omslaget på den utgåva eg har av En løgn å tro på står det at dette er den niande boka i serien om Lynley og Havers. Det stemmer ikkje. Dette er faktisk bok nummer 17.

Denne gongen vert Lynley utkommandert på hemmeleg oppdrag. Handlinga er lagt til Cumbria, Lake District, i det nordlege England.
"Landskapet minnet om et lappeteppe med sine innhegninger og beitemarker, som var grønne av kløver og bølget oppover mot høylandsåsene i det fjerne. 
Det hadde begynt å regne, men når regnet det ikke i denne delen av verden? Denne delen av verden var kjent for regnet sitt, og det var også grunnen til den kraftige mosen som vokste på steinmurene, bregnene som skjøt opp fra fjellsprekkene og all laven som vokste under trærne og klatret oppover trestammene."
          (side 31) 

Etter å ha lest halve En løgn å tro på slit eg med motstridande kjensler. På den eine sida er "gjensynet" med Scotland Yard-etterforskarane Lynley og Havers som å møta att gamle kjære vener. På den andre sida finn eg så mange irritasjonsmoment i boka. Eg kosar meg med Elizabeth George sine glimrande miljøskildringar samtidig som eg irriterer meg over skriveleifar, dårleg oversetjing og manglande korrektur. Eg likar det mangfaldige persongalleriet i boka, men tykkjer handlinga (så langt) er lite spennande, treg og stilleståande. Boka er heldigvis ikkje så omfattande som den føregåande Denne dødens kropp (804 sider!) men ei bok på over 600 sider må vera god om lesaren skal halda konsentrasjonen og interessen oppe.

Eg har følgd denne bokserien i 25 år og har lest alle, i kronologisk rekkefølge. Bok nummer 18 er førebels ikkje oversett til norsk medan den nittande boka er planlagt å komma ut i 2015. Eg kjem nok til å lesa desse to også, med tid og stunder. Slik er det med slike gamle "venskap" - ein kan ikkje berre kutta ut.

Er du ute etter inspirasjon og lesetips kan du sikkert finna noko i Smakebit på søndag - denne gongen i bloggen Betraktninger.

18. september 2013

Bokomtale: Denne dødens kropp av Elizabeth George

Pantagruel forlag 2013
Oversetjar: Lene Stokseth
804 sider

Dette er ein klassisk og stemningsfull, men litt stilleståande britisk krimroman, frå amerikanske Elizabeth George. Boka egnar seg ikkje for dei som ikkje kjenner til serien om Lynley og Havers frå før. Du bør ha ein viss bakgrunnskunnskap og kjennskap til gjennomgangsfigurane i serien for å ha utbytte av Denne dødens kropp.

Eg har omsider lese ferdig bok nummer 16 i serien. Det tok si tid - for dette er ikkje ei bok du rasar gjennom. George byr som vanleg på heile pakka: Eit par mord, eit svært stort persongalleri, fleire perspektiv, psykologi og sosialt engasjement, geografiske og historiske forhold og grundige skildringar av eit møysommeleg politi-/etterforskingsarbeid. Handlinga sneglar seg avgarde - puslespelbit for puslespelbit - og det vert sanneleg både intenst og spennande - etter kvart. Innimellom får lesaren også glimt frå ein psykolograpport om tre barn som har drept eit barn og som tilsynelatande ikkje har noko med dei øvrige handlingane å gjera. Men som lesaren skjønnar: Denne delen er vesentleg. Viktig for handlinga, samanhengen og oppklaringa.
Eg tykkjer det er positivt at forfattaren er tilbake der ho var før ho "tok livet av" Lady Helen. Dei to føregåande bøkene i serien var eg nemleg noko skuffa over.

Thomas Lynley er også tilbake i denne boka - men ikkje i kompaniskap med den tidlegare partneren Barbara Havers - i alle fall ikkje i første omgang. Lynley er kalla tilbake til avdelingen i ein slags rådgjevarrolle for Isabelle Ardery, den nye førstebetjenten. Det gamle teamet til Lynley stolar ikkje heilt på den nye fungerande leiaren og hennar leiarstil - det er tendensar til personlege konflikter og forvirring kring etterforskinga som pågår. Mykje av spenninga i boka er knytt til korleis medarbeidarane og den nye leiaren taklar dei nye tilhøva medan dei saman skal prøva å løysa ei særs komplisert drapssak.

Ei ung kvinne er funnen drept på ein avsidesliggjande kyrkjegard i London. Medan Lynley, Ardery og fleire av dei andre nøstar opp i trådane der, føl Havers og kollega Winston Nkata spora til den tidlegare heimen til den drepte kvinna; til New Forest i Hampshire, Sør-England. I dette idylliske landskapet vert mykje, både på det indre og ytre plan, halde skjult.

Den nye karakteren i denne boka, Isabelle Ardery, tykkjer eg ikkje mykje om - og eg oppfattar det som bevisst frå forfattaren si side at lesaren skal vera negativ til henne. Ardery slit - med familieforhold, med alkohol, med sine overordna og media - og etter kvart med eit konfliktfyllt og samstundes seksuelt forhold til Lynley. Han på si side slit fyrst og fremst med si eiga sorg, og dernest med korleis han skal opptre i høve lojalitet: Korleis støtta den nye kontroversielle leiaren utan at han støyter frå seg ein annan person som står han svært nær, nemleg Barbara?

Med denne boka føler eg nesten at eg har funne att nokre gamle vener, i Lynley og Havers. Eg var nemleg overbegeistra for dei fyrste bøkene i serien, - men etter kvart vart "venskapet vårt" litt bleikare og mindre intenst - fordi bøkene etter mi meining vart av dårlegare kvalitet. Barbara Havers er den soleklare favorittkarakteren min, - ho er ei dame som går sine eigne vegar, både på jobb og elles i livet. Eg likar spesielt godt korleis ho får Lynley, med sin adelege bakgrunn, "nedpå" - ved at ho kler seg og oppfører seg som ho gjer. Ekteparet St. James, Deborah og Simon, som er velkjende frå tidlegare, er kun bipersonar i denne boka og ganske uvesentlege i handlinga.

Parallellt med notidshistoria får me altså historia om mord på eit lite barn, skriven som ein faktatekst; ein psykolograpport om tre 10-11-åringar som ein gong gjorde seg skuldige i eit uhyggeleg brotsverk; mishandling og drap på ein 2-åring. Mot slutten av boka vert historia frå notida kobla saman med historia om barnemordarane. Forfattaren nøstar så opp alle dei lause trådane og viser lesaren vegen til løysinga.

Denne dødens kropp er velkomponert, fengande og lesverdig. Ho har gode skildringar og ei puslespelaktig handling. Eg likte i grunnen boka veldig godt, - ein tjukk kriminalroman som ein verkeleg kan synke ned i godstolen saman med er berre herleg, - men det er særleg to ting som trekker ned i mi vurdering:
For det fyrste: Boka er altfor lang, altfor omstendeleg og detaljert. Eg likar godt at ei bok kan ha fleire forteljarstemmer, mange ulike perspektiv og ei omfattande handling, men vel 800 sider er i overkant. Det går rett og slett for sakte.
For det andre: Språket, oversetjinga og korrekturlesinga. I store deler av boka flyt språket rett nok greitt, men eg har funne setningar som har vore heilt ubegripelege, - og det tyder på dårleg oversetjararbeid. Det finst også fleire skriveleifar og rettskrivingsfeil.
Slikt er  i r r i t e r a n d e.

Les også:
Smakebit på søndag: Denne dødens kropp